Men dagleg leiar i Stryn Sommarski, Åge Midthun, innser at asfaltlegging vil kome i konflikt med at vegen er ein nasjonal turistveg.
- Men det finns veidekke som har eit litt rustikk preg som kanskje kan vere eigna til føremålet, seier Midthun.
Sein opning
Frå opninga av gamle Strynefjellsvegen i 1997.
Strekninga frå Tystigen til Grotli har altså grusdekke. Difor blir vegen opna ein del seinare enn vegen opp til Tystigen, der sommarskisenteret ligg. I år skjer ikkje det før 15. juni, fordi vegen må tørke nokre dagar før trafikken kan settast på.
Laurdag vart ein del skituristar innesperra då det gjekk snøras ved Tystigen. Hadde vegen mot Grotli vore open, ville dei ha kome seg ut den vegen.
Vil vurdere fast dekke
Men gamle Strynefjellsegen er ein nasjonal turistveg, litt av poenget er at han skal vere historisk, og dermed blir det feil med fast dekke, seier distriktsleiar Bjørn Romsås i Statens Vegvesen i Nord-Gudbrandsdal til Sunnmørsposten. Men sjefen hans, distriktssjef Kjell Seim i Gudbrandsdal, opnar for at dei vil vurdere fast dekke på litt lengre sikt.