Skodespelar Kjersti Botn Sandal

LUKSUSLIV: Kjersti Botn Sandal seier ho har eit luksusliv med fast jobb på Nationaltheatret og nybakt mor.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Vurderte å droppe karrieren. Så kom telefonen som snudde alt.

Skodespelar Kjersti Sandal trudde karrieren snart var over. Men så kom ein telefon som snudde det heile. Samstundes fødde ho sitt tredje born. No er livet for godt til å vere sant, tenkte ho.

Vi møter Kjersti Sandal trillande på ei barnevogn ved eit bakeri på Sandaker i Oslo. Akkurat no er 38-åringen i mammapermisjon frå Nationaltheatret. Vesle Iver som ho plukkar opp av vogna vart fødd i januar, omlag samtundes som ho fekk den uventa telefonen frå sjefen sin. Eigentleg trudde ho då at karieren gjekk mot slutten.

Ferdig som 40-åring

–Ja, det gjorde eg. Eg har jo alltid fått høyre at som kvinne er ein litt ferdig som skodespelar når ein er 40 år. Difor har eg vore innstilt på at rollene etterkvart forsvinn, og at eg ikkje klarer å overleve som skodespelar lengre, seier Kjersti Sandal som er oppvaksen i Førde i Sunnfjord.

Kjersti Botn Sandal frå Jeanne d'arc på Nationaltheatret

PÅ SCENA: Kjersti Botn Sandal i rolla som Jeanne d'arc på Nationaltheatret i 2011.

Foto: L-P Lorentzen / Nationaltheatret

Trudde det var spøk

Men så ein dag i slutten av januar ringde altså sjefen hennar på Nationaltheatret og lurte på om ho hadde lyst på fast jobb.

–Eg var sikker på det var tull. I løpet av dei seks åra eg har jobba ved teateret har nesten ingen fått fast jobb. Så det var ikkje noko eg trudde kom til å skje. Eg hadde kollegaer som hadde gått der i 15 år utan å få fast jobb, fortel Sandal.

Ho var i gang med planar om å omskulere seg til noko anna. Kanskje skulle ho bli dramapedagog eller starte på høgskulen igjen.

Men telefonen frå sjefen hennar Hanne Tømta var slett ingen spøk.For Kjersti Sandal, Pia Tjelta og Trond Espen Seim var alle blant 15 skodespelarar som fekk fast jobb ved Nationaltheatret i januar i år.

Hanne Tømta

STOLT: Teatersjef ved Nationaltheatret seier ho er stolt av å tilsette Kjersti Botn Sandal.

Foto: Rogaland Teater

–Eg er svært stolt av å kunne styrke den kunstneriske staben med ein skodespelar som Kjersti. Fast tilsetting gir ein kunstnerisk kontinuitet og sikrar eit godt arbeidsmiljø på teatret. Kjersti har høg fagleg kompetanse og eit stort potensiale til å utvikle seg vidare her på Nationaltheatret. Eg er veldig glad for at ho takka ja til fast tilsetting, seier Hanne Tømta.

Skodespelar Kjersti Botn Sandal

BABYLUKKE: Kjersti Botn Sandal er fortida heime i permisjon med sonen Iver som vart fødd i januar.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

–For godt til å vere sant

Då Kjersti fekk telefonen frå sjefen gjekk ho i sola med sitt neste born i magen. Det var like før ho skulle bli mamma for tredje gong. Men alt var i spel om kva framtida ville bringe. Kanskje måtte ho gi opp skodespelaryrket, og kanskje måtte ho og familien flytte frå Oslo.

- Så då sjefen min ringde tenkte eg at no er livet for godt til å vere sant. Det første eg tenkte var at no skal eg kjøpe meg ein sjokolade. Men sidan eg hadde svangerskapdiabetes måtte det bli ein kopp te, seier Kjersti smilande på den lokale kafeen på Sandaker.

Brått kjende ho på ei ro som ho ikkje hadde hatt på mange år, etter at ho reiste frå si førre faste stilling på Den Nationale Scene i Bergen for ti år sidan.

–Eg tenkte at no skal eg berre kose meg. No er det ingenting som brenn, og stresset slapp. Eg har ei framtidsutsikt eg ikkje har hatt før, seier Sandal heilt tydeleg letta og glad.

Spennande kariere

Skodespelar Kjersti Sandal har alt lagt bak seg ei lang kariere. Etter teaterhøgskulen har ho mellom anna jobba ved Den Nationale Scene i Bergen, Rogaland Teater, Nasjonalteatret i Kabul og no altså Nationaltheatret.

Ho har spelt store roller som Agnes i Brand, Solveig i Per Gynt, Jeanne D'arc, Miranda i Stormen og Klatremus i Hakkebakkeskogen. Ho fekk Heddaprisen i 2008 for beste kvinnelege skodespelar for rolla som Anna i Karl og Anna.

Ho har også hatt roller i både TV-seriar og spel utanom dette.

Kjersti Botn Sandal

Kjersti Botn Sandal spelar Agnes i Brand på Nationaltheatret i 2016.

Foto: Øyvind Eide

Tøffare og tryggare

Enkelte kan kanskje tru at fast jobb gjer ein meir avslappa, sidan ein ikkje treng prestere kvar dag for å overleve. Men for Kjersti er det omvendt. Ho meiner ho blir ein betre skodespelar med fast jobb.

–Ja, slik er eg skrudd saman. Eg er ein slik som brukar mykje tid på det sosiale spelet, og jobbar hardt for å bli godt likt. Med tryggare rammer rundt meg blir eg ein betre skodespelar, seier skodespelaren som har klare ambisjonar for framtida.

Klare ambisjonar

No håpar ho å kunne gå inn døra på Nationaltheatret med breiare skuldrer, og kanskje vere med å forme kva teateret skal vere og kva dei skal satse på framover. Ambisjonen er å kunne ta ein større plass, men ho har også lyst på spennande roller utanfor Nationaltheatret.

–Eg er veldig takknemeleg. No kan eg stå på scena til eg blir 70 år om eg vil. Eg veit at faste jobbar er ein luksus som er i ferd med å forsvinne, både innan teateret og i mange andre yrker, seier den engasjerte skodespelaren.

Familien tek tida

Men no er det teaterpause og permisjon som gjelder for Kjersti. På kafeen der vi møter trebornsmora har ho med seg vesle Iver som no tek mykje av tida hennar.

–Eg håpar berre han ikkje byrjar å skrike. Eg og mannen min seier til kvarandre at no berre køyrer livet. Vi er glade om vi får sove og dusje litt innimellom. Heldigvis har vi besteforeldre som stiller opp, seier Sandal.

Kjersti Sandal i stykket Ungen på Nationaltheatret

Kjersti Sandal Botn spelar i Ungen i 2014. På bildet fra venstre: Kjersti Botn Sandal, Lena Kristin Ellingsen.

Foto: Gisle Bjørneby

Elskar Vestlandet

Mykje av familietida brukar dei ute i naturen. For Kjersti elskar naturen. Både ho og mannen er frå Vestlandet, og dei reiser dit så fort det kjem ein ferie.

–Eg elskar fjellet. Her på austlandet brukar vi mykje tid i skogen, men når ein kjem frå Vestlandet, blir det litt pinglete å gå og vase inne i skogen. Det blir jo ikkje det same som i dei fantastiske fjella heime. Der er jo alt så reint og det er ikkje kø, seier Sandal.

Ho har vurdert å flytte vestover, men med trygg og sikker jobb på Nationaltheatret blir nok heimen i Oslo framover.

Tenkjer på framtida

Tekoppen til Kjersti er tom, sonen Iver har vakna og fått seg mat . No startar resten av dagen for dei to med middag saman med mann og to born på tre og sju. Først om eit godt år er planen å komme tilbake til scena.

–Eg tenkjer mykje på kor heldig eg er. At kanskje ikkje borna mine får den same sjansen til å føle seg så trygg som eg gjer no. Både godene og dei faste jobbane vert ferre og ferre, avsluttar Sandal.