Stadfestar tysk interesse
Start-spelar Zlatko Tripic stadfestar overfor NRK at ein tysk klubb er interessert i å hente han. Han vil ikkje seie kva klubb det dreiar seg om, men han håpar på ei avklaring i løpet av helga. Ifølgje Fædrelandsvennen skal det vere Greuther Fürth, som spelar på nivå to, som er interessert i Tripic.