Kjell Arvid Stølen og Bjørn Grov

GAMLE TRAVARAR: Kjell Arvid Stølen (67) og Bjørn Grov (62) har begge trivast så godt i jobbane sine at dei ikkje har ønskja å bytte arbeidsplass.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Stabile travarar

FØRDE (NRK): Traust og kjedeleg – eller stabilt og trygt? For nokre er 40 år på same arbeidsplass heilt naturleg. Andre ser utfordringar i å skifte.

–– Vi har mange eksempel på arbeidstakarar som jobbar så lenge, men dei er nok ein utdøyande rase. Arbeidslivet er i så stor endring at det nok blir meir vanleg å skifte jobb, seier NAV-direktør Tore Thorsnes.

Bjørn Grov

HAR TRIVAST: Avtroppande redaktør Bjørn Grov i Firda Tidend har levd med jobben døgnet rundt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

To av dei som har hatt den same arbeidsplass i mange år, er Kjell Arvid Stølen (67) og Bjørn Grov (62). Sistnemnde var redaktør i Firda Tidend på Sandane inntil i haust. Han gir seg etter 36 år i sjefsjobben og nesten 40 år i journalistikken. Han er klar på kvifor han hatt jobben så lenge.

– Eg har trivast. Det har vore mange fine opplevingar og eg har møtt mange trivelege folk. Det er eit privilegium å kunne ha ei slik rolle så lenge. Eg har fått følgje liv og lagnad, sorg og glede og bygda på nært hald, seier Grov.

Har klart å halde seg oppdatert

Journalist Kjell Arvid Stølen i NRK Sogn og Fjordane hadde sin siste arbeidsdag førre tysdag, etter 45 år i journalistikken og 40 år ved NRK. Som reporter på radio, nett og TV har han følgt fylket gjennom opp- og nedturar.

– Det har vore moro og kjekt å komme på jobb kvar einaste dag. Heilt til det siste. Eg har aldri vurdert å skifte arbeidsplass. Jobben har vore så interessant og skiftande at eg har sagt til mange at eg har trekt eit vinnarlodd. Det har vore gode opplevingar, men også tragediar.

I løpet av 40 år har det skjedd mykje innan data og teknikk. Stølen meiner at det å halde seg oppdatert har vore viktig.

– No kan det hende at eg ikkje tek data kjappast, men eg har klart å følgje med sånn nokolunde, fortel han.

Kjell Arvid Stølen

SISTE DAG PÅ JOBB: Litt vemodig, tykkjer Kjell Arvid Stølen. No skal han nytta dagane til å lese, løyse kryssord, reise og vere ute.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Reknar med store endringar

Men ikkje alle ønskjer, eller har moglegheit til, å ha den same arbeidsplassen i ein mannsalder. Enkelte opplever at bedrifta forsvinn eller at det er nedskjeringar. Andre søkjer stadig vekk nye utfordringar.

Tore Thorsnes

STABIL TILSETT: Tore Thorsnes har jobba innan velferdsetaten i snart 40 år og har god oversikt over arbeidslivet i fylket.

Foto: NAV

Direktør Tore Thorsnes (66) i NAV Sogn og Fjordane har etter nesten 40 år innan velferdsetaten, god oversikt over arbeidsmarknaden. Han trur på store endringar framover.

– Dei unge i dag er nok ikkje lenger så lojal ovanfor arbeidsgjevarar som vi var då vi var unge. Det andre er at arbeidslivet og behovet for kompetanse endrar seg så fort at det blir meir naturleg at ein søkjer seg over i andre verksemder etter kvart.

– Kan det å jobbe lenge i same bedrift bli sett på som negativt og at ein er utan ambisjonar?

– Det er nok veldig ulikt. Nokre arbeidsgjevarar verdset stabil arbeidskraft høgt. I andre samanhengar kan det verke motsett, at ein ikkje har ambisjonar utover det å jobbe på ein og same plass. Det er altså veldig forskjellig utan enkelt og klart svar, seier Thorsnes.

Trur ikkje det er negativt å skifte ofte

Anne Marie Baugstø-Hartvigsen

HAR SKIFTA OFTE: Anne Marie Baugstø-Hartvigsen frå Florø har ei masterutdanning innan IT.

Foto: Hilde Anite Røyrvik / NRK

Anne Marie Baugstø-Hartvigsen frå Florø er 39 år og har ein master i IT og informasjonssystem. Ho har hatt fem forskjellige arbeidsgjevarar etter at ho var ferdig utdanna.

– Første bedrifta gjekk konkurs, andre gongen var det fordi vi flytta frå Oslo, tredje gong søkte eg nye utfordringar og fjerde gong var det på grunn av eg ikkje ville pendle lenger. Eg har også skifta litt fokus, frå rein programmering til teknologileiing.

I dag jobbar ho i Fjord1 i Florø med forvaltning av IT-system. Ho seier det er viktig å få utvikle seg og få nye utfordringar.

– Du trur ikkje det er negativt å skifte jobb for ofte?

Alt for mange og hyppige skifte kan sjølvsagt vere negativt. Men i teknologibransjen kan det nesten vere motsett, at du må forklare kvifor du har vore meir enn fem år ein stad. Er du for lenge på same stad og i same stilling, kan det vere eit teikn på at du ikkje vil ta på deg nye ting. Arbeidsgjevarar ser etter omstillingsevne og vilje til å få ny kunnskap. Men ein behøver ikkje nødvendigvis å skifte arbeidsgjevar - i mange bedrifter kan ein skifte stilling internt, seier ho.

Oppmodar om å sjå mogleigheiten

Både Kjell Arvid Stølen og Bjørn Grov seier at varierte dagar og arbeidsoppgåver har vore grunnar til at dei har stått i same jobb. NAV-direktør ToreThorsnes seier dette er viktig.

Det handlar om å sjå dei moglegheitene som er innanfor arbeidsplassen. Du må også ha ein arbeidsgjevar som er oppteken av at folk får utvikle seg gjennom tilbod om nye utfordringar.

Thorsnes har snakka med unge folk om dette temaet.

– Dei seier at dei ikkje kan sjå føre seg at det er attraktivt å vere på ein og same plass. Dei ser ikkje at det er mogleg. Men det er ikkje absolutte svar, for andre igjen ser moglegheiter som er på ein arbeidsplass og utnyttar dette alt etter kva livsfase dei er i. Men eg trur at lojaliteten til arbeidsgjevar vil bli mindre blant unge menneske enn det vi har vore vane med.

Han trur også at arbeidsmarknaden blir heilt annleis framover, med den teknologiske utviklinga og tøffare konkurransevilkår.

– Eg trur nok at når eg sit som pensjonist om nokre år og ser utviklinga i arbeidslivet, vil eg sjå desse endringane.