NRK Meny
Normal

- Nordmennene lyg

Vitne hevdar at nordmenne ikkje snakkar sant, og at det var dei som drepte sjåføren i Kongo.

Nordmenn i Kongo

Dei to sikta nordmennene.

– Det var mørkt. Dei let som om dei måtte gå ut av bilen på naturens vegne. Dei to mennene gjekk ut av bilen. Så kom dei bak bilen for å distrahere oss, seier Bavon Aradjabo som var med i den same bilen til Dagbladet.

Hevdar dei er uskuldige

– Så tok han skytevåpenet og drepte sjåføren, seier han.

Begge dei to nordmennene har heile tida hevda at dei er uskuldige. Dei to skal ha vore på motorsykkeltur, men ha fått tekniske problem. For å komme seg tilbake til Uganda, ordna dei skyss hos seksbarnsfaren Abeidi Kasongo. Med i bilen var også to andre kongolserarar.

Stoppa bilen

Nordmennene har forklart at sjåføren deira plutseleg stoppa. Nordmennene gjekk ut av bilen, og høyrde fleire skot. 28-åringen frå Vegårshei har sagt at han ikkje skaut tilbake.

– Med berre to skot i våpenet ville det ha vore galskap å skyte mot ein fiende eg ikkje kunne sjå, skal 28-åringen ha sagt.

– Rein løgn

Vidare har dei forklart at dei såg at sjåføren var død, og at dei tok han ut og la han på sida av vegen. Deretter flykta dei i retning Uganda.

– Alt dei skuldar oss for er løgn, har dei to nordmennene sagt.

Oberst, Jacob Samwaka, som er sjef for den militære påtalemakta i distriktet seier til avisa at han går inn for at dei to vert dømde til døden. Likevel har norske myndigheiter fått forsikringar frå justisministeren i Kongo om at ei eventuell dødsstraff ikkje vil bli effektuert.