Kjartan Lauritzen
Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Tøysegutten frå Balestrand

Kjartan Lauritzen var lenge berre ein vits. Men no har han blitt ein viktig del av livet.

Mattias Rolighed Bergset

Ein novemberkveld i 2014 stilte to brør frå Balestrand og ein bergensar, opp på ei scene i eit bibliotek i Bergen. Kjartan Lauritzen skulle spele konsert. Han hadde eigentleg berre to songar, så han hadde laga éin song til kvelden før. På DJ-bordet sto ein Mac, og DJ Teddy var klar til å trykke på "play"-knappen på iTunes.

– Vi visste ikkje kva vi skulle gjere, seier Kjartan.

Publikum i biblioteket visste heller ikkje kva dei skulle forvente av den første konserten til den ukjende rapparen Kjartan Lauritzen. Men etterpå gjekk det rykte om den merkelege rapparen, med ein rar humor som kunne garantere god stemning. 50 konsertar seinare har han framleis det same ryktet.

Men no veit mange at dei kan forvente mykje energi, hud og sveitte på scena. Og at det er sannsynleg at ein stagedive vil skje.

På tide å få ræva i gir

Meir om det snart. Men no er det ein desemberdag i 2016, og Kjartan er på veg til studioet for å lage musikk.

Når det regnar i Bergen er det livsfarleg å gå til studioet der han jobbar, i ei gamal sjøbu. Ein må balansere på ei smal brygge som gyngar og er så sleip at det er berre tilfeldig at ein ikkje sklir og hamnar i Puddefjorden. Her lagar han musikk med prøve og feile-metoden. Han sit ved ein datamaskin og trykker på tangentar, medan han prøver ut ulike lydar i eit dataprogram. Sånn kan han sitte i timevis. Innimellom leiter han etter inspirasjon frå andre artistar.

– I dag hadde eg tenkt at eg vil lage noko Atlanta trap, litt som Gucci Mane. Det er veldig enkelt, men veldig hardt.

Kjartan Lauritzen

RÆVA I GIR: Det er stor skilnad mellom det Kjartan Lauritzen gjer på scena og det som går føre seg i det vesle studioet i Bergen. Men no prøver han klar EP-en som kjem ut i januar.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Kjartan må henge i no. 2016 var eit bra år der han har fått spele mange konsertar over heile landet, og blitt lagt mykje merke til. Songen "Havanna" har blitt spelt over éin million gongar på Spotify, og om ikkje lenge kjem "Fredag" til å passere millionen.

– Eg må få ferdig denne EP-en før nyttår eigentleg. Det er på tide å få ræva i gir.

Fordi, det er lenge sidan han har laga ny musikk, og det kjem han til å trenge i 2017. Mykje skal skje dette året, men utan ny musikk å vise til, vil han ikkje vere like interessant for publikum og bransjefolk. Difor gir han ut ein handfull nye songar i januar, på EP-en «Fenomenet».

– Eg trur det var Sogn Avis som kalla meg «rap-fenomenet Kjartan Lauritzen» ein gong. Det var skikkeleg lattis, så no har eg tatt det. No er eg fenomenet Kjartan Lauritzen.

Identitetskrise

Forresten, Kjartan Lauritzen er ein oppdikta karakter som Per Áki Sigurdsson Kvikne (20) frå Balestrand, bruker når han rappar. Framleis er det mange som trur at Kjartan er ein ekte person. Sofie Tollefsbøl, betre kjend som artisten Fieh, hadde samarbeidd med Kjartan lenge før det gjekk opp for ho at han heiter Per Áki.

– Eg dreiv å søkte han opp på Facebook for å finne ut kven denne Kjartan var. Og eg la koring på ein song med han, og eg trudde framleis at han heitte Kjartan, seier ho.

Kjartan Lauritzen var eigentleg ein plagsam karakter Per Áki brukte når han skulle irritere søskena sine då han var liten.

– Vi var på ein lang biltur på Island ein gong, då han fann nokre veldig små solbriller i bilen. Då fann han ut at han skulle vere Kjartan Lauritzen, ein irriterande betrevitar frå Sotra. Og det var fire timar igjen av bilturen, sukkar Theodor Sigurdsson Kvikne, som er storebror til Per Áki.

Kjartan Lauritzen

LUTT-VINNAR: Kjartan Lauritzen vann NRK sin SommarLutt-pris i 2016. Her lokka han fram Malakoff-publikumet midt under ei regnbye.

Foto: Øystein Torheim

Per Áki har etter kvart innsett at han har gjort det litt vanskeleg for seg sjølv. Han klarer ikkje heilt å skilje mellom identitetane.

– Først var poenget at når eg har ein dum karakter, så kan eg gjere det eg vil. Men no har det blitt ein stor del av livet mitt å vere Kjartan, så eg gidd ikkje å berre vere ein teit figur for alltid. Så no har Kjartan blitt meg, eller eg har blitt Kjartan.

Sjølv om forholdet mellom desse to identitetane har blitt sausa saman, prøver Per Áki å få eit meir bevisst forhold til kven som er ansvarleg for musikken og humoren til Kjartan.

– Først hadde eg det meir moro enn eg brydde meg om musikken. Det var på grensa til å vere berre tull. No bryr eg meg meir om musikken. Det er framleis mykje tull, men det er meir min humor.

Det er framleis eit fint skjul for Per Áki å ha namnet Kjartan, slik at ikkje Per Áki automatisk vil bli knytt til tekstane. For han synst dei er tullete.

– Men no veit jo alle at Kjartan er meg, så no har eg tapt uansett.

Det eine førte til det andre...

No har det altså blitt alvor, men først var det berre tøys.

Per Áki flytta til Bergen for å studere musikkproduksjon, og lagde litt musikk no og då. Og så byrja han å rappe litt til musikken. Dei enkle songane han lagde la han ut på Soundcloud. Der kom han i kontakt med fleire andre som òg laga musikk i Bergen, mellom anna hip hop-gruppa Hester V75, som prøvde å skaffe seg eit namn på hip hop-scena i byen. Soundcloud er nettdating for folk som driv med musikk, ifølge Ingebrigt Ryland Røyrane i Hester V75.

– Vi gjekk i studio med han ein dag, han hadde nettopp flytta til byen. Så booka vi han til å spele på biblioteket i Bergen, av alle plassar. Der spelte han sin første konsert, seier Ingebrigt.

Kjartan Lauritzen

DEN FØRSTE: Dette er Kjartan Lauritzen under sin første konsert, i eit bibliotek i Bergen.

Foto: Privat

Per Áki hadde sagt ja til å spele konserten, men han visste ikkje korleis han skulle fikse det. Han trengde ein DJ til å spele musikken, og han trengde ein "hypeman" til å lage meir liv på scena. Så han spurde Daniel Lisæth, ein kompis frå klassa. Og så spurde han bror sin, Theodor. Fordi han hadde vore DJ nokre gongar på ein ungdomsklubb i Balestrand. Theodor Sigurdsson Kvikne er åtte år eldre enn Per Áki, og jobbar i hotellbransjen. Då veslebroren ville ha han med, sa han ja, men han visste ikkje kva han skulle gjere. Men han kalla seg DJ Teddy.

Kjartan Lauritzen og kompisen Daniel, som for anledninga kalla seg «Adeo 546», fyrte kvarandre opp før konserten. Dei visste ikkje om dei nokon gong kom til å halde ein konsert igjen, men dei skulle sette standarden. Kjartan kasta av seg alle hemningar, og var over alt i løpet av dei tre songane dei spelte, der inne i biblioteket.

– Eg dreiv å rulla på golvet og klatra opp i ei bokhylle.

Fordi «kvifor ikkje».

Etter dette har dei tre heldt over 50 konsertar over heile landet.

Bransjegutar

Folka i Hester V75 lagde etterkvart eit plateselskap som dei kalla Vibbefanger. Og dei tok med seg Kjartan, og gir no ut musikken hans. Og Ingebrigt skal no bli manageren til Kjartan Lauritzen.

Vibbbefanger har òg ordna sine eigne konsertar i Bergen, slik at artistar som Kjartan har klart å bygge opp namna sine i Bergen. Først ville Hester V75 spele konsertar, men det var ingen som visste om dei, og difor vart dei aldri booka til konsertar. Då fann dei ut at einaste løysing var å arrangere sine eigne konsertar.

– Vi fann på eit klubbkonsept som vi kalla Vibbefest der vi sjølve spelte musikken vår. Så vi booka liksom oss sjølve. Og så byrja vi å ta med mange andre av venene våre og så har det blitt ein veldig kul greie, seier Ingebrigt.

Etter kvart såg dei etter fleire å ha med på festane dei arrangerte, og det var då dei oppdaga Kjartan Lauritzen på Soundcloud. Etter kvart fekk dei med seg nokre fleire artistar og skapte det som i dag er eit musikkollektiv som dei har kalla Vibbefanger. Dei arrangerer konsertar, gir ut musikk som eit plateselskap, og artistane i kollektivet bidreg til kvarandre sine innspelingar og konsertar. Sju artistar er tilknytt Vibbefanger, som ofte dukkar opp på Vibbefanger sine arrangement i Bergen og Oslo.

Ingebrigt Ryland Røyrane og Kjartan Lauritzen

ARRANGØRAR: Ingebrigt i Hester V75 og Per Áki har jobba mykje saman dei siste åra. Her diskuterer dei siste detaljane før dei opna konserten Vibbefest, i desember.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Det fekk ein veldig heimelaga stil, og det har vi heldt fram med. Vi er ikkje så formelle, vi likar berre å kødde litt og lage fete festar. Og gi ut kul musikk og hjelpe artistar som vi synst er fete, seier Ingebrigt.

I dag er Vibbefanger eitt av tre etablerte hip hop-miljø i Bergen, saman med veteranane i NMG/G-huset (A-laget, Lars Vaular ++) og miljøet rundt Yoguttene. Og dei uformelle festane og konsertane dei arrangerer har blitt kjende merkevarer i utelivet i Bergen.

Store scener

Etter den første konserten i ei bokhylle på eit bibliotek i Bergen har scenene blitt større for Kjartan Lauritzen, spesielt i 2016. Per Áki meiner det ikkje kjem av seg sjølv og at det er avgjerande at dei som booker artistar til konsertar, veit at artisten kan levere god stemning for publikum.

– Ein gong vi spelte på Fresen (Fres Festival, i Fresvik, journ. anm.), tenkte eg at eg skulle ta ein backflip på scena. Det hadde eg aldri gjort før, så eg landa på ansiktet, seier Per Áki.

Logikken var: "Det er moro for folk å sjå ein som tar ein backflip – det er moro for folk å sjå ein som prøver å ta ein backflip, men ikkje klarer det. Det blir moro uansett."

– Eg tenker slik at viss eg hadde vore i publikum så hadde eg syntest det var lattis viss nokon tok ein backflip på scena.

Men for Theodor som står bak spakane, vart det litt for stort sist sommar. Då han skulle spele med Kjartan og Adeo546 på Urørt-scena på sjølvaste Slottsfjell-festivalen, såg det ikkje ut til at det kom til å bli noko god stemning fordi det var så lite folk framfor scena.

Kjartan Lauritzen på Malakoff

FESTIVAL: Per Áki har Malakoff-festivalen som ein fast tradisjon kvar sommar, men i år skal han vere med som artist. Her i teltet på Malakoff-campen i 2016.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Men like før vi skulle på hadde det blitt stappfullt framfor scena, og eg vart heilt sett ut. Eg sa til Per at eg ikkje kom til å klare det, det var like før eg svima av, seier Theodor.

Men etter ein øl og litt overtaling av lisjebroren gjekk dei på scena, framfor over tusen personar.

– Og folk kunne tekstane, det er det største eg har opplevd! På siste songen klarte eg ikkje å dy meg, eg slapp alt eg hadde og tok ein stagedive, eg òg, seier Theodor.

For Kjartan Lauritzen blir det fleire store scener i 2017. Det byrjar med by:Larm i Oslo i februar. Det er ei viktig scene å prestere bra på, som kan gi mange fleire spelejobbar resten av året – både i Norge og i utlandet.

Og i sommar er dei booka til å lage sommarstemning på Malakoff Rockfestival.

– Etter den første konserten på biblioteket, hugsar eg at vi sa sånn på tull «shit, tenk viss vi ein dag får stå på scena på Malakoff», det var liksom eitt av dei store måla Per hadde. Og no har han nådd det, seier bror Theodor.