Hopp til innhold

– Forskjellsbehandling kan ha kosta liv

Sjukeheimspasientar med korona får ikkje same behandlingstilbod som andre sjuke. Fleire liv kunne ha vore redda, meiner fleire sjukepleiarar.

Tor Engevik, sykepleier, tillitsvalgt. NSF

Sjukepleiar Tor Engevik meiner fleire sjukeheimspasientar med korona kunne fått tilbod om sjukehusbehandling.

Foto: Privat

Tor Engevik brenn for jobben som fagleiar på ei skjerma avdeling på Løvåsen sjukeheim i Bergen. Han er svært oppteke av menneskeverdet og bruker mykje tid på å aktivisere eldre.

60 prosent av alle koronadødsfall her i landet har skjedd på sjukeheim. Dei færraste fekk tilbod om sjukehusbehandling.

– Folk med høg alder har og rett til å få forlengt livet, og det er farleg med gruppetenking, seier Engevik.

– Sjukeheim er ikkje sjukehus

Helsedirektoratet kom 25. mars med eit notat til kommunane. Der står det klart at det skal tungtvegande grunnar til for at personar med korona skal flyttast ut av institusjonen.

– Då blir det heilt feil at desse blir ramma av generelle reglar basert på at dei er på ein sjukeheim. Fleire kunne truleg hatt nytte av intensivbehandling.

Engevik leier ei faggruppe på området geriatri og demens i Sjukepleiarforbundet. Han meiner det òg er store skildnader i korleis ulike sjukeheimar kan ta hand om koronasjuke.

– Sjukeheimen min har mange tilsetje. Der utfører vi til dels avansert medisinsk behandling. Andre stadar kan ha enkeltpersonar på vakt og dårlegare utstyrt.

Pasienter som allereie er innlagd i sjukeheim, vil i dei fleste døme være best tjent med å bli i sjukeheimen.

Helsedirektoratet

Tor Engevik arbeider i ein kommune der heile 26 av 30 koronadødsfall skjedde på sjukeheim.

– Ein sjukeheim blir aldri eit sjukehus. Vi har ein heilt anna bemanning. Ofte kan det vere ufaglærte på jobb med stort ansvar.

Eg ser ikkje bort frå at fleire liv kunne vore spart med betre behandling.

– Kunne redda fleire

Sjukepleiar Per Aschjem står bak aksjonsgruppa «Koronasjuke eldre må få behandling på sjukehus». Han meiner mange i denne gruppa blir diskriminerte når dei ikkje får same tilbodet som andre.

– Grunngjevinga er ofte at det er svake og sjuke pasientar. Og at det for stor belastning å sende desse til sjukehus. Samtidig er det heilt greitt å sende pasientar den andre vegen, frå sjukehus og til sjukeheim.

Per Aschjem minne om at det òg er mange med høg alder som overlever korona. Han åtvarar mot å prioritere utifrå alder og gruppe.

– Eg trur denne forskjellsbehandlinga kan ha kosta liv, seier Aschjem.

Per Aschjem pensjonert sykepleier, administrator for aksjonsgruppa, «Koronasyke eldre må få behandling på sykehus».

Per Aschjem meiner fleire liv kunne vore redda dersom koronasjuke på sjukeheim fekk same medisinske tilbodet som andre grupper.

Foto: Privat

– Verdig avslutning der dei bur

37 av dødsfalla på sjukeheimar i Noreg har skjedd i Oslo, 26 i Bergen. På Sørlandet har åtte personar døydd på to ulike sjukeheimar i Kristiansand.

Pasient- og brukarombod i Agder, Gunhild Solberg ser likevel ingen problem med at desse oftast blir på sjukeheimen.

Gunhild Solberg

Pasient- og brukarombod i Agder, Gunhild Solberg i Agder ser likevel ingen problem med at denne pasientgruppa oftast blir verande på sjukeheimen når dei blir smitta.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Vi har ikkje fått nokon klagar frå pårørande om dette under pandemien. Normalt får vi førespurnader som går motset veg.

Solberg fortel om eldre sjuke som blir send frå sjukeheim til sjukehus og døyr etter nokre timar med intensivbehandling.

– Eg meiner det ofte er best at så sjuke og svake menneske får bli der dei er.

– Krev handling

Partia Raudt, Framstegspartiet, Senterpartiet, Helsepartiet og Nei til mer bompengar, fremja tysdag eit hasteforslag til bystyret i Oslo. Overskrifta var «Eldre korona-pasientar blir diskriminerte».

Saka skal opp i bystyret i juni og Lene Haug, nestleiar i Helsepartiet i Oslo seier dei krev handling.

– Det må bli slutt på at eldre korona-pasientar blir utestengt frå sjukehusa. Også dei eldre må få medisinskfaglig, individuell behandling.

Lene Haug

Lene Haug, nestleiar i Helsepartiet i Oslo vil at koronasmitta eldre på sjukeheim som hovudregel skal få behandling på sjukehus.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ho meiner at råda frå Helsedirektoratet er heilt feil.

– Vi krev at dette blir snudd på hovudet. At alvorleg sjuke på institusjonar som hovudregel skal leggjast inn på sjukehus.

Stoler på fagmiljøa

Åshild-Bruun-Gundersen sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for Frp. Ho er ikkje samd i at eldre på sjukeheim blir diskriminerte.

Åshild Bruun-Gundersen

Åshild-Bruun-Gundersen i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget stoler på dei faglege vurderingane til styresmaktene og meiner mange sjukeheimspasientar har det best der dei er.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er fagmiljøa som har utarbeidd råda. Skrøpelege eldre som ikkje har nytte av intensivbehandling bør heller få behandling på sjukeheimane. Der er dei i kjende omgivnader der dei kan få lindring og omsorg.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %