Hopp til innhold

Yrkessjåførane leitar òg etter toalett

Yrkessjåfør Magnar Bjordal meiner at tissetrengde turistar er toppen av toalett-isfjellet langs vegane. Vegvesenet meiner kommersielle aktørar kan redde dotilbodet.

Låst toalett på en rasteplass på E6

ETTERTRAKTA: Dei som ferdast mest langs vegen er ikkje nøgde med tilgangen på toalett og stoppeplassar. Lastebilsjåførar meiner at når dei er pålagde kviletid, bør dei ha tilgang på stoppeplassar med gode nok fasilitetar.

Foto: Jan Arne Laberget, Yrkestrafikkforbundet

– Over lang tid har vi masa på at vi treng både rasteplassar og tilgang til toalett, seier yrkessjåfør Magnar Bjordal.

Som yrkessjåfør køyrer han på vegane heile året, og meiner at turistane sine do-utfordringar ikkje er like ille, sidan dei berre er her i ein kort periode. Han seier at tilstanden for yrkessjåførar på vegane er dårleg.

– Vi har eit regelverk der vi er pålagde å ha pausar og døgnkvil, men tilgangen på eigna stoppeplassar, og ikkje minst tilgangen på toalett, er veldig dårleg, seier Bjordal.

Magnar Bjordal, lastebilsjåfør

– IKKJE BRA NOK: Magnar Bjordal og andre yrkessjåførar har lenge etterlyst tilgang til toalett og stoppeplassar langs vegane.

Foto: Privat

– Ikkje godt nok

I vinterhalvåret er mange av dei rasteplassane som finst, vinterstengde. Det gjeld òg dei med toalett. Bjordal etterlyser at dei få toaletta som finst, bør vere tilgjengelege om vinteren.

– Det er ikkje godt nok. Dei spring i forkant av EU sitt regelverk og innfører køyre- og kviletidsreglar. Kontrollørane sjekkar oss veldig ofte på dette, og då må vi ha ein sjanse til å etterleve det.

Han meiner at både rasteplassar og tilgang til offentleg toalett bør ligge inne i byggekostnadane til vegar i framtida.

– Det er noko som er gale viss det private næringslivet skal halde oss med parkeringsplassar. Køyrer vi på ein offentleg veg, må det vere mogleg å stoppe langs ein offentleg veg, seier yrkessjåføren.

Vil ha hjelp frå private

Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen, og meiner at det ikkje berre er vegvesenet som bør tilby toalett langs vegen. Ei løysing kan vere eit samarbeid mellom private aktørar og det offentlege.

– Vi bør legge til rette for at kommersielle aktørar kan drive rasteplassar, gjerne med litt støtte frå Statens vegvesen, seier Finden.

Han viser til rasteplassar andre stader i Europa, der kommersielle aktørar driv gode rasteplassar. Statens vegvesen kan kjøpe kommersielle tenester av aktørar som då leverer tenester til dei vegfarande, seier Finden.

– Der det ikkje er grunnlag for kommersiell aktivitet, bør Statens vegvesen stå for tilbodet. Men det er fleire aktørar som må på bana, det er eit spleiselag, seier han og siktar til fylkeskommunen sitt ansvar.