- Eg trur Bykle kommune er positive til at familien Breivegen skal få drive garden. Det trur eg ikkje det er noko som helst tvil om, seier ordføraren til NRK Sørlandet.
Se video om kampen om Hovden gård i Bykle.
Kamp
Det blir
. Johan Benad Ugland har lagt inn bod på 43 millionar kroner på den 30.000-40.000 mål store eigedommen. Men no har Breivegen lagt inn eit like stort bod.- Det er og spennande med Ugland som har eit langsiktig perspektiv på dette, og som og vil kunne utvikle dette på ein positiv måte, seier ordføraren.
Utsette saka
Kristiansand kommune som også er medeigar i Hovden Gård, avgjorde i går å utsette saka ei veke. Dette på grunn av mykje usikkerheit kring saka.
Det var Demokratenes Vidar Kleppe som foreslo å utsette saken.
- Eg tykkjer det er greit at Breivegen får garden, og at dei kan utvikle den på ein god måte. Viss dei ikkje lukkast med det, ser vi veldig positivt på at Ugland kjøper den, seier ordføraren.