Hopp til innhold

1 av 4 unge seier dei har vore utsett for seksuell vald

Dei fleste av tilfella skjer på ungdomsskulen. – Svært urovekkande, seier barne- og familieministeren.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe ifbm Spydeberg-sak

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp)

Foto: Tom Balgaard/NRK

Det er veldig urovekkande at omfanget av seksuell vald mot barn og ungdom ser ut til å auke, siger barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ein ny rapport viser at heile éin av fire unge i Noreg oppgir at dei har opplevd seksuell vald. Dei fleste av dei er jenter.

Uønskt handfaring er den vanlegaste forma for seksuell vald, ifølgje rapporten frå forskingsinstituttet NOVA.

Éin av ti melder om at dei har opplevd det som juridisk kan definerast som valdtekt.

Det er svært urovekkande funn og viser ein situasjon blant unge som er uakseptabel, seier Toppe.

Les også: Slår voldtektsalarm: – Ikke ta pirattaxi hjem fra fest

Benedicte Severinsen
Benedicte Severinsen

– Markant auke

Sidan 2015 har talet på unge som rapporterer om seksuell vald nesten dobla seg, ifølgje den nye rapporten.

I slike saker er som oftast offer og gjerningsperson jamaldra, og dei kjenner som regel kvarandre frå før av.

Dei aller fleste av tilfella skjer på ungdomsskulen.

Det er ei ekstra sårbar tid og kan gi store skadar for barn og unge. Det viser at vi må ha høg merksemd på arbeidet mot vald og overgrep, seier Toppe.

– Vi må heie på dei som seier frå

Det er bra at unge seier frå om opplevingar dei opplever som grenseoverskridande, understrekar Hanne Kro Sørborg, LIM-koordinator i Kristiansand kommune.

– Det er så viktig at dei unge seier frå. Og då må vaksne vere kloke, og ikkje bagatellisere. Det er så viktig å få lov til å få stadfesting på at dei sjølv bestemmer over sin eigen kropp og sine eigne grenser. Vi må heie på dei som seier frå.

Ho synest det er vanskeleg og si noko om årsaka til at nesten dobbelt så mange unge no rapporterer om å ha opplevd seksuell vald.

– Men viss årsaka er det at ungdommen no veit at dette ikkje er noko ein skal finne seg i, så betyr det kanskje at vi har gjort noko rett.

Unge Høyre-politiker om overgrepstall: – Mange gutter som ikke oppfører seg på byen

– Tek dette på alvor

Barne- og familieministeren understrekar at dei tek rapporten med seg i det vidare arbeidet med å førebyggje vald og overgrep blant unge.

Vi tek dette på alvor. Vi tek med oss denne studien inn i vårt vidare arbeid mot vald, seier Toppe.

Ho viser til at åtte departement no samarbeider om ein ny plan mot vald og overgrep. Planen skal leggjast fram i haust.

Regjeringa vil også opprette ein eigen undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald og overgrep mot barn og unge, ifølgje Toppe.

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 0,57 kr
Dyrest kl. 08 0,63 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,2 kr 25 min.
  • Dusje 2,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %