Sørlendingar i trafikkulykke
18 ungdommar frå Sørlandet var med i ein buss som kolliderte med ein personbil på riksveg 3 nord for Tynset. Personen i bilen omkom i ulykka. Ungdommane skal vere uskadde, skriv fvn.no. Bussen var på veg til barne- og ungdomsorganisasjonen 4H sin landsleir i Nord-Trøndelag.