Eva og Dagfinn Klausen
Foto: Steinar Lote / NRK

Utvær og kjærleiken

Kjærleiken lokkar dei tilbake til Utvær kvar vår. Ein kjærleik til både havet, staden og kvarandre.

Det er 22. august 1939 og ei fem år gamal jente ser sin nye heim for fyrst gong.

På Utvær, som er Norges vestlegaste punkt, er det stor ståhei, for ein ny fyrvoktarfamilie kjem til øya. Den nye sjefen på det store raude fyret er ein viktig person for det vesle øysamfunnet, alle er spente på kven som kjem.

Med på flyttelasset er vesle Eva på fem år som ser dei unge gutane springe til for å hjelpe dei med bagasjen frå båten og opp til fyret.

Eg trefte han akkurat der som gjerdet går nedanfor fyrvaktarbustaden. Han kom bort og skulle hjelpe oss å bere, seier Eva Klausen i det ho smiler og ser bort på ein gamal gråstenkt mann heime i stova si på Utvær.

Dette var byrjinga på ein kjærleik både til guten, staden og naturen som varer framleis. Eva og Dagfinn Klausen skulle bli blant dei siste fastbuande på øya.

Eva og Dagfinn Klausen

HAND I HAND: For Eva og Dagfinn Klausen er lukka kvarandre og livet på Utvær.

Foto: Steinar Lote / NRK

Saknar havet heile vinteren

Utvær fyr

FYRET PÅ UTVÆR: Fyret har raudt tårn med lyskjelde 45 meter over havet. Fyret blei installert i 1900 og er eit av hovudfyra langs kysten av Vestlandet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Utvær om sommaren er ei vakker perle. Men vinterstormar ytst i havgapet er ikkje noko for gamalt folk. Så Eva og Dagfinn har måtta flytte til Bergen om vinteren.

Men det å sjå og kjenne havet er eit sakn Dagfinn aldri heilt kjem seg over.

– Det er her vi høyrer heime, berre du ser ut eit vindauge så har du sjøen. Det ser vi ikkje i leilegheita vår i byen, seier han.

– Frå terrassen ser du litt av sjøen, repliserer Eva og ser på Dagfinn.

– Så mykje av Vågen i Bergen, seier han og viser ein knapp halvmeter med hendene og sukkar.

– Det er jo sjø det, seier ho.

– Det er ikkje nok hav, seier han kontant og held fram:

– Tenk å sitje i godstolen og sjå på båtane, det hadde vore noko heilt anna. Men eg tek ein stol med meg og set meg ned på torget i Bergen og ser på båttrafikken av og til, seier han medan han kikkar ned på kaia og båtane som legg til på Utvær.

Utvær

Eva og Dagfinn er ikkje dei einaste som trass høg alder, gjerne vil tilbake til Utvær kvar sommar.

Øya med historie tilbake til vikingtida

I ei lita stove med gamle brudebilete i svart kvitt på veggane sit Bergitte Utvær på 94 år. Ho hugsar godt korleis Utvær ein gong var prega av vekst og store barneflokkar. På det meste budde det mellom 200 og 300 personar her.

– Livet var rikt her ute. Visst var det eit strev, men havet, fisket og samhaldet gjorde at vi hadde det godt, seier Bergitte.

Historia går heilt tilbake til vikingtida, blant anna var det her Harald Hardråde samla vikinghæren sin på 200 langskip før han skulle prøve å invadere England ved slaget ved Stamford Bridge.

Bergitte Utvær

VAKS OPP PÅ UTVÆR: Bergitte Utvær fortel i Glimt av Norge om livet på Utvær.

Foto: Steinar Lote / NRK

Nasjonal stoltheit

På byrjinga av 1900-talet var det ei storstila oppbygging av fyr langs kysten for å sikre den viktige sjøvegen. På Utvær i Solund og Oksøy i Kristiansand vart det sett opp to like fyrbygningar som var å rekne som teknologiske nyvinningar i si tid.

Så stolte var Norge av bygga at dei bygde ein tru kopi av fyret på verdsutstillinga i Bergen i 1928.

På fiskeværet yttarst i Sogn var det ikkje for vanleg folk å bevege seg på fyret sin eigedom.

94 år gamle Bergitta Utvær hugsar veldig godt kor stort det var for lokalbefolkninga å besøke Utvær fyr.

– Å nei, du fekk ikkje lov å gå på fyret. Det var ein heilagdom. Det er ikkje sånn som i dag at du berre kan stikke bort på fyret når du vil.

17. mai var kanskje einaste dagen i året då lokalbefolkninga fekk sjå seg om på det staselege fyret.

I dette klassedelte samfunnet skulle altså fyrvoktardottera og fiskarguten bli kjærastar. Og Eva Klausen skulle aldri heilt klare å forlate denne staden mellom holmar og skjær.

Utvær

UTVÆR: Staden er ei perle i havgapet. På det meste budde det 200–300 personar her.

Foto: Steinar Lote / NRK

Hagen kalla paradis

På den lunaste staden på øya, i ly for den verste vinden, har Eva ein annan stor kjærleik; den unike hagen «Paradis». Der, mellom steinane, kjem ein plutseleg over ein fargerik liten hage med blomar ein aldri skulle tru kunne overleve der ute i havgapet.

I tidlegare tider var dette ein av få stadar på heile øya ein kunne dyrke grønsaker.

– Det er berre ein fantastisk plass, det er derfor det heiter Paradis sikkert, seier Eva og smiler stolt.

I 2006 fekk ho pris frå Sogn og Fjordane Hagelag for Årets Uteanlegg for den velstelte hagen mellom berga.

– Det har betydd veldig mykje eigentleg, å få stelle med den hagen eg elskar slik, seier Eva litt stille.

– Ja, når ho byrja å krangle med meg gjekk ho bort der, skyt Dagfinn inn frå sida.

– Nokre dagar snakka vi berre med kvarandre på mobil når eg ringde og sa at middagen var klar, ler han.

Paradis på Utvær

PARADIS: Eva Klausen likar å jobbe i hagen sin som blir kalla Paradis.

Foto: Steinar Lote / NRK

Draumen om å få kome tilbake til paradis

Men med åra har Eva blitt litt dårlegare til beins, så denne sommaren har ho ikkje kome seg ut til Paradis enno.

– Vi har passert 80 år, så vi har tatt det litt med ro. Arbeidslysta er ikkje som den har vore, seier Dagfinn.

– Lysta er der, men ein kan ikkje berre arbeide med lysta, sukkar Eva.

– Eg veit ikkje heilt korleis eg kan forklare det, du oppdagar det når du blir 80 år sjølv.

Eva og Dagfinn Klausen

FAVORITTSTADEN: Eva og Dagfinn Klausen vil tilbake til Utvær kvart år.

Foto: Steinar Lote / NRK

September og vinteren nærmar seg

Det er september og mellom bakkar og berg ser ein to personar som sakte tek seg fram over den steinete stien.

Den store skjeggete gamle mannen i den lilla fleecejakka støttar så godt han kan den gråhåra gamle kvinna.

Det nærmar seg vinteren og dei er ute og vandrar på det dei veit kan bli ein av dei siste turane dette året.

Også denne sommaren klarte ho å kome seg ut til paradiset. Snart går båten til Bergen og ein ny vinter der dei lengtar etter vår og det å kome tilbake.

– Eg gler meg alltid til det, men får ikkje håpe det er siste vinteren, men ein veit no aldri seier Eva.

Dagfinn som vanlegvis alltid har ein kjapp kommentar på lur blir stille.

Utvær fyr
Foto: Steinar Lote / NRK

Endeleg tilbake

Det er mars 2016 og to eldre menneske set sjøbein i det skyssbåten legg til kai på Norges vestlegaste punkt. Den skjeggete gamle sjømannen elskar lufta av skikkeleg hav.

Nok ein vinter er over og Eva og Dagfinn er tilbake på Utvær.

– Vi storkosar oss, seier Dagfinn og fortel ivrig om korleis han ventar på å få båten på sjøen.

– Eg kan ikkje vere her ute utan båt, det går ikkje. Ein må kome seg ut med båten og fiske med garn, teiner og sånn. Hysj, teiner har eg ikkje lov til, seier han med eit glis.

Og Eva drøymer også, om sitt paradis.

– Eg får ikkje lov å gå bort åleine, men snart får eg ei veninne på besøk som skal hjelpe meg. Eg skal kome meg bort, seier ho bestemt.

Havet og kjærleiken har nok ein gong fått dei tilbake til øya ute i havgapet, endeleg går det mot sommar.

Du kan sjå meir frå øya Utvær i Glimt av Norge måndag 21. mars kl. 20:45. Her får du bli kjent med øysamfunnet, det frivillige fyrvertskapet og 94 år gamle Bergitte som tek ein tårevåt avskjed med øya der ho vaks opp.

Programmet blir også tilgjengeleg i nett-TV:

Bli med til Norges vestlegaste punkt ytterst i Sogn, der det majestetiske raude fyret har trygga sjøvegen i hundre år. No er lykta automatisert, men det kjem frivillige frå heile landet for å vere vertskap på fyret.

GLIMT AV NORGE: Bli med til Norges vestlegaste punkt yttarst i Sogn, der det majestetiske raude fyret har trygga sjøvegen i hundre år. No er lykta automatisert, men det kjem frivillige frå heile landet for å vere vertskap på fyret.