Hopp til innhold

- Barna viste enorm tillit

Tiltalte nektar for å ha hatt noko å gjere med seks av 27 gutar som han står tiltala for i overgrepssaka i Våg Fotball.

Forsvarar Ben Fegran saman med tiltalte

Forsvarar Ben Fegran saman med tiltalte.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Det er klart etter at rettsaka starta i Kristiansand tingrett i dag. Mannen erkjenner å ha begått seksuelle overgrep mot fleire av gutane, men nektar for å ha hatt seksuell omgang.

Avhøyr av dei fornærma vil bli spelt av i rettsalen. Ein av gutane vil forklare seg i retten.

Tillit

Nokre av barna hadde tiltalte som trenar medan han vikarierte som trenar for andre lag. Han hadde også ansvar for ekstra treningsgrupper. Han vart tilstades på dei fleste treningar, samlingar og cupar og hadde ansvaret for konkrete lag til og med 2008. Frå 2009 skulle han kun vere sportssjef i klubben.

– Barna har hatt hatt ein enorm tillit til tiltalte og har vore opptekne av å vise han stor respekt, seier Thorsen

Tilsett som sportssjef

Tiltalte vart pågripen i sin eigen bustad 4. februar i år. I førevegen fekk politiet opplysningar om at seksuelle overgrep fann stad i klubben. I tillegg kontakta mor til ein av gutane politiet. Tiltalte var på denne tida tilsett som sportssjef i Våg Fotball, og var trenar for fleire grupper i klubben. Her hadde han omgang med mange barn. Seinare vart det holdt eit møte i klubben, der barna vart bede om å melde ifrå, dersom dei var utsett for overgrep. Ein av gutane skal ha vore ti år då overgrepa skjedde.

– Han kom sjølv med namn på åtte gutar vi ikkje kjende til. Han har heile tida vore villeg til å forklare seg, seier aktor Ingrid Thorsen om tiltalte.

Berørte kjønnsorgan

Overgrepa skal ha skjedd mellom sommaren 2007 og februar 2009. Mange av gutane skal ha vore plaga av belastningskader etter å ha trent mykje og ha spelt mange kampar. Dei skal ha hatt ryggskader, stiv muskulatur og stive lyskar. I samand med dette har tiltalte via barna mykje interesse. Han har stilt sprøsmål om skadene, og nytta ulike varmekremar. Han skal ha smurt fleire av dei med desse, samstundes som han har berørt dei på kjønnsorganet.

Bytta garderobe

Tiltalte skal ha vore oppteken av å kjenne på skadene, og behandle dei. Dette skal ha skjedd i garderoben med låst dør. Dersom ein risikerte at folk kunne komme inn i garderoben vart det bytt garderobe.

– Gutane såg på dette som hjelp. Og at tiltalte ville at dei skulle bli friske frå skadene sine. Gutane oppfatta dette som behandling og massering. Gutane skal ha oppfatta at dette er noko han kan og at dette er noko han gjer med alle, seier Thorsen.

Aleine i garderoben

Tidlegare skal tiltalte ha hatt samtalar med fornærma om situasjonen hans på laget. Tiltalte ha gjort avtale med ein av gutane om ein ny samtale via SMS. Guten vart att etter trening og dei var aleine i garderoben. Her skal tiltalte ha spurt fornærma om intime spørsmål rundt pubertet og pubertetsutvikling. Tiltalte skal ha tatt på kjønnsorganet til guten. På utsida venta ein forelder til guten i bilen.

- Fleire av barna hadde problem med å forklare seg, og har hatt problem i ettertid. Det har vore ei stor belasting for både barna og foreldra deira, seier Thorsen.

Barneporno

Under etterforskinga fann politiet barneporno på PC-en til tiltalte. Totalt vart det funne 40 filmar med seksuell framstilling av barn. I tillegg vart det funne 1850 poserings- og overgrepsbilete av barn ned mot ti år.

Visste ikkje om kvarandre

Mange av dei fornærma skal ha vore redde for å bli avslørt som fornærma. Difor er det ikkje mange av dei fornærma som veit om kven dei andre i saka er. Det kom fram då rettsaka start i Kristiansand tingrett i dag.

Fleire av dei fornærma har sagt til sine forsvarar at dei har vore særs engstelege i samband med saka. Dei har vore redde for å bli fotografert og intervjua av pressa. Mange av dei har vore redde for å bli avslørt som fornærma i saka. Difor har retten lagt stor vekt på å verne dei fornærma.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %