Hopp til innhold

Yrkessjåfør: – Det blir litt slik Ole Brumm-tankegang

LÆRDAL/SOGNDAL (NRK): Mangeårig yrkessjåfør Magne Ahlin er skuffa over at politikarane ikkje har vald å følge Vegvesenet si anbefaling om Rv 52 over Hemsedal som stamveg.

Sak om hemsedalsfjellet som vart ein av tre traseval regjeringa går for.

– Det er litt slik «ja takk, begge deler.» Vi håpa dei skulle ta ein endeleg avgjerd no, seier Magne Ahlin.

Han er sjef for Slinde Transport i Sogn. I dag køyrer ein av lastebilane hans frå Lærdal, over Hemsedalsfjellet og til Oslo. Det er som regel den vegen dei køyrer, fortel han.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er ein av dei tre traseane mellom vest og aust som regjeringa seier skal ha ein funksjon som stamveg i framtida.

Tidlegare har dei bestemt at E134 over Haukelifjell skal vera stamveg.

Hemsedalsfjellet skal vera hovudvegforbindelse for næringstransport, og regjeringa seier dei vil få opp vinterregulariteten og få trafikken ut av sentrum.

Men har dei råd til alt dette? Spør yrkessjåføren.

– Det viktigaste no i Hemsedalsatsinga er at vi får ein vintertrygg veg. Og det løyser dei berre med tunnel mellom Borlaug og Bjøberg, meiner leiaren for Slinde transport.

Han fryktar det blir for lite pengar til tunnel når fire vegar mellom aust og vest skal utbetrast.

Magne Ahlin

ERFAREN: Magne Ahlin er sjef for Slinde Transport i Sogn, og har jobba mange år som yrkessjåfør sjølv. Han er redd for at Hemsedalsfjellet ikkje skal få nok pengar til utbetring når også Hardangervidda og Filefjell skal bli prioriterte som stamvegar.

Foto: Ole Andrè Rekkedal / NRK

Tidlegare yrkessjåfør meiner det er valkamptriks

Lengre vest, på kafeen utanfor storsenteret i Sogndal, er det også hovudvegane som er det store emnet kring bordet i dag.

– Hemsedal er det beste alternativet for transportsektoren på heile Vestlandet. Hardangervidda kan vera ei fin oppleving. Men det er alt for langt om vinteren i snø og på dårleg veg, meiner Asbjørn Standnes.

Han er tidlegare yrkessjåfør, og har køyrd mange turar over fjellet.

– Dei hadde ei viss mengde pålegg, og tre skiver. Så vel dei å smørje pålegget ut over alle skivene i staden for på ei skive. Det er på grunn av valet til hausten, dei er for feige til å prioritere noko no, meiner kameraten hans ved bordet.

Lærdalsordførar: – Alle veit at kampen ikkje er ferdig

I Lærdal har fingrane vore kryssa for at regjeringa skal gå inn for Hemsedal som hovudveg.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) vel å tolke regjeringa si avgjerd i dag som at det går den vegen.

– Dei gir Hemsedalsfjellet auka status. Det er der vintertrafikken skal haldast oppe, konkluderer han.

Også riksveg 7 over Hardangervidda skal prioriterast, som turistveg og for personbilar.

– Men vi veit korleis Hardangervidda er i dag med svingar og kompleksitet. Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet blir andre hovudveg også med dette vedtaket, meiner ordføraren.

Jan Geir Solheim

ORDFØRAR: Jan Geir Solheim (Sp) melder om at no er kampen om pengane i gang.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

No står att kampen om pengane, meiner han.

– Det forundrar meg at det ikkje er gitt ut noko pengar i dag. Dei ventar til etter valkampen. Det er litt feigt, meiner ordføraren, til liks med sine kollegaer i Sogndal, Luster og Vik.