Jantsen Øverås
Foto: Oddleif Løset / NRK

Tomrommet lokka han tilbake

NAUSTDAL (NRK): Jantsen Øverås (22) berre måtte ta ei pause. Frå idretten han elska, treningskameratane og strenge rutinar for mat og kvile. No startar den tungen vegen tilbake.

– Eg måtte tilbake, seier vektløftaren etter å ha pressa opp sitt tyngste løft på seks månader.

140 kilo i overstøt brukte å vere mykje lettare. Men det var før. Før nedturen som fekk han til å legge opp.

Men livet utan vektløftinga vart tomt.

– Den første månaden utan følte eg meg så fri. Eg var så glad eg kunne ete det eg ville, vere oppe så lenge eg ville, og jobbe så lenge eg ville… Men det vart kjedeleg til slutt.

Jantsen Øverås (22) berre måtte ta ei pause. Frå idretten han elska, treningskameratane og strenge rutinar for mat og kvile. No startar den tungen vegen tilbake.

TILBAKE PÅ TRENING: Etter tre månader vekke er Jantsen Øverås no tilbake. FOTO/REDIGERING: Oddleif Løset.

Sitt livs største nedtur

12. april 2016: Tribunane i idrettshallen i Førde kokar av forventningsfulle sunnfjordingar. Europas sterkaste måler krefter under EM i vektløfting, og blant dei er ein 21 år gamal fjalerbu. Ingen forventar medalje, men etter ni år i idretten kan Jantsen Øverås gjere sitt livs beste stemne. Det blir ellevill stemning i salen når 125 kilo går opp i rykk. I neste øving går alt gale. Etter tre bom på 147 kilo støt forlèt Øverås idrettshallen utan eit ord.

Eit halvt år seinare, har Øverås framleis ikkje noko god forklaring på kva som skjedde.

– Eg var i mi eiga verd. Eg tenkte ikkje så mykje på dei rundt meg, men då ikkje siste forsøket gjekk opp… Då høyrde eg kor skuffa dei i salen vart. Eg måtte berre gå, seier han.

Fiaskoen på løfteplatningen vart for tung å bere. Lidenskapen for vektløftinga vart nesten riven opp med rota, og dei raske skritta ut i bilen vart starten på tre månader der idretten vart stengt ute.

– Eg var veldig sint. Det hadde vore mykje snakk om at eg var i så god form, og at eg kom til å gjere det så bra på EM. Men så klarte eg ikkje å innfri, då følte eg på at eg hadde skuffa mange. Mest av alt hadde eg skuffa meg sjølv, seier han.

Starta som 12-åring

Allereie som 12-åring vart Jantsen Øverås lokka inn i vektløftarmiljøet. Året etter, i 2008, deltok han på sitt første NM.

Sidan då har vektløftinga blitt ein stadig større del av livet hans. Det har blitt tallause stemner og treningsleiar i inn og utland, edelt metall har blitt henta med heim og stadig fleire kilo har blitt pressa over hovudet.

Jantsen Øverås vart etter kvart ein solid del av stammen på klubblaget til Tambarskjelvar, den beste vektløftarklubben i Norge. Etter kvart vart han også ein sjølvskriven utøvar på det norske landslaget.

Jantsen Øverås som ung

STARTA I 2007: Det har gått ni år sidan Jantsen Øverås første gong pressa ei vektløftarstong over hovudet. Biletet er frå hans andre stemne, junior NM i 2008.

Foto: privat

Sette vektløftinga før alt anna

I forkant av EM på heimebane i Sunnfjord i april, vaks forventningane til 21-åringen. Også hos han sjølv. Det siste året før meisterskapen handla nesten heile livet hans om vektløfting.

– Eg gjorde det som måtte til for å bli best. Eg tenkte vektløfting heile tida, eg tenkte på kosthald og eg tenkte på kvile, seier han.

Ein heil månad såg kollegaene ingenting til han fordi han var på treningsleir. Tid med vener og familie måtte vike for å kunne prioritere treninga kvar einaste dag.

– Eg tenkte at det var verdt det. Eg ville prestere på EM, og eg visste eg kunne gjere det bra, seier Øverås.

Har framleis inga god forklaring

21-åringen frå Flekke i Fjaler var ein av fem løftarar frå arrangørklubben Tambarskjelvar som vart teken ut til EM på norsk jord. I vekene før meisterskapen kjente han at kroppen aldri hadde vore sterkare.

Men familien og venane sine heiarop, og trenaren sine klare instruksar bak podiet, kunne ikkje hjelpe han. Med tre bom på 147 kilo i støt var det på hovudet og ræva ut av konkurransen.

– Kva som skjedde er vanskeleg å seie. Eg var i veldig god form, og at eg støyta 150 kilo på trening var ikkje unormalt.

– Mange seier det var dumt av meg å gå frå 145 kilo til 147 kilo i startvekt, men dei to kiloa hadde ikkje hatt noko å seie. Eg var ferdig i beina, det kjente eg på oppvarminga, seier Øverås når han ser tilbake.

Jantsen Øverås får oppmuntrande ord frå Vebjørn Varlid

DEPPA: Jantsen Øverås var langt nede etter at han vart ståande utan teljande resultat i EM på heimebane i april. Her får han oppmuntrande ord frå klubbkamerat Vebjørn Varlid.

Foto: Rune Fossum / NRK

Så vart det stille

Etter først å ha reist frå hallen utan å ville snakke med nokon, kom han seinare tilbake for å snakke med lokal presse. I dagane og vekene som følgde vart det derimot stille.

Medan klubbkameratane heldt fram treninga mot nye stemner, var det ingen som såg noko til Øverås. I månadane før EM hadde han budd saman med fleire landslagsløftarar i eit hus i Naustdal, men etter meisterskapen flytta han heim til familien i Flekke.

For kvar dag som gjekk, vart det stadig vanskelegare å kome seg tilbake.

Stengde ute alt

Jantsen Øverås på motorsykkel

NY HOBBY: Då Jantsen Øverås droppa vektløftinga, kjøpte han seg i staden ein motorsykkel.

Foto: Privat
Jantsen Øverås saman med kjærasten Alexandra Olsen

FULL STØTTE: Kjærasten til Øverås, Alexandra Olsen, var ein av dei som pressa på for å få han til å ta opp igjen satsinga på vektløftinga. – Ho forstod at eg ikkje var meg sjølv utan den, seier Øverås.

Foto: Privat

– Det vart mykje jobb. Eg kjøpte meg motorsykkel og byrja dyrke den interessa. Så fekk eg meg kjærast på Austlandet, og det vart mange turar dit. Eg gjorde det normale folk gjer.

– Hadde du kontakt med vektløftarmiljøet og klubbkameratane?

– Ikkje eigentleg. Dei sende melding av og til og lurte på kvar eg vart av. Då svarte eg at eg sat heime og ikkje var interessert i å trene, fortel Øverås.

I tillegg brukte han minst mogleg tid på Facebook og Instagram. Han visste at klubbkameratane la ut bilete og video frå treningar og stemne, og det var han ganske enkelt ikkje interessert i å få med seg.

– Så du blokkerte vektløftinga ute?

– Ja, eigentleg. Eg hadde vener eg ikkje hadde sett på fleire månader som eg ville vere med. Og eg hadde lyst å vere med familien min, seier han.

Snuoperasjonen

Tida han før hadde brukt til trening kunne han no bruke på motorsykkelturar, vener, familie og kjærasten. Men litt etter litt oppdaga Øverås at noko mangla.

– Til slutt tenkte eg at eg var kjedeleg. Eg hadde lyst tilbake som toppidrettsutøvar, seier han.

I august fekk han ordna seg leilegheit i Førde, flytta inn og sette for første gong beina sine i treningslokala til Tambarskjelvar i Naustdal.

Etter å ha trent kvar dag over lengre tid, var det stritt å kome tilbake etter tre månader utan.

– Det var veldig tungt, nesten flirer han.

– Eg fekk ein skade i handleddet fordi eg byrja så hardt, men no har det gått seg til. No er eg nesten tilbake på den treningsmengda eg var på tidlegare.

Trenar Gunnar Reiakvam

VIL IKKJE STRESSE ØVERÅS: – Han har gjort kravet før, så på ein god dag på eit stemne kan han klare det. Men ein kan ikkje stresse med dette. Ein må berre trene og satse på at det går, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Sunt med ein pause

Gunnar Reiakvam har følgd opp Jantsen Øverås som både klubbetrenar for Tambarskjelvar og landslagstrenar. Han er svært glad for at den unge utøvaren fann vegen tilbake til idretten.

– Han måtte berre kome seg i sving igjen, men det var sikkert sunt at han fekk seg ein pause også.

– Kvifor det?

– Vi hadde eit veldig råkøyr fram mot EM. Han fekk ikkje utteljing der, og då er det klart du får deg ein psykisk nedtur som ikkje er så lett å takle. Du er lei og alt er vanskeleg, då kan det vere godt å gå ut døra og vere vekke litt, seier han.

Satsar friskt

Sjølv er Øverås budd på mykje sveitte på trening framover. Medan han før kunne trene med repetisjonar på 150 kilo i knebøy, trur han at det så vidt hadde gått å presse opp eitt løft 150 kilo no.

Likevel, ambisjonsnivået framover er det ikkje noko å seie på.

– Eg er nøydd å vise kva eg er god for på den internasjonale scena. Eg har lyst tilbake på eit EM, og helst på U23-EM no til vinteren, seier 22-åringen.

Og for å klare det, får han ein sjanse, KM i Naustdalshallen neste helg. Der må han klare 125 kilo i rykk og 150 i støt for å kvalifisere seg.

– Korleis ligg du an til det no?

– No gjer eg på ein god dag 110 kilo i rykk og 140 i støt. Men det skal gå, seier han innbiten.

Jantsen Øverås på trening

NYBEGYNNAR: Det er ikkje berre, berre å kome tilbake på trening etter å ha vore vekke i tre månader. – Eg veit at kroppen min ikkje toler like mykje trening no, så eg prøver å halde litt att, seier Øverås.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har fått fornya tru på seg sjølv

Samtidig er han tydeleg på ein ting. Det får ikkje bli ein gedigen nedtur om han ikkje klarar det.

– Det du har vore gjennom no, vart det det einaste rette?

– Det er vanskeleg, for eg veit ikkje korleis det hadde gått om eg hadde valt annleis. Eg føler meg eigentleg ganske bra. Eg trur gnisten kom tilbake fordi eg har prøvd det andre livet. No veit eg at det ikkje er noko for meg. Det er dette eg har lyst å drive med.

– Har denne erfaringa gjort deg sterkare?

– Eg trur ikkje at eg kjem til å ta det like tungt om eg bommar på nok eit EM. Eg veit at om eg berre held fram med treninga, så kjem det eit EM der det klaffar for meg.