NRK Meny
Normal

- Håpar Tjostolv er heime til jul

Mor til Tjostolv Moland er optimist trass i at sonen, Tjostolv og kameraten Joshua French, vart dømde til døden for tredje gang i Kongo.

Mathilde Moland på vei til Kongo

OPTIMIST: Mathilde Moland trur sonen Tjostolv og kameraten Joshua French er heime til jul. I dag vart dei to dømde til døden for tredje gang.

Foto: Kim Nystøl

Dei vart begge dømde til døden i samband med drapet på sjåføren Abedi Kasongo 5. mai i fjor. I tillegg er dei dømde for spionasje, drapsforsøk, væpna ran og for å ha danna eit kriminelt forbund.

– Det er vel omtrent som venta. Heldigvis fall spionanklagen mot Noreg bort. Etter det eg forstår vil det gjere det enklare i forhandlingane om å få dei to heim, seier Mathilde Moland til NRK.

LES OGSÅ: Kom nesten hjem til Norge
LES OGSÅ: – Bør gå fri i Norge

Vil ha styresmaktene på bana

– No må UD og Justisdepartementet på bana. Forhandlingane må komme i gang så raskt som overhode mogleg, slik at det kjem heim til jul, seier Moland.

– Trur du det er realistisk?

– Det burde det vere, seier ho.

Mathilde Moland har sjølv vore i Kongo på besøk til dei to nordmennene. I dag følgde ho rettssaka på TV heime i Vegårshei. Det er over ei veke sidan ho sist snakka med sonen i Kongo.

– Vi snakka ikkje særleg mykje om rettssaka då. Vi snakka vel eigentleg mest om ting som skjer i familien og nærområdet her. Det er det han er interessert i, seier mora.

Fysisk bra form

Tjostolv Moland har slite mykje med sjukdom i fengeselet i Kongo. Det merkar mora når ho pratar med han på telefon.

– Eg føler han er i bra fysisk form, men psykisk er han veldig trøytt og lei. Han er ikkje psykisk sjuk, men det er klart ein vert deppa av å leve under slike forhold, seier ho.

– Dei to har vore veldig flinke til å passe på kvarandre. Dei er bevisste på å ete riktig. Dei trenar og er nøye med hygiene. Etter så lenge i eit slikt fengsel er dei i bra fysisk form, seier Moland.

Etter å ha fått dødsdommen for tredje gang, trur mora at dei to nordmennene er lei. Ho trur dommen går innpå dei to.

– Eg vil tru at dei er temmeleg utlada. Dei har sjølvsagt håp, som oss, om at det kunne verte ei frifinning. Eg vil tru dei har det tungt akkurat no, seier ho.