Kjerstin Boge Solås i duell i forsvaret til Tertnes

KRIGAR: Kjerstin Boge Solås er ein tøffing i forsvar. Med god fysikk er ho vanskeleg å bryne seg på.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Siktar mot stjernene

Kjerstin Boge Solås (19) har teke norsk topphandball med storm. Her er historia om jenta som trassa alle hinder for å bli best mogleg.

– Eg er ikkje i tvil om at ho blir blant dei aller beste forsvarsspelarane i verda om ho kan halde seg skadefri, seier Jonny Pedersen.

Trenaren har følgt Kjerstin Boge Solås sidan ho var 12 år, då han byrja å trene laget hennar i Dale. No gler han seg over at eleven har fått det store gjennombrotet sitt i norsk topphandball: Med EM-gull for Norge og storspel i cupfinalen for Tertnes, har handball-Norge blitt kjent med ein ung og kompromisslaus forsvarsspelar.

– Det har vore store høgdepunkt for meg. Sjukt bra opplevingar. Rart å tenke på at det er så kort tid sidan eg spelte i lokalhandballen, smiler Solås sjølv.

Haukelandshallen i Bergen, september 2012. Det yrer av liv i hallen under opningscupen i handball. Vesle Dale møter Årstad – eitt av Norges beste J16-lag. Det bør vere rått parti. Det er då det skjer. Den desidert yngste spelaren på bana køyrer ei finte ut av bana, ligg vassrett i lufta og bankar ballen i vinkelen. Årstad-trenaren måper og sender kollegaen på Dale-benken eit blikk som seier det meste. 14 år gamle Kjerstin Boge Solås har presentert seg for folk utanfor heimfylket.

– Det var utruleg moro. Eg kjenner trenaren, som er tidlegare elitespelar og har trent mange av dei beste laga i aldersbestemt i mange år. Plutseleg kom det ei jente frå Dale, som han aldri hadde høyrt om, humrar Jonny Pedersen.

– Du skulle ha sett det blikket han sende meg. Det er uvanleg at så unge jenter gjer slike finter og skot. Men Kjerstin berre banka ballen i mål. Det var nesten så eg måtte klype meg i armen, seier trenaren.

Det skulle ikkje bli siste gongen folk sperra augo opp for det unge talentet frå Sunnfjord. Få hadde venta at det kunne komme ein god handballspelar frå Sogn og Fjordane.

Kjerstin Boge Solås skriv autografar

POPULÆR: Kjerstin Boge Solås tek seg god tid til å skrive autografar etter kampane i Haukelandshallen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Då handballregionen skulle ha samling for spelarar fødde i 1996-årgangen, krydra med dei beste frå 97-årgangen, ville Pedersen ha med eleven sin. Det fekk han ikkje gehør for. Og då Solås to år seinare var på ny samling i Bergen, var trenarane innstilte på å sende sju spelarar vidare til nasjonal samling – utan at Dale-jenta var med i kabalen. Då tok Solås saka i eigne hender.

– Dei sette opp den eine spelaren etter den andre i forsvar mot ho, og ho lurte dei trill rundt – alle saman. Så dei hadde ikkje noko val. Dei måtte ta med den unge jenta frå Sogn og Fjordane, seier Pedersen.

Då avisa Firda skulle kåre dei 50 mest lovande talenta i Sogn og Fjordane for nokre år sidan, kom ikkje den unge handballspelaren med. Trenaren tenkte sitt. Her måtte nokon ha bomma.

Etter kvart spelte Solås meir og meir for samarbeidslaget Førde i 2. divisjon. Ho vart ein sentral brikke. Men då laget ikkje greidde å rykkje opp, kjende ho seg klar for nye utfordringar. Saman med trenaren fann ho ut at Tertnes var ein god klubb å gå til. Men der ville dei at ho først skulle prøve seg i Viking.

– Eg syntest det var heilt naturleg, då vi hadde eit godt samarbeid med Viking i førstedivisjon. Og heilt ærleg så vart ho henta hit som tredjeval på venstreback, seier Tertnes-trenar Tore Johannessen.

Trenar Tore Johannessen og Kjerstin Boge Solås i timeout

BLIR I TERTNES: Kjerstin Boge Solås har ingen planar om å byte klubb med det aller første. Her er ho i ein timeout saman med trenar Tore Johannessen.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Frå Dale kom svaret at då ville Solås heller gå til Molde. Då bestemte bergensarane seg for å la ungjenta prøve seg i eliteserien likevel. Ho slo til med éin gong.

– Ho hadde kanskje litt flaks, då éin spelar forsvann og ein annan vart skadd, så ho vart førsteval. Men det var flaks for oss også. Ho vart kasta ut i det. Eg må innrømme at eg vart overraska over at ho var så «på» med éin gong, seier Johannessen.

– Det er ganske unikt i alle samanhengar. Hos oss har det aldri skjedd før at ein spelar kjem frå 2. divisjon til eliteserien og faktisk dominerer meir der. Det gjekk rett og slett veldig fort, seier Tertnes-trenaren.

Det er også sjeldan kost at ein spelar går meir eller mindre rett frå juniorlandslaget til A-landslaget. Kjerstin Boge Solås hoppa like godt over rekruttlandslaget. Hausten 2016 debuterte ho for A-landslaget i Golden League i Danmark.

Seinare på året vart ho den første frå Sogn og Fjordane i ein internasjonal handballmeisterskap, då ho kom med i den norske EM-troppen. Framleis berre 18 år gammal vart ho europameister.

Kjerstin Boge Solås i EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

EUROPAMEISTER: Kjerstin Boge Solås med det synlege beviset: Før ho var fylt 19 år kunne ho heve EM-trofeet over hovudet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Haukelandshallen i Bergen, 29. mars 2017. Tertnes har nettopp slege Stabæk i siste heimekamp i grunnspelet i eliteserien. Spelarane takkar kvarandre for kampen, og takkar publikum for solid støtte frå tribunen. Snart står Kjerstin Boge Solås omringa av jenter. Ungane ser opp på den høgreiste 19-åringen med stjerner i augo. Ho skriv autografar så blekkete sprutar. Ho seier heller ikkje nei til å bli med på selfie. Det har blitt mange av dei denne sesongen.

– Det var veldig rart i starten. Eg skjønte ikkje kvifor dei ville ha autografen min. No har eg blitt van med det, sjølv om det høyrest litt cocky ut når eg seier det. Men det er berre slik det er, og eg synest jo det er kjekt å gi noko tilbake til handballen, seier Solås.

Det er mindre enn fire år sidan ho sjølv debuterte på A-laget til Dale som 16-åring. Sidan har ting gått i eit eksplosivt tempo. Under Thorir Hergeirsson vart Solås med sine 18 år den aller yngste spelaren i ein meisterskap nokon gong. Ho er den yngste med landskampar sidan Mette Davidsen og Cecilie Leganger debuterte i 1993.

Då eg var i EM var det litt vanskeleg å skjønne at eg spelte på verdas beste lag, og at eg trente med dei

Kjerstin Boge Solås
Kjerstin Boge Solås

EM-DEBUTANT: Kjerstin Boge Solås var tidenes yngste norske spelar i EM-samanheng.

Foto: BJORN S. DELEBEKK, Delebekk, Bjørn S. / VG

– Innimellom får vi spelarar som går rett frå juniornivå og inn på landslaget. Men Kjerstin kjem ikkje inn for å dra lasset, ho er først og fremst ein spelar som skal komme inn i korte innhopp allereie no og er definitivt ein framtidsspelar. Ho har ein fysikk som kan matche spelarar som har spelt på landslaget lenge, sa Hergeirsson til Nettavisen.

Med slikt følgjer også mykje merksemd frå media. Det var ein stor overgang frå det meir anonyme livet.

– Det er ein ganske stor skilnad. Eg merka det godt då eg vart teken ut til den første samlinga, og rundt EM var det ganske mykje. Eg synest det er vanskeleg å seie nei til ting, og det vart kanskje litt i meste laget, så det tok litt mykje energi, seier Solås medan lagvenninnene ruslar ut av hallen.

På Tertnes har ho fått tillit som ein av dei viktigaste spelarane.

– Ho har ein sentral rolle i laget, og i forsvar er ho heilt avgjerande for oss. Men no har det vore mykje å ta inn for ho, så ho treng litt tid for å stabilisere seg på dette nivået, seier Johannessen.

– Kjerstin er på mange måtar ein komplett spelar. Ho er ein tovegsspelar, ho har fysikken som skal til, ho har høgde, skot frå ti meter og finter. No gjeld det å setje dette saman, seier han.

Solås fekk nokre innhopp i EM, men var langt meir sentral i cupfinalen nokre veker seinare. Storfavoritten Larvik vann klart, men 19-åringen var likevel den store spelaren med ni mål for det tapande laget. På tribunen sat landslagssjefen.

– Ho er ein framtidsspelar og har potensial til å banke på landslagsdøra i åra framover, sa Thorir Hergeirsson til TV2 og understreka at ho bør utvikle seg i Norge framover.

– Det har gått fort framover for Kjerstin. Ho har komme frå små forhold, og kan framleis utvikle seg i Tertnes. Eg ser ingen grunn til at det skal haste med å komme til utlandet. For unge spelarar er det bra og viktig å spele i Grundigligaen og dra lasset i klubbane sine, sa Hergeirsson.

Kjerstin Boge Solås jublar for scoring

SIGER: Kjerstin Boge Solås jublar for siger med Tertnes. No ventar sluttspelet i eliteserien for bergensarane.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Solås har kontrakt med Tertnes i eitt år til. Ho har ingen planar om å flytte frå klubben ho trivast så godt i. Dessutan er ho lysten på meir landslagsspel.

– Eg har sjølvsagt lyst til å etablere meg på landslaget og få ei stor rolle der. Eg har ingen planar om klubb og slikt, men eg kan tenkje meg å komme til ein av dei beste ligaene og få ei stor rolle der også, seier Solås.

Er det oppnåeleg?

– Ja, det synest eg, berre eg har god tid på meg. Og det har eg, seier ho.

Kjerstin Boge Solås i NM håndball, cupfinale kvinner 2016: Larvik HK - Tertnes Elite.

STORSPELTE: Kjerstin Boge Solås var ein av dei beste på bana under cupfinalen mot Larvik.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

På parketten rundt ho er eldsjeler i Bergen i ferd med å rydde etter kveldens kamp. Autografjegerane har for lengst gått heim med nye signaturar på ballar og drakter. Kjerstin Boge Solås er i ferd med å motbevise alle som ikkje har hatt tru på at ho skulle slå gjennom så ung. Det gler gamletrenaren i Dale, som sjølv er frå Bergen.

– Det har nok vore litt fordommar mot dei som kjem frå Sogn og Fjordane. Trenarane i Bergen har ikkje den heilt store trua. Kjerstin er med på å endre det biletet, seier Jonny Pedersen.

– Om du skal vere spåmann – kor god blir ho?

– Ho spelar på det beste landslaget i verda, så ho har nådd langt allereie. Eg trur ho kan vinne det som er å vinne, seier Pedersen.