Håkon Fimland og Kjellfred Weum
Foto: Knut Edvard Holm

Trente i korridorane

Då han fekk beskjed om at teknikken ikkje var god nok, starta Håkon Fimland å trene hekkeløp i korridoren på skulen der han var lærar. Det sende han rett inn i den europeiske eliten.

– Eg var veldig medviten på alt eg gjorde. Brukte mykje tid på detaljar. Det gav resultat, seier Håkon Fimland med eit stort smil.

Tankane går tilbake til den gongen han var i ferd med å slå gjennom i norsk friidrett. Den gongen norske utøvarar samla smekkfulle tribunar på Bislett under landskampar.

Fimland tok seks strake NM-titlar på 110 meter hekk. Han vart nordisk meister, og han deltok i EM to gongar. Berre ein skade hindra han frå å delta i OL i München i 1972.

Det hadde han kanskje ikkje oppnådd – hadde det ikkje vore for kreative løysingar…

Eikefjord skule, seint om kvelden vinteren 1966. Lærarvikaren er åleine i dei lange gangane på skulen. Det er kaldt og mørkt ute – men her inne er det tørt og varmt. Han måler opp avstanden frå start til første hekk, og markerer med krit på golvet. 24-åringen plasserer dei to polstra hekkane med nøyaktig mellomrom. Så inntek han startposisjon i enden av korridoren. Gong på gong terpar den store og spenstige mannen start og hekkepasseringar. Til våren skal han jaggu vise kva han er god for.

– Eg terpa og terpa for å få bort gamle unoter. Det gav meg enorm framgang, seier Fimland.

Han dreiv med skihopping og høgdehopp frå han var 11-12 år gammal, men det hadde ikkje blitt noko seriøst med idretten fram til han kom i militæret. Først då ein idrettsoffiser meinte at han hadde stort og allsidig talent, byrja han å trene skikkeleg til tikamp.

I det første stemnet etter verneplikten, sette 19-åringen ny krinsrekord i høgde med 1,94 meter. Med saksestil. Resultatet var i 1963 heilt i norgestoppen.

Ein ung Håkon Fimland trenar diskos og spyd

ALLSIDIG: Håkon Fimland dreiv med mangt og mykje i ungdommen. På bileta er han i aksjon i diskos og spyd, henta frå det private utklippsalbumet hans. Snart var stortalentet på landslaget.

Foto: Privat

Ei av eldsjelene i Tambarskjelvar forstod at dei hadde å gjere med eit friidrettstalent av dei sjeldne. Han fekk sleggje og fire hekkar frå forbundet, og sende utstyret med mjølkebilen til garden i Naustdal. Saman med broren prøvde ungguten først sleggja, men karane hadde ikkje kontroll på rotasjonsteknikken – og den sju kilo tunge sleggja brasa inn i veggen på vedhuset. Med forbod mot meir kasting sette dei i staden opp hekkane på grusvegen. Det fekk dei straks meir sving på.

Fimland fekk tak i ei instruksjonsbok og tok til å trene. Han laga startgrop i vegen, målte opp distansen med dei fire hekkane og gjorde det beste han kunne ut frå forholda.

Året etter debuterte han på 110 meter hekk. Det vart krinsrekord med 15,3 sekund. Gløden var tent.

Sat stort sett på do før debuten

Under ein tikamp i Høyanger noterte han seg hausten 1966 for oppsiktsvekkande 14,8 sekund på korthekken. Det vart lagt merke til også langt utanfor fylkesgrensene. Same hausten vart den ferske hekkeløparen teken ut på landslaget.

Håkon Fimland blar i utklippsalbum frå karrieren

VAR SPENT: Gamle minne dukkar opp når Håkon Fimland blar i gamle utklippsalbum. Han hugsar godt kor nervøs han var før dei første store konkurransane med flagget på brystet.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Eg hadde aldri vore i Oslo før, og var verkeleg førstereisgut og amatør på alle måtar. Eg hugsar enno det første inntrykket då vi kom inn på Bislett. Det var så mykje folk. Og eg var dritnervøs. Sat vel meir eller mindre på do heile tida, ler Fimland.

Han nippar til ein kopp kaffi. Hugsar kjensla av nervar i heilspenn. Korkje før eller etter har han nokon gong vore så nervøs.

På tribunen ropte folk taktfast "Dobbeltsiger! Dobbeltsiger!"

Forventingane var store til at hekkehelten Kjellfred Weum skulle vinne den første øvinga i landskampen mot Benelux. Men no var det også stor sjanse for at Norge skulle få to mann øvst på sigerspallen. Håkon Fimland kjende på det enorme presset. Og innfridde.

– Eg var jo redd for å drite meg ut, og at folk skulle tru eg berre var eit blaff. Men det gjekk bra, og vi vann dobbelt med Kjellfred først. Men for ein overgang det var. Eg kom altså frå hekkeløp på landevegen i vesle Naustdal til Bislett med det store trøkket. Var heilt fersk og ukjend. Så oppdaga folk den nye hekkeløparen, mimrar Fimland.

– Det var gjennombrotssesongen min. Då bestemte eg meg for å satse skikkeleg, seier han.

Kjellfred Weum og Håkon Fimland

GODE RIVALAR: Håkon Fimland (midten) og Kjellfred Weum (t.v.) i glansdagane etter ein landskamp, då kompisane var dei store stjernene i norsk friidrett.

Sjølv var han letta og nøgd med å ha komme ifrå nervøsiteten og landskampen med andreplass og ny personleg rekord. Men landslagstrenaren var ikkje like nøgd. Andreas Larsen Nyhus var skaka over teknikken til den ferske landslagssprinteren. Kunne ikkje forstå at det var mogleg å springe så fort med så dårleg teknikk.

Med seg heim til Sunnfjord fekk han difor beskjed om å bli smidigare i hofta. Rette opp overkroppen og passere hekkane meir effektivt.

Skulle han ta opp kampen med Kjellfred Weum, måtte han bestemme seg. Jobbe med seg sjølv.

– Då spurte eg vaktmeisteren på skulen, der eg hadde praksis, om eg kunne få lov til å trene i korridorane. Han var redd for at eg skulle øydeleggje noko. Så vi vart samde om at eg skulle polstre hekkane, humrar Fimland.

Som sagt så gjort. Inne på Eikefjord skule sette 24-åringen opp to polstra hekkar. Det var ikkje plass til fleire. Han målte opp korrekt avstand. Markerte med krit kvar han skulle setje føtene i golvet. Etter at elevane var gått heim for dagen, tok den lovande løparen til å drille inn steg, teknikk og rytme.

Enorm framgang vekte merksemd i riksmedia

Det gav resultat. Fimland hadde pressa tida si ned til 14,2 sekund då han tok NM-sølv bak Kongepokal-vinnar Kjellfred Weum i 1967.

I Verdens Gang vart kometen presentert under tittelen "Trener på landeveien med 2 hekker". Riksavisa vinkla på den enorme framgangen frå 15,7 til 14,2 sekund på berre to sesongar.

– Idrettslaget kjøpte to hekkar til meg i fjor, og det var sjølvsagt svært verdifullt for meg, sa Fimland til avisa.

– Men inga bane?

– Nei, det blei å springe langs vegen.

– ?????

– Ja, eg set hekkane på vegen, og så trena eg der, forklarte Fimland til ein overraska journalist.

«Det vakte stor forbauselse i friidrettskretser da det ble kjent at Fimland hadde lært seg hekkeløping på landeveien i Naustdal, og at han faktisk hadde lært seg hele teknikken selv. Dette fortalte at det var en uvanlig friidrettsbegavelse man her hadde for seg», følgde hovudstadspressa opp.

Avisoppslag om stor framgang

STORE OPPLEVINGAR: Håkon Fimland innreia eit rom i kjellaren til premiar og klenodie frå karrieren. Her viser han fram ei landslagsdrakt for fotografen. På veggane i bakgrunnen heng mellom anna dei seks NM-gulla i glas og ramme.

Foto: Utklippsalbum / Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Sunnfjordingen leitar opp gulna avisoppslag i ein utklippsperm heime i stova si i Førde. Han hugsar godt den eventyrlege framgangen. Med eitt var han å rekne med heilt i norgestoppen. Og no kraup han stadig tettare opp i ryggen på den store hekkekongen, kameraten og førebiletet Kjellfred Weum.

Skøvde i Sverige, sommaren 1969. Spenninga er til å ta og føle på. I lang tid har det brygga opp til det store oppgjeret om den nordiske trona på 110 meter hekk, og no står startaren klar til å sende av garde finaleheatet i nordisk meisterskap. Svenske Bo Forsander er favoritt, men den norske einaren Kjellfred Weum er ein tøff utfordrar saman med outsideren Håkon Fimland. Det blir eit rekordjamt løp mellom dei tre kamphanane, og ingen vil gje seg. Over siste hekken dreg yngstemann ifrå. For første gong er Fimland best!

Det er kanskje det eg hugsar best frå heile karrieren min. Vi låg side om side heile vegen, og så klarte eg endeleg å slå dei argaste konkurrentane mine. Det var det store gjennombrotet. Eg følte eg hadde teke over trona, smiler Fimland.

Han vart klokka inn til den sterke tida 13,9. Både Bo Forsander og Kjellfred Weum fekk 14,0. Håkon Fimland hadde detronisert to OL-deltakarar. No var oppkomlingen best i Norden.

Håkon Fimland og Kjellfred Weum på 110 m hekk

JAMNE OPPGJER: Kjellfred Weum (t.h.) hadde hegemoniet på korthekken i ei årrekkje, før Håkon Fimland etter kvart passerte han og tok over.

Foto: Knut Edvard Holm

To år tidlegare hadde han flytta til Bergen for å studere på lærarhøgskulen, og samstundes komme inn i eit seriøst og hardtsatsande friidrettsmiljø i Gular. No fekk han systematisk oppfølging, han fekk treningsprogram og skreiv treningsdagbok. Éin gong i månaden var det treningssamling i Oslo, og han fekk hjelp med mental trening av idrettspsykologen Willi Railo.

Fimland jobba heile vinteren med å overtyde seg sjølv om at han kunne bli aller best.

– Eg slo Kjellfred på det aller første stemnet om våren. Då var rollene bytt om. For første gong var det eg som reiste på e-cupstemne for Norge, og ikkje han.

Det toppa seg på den nordiske meisterskapen i Skøvde.

Det var det første reelle nederlaget til Kjellfred. Etterpå gjekk han rett i garderoben og kom ikkje til premieutdelinga. Vi var kompisar, men samstundes bitre konkurrentar. Han likte ikkje å tape, minnest Fimland.

Kunne ha teke medalje i EM, men...

Saman med Kjellfred Weum utgjorde han eit frykta radarpar i europatoppen gjennom mange år. Dei vart kompisar og var mykje i lag på samlingar og reiser rundt om i Vest- og Aust-Europa. Weum hadde si stordomstid med åtte NM-titlar på rad fram til 1970, medan Fimland sin glansperiode starta om lag då kameraten slutta. Då Weum la opp, tok Fimland over som landslagskaptein.

Begge enda med 44 landskampar, og i 20 av desse sikra dei dobbeltsiger for Norge på korthekken.

Duoen var så slagkraftig at landskampane vart lagt opp med 110 meter hekk som første øving. Då visste ein at Norge ville få ein god start.

– Eg var den nest beste, medan Kjellfred kunne tillate seg å gjere feil og likevel vinne. Så mykje av presset kvilte på meg. Men det gjekk jo veldig bra, seier Fimland.

– Før konkurranse snakka vi nesten ikkje saman. Ingen skulle vise svakheit, og vi prøvde å psyke kvarandre litt ned. Ein gong på Bislett lurte han på om han skulle ha sko med 12 millimeter eller lengre piggar. Eg svarte at eg skulle slå han uansett, ler Fimland.

Avisoppslag etter Håkon Fimland sitt dramatiske NM-gull
Foto: Utklippsalbum/Rune Fossum Lillesvangstu

Superparet var kanskje på sitt aller beste i 1969. Begge var i godt slag, og begge hadde ambisjonar om å gjere det godt i EM i Hellas. Men oppkøyringa vart ikkje den beste. Juntaen hadde teke diktatorisk kontroll over landet gjennom eit militærkupp, og mange oppmoda idrettsutøvarane om ikkje å stille i meisterskapen for å markere motstand mot oberstane.

Fimland fekk mange hundre kort med tydeleg politisk bodskap i posten. På framsida var det ei teikning av ein norsk hekkeløpar – tydeleg inspirert av Weum og Fimland.

Det var ei ganske uhyggeleg sak. Men saman med friidrettspresident Alf R. Bjercke vart vi samde om å reise, fortel Fimland.

«Vi driver idrett, ikke politikk», sa utøvarane til media.

Fimland var i sitt livs form. Han tok seg suverent vidare frå kvalifiseringa. Men i mellomheatet vart det stopp. På den sjuande hekken fekk han strekk og måtte bryte.

Det skjedde på verst tenkjelege tidspunkt.

Eg kunne ha teke medalje. Er sikker på at eg hadde komme til finalen. Så det var tungt å innsjå at eg måtte gje meg. Men strekken var så kraftig, at eg ikkje hadde noko val.

Ei tid etter EM sprang Fimland på 13,7 sekund på ei dårleg grusbane under NM for lag i Drammen. Til samanlikning tok EM-vinnaren gull på 13,6. Bronsen gjekk på 13,9 sekund.

– Eg var oppe i det sjiktet, så det var nære på. Men dessverre gjekk det ikkje etter planen, seier Fimland.

Hamar, fredag 23. juli 1971. Håkon Fimland er uheldig i passeringa av den siste hekken, og den 95 kilo tunge mannen stupar over målstreken så den raude koksgrusen sprutar rundt han. Han ser blodig og forslått ut når han reiser seg. Konkurrenten Ragnar Moland jublar ellevilt for det han trur er siger. Men idet fotografane samlar seg og publikum er i ferd med å hylle NM-vinnaren, kjem det eit hyl frå Fimland. Han dansar rundt på indre bane. Video av innspurten viser at 29-åringen er norgesmeister.

– Det var slett ikkje bevisst at eg stupte over streken. Eg var rett og slett kjempeuheldig med den siste hekkpasseringa, og mista totalt balansen. Så viste det seg altså at det var det som som bidrog til det første gullet, sa Fimland til avisene etter NM-gullet.

– Vi trudde han var hardt skadd, for han såg blodig og fæl ut etter at han ramla i den raude grusen, seier kona Kari Synneve Fimland.

Håkon Fimland viser fram landslagsdrakta

STORE OPPLEVINGAR: Håkon Fimland innreia eit rom i kjellaren til premiar og klenodie frå karrieren. Her viser han fram ei landslagsdrakt for fotografen. På veggane i bakgrunnen heng mellom anna dei seks NM-gulla i glas og ramme.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Avisene hadde fyrt opp stemninga framfor det store oppgjeret om hekketrona etter at Kjellfred Weum la opp. Og duellen vart akkurat så dramatisk som media hadde spådd. Ikkje berre innspurten spennande; for Moland leverte protest, og meinte juryen måtte erklære løpet for dødt. Han vart avvist av ein samrøystes jury.

Fimland kunne endeleg juble for NM-gull. Dette hadde han lengta etter.

Eg var veldig gira, etter at eg nesten hadde greidd det to gongar før. Eg følte det var min tur, seier han.

– Du må ha vore nøgd?

– Eg var i den sjuande himmel. Det var kjempestort. Og så vart det starten på ein ny æra, seier Fimland.

Krinsrekorden vart ståande i 40 år

Etter at Weum hadde teke åtte strake NM-gull på 110 meter hekk, tok kameraten no over hegemoniet på distansen. Fram til 1976 tok naustedølen seks strake gull.

Året etter deltok han igjen i EM. Men etter ein skade kom han til meisterskapen litt ute av form. Han kom til mellomheatet, men ikkje til finale. Då bestemte han seg for å satse skikkeleg på 72-sesongen. Det store målet var OL i München, der han allereie hadde klart kravet.

I det første stemnet for sesongen pangopna den blonde kjempa på 14,0 sekund. Han var der han skulle vere med tanke på det store som skulle skje i Tyskland. Men allereie i det neste løpet fekk han igjen ein strekkskade. No var hekkehåpet ute i seks veker.

– Eg fekk ikkje lov å bevege meg på eit par veker. Strekken var kraftig, og eg hadde ein kjempekul i låret, seier han.

Håkon Fimland passerer hekk
Foto: Knut Ed Holm

OL-håpet var ute med skade til langt ute i sesongen. I ein landskamp på Bislett var han endeleg tilbake. Der vann han på 14,3 sekund. VG slo fast at han ville klare OL-kravet i neste løp. «Så er han endelig på plass igjen, friidrettslandslagets viktigste mann», skreiv avisa og heldt fram med å poengtere at «Normalt burde Fimland være en mann å regne med i den norske München-troppen».

Men det skulle vise seg at sunnfjordingen ikkje klarte å etablere seg på tider ned mot 14,0 etter skaden. Tida var for knapp. Han innsåg etter kvart at OL-draumen gjekk i vasken. For trass i at han var førehandskvalifisert, ville han ikkje reise til OL utan å ha noko der å gjere.

– Det var ein enorm nedtur. Eg var gretten i heile juli. Det var veldig tungt. Gjekk berre og kjende på skaden og var irritert over at eg ikkje fekk gjere det eg aller helst ville, seier han.

Han hadde aldri tankar om å satse mot eit nytt OL fire år seinare, sjølv om nokre av friidrettsvenene oppmoda han om å prøve på nytt. Fimland heldt fram satsinga si til 1975. Året etter var han framleis i god form, så han slengde seg med i NM for moro skuld. I sitt aller siste hekkeløp tok han i 1976 sitt sjette og siste NM-gull på rappen.

Prestasjonane hans hadde vore å rekne med også i dagens toppidrett. Fimland er å finne på adelskalenderen med 14,26 sekund, målt elektronisk i München i 1971. Han heldt krinsrekorden i Sogn og Fjordane på 14,39 i 40 år, til Eivind Stavang i 2007 senka bestenoteringa frå 14,39 til 14,16 i Bislett Games.

– Vi trente nok nesten like mykje som dagens utøvarar gjer no. Og vi hadde 30-40 konkurransar i løpet av sesongen. Det var tøft å kombinere med studiar og jobb, seier Fimland.

Han lar tankane gå tilbake til alle treningsøktene han hadde åleine i gangane på skulen der han var lærarvikar. Det la grunnlaget for ei unik karriere.

Kjelder: Wikipedia, Allkunne, VG, Åsmund Berthelsen og Ivar Longvastøl: Eldsjeler, dugnad og talent