NRK Meny
Normal

Ynskjer å få verksemdene med på TV-aksjonen

Tv-aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane har i år eit klart mål. Å få fleire bedrifter i fylket til å gje pengar, slik at fylket ikkje lenger hamnar nedst på statstikken.

Aksjonskomiteen i Sogn og Fjordane har i år satsa tøffare mot å få verksemder til å opne lommeboka.

VERKSEMDER: Aksjonskomiteen under årets TV-aksjon har i år prøvd å få verksemder i Sogn og Fjordane til å gje pengar. Så langt ser mellom anna vervinga i Florø ut til å ha vore ein suksess.

Foto: Gro Ravnestad

Medan privatpersonar i Sogn og Fjordane gladeleg puttar pengar i innsamlingsbøssene til TV-aksjonen, har det siste åra kome lite klingande mynt frå næringslivet. Det har leiar av aksjonskomiteen, Kristin Sandal, sett seg lei av.

– Vi har vore dårlegast av alle fylka på bidrag frå næringslivet, og i fjor gjorde det at fylket for første gong ikkje toppa totalstatistikken, fortel Sandal.

Difor har ho og resten av komiteen sett inn eit ekstra støyt for å få verksemder rundt om i fylket til å gje pengar til årets TV-aksjon, som går til Kirkens Nødhjelp og deira arbeid med å skaffe ein million menneske reint vatn.

– Verksemdene kjem ikkje av seg sjølve

I Sogndal, Eid, Florø og Førde har komiteen oppsøkt verksemder og utfordra dei til å gje pengar, og samstundes bede dei om å gje utfordringa vidare til sine kontaktar i næringslivet.

– Verksemdene er villege til å gje når vi spør og utfordrar dei, men dei kjem ikkje av seg sjølve, fortel Sandal og Rasmus Mo.

Vidar Bondevik i Gasta design og kommunikasjon har gjeve pengar til årets TV-aksjon.

GIR: Vidar Bondevik i Gasta design og kommunikasjon har for første gong opna verksemda si lommebok for å gje pengar til TV-aksjonen.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Som del av både aksjonskomiteen og leiinga i Sogndal Fotball har han utfordra alle 37 verksemdene på Campus Sogndal og ved Sogningen. Ein av dei som tok i mot utfordringa med glede var design- og kommunikasjonsverksemda Gasta.

– Det skulle berre mangle at vi ikkje gav. Vi bryr oss som privatpersonar, og må gjere det som verksemd også. Det er relativt små beløp det er snakk om for bedriftene, seier dagleg leiar Vidar Bondevik.

Han bidreg til aksjonen som privatperson også, men seier det er første gong verksemda har gjeve bidrag.

– Eg veit ikkje kvifor næringslivet i fylket ikkje har vore flike til å gje, det overraskar meg litt. Det kan sjølvsagt ha med informasjon å gjere, trur Bondevik.

Ser ut til å ha lukkast

Og i år har komiteen prøvd å nå betre ut med informasjon til verksemdene. Det meiner dei er viktig av fleire grunnar.

– Vi bryr oss ikkje om kor stor summen frå verksemdene er, det viktige er å få mange med slik at vi får ut kunnskapen og kan drive bevisstgjering av folk, seier Sandal.

I fjor var det 40 verksemder som gav pengar gjennom næringsnettsida til aksjonen. Flest var det i 2012, då 77 verksemder bidrog. Og ein dag før aksjonen blir avslutta, så ser komiteen sin innsats ut til å ha vore vellukka. Laurdag ettermiddag har over 100 verksemder i fylket give nær 570 000 kroner.

– Vi oppmodar sjølvsagt alle verksemder til å bidra med eit beløp. Storleiken på det er ikkje viktig, det er bidraget og engasjementet som er viktig, seier Sandal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.