Hopp til innhold

– Kommunane burde ha vetorett mot vindkraftutbygging

Senterpartiet meiner no at forslaget om storstilt utbygging av vindkraft i Noreg bør skrotast til fordel for meir vasskraft.

Jenny Følling innfelt i bilde av foss og kraft

MISNØGD: Fylkesordførar Jenny Følling er svært kritisk til arbeidet som har vorte lagd ned i NVE si nasjonale ramme for vindmølleutbygging.

Foto: NRK

Fylkesordførar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, ynskjer å setje ein stor strek over den nasjonale ramma for vindkraft. Ho meiner det burde verte satsa meir på vasskraft i staden, og kommunane må kunne seier klart nei.

– Kommunane som vert påverka må få større innverknad på korleis det skal vere. Dei burde ha vetorett mot vindkraftutbygging.

Ho meiner at det er så så mykje manglar i arbeidet at det bør sendast tilbake.

– Me må ha ein heilt anna prosess, seier Følling som er aktuell som ordførarkandidat i den nye storkommunen Sunnfjord. Ein av dei kommunane som ligg inne i NVE sine store vindkraftplan.

Protestane i området har vore store, sjølv om grunneigar Gunnar Råheim ønsker vindmøllene hjarteleg velkomen og synest at dei er vakre.

Store reaksjonar

I den nasjonale ramma for vindkraft som kom ut 1. april, foreslo NVE 13 aktuelle område for utbygging av vindkraft. Fleire av desse ligg i Sogn og Fjordane. Dette har vekt store merksemd i fylket. Fylkesordføraren meiner at grunnlaget bak planen er altfor dårleg.

– Det har vore ein prosess der ein totalt har kopla frå dei lokale og regionale politiske myndigheitene. Det er skrivebordsarbeid som er forhasta.

Ho meiner arbeidet som er gjort burde skrinleggast. Fleire partar må få seie si meining, meiner Følling.

Burde sjå til vasskraft

Følling meiner også at både naturen og Noreg som reisemål vil ta skade av å verte «pepra» med vindmøller langs Vestlandskysten.

– Me burde bygge ut meir vasskraft for det er mykje meir regulerbart og gir ein heilt anna stabilitet i forsyninga enn det vindkraft gjer.

– Det fortel litt om manglane ved rammeplanen når Stortinget har verna Gaularvassdraget mot utbygging, samstundes som dei seier at same området er eit av dei beste i landet til byggje ut vindkrkaft.

Ingenting er avgjort

Direktør for Konsesjon i NVE, Rune Flatby, seier at ramma som NVE har laga skal fungere som eit grunnlag for vidare arbeid og planlegging.

– Dette er ingen utbyggingsplan. Det er eit oppdrag me har fått av Olje- og energidepartementet som skal gje eit kunnskapsgrunnlag. Dette ligg til grunn for den politiske vurderinga.

Rune Flatby, K

MIDLERTIDIG: Rune Flatby i NVE trur grunnlaget som er lagt i den nasjonale ramma vil verte viktig å ta med i prosessen vidare, før vindkraftsatsinga vil verte ein realitet.

Foto: Hilde Totland Harket / NVE

Flatby påpeikar at lokale og regionale myndigheiter vil ha god moglegheit til å seie si meining.

– Denne ramma er no ute på høyring i regi av departementet, og områda som er involverte vil ha gode moglegheiter til å seie si meining, seier han.

Trur ei grense er nådd

Om verna vassdrag seier Flatby at NVE ikkje vurderer vasskraft der, nettopp fordi dei er verna. Han meiner heller ikkje at vasskraft nødvendigvis vil gje ein betre gevinst enn vindkraft.

– Me registrerer at det er meir interesse for vindkraft no, og det har nok å gjere med at det byrjar å verte meir lønnsamt som teknologi. Det gjer at aktørar, også utanlandske, ynskjer å investere i prosjekta.

Flatby seier at motstanden mot vasskraft har vore like sterk tidlegare som motstanden mot vindkraft er no. Han trur potensialet for vasskraftutbygging i Noreg snart er nådd.

– Eg trur me skal hugse at ganske store deler av Noregs vasskraftressursar allereie er bygde ut. Det er vanskeleg å sjå at det er store volum med vasskraft som framleis er tilgjengeleg for utbygging, i og med dagens system med verning av vassdrag, seier Flatby.