Hopp til innhold

- Hadde ikkje våpen

Tjostolv Moland og Joshua French slår tilbake mot alle påstandane til statsadvokaten.

Tjostolv Moland, Joshua French og hovedvitnene
Foto: Vatn, Vegar K. / SCANPIX

– Vi hadde ikkje våpen. Omstendigheitene og bevisa rundt det vil bli lagt fram iretten frå tilsvararen tysdag, seier Moland til VG.

Ulovlege krigsvåpen

I eit sju sider langt dokument som inneheld erstatningskravet på vegne av den Demokratiske republikken Kongo, prøvar statsadvokat Jean Akombo Mondjo, å knyte nordmennene til spionasje.

Han hevdar at dei to hadde ulovlege krigsvåpen. I tillegg hevdar statsadvokaten at Moland skal ha stadfesta at han hadde eitt våpen med seg.

Kjøpte apekattar

– Hagla som er eit sivilt våpen i Kongo, og som har blitt presentert som vårt, tilhøyrte ikkje oss. Vi hadde ikkje noko hagle. Glocken som som det var bilete av på mobiltelefonen er ein tenestepistol frå Garden, som vi heller ikkje hadde med oss. At dei har lett etter denne stemmer heller ikkje, seier han.

– Eg vart teken med når dei skulle leite etter våpenet, men dei køyrde dit, kjøpte åtte apekattar og reiste tilbake, seier Moland til avisa.

Moland får støtte av kameraten Joshua French.

– Ikkje tilfelle

– Det blir sagt at det har komme fram i avhøyr at Moland hadde våpen, men det er ikkje tilfelle. Eg har aldri sett Tjostolv Moland med våpen i dette landet, seier han.

Statsadvokaten listar i tillegg opp fire punkt han meiner kan knyte Moland og French til spionasje.

  • Dei er aktive militære i Noreg, dei tilhøyrer ei spesialgruppe, Garden, i det norske kongeriket.
  • Ved hjelp av eit kart, peikar dei ut landet Kongo generelt, og oksidentalrprovinsen spesielt, som mål for dei kriminelle aktivitetane deira.
  • Ifølgje rapporten hadde dei med seg sofistikert utstyr for denne typen oppdrag, som gjorde det mogleg for dei å kommunisere med sitt eige heimland, og som gjorde det mogleg for dei å motta ordre om at dei ikkje skulle oppgje namna til andre.
  • Dei skal ha ignorert eller minimalisert dei kongolesiske lovene.

Har aldri vore i Garden

– Påstandane om at vi tilhøyrer det norske forsvaret har dei fått stadfesta frå Noreg at ikkje stemmer. Eg har heller aldri vore i Garden, seier French.

Statsadvokaten meiner, som kjent, at fordi dei to nordmennene jobba for Noreg, må staten betale erstatningspengane, ifølgje rapporten.

– Dei to nordmennene kom i realiteten til den demokratiske republikken Kongo med det mål å utføre oppdraget som dei hadde blitt pålagt av sitt land.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %