Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin

Bjørgvin bispedøme legg ned Ytre Sogn prosti og flyttar mellom anna Solund og Gulen til Nordhordland.

Solund kyrkje

VIL KJEMPE: Ordførar Ole Gunnar Krakhellen vil kjempe for å behalde soknepresten sin. På biletet ser vi Solund kyrkje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Solund fryktar ordførar Ole Gunnar Krakhellen for soknepresten deira.

– Det viktigaste er å behalde soknepresten vår. Det er i form av soknepresten vi ser kyrkja i det daglege i Solund, seier Krakhellen.

Nytt kyrkjekart

For å spare pengar har Bjørgvin bispedøme søkt og fått godkjenning av kyrkjedepartementet til å leggje ned Ytre Sogn prosti. Dermed blir det teikna eit nytt kyrkjekart i regionen, fortel stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit.

– Solund og Gulen går til Nordhordland, Hyllestad, Lavik og Høyanger går til Sunnfjord. Vik og Balestrand skal til indre Sogn.

– I Solund er dei redde for å miste soknepresten sin, kva seier du til det?

– Det bur 800 menneske i kommunen, så det er lite grunnlag for å ha ei stilling. Men samstundes er det betre det bur ein prest i Solund, som er med og dekkjer opp Gulen og Masfjorden. I eit slikt samarbeid står dei sterkare når det gjeld å behalde presten.

Klare til kamp

Han seier det ikkje er aktuelt å kutte Solund-stillinga med det første. Men det skal fjernast ei stilling i det gamle prostiområdet. Og Solund-ordføraren er klar til kamp.

– Vi kjem til å kjempe for å behalde soknepresten vår. I Solund er det statlege tenestenivået blitt alvorleg svekka dei siste åra, seier Krakhellen.

Truleg nedlagd i mars

Geir Sørebø har vore prost for både Ytre Sogn og Nordhordland. No skal han berre leie Nordhordland. Han skal også utføre noko prestegjerningar for Bjordal og Ortnevik, sidan han skal bu i området.

Indre Sogn prosti vil endre namn til Sogn prosti. Og Ytre Sogn prosti blir truleg formelt lagt ned av bispedømerådet på møtet den 6. mars.