Eitt tidel bak pallen
Skiskyttar Lars Helge Birkeland frå Birkenes klarte ikkje å følgje opp gårsdagens sølv i EM i Estland. Birkeland gjekk inn til 4. plass berre eitt tidel bak bronsemedaljen på søndagens jaktstart. Han skaut til saman fem bom. Alexey Slepov frå Russland vann.