NRK Meny
Normal

– I ein kritisk situasjon, så kunne det blitt ei alvorleg ulukke

Biletet er av ein laus aksling på tralla til eit norsk vogntog. Men det var ikkje einaste problemet med den 22,8 tonn tunge tralla.

Laus aksling

LAUST: Buen du ser er dragbandet og på innsida av denne ligg klaven som skal ligge heilt opp i akslingen. På tralla Statens vegvesen stogga i Førde laurdag, var ikkje det tilfelle.

Foto: Statens vegvesen

Både føraren og firmaet som eig vogntoget er melde til politiet etter kontrollen ved E39 gjennom Førde.

To av tre akslingar på tralla var lause. I tillegg mangla den bremser på like mange akslingar.

– Akslingane var så lause at det hang og slang. Vi kunne stikke fingrane mellom klaven og akslingen. Det skal ein ikkje kunne gjere, fortel inspektør Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

Hadde 22,8 tonn

Svein Ove Salt med utstyret dei brukar når dei sjekkar farten på mopedar og motorsyklar

INSPEKTØR: Svein Ove Salt var ikkje imponert over det norske vogntoget som trilla inn på kontrollplassen i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Det var laurdag at Statens vegvesen kontrollerte tunge og lette køyretøy både på Skei i Jølster og i Førde. I alt var 80 køyretøy innom kontrollplassen. Av desse vart 34 kontrollerte nærare.

Det norske vogntoget fekk bruksforbod. Føraren fekk likevel lov til å køyre med låg fart den vel kilometeren til næraste verkstad i Førde.

Med 22,8 tonn var tralla så godt som fullasta. Salt seier at vogntoget, på grunn av manglane, ville trengd større bremselengd enn vanleg ved ein kritisk situasjon.

– Dette kunne gått verkeleg ille om det oppstod ein naudssituasjon og føraren måtte bremse kraftig opp, seier kollega Terje Nygård.

Ukjend tralle

Føraren vedgjekk at tralla ikkje var i så god teknisk stand som den burde.

– Dette var ei tralle føraren vanlegvis ikkje brukte. Han meinte å ikkje ha merka noko under køyringa, men dagens vogntog er slik at det er stort sett i akutte situasjonar du merkar kor dårleg bremsene er, seier Nygård.

Med lause akslingar vil ikkje tralla oppføre seg normalt på vegen.

– Du kan tenke deg sjølv om du køyrer personbil med ein aksling som flyttar seg sidelengs når du køyrer. Det er ikkje bra, legg Salt til.

Ti år gamle dekk

Dårlege dekk

TI ÅR: Ein personbil køyrde rundt med fire dekk med store sprekke. – Dette er rett og slett årsak av at dekka var veldig gamle, seier Svein Ove Salt. Bilen fekk bruksforbod til dekka er skifta.

Foto: Statens vegvesen

Firmaet blir meld for å ha overlate eit køyretøy som ikkje er i forsvarleg og forskriftsmessig stand til andre. Føraren blir meld for å ha køyrt eit vogntog som ikkje var forsvarleg.

– Både førar og eigar er ansvarlege for tilstanden til køyretøyet, seier Salt.

Under kontrollane kom dei også over ein personbil med store sprekkar på alle dekka. Bilen fekk bruksforbod.

– Det var tydelegvis ein bil som er lite brukt, for dekka var over ti år gamle, seier Salt.

I alt 11 køyretøy fekk skriftlege manglar. Ytterlegare fem fekk bruksforbod av ulike årsaker. To førarar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsreglane. Her blir også firma kalla inn til føretakskontroll.