Kampen for å byggja seg ein heim

Tor-Evert Johansen har flytta 25 gonger i livet. No er draumen å slå rot på ein ubebueleg høgdegard i Valdres.

Han hadde tenkt det fleire gonger allereie. At han ikkje orka meir. At han like godt kunne gi opp draumen om å byggja seg ein heim på høgdegarden som han hadde sett alt inn på å gjenreisa. At han endå ein gong skulle dra av stad frå det vanskelege, vekk frå det falleferdige småbruket i Valdres.

Men her står han i det bratte tunet sitt på Øvre Brekkebakkane i Vang kommune. Brun og blid og sveitt etter eit lang dags arbeid. Og han peikar opp mot nybygget – det siste handfaste teiknet på at han greidde å la vera å bryta opp, sjølv om det heldt så vidt.

– Du skulle ikkje tru at det har så mykje å seia, men det påverkar faktisk heile livet ditt.

Tor-Evert Johansen viser fram «Shit and Shower», ein kombinert dusj og utedo. Rein luksus på eit småbruk som dette.

Ute dusj og ute do på høgdegarden Øvre Brekkebakkane

ENKELT VELVÆRE: Dusj og do på tunet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

I fjor var garden nemleg ubebueleg, og Tor-Evert måtte gå heilt bort til den kalde bekken for å vaska seg. No har han «fasilitetane» på tunet.

– Det er artig å kjenna på den sakte oppbygginga av komfort. Kvar veke er det små forbetringar. No kan eg til og med varma dusjvatnet, seier han og peikar på vedomnen som står like ved huset og gløder på ei jernpanne med dusjvatnet i.

Arbeidsdagen har vore hard på Øvre Brekkebakkane. Tor-Evert og tre gode hjelparar har brukt timane godt. Dei har teke ned våningshuset, lagt laftetømmeret i sirlege stablar, breidd på presenningar og gjort klart til at den utrasa grunnmuren kan byggjast opp att.

Tungt arbeid har det vore rikeleg av sidan Tor-Evert i fjor sommar flytta inn på høgdegarden. Småbruket hadde då forfalle i fleire tiår. Tor-Evert var like fullt fast bestemt på å gjenreisa det, sjølv om han mangla pengar, straum og innlagt vatn.

Men han hadde dårleg tid.

Vinteren er nemleg kald i Valdres, og Tor-Evert måtte få bygd seg eit varmt krypinn i tide. Våningshuset hadde for store roteskader til å brukast, og golvet i deler av låven hadde morkna opp. Men i eit rom var laftet uskadd. Der skulle Tor-Evert byggja seg ein lun heim på nokre månader. Det blei ein krevjande haust.

Tor-Evert måtte bu i eit telt på låven medan han arbeidde med nyeheimen. Glava-mattene isolerte ikkje stort mot kulden.

"Glavahola" på Øvre Brekkebakkane

Havregraut til frukost gav kjærkomen varme i kroppen då det var åtte minusgrader utanfor teltduken.

Tor-Evert Johansen lage mat på høgdegarden på Øvre Brekkebakkane i Valdres.

Det gamle gjekk opp i røyk. Jula var ein månad unna, men Tor-Evert hadde framleis mykje arbeid att.

Tor-Evert Johansen varme seg på bålet i Valdres

Tor-Evert klarte det, så vidt, å byggja seg eit varmt krypinn til jul.

Tor Evert Johansen, "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – julespesial 2019"

Om det blei strevsamt å byggja seg ein heim til jul i fjor, blei ikkje etterjulsvinteren i år mindre krevjande.

– Eg hadde store planar. Eg skulle hogga tre og førebu bygningsmaterialar til sommaren. Men då januar kom, var eg sliten etter hardkøyret i fjor. Det blei tungt og mørkt, og eg orka ingenting. Det blei difor ein månad i senga med Netflix og HBO.

Utanfor lafteveggane var det minus 20 grader i dag etter dag. Og sjølv om Tor-Evert fyrte på spreng, var det berre ein liten del av rommet som var varmt.

Kulda og einsemda dreiv han vekk. I februar rømde han garden. I mai kom han tilbake.

– Då var stemninga annleis. Det var lyst ute. Eg hadde fått tilbake gløden.

Og etter det har mykje skjedd.

Tor-Evert Johansen og Mark Huber riv våningshuset på Øvre Brekkebakkane.

GOD HJELP: – Eg vil ikkje anbefala å byrja på eit slikt gjenreisingsprosjekt åleine, seier Tor-Evert Johansen, som får hjelp frå venen Mark Huber til å ta ned våningshuset.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Med hjelp av gode vener og tilreisande som jobbar for kost og losji, har Tor-Evert felt mykje skog, bygd om eit utekjøken til rekreasjonsrom, grave veg rundt låven, laga grønsakssenger, isolert ferdig rommet i låven, og – ikkje minst – fått vatn inn på tunet i ein slange frå bekken.

– Det er ein enkel ting som har så mykje å seia. Før kvidde eg meg for å gå heilt bort til bekken for å henta vatn, og oppvasken blei gjerne ståande. No smett eg berre utom døra og fyller vassdunken. Og ein dag går sikkert vasslangen heilt inn i huset.

For sjølv om Tor-Evert er åleine og arbeidet er stort, han han bevart fascinasjonen for prosjektet sitt og det enkle livet han har valt.

– Eg har på ein måte starta på år 1900, og så kan eg jobba meg oppover tiåra og ta vare på dei teknologiane som eg tykkjer er verdt å ta vare på. Eg kan ta med meg det beste frå utviklinga, og droppa alt tullet eg ikkje treng. Eg trur også mange andre drøymer om eit slikt enkelt liv.

Komforten var enkel i starten. Tor-Evert måtte vaska seg i bekken.

Tor-Evert Johansen vaskar seg i elva.

Steg for steg set Tor-Evert småbruket i stand att.

Tor-Evert Johansen har tatt over ein ubebueleg høgdegard.

Grønsakene i åkeren står klare til å haustast inn.

Dyrka grønnsaker på Øvre Brekkebakkane i Valdres

Høgdegarden i Valdres er ikkje lenger ubebueleg.

Øvre Brekkebakkane i Valdres på sommaren

Handduken og dei sveitte arbeidskleda heng over armen når Tor-Evert kjem ut av den nye dusjen og går ned den bratte tunbakken til låven der middagen står på kok. Snart sit han og dei tre arbeidskarane reine rundt spisebordet med ein god varme i kroppen etter det tunge arbeidet med våningshuset.

Det halvtanna året som har gått sidan han flytta inn på Øvre Brekkebakkane blant mygg, mus, maur, rot og rotne kledningsbord har gjort noko med Tor-Evert.

– Før har eg ofte prøvde å flytta frå situasjonar eg ikkje har likt, men så har nissen flytta med på lasset. Eg følte meg difor utruleg heldig då eg i fjor fekk kjøpa denne garden for ein billeg penge og fekk lov til å testa ut draumen om å finna meg ein plass der eg kunne etablera meg.

38-åringen som har flytta 25 gonger i livet, skal også denne vinteren reisa vekk frå høgdegarden: Fyrst skal han feira jul med familien i Tromsø, og etter det går turen eit par månader på eit meditasjonssenter i Sverige. Men denne gongen er det inga flukt vekk frå det vanskelege.

– I år skulle eg ha klart å bu her gjennom vinteren. Eg har lært mykje om meg sjølv i løpet av det halvtanna året på garden. Når du lever åleine i stilla, blir du konfrontert med di eiga indre uro, og etter kvart lærer å handtera denne betre. Eg er dessutan blitt flinkare til å sjå an kva eg maktar.

Planane hans for 2020 er difor meir gjennomførlege: trekkja ut litt tømmer, byggja opp att grunnmuren og kanskje starta på gjenreisinga av sjølve våningshuset.

– Eg har ikkje hastverk. Livet på høgdegarden har gjort meg meir bekymringslaus. Ei slik kjensle har eg ikkje hatt på mange år.

Sjå episoden om korleis Tor-Evert Johansen klarar seg på Øvre Brekkebakkane her:

Den forfalne høgdegarden i Valdres er rekna som ubebueleg for folk. Her kjempar Tor Evert Johansen for å skape seg ein varm og musefri heim til jul.

Den forfalne høgdegarden i Valdres er rekna som ubebueleg for folk. Her kjempar Tor-Evert Johansen for å byggja seg ein varm og musefri heim til jul.