Hopp til innhold

Yppa seg mot topplag – imponerte trenaren til motstandaren

På papiret var Førde sine handballdamer sjanselause mot eliteserielaget Tertnes, men laget frå Sunnfjord yppa seg og imponerte trenaren til laget frå Bergen.

Opprykksfeiring Førde handball 12.3.17

JUBEL: Førde-damene jubla for opprykk førre sesong, og den har fortsett denne sesongen. Tre poeng på tre kampar og ein historisk fjerderundekamp i cupen er fasit, om lag ein månad etter seriestarten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg syns vi leverte ein veldig god kamp og hang med dei. Dei er eit betre lag enn oss, men vi gjorde ein god jobb, spesielt i forsvar, seier Odd Erik Gullaksen som er sportsleg leiar i Førde handball.

For trass i at det vart eit 29–23-tap, stod det 10–10 like før pause i første omgang. Førde er som kjent nyopprykka til førstedivisjon, medan Tertnes er eit etablert eliteserielag.

God taktisk kamp

Tertnes-trenar Tore Johannessen lét seg imponera over det nyopprykte førstedivisjonslaget.

Odd Erik Gullaksen

IMPONERT: Sportsleg leiar i Førde handball, Odd Erik Gullaksen, er godt nøgd med måten laget har starta sesongen på.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Førde gjorde ein veldig god kamp taktisk. Dei spelte lange angrep og drog ned tempoet i kampen, så dei gjorde det vanskeleg for oss, seier Johannessen til BT.

Førde-spelar Marit Ova Bøyum (21) sa før kampen at ho hadde vore nervøs i ei veke, men markerte seg med å bli toppscorar med sju mål.

– Ho har vore god over lang tid på trening og får det no ut i kamp. Ho leverte ein veldig god kamp, seier Gullaksen.

For nyopprykt Førde har bite godt frå seg i sin første sesong i førstedivisjon, etter opprykket i vår.

Det første møtet med spel i 1. divisjon vart tøft, då dei tapte 34–22 mot Skrim.

– Skrim har vist seg å vera det beste laget i divisjonen, seier Gullaksen.

Og i kampen etter kom det første poenget i bortekampen mot Fjellhammer, 10. september, i ein kamp som enda med 23–23. Før dei så vann 26–23 heime mot Aker Topphåndball.

Med det ligg dei midt på tabellen med tre poeng på tre kampar.

Trenar Tore Johannessen instruerer spelarane under ein timeout

VANSKELEG: Tertnes-trenar Tore Johannessen seier Førde sitt velorganiserte forsvar gjorde det vanskeleg for dei.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK