Øystein og Torkel Bjørbæk
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Trenar opp sonen til å slå eigen rekord

Øystein Bjørbæk (64) sette i 1983 personleg rekord i diskos med 66,32 i eit kast der alt klaffa. No har sonen Torkel (18) som mål å slå den rekorden, med god hjelp av faren.

BODØ (NRK): Øystein, som voks opp i Førde, men som har budd heile sitt vaksne liv i Bodø, hugsar enno kjensla i rekordkastet i mai 1983.

– Eg kan rekapitulere det kastet den dag i dag, den kjensla då eg landa i midten av ringen og verkeleg kunne ta i. Det var fantastisk.

I tillegg til at alt klaffa teknisk var det denne dagen optimale vindtilhøve.

– Det var slik det er i Bodø i dag. No har vi hatt ei veke med god kastevind. Mange trur at det alltid bles i Bodø, men det er berre tull. Gamletrenaren min sa at «Bjørbæk stiller stormen». Det kunne blåse mykje på førehand, men når vi skulle ha stemne var det stille.

Men akkurat denne maidagen i 1983 var det kjempegode tilhøve for lange diskoskast, og i tillegg kasta Øystein godt.

Avisutklipp 1983 NP

REKORDKASTET: Utklipp frå Nordlandsposten 20. mai 1983.

Og no er 66,32 eit tal sonen Torkel har merka seg godt. Faren var 30 år då han sette persen sin, så Torkel har god tid på seg.

Først då han vart 15 år forstod han kor god faren hadde vore.

– Eg visste at han hadde vore i norgestoppen, men då eg sjølv endeleg fekk kjent på kor vanskeleg det var å kaste langt, så fekk eg litt større respekt, litt meir forståing for kor langt det var.

– Ein fisk på land

Øystein var ikkje berre god å kaste, han hadde ein spenst som få kunne matche. Han har ein personleg rekord på 3,39 i stille lengde og 1,72 i stille høgde. Det er meir enn respektabelt av ein kropp med den tyngden han hadde som aktiv. Torkel vedgår at han har litt å strekke seg etter der.

– Han driv framleis og kallar meg ein fisk på land. Men eg har som mål å slå han om tre-fire år, før eg blir for tung.

Øystein og Torkel Bjørbæk

MANGE MINNE: Far og son Bjørbæk studerer ein artikkel der Øystein har fått tilnamnet skogstrollet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han har sjølv hatt same opplevinga av full klaff, slik faren hadde det i rekordkastet sitt frå 1983. Men Torkel hadde denne kjensla alt som 13-åring.

– Det var på eit stemne i Stjørdal. Eg hadde kasta 40–41 meter i dei fire første kasta. Men i det femte kastet stemte alt. Då landa diskosen på 46 meter.

Har slite med teknikken i år

Fram til no har han i store trekk halde fylgje med årsresultata til Øystein. For tre år sidan kasta han rundt 52 meter, litt lengre enn faren hadde på same alder. Men 2017-sesongen har vore litt skuffande, med stagnasjon i resultata.

– I år har eg kasta rundt 50 meter, med litt tyngre diskos. Det er litt kjipt. Eg har slite teknisk og vore skada i ryggen.

Men han er på rekrutteringslandslaget i kastøvingar, og blir rekna som eitt av dei største kasttalenta i landet. Motgangen i år har motivert han til å ta nye steg neste år. Heile tida har han hatt faren som trenar.

– Det fungerer heilt topp, han veit kva han snakkar om.

Øystein Bjørbæk i 1983

EIT GODT RESULTAT: Eit stemne der Bjørbæk akkurat nådde den litt magiske 60-metergrensa.

Foto: Bjørn Erik Olsen

Fekk tilbod om dop

Eitt tema i samtalane mellom dei to er doping i idrett. For Øystein Bjørbæk var aktiv i ei tid då veldig mange dopa seg. Mykje av det vart kjent i ettertid.

– Eg visste ein god del om det. Bjørn Bang Andersen og Harald Lorentzen har snakka om det fleire gonger at dei fekk oppleve gullalderen i internasjonal friidrett, fram til 1967. Dei to hadde vore dei beste kulestøytarane i Norden i fleire år. I løpet av eitt år låg dei to meter bak dei same folka dei hadde slått. Då hadde dopen dukka opp, seier Øystein.

Han fekk sjølv tilbod om og råd om å bruke dop.

– I 1972 var det ein som laga treningsprogram for meg. Eg har framleis papira. For 15. mai står det AS. Det tydde at den dagen skulle eg ta til med anabole stereoidar. Eg gjorde ikkje det.

– Det vil seie, eg fekk fire tablettar og beskjed om kvar eg kunne få fleire. Desse tablettane hadde eg liggande ganske lenge. På eit tidspunkt berre slukte eg dei, og etter det har eg aldri smakt. Men då var det som å ta ein globoid.

Øystein Bjørbæk 1980-tal

KRAFTPLUGG: Øystein Bjørbæk er stolt over at det han oppnådde, greidde han utan juks.

Foto: Bjørn Erik Olsen

Doping var det normale

Øystein vedgår at det var veldig freistande å bruke dop, sidan så mange gjorde det. Hadde han hamna i USA, slik Knut Hjeltnes gjorde, kunne han kanskje ha enda i same uføret.

– I januar 1973 skulle Hjeltnes og eg ha reist saman til USA. Av ulike grunnar kom han ikkje inn, og eg orka ikkje reise åleine. Men Knut kom inn litt seinare på eit anna universitet, så han reiste. Om eg hadde reist, så skal eg ikkje vere for sikker på at eg ikkje hadde prøvd eg og.

Doping vart sett på som normalt mellom kastarane i verdstoppen.

– Mange vart tekne, men det var og mange som aldri vart tekne.

«Den beste dopfrie diskoskastaren»

Øystein Bjørbæk valde å bli ein som prøvde å jobbe mot den juksementaliteten som dopbruken innebar. På den tida vart han av enkelte framstilt som den beste dopfrie diskoskastaren i verda. Det seier han sjølv er berre tull.

– Eg har høyrt det sagt, men slikt er berre prat. Eg veit om mange som aldri har dopa seg, og det er heilt sikkert at det var folk som var mykje større talent enn meg.

Men alle juksemakarane gjorde at mange av dei som var reine ikkje fekk dei sjansane dei trengde for å nå verdstoppen.

– For å få støtte måtte ein vise til resultat, og utan støtte var det vanskelegare å få framgang. Vi var ein del kastarar som forsona oss med situasjonen og var nøgde med å vere i sjiktet under verdstoppen.

For Øystein Bjørbæk vart det likevel ein del NM-medaljar, fire sølv og fire bronse. I 1983 deltok han i VM. Det enda med ein 23. plass. I tillegg har han ein del landskampar for Norge.

Allsidig idrett i oppveksten

Øystein Bjørbæk minnest ein god oppvekst i Førde, med mykje og allsidig fysisk aktivitet.

– Førde var ein fantastisk plass å vekse opp på, og eg kjem frå ein familie som også var fantastisk bra. Eg hadde gode kameratar, som også hadde fine familiar. Å vere med i idrett var sjølvsagt, vi gjekk på ski, på skøyter, eg var med i friidrett, handball, fotball og orientering.

Og det meste var uorganisert. Då Øystein spelte på smågutelaget i fotball, hadde dei ikkje trenar, hugsar han.

– Det einaste overordna vi hadde var det dei kalla UK, ein uttakskomite. Eg veit ikkje kven dei var, men nokre dagar før kamp stod det oppslag med lagoppstillinga og reservar. Under stod det berre UK.

Førde stadion og Skei-gardane i Førde

GOD OPPVEKST: Øystein Bjørbæk voks opp midt i smørauget i Førde, like ved Førde barneskule.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Dårlege vestlandsvintrar øydela draum

Det var skøyteløpar han drøymde om å bli.

– Men så kom det nokre dårlege vintrar, så dermed vart ikkje det aktuelt. Så eg dreiv med handball, fotball og friidrett. Då eg var 15 år var eg med på KM i Leikanger, då kasta eg diskos for første gong. Eg hadde ikkje lært å rotere, men eg kasta 31,10 med einkilosdiskos og vann.

Og den hausten fann han ut at han skulle satse på diskos. Han fekk hjelp av Audun Holme, som nett hadde flytta til Førde.

– Han kasta slegge, men også litt diskos. Han er 16–17 år eldre enn meg, men det var kjempetriveleg. Då hadde eg alt trent mykje spenst i eitt år, kolossalt mykje spenst.

Hausten 1969 tok Øystein til på Firda Gymnas på Sandane, der det gjekk mest i handball. Der var han ein frykta avsluttar. Som regel sette motstandarlaga frimerke på han. Det fann laget hans mottrekk mot. Først når han fekk to mann på seg vart han nøytralisert.

– Men eg kasta diskos om sommaren, så eg hadde 36,24 med seniordiskos. Året etter satsa eg meir, og då auka eg med ti meter. Då kom eg inn på landslagssamlingar, og det var kjempegreier.

Øystein Bjørbæk-utklipp 1971

TALENTET: I mai 1971 laga Arbeiderbladet eit portrett av den lovande 17-åring frå Førde.

Hamna i Bodø litt tilfeldig

Han fekk hjelp både med vektutstyr, treningssamlingar og treningsprogram av sleggekastaren Magne Føleide, og han fekk kameraten Ove Farsund til å bli med. Han valde slegge. På Sandane vart det støypt ein diskosring for Øystein.

– Eg veit ikkje kven som gjorde det, men det var iallfall heilt ideelt, så der kunne vi kaste kvar dag.

Der la han grunnlaget for ein svært så habil karriere som diskoskastar, og i kastmiljøet fekk han vener som han framleis har god kontakt med.

– Av dei som står nær den dag i dag er Bjørn Bang Andersen, som blir 80 år i haust, Audun Holme er no 81, Magne Føleide var 80 i fjor, så dei tek til å bli vaksne. Harald Lorentzen og Tormod Lislerud har eg og hatt kontakt med siste året.

Øystein Bjørbæk har vore lærar i snart 40 år, og det var for å få lærarutdanning han kom til Bodø, eigentleg nokså tilfeldig.

– Eg var i militæret i 1974 og 1975, og den harde kjernen eg då vart kjend med budde i området mellom Bodø og Lofoten. I 1976 flytta den eine søstera mi til Bodø. Ho ringde og sa at om eg ville gå på lærarskule i Bodø skulle eg få bu gratis hos dei, mot at eg var barnevakt.

Ville gjere gjengjeld

Sidan har han blitt verande i Bodø.

– Med tanke på det treningsmessige var det kanskje ikkje det smartaste eg kunne ha gjort. Men livet er meir enn kasting.

Etter lærarskulen jobba Øystein Bjørbæk nokre år som lærar, frå 1981 på Kirkhaugen ungdomsskole i Bodø.

– Der var det ein gutegjeng som ikkje var mors beste barn. Det var mykje småkriminalitet, rusing og slikt. Den eine av dei var sonen til trenaren min. Vi visste til slutt ikkje kva vi skulle gjere, alt var prøvd.

Det var då dei fann ut at dei skulle gjere noko som reint fagleg ikkje var sett på som bra. Dei skilde desse gutane frå dei andre elevane i ei eiga gruppe. Øystein fekk saman med ein annan lærar spørsmål om han ville ta seg av dei.

– Det sa eg ja til, mellom anna fordi den eine guten var sonen til trenaren min. Han hadde gjort meg så mange tenester at eg tenkte eg kunne gjere noko til gjengjeld. Og så vart det faktisk ganske artig. Det gjekk veldig fint med denne gjengen.

Øystein Bjørbæk

– UNGDOMMEN ER BETRE ENN FØR: Rektor Bjørbæk meiner dagens ungdom oppfører seg fint.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fin plass å vere

Prøveopplegget vart forlenga som ein alternativ skule der alle ungdomsskuleelevane i Bodø kunne søke seg inn.

– Dei som søkte var elevar som ikkje treivst i den vanlege skulen. Etter to år som prøvekaninar fekk vi status som eigen ungdomsskule. No er det 34 år sidan vi starta.

Øystein Bjørbæk er rektor for Alberthaugen skule, som held til i ein gamal trebygning. Der har han og lærarane hatt bortimot frie hender til å forme skuledagane.

– Det har vore ein veldig fin plass å vere. Og så har vi hatt stor fridom, for vi kunne nesten gjere kva vi ville, så lenge vi heldt oss innanfor budsjettet, og at vi fekk gode resultat. Og det har vi faktisk fått til.

– Kjenner ikkje att ungane

Frå første stund valde dei å ta omsyn til at elevane deira ikkje treivst med å sitte planta ved ein pult i eit klasserom.

– Vi har brukt naturen. Skal vi få ein ny start er det kjempeviktig å kome vekk frå skulehuset med klasseromskjensla, vi ville la folk møtast under heilt andre tilhøve. Særleg for oss gutar blir venskap bygd av felleserfaringar. Vi kan ikkje sitte og prate, vi må gjere noko i lag. Då kan vi byggje gode relasjonar.

Difor er det fast rutine kvar haust at dei dreg på fjelltur den andre skuleveka.

– På første foreldremøtet, rundt 10. september, kjem foreldra og seier at dei kjenner ikkje att ungane sine, for dei sprett opp om morgonen og vil på skulen. Det skjer kvart einaste år, og då har vi litt å tære på når det blir hardare tider utover hausten.

Alberthaugen skole i Bodø

GODE RESULTAT: Alberthaugen skole har vore arbeidsplassen til Bjørbæk i 34 år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For Øystein har det vore svært tilfredsstillande å sjå at det har gått veldig bra med dei aller fleste som har vore innom Alberthaugen.

– Veldig mange kjem innom på besøk. I dag leverte eg bussen vår til antirustbehandling, og det firmaet er det ein av våre gamle elevar som driv. Over heile byen treff eg folk som har gått her. Mange av dei har fortalt offentleg kor mykje det har hatt å seie for dei at dei gjekk her.

Og om det har vore nokre tøffe tak på skulen av og til, er ikkje Bjørbæk i tvil om at ungdommen av i dag er langt meir skikkeleg av seg enn ungdommen var for 20–30 år sidan.

Øystein og Torkel Bjørbæk

SKRITTAR OPP: Øystein måler opp avstanden til kastburet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vil så mykje

Som trenar for sonen Torkel seier det seg sjølv at far og son brukar mykje tid i lag. Når Torkel skal kaste diskos må dei køyre sju kilometer austover til Mørkved. Denne dagen er det tre veker sidan sist han kasta, så han må kjenne seg fram for å finne rette teknikken.

– Ta det roleg og avslappa, berre få lett rytme, ikkje tenk for mykje innvikla på teknikk, ropar trenar Øystein der han står om lag 50 meter frå kastburet.

Torkel Bjørbæk

LEITAR ETTER GODKJENSLA: Torkel Bjørbæk har hatt ein liten nedtur i karrieren i år, men har tru på vidare framgang neste sesong.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Torkel kastar i sterk motvind, og det kjem seg litt etter kvart.

– Ikkje så verst, men ikkje køyr så stor fart i ringen, berre køyr roleg og avslappa. Du må få diskosen lågare skal det vere hjelp i, formanar trenaren.

Sjølv nøyer Øystein seg med å kaste diskosane tilbake mot kastburet. Han har fått spørsmål om å vere med i veteran-NM neste år, men trur neppe det blir aktuelt.

– Det blir i så fall med einkilos diskos, og det er ikkje nokon diskos. Alt har si tid, og no har eg nok med å følgje med Torkel.

Torkel er ikkje særleg nøgd med kasta denne oktoberdagen. Dei lengste kasta målte rundt 48 meter.

– Det kjennest ut som eg har mista heile feelingen. I tillegg er eg stiv og støl etter styrketreninga i går.

Han vedgår at han av og til kan krangle med faren på treningane.

– Det går på at eg vil så veldig mykje, og så får eg ikkje til teknikken. Så står han og masar om det same. Eg prøver og prøver, og det er irriterande. Men såpass må vi tole. Eg kunne ikkje hatt ein betre trenar.

Øystein Bjørbæk

GIR GODE RÅD: Øystein Bjørbæk kastar ikkje diskos sjølv lenger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I tillegg til treninga er mat viktig. Skal Torkel bli ein god diskoskastar må han ete mykje.

– Pappa seier at eg er småspist, og det stemmer kanskje for oss to, men for andre er det mykje. I ein periode åt eg 27–28 brødskiver kvar dag, i tillegg til middag, lunsj og kveldsmat, så det blir ein del kaloriar. Det er ikkje hjelp i berre å ete seg mett, seier Torkel, som er mellom idrettstalenta som har pryda norske mjølkekartongar.

– Når Torkel flyttar heimanfrå kjem vi til å få god råd heime, repliserer faren.

Torkel Bjørbæk

SLIT MED TEKNIKKEN: Torkel har ikkje fått kastinga til å klaffe i 2017.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Bodø/Glimt og Bodø Håndballklubb

Øystein Bjørbæk har i tillegg til friidretten vore spesialtrenar for storlaga til Bodø i fotball og handball, Bodø/Glimt og Bodø Håndballklubb. Det han opplevde av toppidrettsutøvarar i ballidrett var litt overraskande for han.

– Det er der som i klasserommet, at ein tredel trenar godt når dei får beskjed om det, ein tredel gjer akkurat det dei må, og den siste tredelen brukar all energi på å sluntre unna. Eg har snakka med fleire trenarar som har opplevd det same.

Jobben som spesialtrenar for Bodø HK sa Øystein frå seg.

– Eg likte ikkje måten dei behandla dei unge talenta som var fostra opp i klubben når dei kom opp på seniornivå.

– Friidrett er fantastisk sosialt

For den gamle kastkjempa er og blir det friidrett som er favorittidretten.

– Friidrett er ein fantastisk sosial idrett. For der er alle med på sitt nivå. Persar du i diskos frå 40 til 41 meter så er det kjempebra. I lagidrett er det ein veldig sterk utestengingsmekanisme. Er du med er alt i orden, er du ikkje, får du aldri sjanse til å utvikle deg.

Bjørbæk gler seg over dei gode norske friidrettprestasjonane i år, for utøvarar som Karstein Warholm, Sven Martin Skagestad og Jakob Ingebrigtsen. Men han synest det er trasig å sjå kor få som driv med friidrett.

– Det er med sorg i hjartet når eg samanliknar det med kva det var då eg voks opp i Sogn og Fjordane, med det fantastiske miljøet der. Det var friidrettsutøvarar i kvar ein krik og krok. Når vi hadde krinsmeisterskap var det nærmast som eit norgesmeisterskap.

Den andre sonen hans, Sverre, er no 24 år. Han vart i 2012 norsk meister for G18-lag med Bodø HK. Ei av døtrene, Synne Høyforsslett Bjørbæk, er varaordførar for Rødt i Bodø.

Reknar seg som sunnfjording

Sjølv om Øystein Bjørbæk har budd i Bodø meir enn halvparten av livet sitt, så reknar han seg framleis som sunnfjording. Lite eller ingenting i dialekten tyder på at han bur i Nordland, og bilane hans er kjøpte i Sunnfjord.

– Eg er sunnfjording og førdianar sjølv om eg bur i Bodø. Når det gjeld dialekten trur eg ikkje at eg har talent for å legge om.

Han er i Førde kvar sommar for å besøke mora, og sjølv om han reknar seg som førdianar, er han kritisk til delar av utviklinga på heimstaden.

– Det er blitt frykteleg mange næringsbygg og shoppingsenter, men eg synest framleis at Førde er ein veldig fin plass, som har fått urettferdig mykje kritikk.

Øystein Bjørbæk-bil og hus

KJØPER BIL I FØRDE: TV-skiltet røpar at innehavaren har meir enn ei tilknyting til Sunnfjord og Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK