Hopp til innhold

Trur gigantsatsing til Hydro er positivt for Sogn

Styremedlem og tillitsvald i Hydro, Billy Fredagsvik, ynskjer industrikjempa si milliardsatsing hjarteleg velkomen.

Billy Fredagsvik.

NØGD: Billy Fredagsvik, tillitsvald og styremedlem

Foto: NRK

I fjor auka industrikjempa Norsk Hydro driftsresultatet frå 5,692 til 9,656 millionar. No legg investerer dei 4,3 milliardar kroner på modernisering og ombygging av aluminiumsverket på Karmøy.

Det er musikk i øyra for styremedlem i Hydro, og tillitsvald ved Hydro i Høyanger, Billy Fredagsvik.

– At Hydro no vil investere i Norge, er det viktigaste, seier han.

Grønt skifte

Erna Solberg, Svein Richard Brandtzæg

SATSAR: Vi investerer i framtida, og utfordrar grensene som er i dag for produktivitet og energieffektivitet, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg (t.h.) i ei pressemelding. Her saman med Erna Solberg.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Om ein ser vekk frå olje og gass, er investeringa i Rogaland den største Norsk Hydro har gjort i landbasert norsk industri siste ti åra.

Hydro får 1,6 milliardar kroner i støtte frå Enova til pilotprosjektet som skal verifisere den mest klima- og energieffektive produksjonen av primæraluminium i verda.

– Denne investeringa viser at det grøne skiftet er i gang. Eg er glad for å vere på plass på Karmøy og dele denne historiske augneblinken med Hydro sine tilsette, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ikkje uroa for Sogn

Fredagsvik fryktar ikkje at denne investeringa skal gå på kostnad av eventuelle planar for metallverka i Årdal og Høyanger. Verka har sikta seg inn mot bilindustrien og har håp om at det

– Eg trur dette faktisk er positivt. Vi får testa ut ny teknologi som vi kan ta i bruk ute på verka, vil gjere oss endå meir robuste enn i dag, seier han.

– Kva skal til for å få investering i Sogn?

– Det er etterspørselen etter valseblokk som styrer den sida. Når vi klarer å få til så mykje sal at det er behov for auka kapasitet, så vil sjølvsagt Sogn komme inn i biletet for ei utviding.