NRK Meny
Normal

Youtube-Jonas: – Kven som helst kan gjere det same

Suksessen han har opplevd verkar usannsynleg, men Jonas Nyløy Navarsete meiner kven som helst kan gjere noko av det same, berre dei har ein idé.

Jonas Navarsete

VIL LEVE AV MUSIKK: Jonas Nyløy Navarsete vil bli så god han kan til å syngje og tek difor utdanning i klassisk musikk.

Foto: Privat

Trass i at han berre har drive med musikk i nokre år, har sogndølen fått ein stor tilhengarskare på Youtube.

– Det er difor den plattforma så fin, det er berre å ta opp kameraet og setje i gong. Det er ingenting som hindrar deg, seier Navarsete.

Julelutt 2014: Jonas Nyløy Navarsete

GULLSTRUPE: Her kan du sjå Jonas Nyløy Navarsete opptre på fjorårets JuleLutt-konsert

Tek utdanning i klassisk musikk

Han er ein mann med mange interesser. I haust avslutta han ein master i idrettsvitskap, men har allereie innsett at det berre var eit sidespor.

– Eg likar å tileigne meg kunnskap innanfor ting eg blir interessert i. Då finst det berre eit gir og eg gjer alt eg kan for å bli så god som mogleg. Det er både på godt og vondt, for då må eg velje vekk ein del ting. No satsar eg på å bli så god som mogleg til å syngje, seier han.

Difor har han bytt ut idrettsstudiar i Sogndal, med studiar i klassisk musikk ved Noregs musikkhøgskule i Oslo. Og Navarsete er ikkje i tvil om at han no har hamna på rett hylle, sjølv om han har blitt kjent for å imitere alt frå Elvis til Coldplay.

– Klassisk musikk er det som er mest behageleg å syngje. Du syng med heile kroppen og det er ikkje noko som er anstrengande, seier han.

Tidkrevjande hobby

Mellom 2000 og 4000 personar ser videoane hans kvar dag. Midt i travle studiar går det med mellom tjue til tretti timar i veka til å produsere nytt materiale.

– Det er absolutt mykje meir enn det burde ha vore akkurat no. Det betyr at eg brukar av kveldane og helgar, når eg ikkje gjer lekser eller studerer musikk, seier han.

På sikt håpar han å kunne leve av videoane han legg ut på Youtube. Då handlar det om å skaffe nok følgjarar, for det er slikt det blir reklameinntekter av.

– Draumen er å kunne stå utanfor eit plateselskap og berre drive med det eg elskar, som er å leggja ut videoar på Youtube. Håpet er at det blir såpass populært at eg kan vere økonomisk stabil av det, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.