Bygdene i Nordfjord

Sjekk dei endringane i Nordfjordbygdene

Eit bilete kan seie tusen ord, heiter det. Men kor mange tusen ord desse luftbileta frå Nordfjord seier, er truleg ikkje mogleg å telje.

Ved hjelp av lokalhistorikarar og historielag ynskjer vi å presentere bileta som viser utviklinga for ei lang rekkje kommunesenter og vekststader frå det vakre fylket vårt.

Bileta har vi fått frå Kartverket, som i desse dagar held på med eit prosjekt som skal offentleggjere gamle bilete frå heile Norge. Vi har ikkje fått dekka alle kommunar, rett og slett fordi bileta ikkje er klare.

I Nordfjord har vi fått bilete frå Nordfjordeid, Selje, Stryn, Loen, Måløy, Hornindal, Sandane og Hyen.

Diverre har vi heller ikkje lukkast å få hjelp til å forklare alle bileta, men vi oppdaterer artiklane om dette skulle endre seg. I tillegg har vi funne informasjon hos Statistisk sentralbyrå og Allkunne. Når det gjeld framtida, er det klart at Hornindal skal slå seg saman med sunnmørskommunen Volda.

Bileta har vi lagt oppå kvarandre slik at du kan bla deg «fram og tilbake i tid».

Gloppen kommune

Innbyggjartalet for kommunen har ikkje endra seg stort mellom dei to bileta vi har frå Sandane. I 1966 budde det 5.739 innbyggjarar i kommunen. Det er berre 16 personar mindre enn i 2015.

Gloppen slik vi kjenner kommunen i dag, har opp gjennom tida vore både med og utan breimingar. I 1965 kom dei igjen innanfor same kommunegrense.

Året før vart Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjorden lagt under Eid kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Sverre Folkestad

Sandane skule 1966

SKULE: Idrettsbana, med skulane rundt, er heilt forandra i dag.

Foto: Kartverket

Sentrumsområdet: Ved første augekast kan det sjå ut som det har vore lite endringar i sentrumsområdet i denne perioden. Ved nærare ettersyn ser ein likevel at mykje har skjedd. Utfyllinga i sjøen som hadde teke til før 1966, har halde fram. Det har kome ny veg, Krånavegen, frå Nordstrandsvegen og ned til sjøen. I sentrum har det kome mange nye forretningsbygg og hotellet er utvida. Det har vore ei viss fortetting av bustadhus.

Når det gjeld skulebygg og idrettsanlegg er det store endringar. Ungdomsskulen har vorte utvida i fleire etappar, Sandane skule vart på slutten av 70-talet bygd ovanfor Firdahallen. Trivselshagen med kulturbygg, lokale for Firda vidaregåande skule, symjehall og idrettshall er bygd. Det same er eldfast bygg for Nordfjord Folkemuseum.

Åsen på Sandane

ÅSEN: Utbygginga i Åsen skaut fart i 70-åra.

Foto: Kartverket

Åsen: Endringane her er store og iaugefallande. På biletet frå 1966 ser vi relativt få hus i nedste del av Åsen. Utbygginga i Åsen skaut fart i 70-åra. Først vart området mot sørvest utbygt, seinare vart det utbygging også mot nordaust, Nordåsen og Åsaberget. Åsen er eit reint bustadfelt.

Ulvesbakken, Kleivedammen, Mona: Også i dette området er endringane svært store. I Mona var det i 1966 furuskogen som dominerte. I dag finn vi ei blanding av bustadhus, offentlege bygningar og industri. Det har elles vore ei markert fortetting av bustadhus i Ulvesbakken og på begge sider av E 39, på Kleivedammen og i Valborgkleiva.

Av offentlege bygningar har vi fått eit påbygt Gloppen Omsorgssenter med nærliggande omsorgsbustader og bukollektiv og to kommunale barnehagar. Sandane kyrkje og Sion Sandane ligg og i dette området. Dessutan har STIL, Sandane Turn og Idrettslag, bygt ut ein idrettspark med kunstgrasbane, klatrepark, klubbhus og fotballhall. Industrien er konsentrert i Mona inn mot Eide. Største bedriftene der er i dag Bolseth Glass, Frydenbø Bilsenter og Mona Vekst.

Vegar: I samband med bustadbygginga i Åsen, kom det i slutten av 70-åra ny veg, Åsavegen, frå Kleivedammen til Sørstrandsvegen ved utløpet av Gloppeelva. Ny E39, som vart opna i 2001, er lagt utanom sentrum.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Magnar Heimset

Det har, som bileta viser, vore ei rivande utvikling i sentrum av Hyen i den 50 år lange perioden som har gått mellom dei to bileta.

På nedsida av hovudvegen langs Straumsholmen er endringane relativt små, det er stort sett dei same bygningane, med små endringar, som framleis står der.

Columbusparken i Hyen

COLUMBUS: Teorien om at Kristoffer Columbus kom frå Hyen har aldri blitt stadfesta, men ved utløpet til Straumselva har han fått sin eigen park.

Foto: Kartverket

Største endringa er Columbusparken som er opparbeidd der Vestredalsnausta og Stallane stod ved utløpet av Straumselva.

Endringane er til gjengjeld formidable på oppsida av vegen, særleg frå slutten av 60-talet og framover. I 1974 vart Hyen Turistsenter med butikk i første høgda og hotell i dei to øvste etasjane bygt.

Skuleområdet med idrettsplassen ved- og omkring Straumskvia og Lunden om lag midt i det gamle biletet vart totalt forandra frå slutten av 60-talet og utover på 70-talet. Det vart bygt ny skule i fleire byggjesteg opp mot Lunden, og gymbygg med symjebasseng og samfunnshus ved vegen rett ovanfor austenden av Straumsbrua. Gamleskulen og ungdomshuset Fritun vart rivne for å gje plass til ei stor utviding og oppgradering av idrettsplassen. For nokre år sidan vart det lagt kunstgras på indre bane og nytt superdekke på løpebanene rundt, og det er nyleg bygt nytt kastanlegg i Vikja sørvest for Løken.

Sør på Straumsholmen vart det kring 1973 bygt bru over Løken og ny veg opp i byggjefeltet på Holmen der det etter kvart kom mange nye einebustader på begge sider av vegen. Kommunen har seinare bygt bufellesskap for eldre, Løkjatunet, nede ved Løken.

Her er Brødrene Aa i dag

INDUSTRI: I 1966 skjønte nok ingen kor mykje av området her hjørnesteinsverksemda Brødrene Aa skulle dekke.

Foto: Kartverket

På vestsida av Straumselva har det kome ny brannstasjon i tilknyting til det tidlegare posthuset på sørsida av vegen. Litt lenger vest har det kome opp eit stort garasjeanlegg mellom vegen og Hopsvatnet.

På andre sida av Å-vågen har det òg vore store endringar. Brødrene Aa bygde ny verkstad med kaianlegg i Åreneset litt nord for den gamle verkstaden i Solvika. Seinare har anlegget vorte utvida mange gonger, no sist med ein ny storhall der den gamle verkstaden stod. På nordsida av Åreneselva, heilt i oppkast av biletet, bygde Hyen Fisk AS eit stort smoltanlegg i 1986.

Eid kommune

Bileta vi har samanlikna er frå 1966 og 2015. Innbyggjartalet har på desse åra vakse frå 4.508 til 5.987.

Eid kommune var fram til 1863 ein kommune saman med Hornindal. 101 år seinare fekk Eid fleire bygder då gamle Davik og Hornindal kommunar vart avvikla.

I 1992 vart også Lote og Hennebygda lagt under Eid.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Trygve Espe

Sjukehuset i Eid

JUBILANT: Sjukehuset på Nordfjordeid vart bygt i Prestemarka i 1936 og fekk sin elddåp nokre veker etter då dei måtte ta imot skadde etter rasulukka i Lodalen.

Foto: Kartverket

9. nov. 1965. Eg var 15 år og elev ved Eid realskule då siste salva gjekk i Lotetunnelen, og gjennomslaget var ein realitet. For Eid og Gloppen, ja, for heile Nordfjord markerte det starten på ei ny tid.

Biletet frå 1966 syner Nordfjordeid sentrum før tunnelsambandet vert opna. Sjøgata er bygd ferdig med fylling av tunnelmasse, og den påtenkte riksvegen fram til Lote ferjekai er ferdig opparbeidd gjennom sentrum med ny Skipenes-bru over Eidselva, ny Loteveg over garden Myklebust fram til krysset ved Eidskyrkja og riksvegen austover, noverande R 15.

Sjukehuset feira 30-årsjubileum i 1966. Vi sat i klasserommet på den ærverdige gamle skulen på Eid, som hyste både folkeskule, realskule og gymnas og følgde med trafikken til sjukehuset, for på den tid gjekk Sjukehusvegen rett opp den bratte Sjukehusbakken, framom prestegarden og opp, men etter det eg minnest var det ikkje så mange bilane som passerte i dei dagar. Bustadfeltet i Prestemarka var nett starta.

Bustadfelt på Nordfjordeid

BUSTADFELT: Eid kommune har aldri hatt fleire innbyggjarar enn i 2016. Veksten er i tettstaden, medan det går attende i bygdene. Nye bustadfelt har kome til: Prestemarka, Myklebuståsen og det siste Hogaåsen – i tillegg til fortetting i sentrum.

Foto: Kartverket

Grøntareala pregar biletet frå 1966. Myklebustgardane i sentrum var i full drift. Her har utviklinga gitt Eid eit samanhengande skuleområde ein knapt finn maken til i nokon tettstad. På 2015-bildet ser vi frå vest Operahuset, samlokalisert med Eid vidaregåande skule, vidare Eid idrettshus frå 1977 med kunstgrasbane, deretter Eid ungdomsskule, Nordfjordeid skule og Fjordane folkehøgskule, alt på rad og rekkje, med unikt høve til sambruk og samarbeid, og i desember 2016 opnar fleirbrukshallen ved barneskulen.

Det er eit flott skuleområde som har utvikla seg i løpet av desse 50 åra, men som vi ser på kostnad av landbruksinteressene i området.

1966 er Eksersisplassen og Øyane ei grøn lunge ved Eidselva, men vi skimtar starten på ein ny epoke. Statens vegvesen har reist nybygg i Øyane, og garden i Øyane var på denne tid planlagt lagt ut til næringsareal, og som er realisert i dag.

Sentrumsutviklinga pregar denne 50-årsperioden. Det var enkelt å orientere seg i Nordfjordeid sentrum i 1966. Vi hadde berre Eidsgata med Tverrgata. Eg har nemnt skulane, men like tydeleg er utviklinga i servicenæring og varehandel. Siste utbygginga har skjedd vest om Sjøgata, byggesteg nr. 2 av Moengarden og Sagaparken.

Men framleis er det liv i Eidsgata, velhalden som ho er og i same stil som då vi gjekk på realskulen, med dei små, kvite trehusa.

Stryn kommune

Det skil 48 år mellom dei to bileta vi har samanlikna, men det første innbyggjartalet for dagens Stryn kommune er frå 1977. Då budde det 6.347 innbyggjarar i kommunen. Dette vaks til 7.155 i 2015.

Kommunegrensene har endra seg opp gjennom tida. Fram til 1965 var kommunen i hovudsak Strynedalen opp til Strynefjellet og Loen. Då vart kommunane Stryn og Innvik slått saman med Hornindal. Sistnemnde vart skilt ut att i 1977.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Selje kommune

Selje og Vågsøy kommunar var i gamle dagar ein kommune, med Selje som administrasjonssenter. I 1910 vart kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå kommunen. I 1964 følgde også Sørpollen, Osmundsvåg og Silda inn i den nye storkommunen, Vågsøy.

Det eldste biletet vi har, er frå 1949. Men det første innbyggjartalet vi finn er 3.680 i 1951. Dette vaks til 2.752 i 2015.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Sigbjørn Hjelle

Slik bilete frå 1949 syner, var det ikkje mykje som hadde gått føre seg dei siste tiåra i Selje. Nede på Nabben var det vel på den tid 4 butikkar som ein vel kan kalle landhandel. Den som hadde det største vareutvalet var nok Selje Handelslag som i tillegg hadde bakeri og litt av krusetøy og glastøy.

Selje kommune hadde svært få tilsette utanom lærarane. På kontorsida var det vel stort sett berre dei to på kommunekassa, og noko som heitte «forsyningskontoret» som hadde som si oppgåve å dele ut rasjoneringskort som i alle fall var aktuelle for ein del varer til i 1953. Dei kommunale kontora var lokaliserte til fleire ulike hus kring om i bygda.

Selje skjortefabrikk hadde fått ny fabrikkbygning etter brannen 1. juledag i 1946. Nybygget vart teke i bruk i 1948.

Dette var ei svært viktig bedrift som skapte mange arbeidsplassar for kvinnene i Selje i mange år framover. Skjortefabrikken hadde vel si glanstid i 1960–70 åra

Nabben i Selje

NABBEN: Mykje av næringslivet i Selje har halde til i og rundt Nabben.

Foto: Kartverket

Bilete frå 2015 syner at det har skjedd mykje i Seljebygda. Nede på Nabben har fleire stor bygningar kome til. Den eine vart bygt som produksjonslokale for Skjortefabrikken Selje. Då denne sende produksjonen sin til utlandet, gjekk talet på tilsette raskt nedover.

På Nabben har butikkane kome og gått, men Selje Handelslag er den einaste som er att av dei gamle butikkane. Handelslaget kjøpte den gamle skjortefabrikken. Denne vart riven og nye butikklokale vart bygt på tomta for ca. 10 år sidan.

I lokala til sparebanken nede på Nabben var det lenge legekontor og postkontor og ein kafe. Legekontoret vart så flytta til nye lokal i samband med sjukeheimen ute ved kyrkjevegen.

På bakkekanten opp over Seljevågen vart det i slutten av 1950-åra bygt kommunehus. Dette var i bruk til i 2011.

Skjortefabrikken hadde ikkje lenger bruk for bygget på Nabben. Det vart til sist det nye kommunehuset der alle dei kommunale kontora er samla.

På Holmaneset sør for Seljevågen, finn vi Sagaboat som er ein av dei einaste norske produsentane av plastbåtar. Fabrikken lagar no berre store dyre, avanserte båtar til ein marknad med solid kjøpekraft. Sør for bygningane til Sagaboat finn ein småbåthamna og endå lenger sør ligg nybygget til skjortefabrikken som no heiter «Uniformpartner» og har andre eigarar.

Selje bustadfelt

BUSTADFELT: I 1949 såg det langt ifrå slik ut i området sør for fotballbana og skulen.

Foto: Kartverket

Bustadbygginga kom eigentleg i gang kring 1950. Då fekk folk bygsle tomter på Prestegarden i det området som ligg opp av Seljesanden, også kalle «Presteskogen». Seinare vart det bustadbygging på «Sorehaugen» som ligg sør for fotballplassen. Så kom bustadfeltet i Djupedalen og aller sist rekkehusa på Nabbetangen og det nye bustadfeltet i Krakereidområdet.

På oppsida av det som vert kalla «Kyrkjevegen» bygde sokneåret gamleheim på slutten av 1950-åra. Ein del år seinare vart det sjukeheim på andre sida av vegen. Gamleheimen vart også etter kvart utdatert og nytt eldretun inne på Hamremyra kom til i 1990-åra. Den gamle gamleheimen vart etter kvart riven og ei ny bustadblokk med mange bueiningar med høg standard vart reist på tomta.

Sjukeheimen vart etter kvart for liten og umoderne og 2002 tok ein i bruk ny sjukeheim ved sidan av eldretunet. Lokala vart selt, og no finn vi «Paneda» i dei same lokala.

Hove skule hadde i lang tid vore skulen for Seljebygda. Her var det klasserom for både barneskulen og framhaldsskulen. På slutten av 1960-åra skulle det byggjast ungdomsskular og det var mykje krangel om ein eller to ungdomsskular i Selje kommune. Det vart to og den nye skulen som berre var halvferdig, vart teken i bruk hausten 1970

Familien Drageset som hadde starta og drive både Selje skjortefabrikk og Sagaboat såg at bygda også hadde behov for eit hotell. Bygginga starta sommaren 1974 og vart teken i bruk sommaren 1975. Frå sist på 1970-talet har Gerd Kjellaug og Harald Berge drive Selje hotell. Hotellet vart selt for snart tre år sidan. Det var romfløya til dette hotellet som brann natt til 25. november.

Selje 1949

FOTBALLBANA: I dette området finn ein no både skule, fotballbane og privatbustadar.

Foto: Kartverket

Fotballen har i alle år hatt mange deltakarar og fotballbana som ligg midt i bygda har vore flittig i bruk. Kring år 2000 fekk fotballbana kunstgrasdekke.

Mykje har endra seg på dei 66 åra som har gått mellom 1949 og 2015. men ute på neset ligg framleis Selje kyrkje, som feira 150-år i sommar.

Vågsøy kommune

I 1965 vart gamle Sør- og Nord-Vågsøy kommunar slått saman til ein storkommune, med Måløy som administrasjonssenter. I tillegg kom bygdene Sørpollen, Osmundsvåg og Silda frå Selje.

Det første året som storkommune, budde det 6.962 innbyggjarar i kommunen. I 2015 budde det 6.082 innbyggjarar i kommunen.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Bjørn Eide

I 1997 fekk Måløy bystatus, og vart med det den fyrste (og førebels einaste) byen i Nordfjord. Ein hundre år gammal draum var blitt røyndom.

Bystatusen har kanskje ikkje så mykje å seie i praksis i dag, men det er eit uttrykk for at folk og næringsliv i Måløy har oppfatta seg som litt annleis enn Nordfjord elles.

Måløy hadde ein kraftig folketalsvekst fyrst på 1900-talet. Dei store og rike fiskeria på 50-talet gjorde at folketalet også etter siste krig auka kraftig, men på 1960-talet stoppa det opp.

I 1930 budde det om lag like mange både i Måløy og Florø. Derifrå og fram til 60-talet drog Måløy kraftig ifrå, men etter at det vart slutt på dei store fiskeria, stagnerte utviklinga i Måløy, og den store veksten kom i Florø.

I 1973–74 fekk Måløy fastlandssamband, og med det kom trua på ei ny, livskraftig utvikling. Men det gjekk ikkje slik som mange trudde. Måløy og Vågsøy vart ståande i stampe.

For Måløy har sjøen, fiskeria og sjøverts aktivitet alltid vore ein livsnerve, men det har også gjort Måløy utsett for store svingingar, og på den måten opp- og nedturar for verksemder og næringsliv – og folketal.

Måløy er framleis den største tettstaden i Nordfjord, men er på mange måtar ein utkant i høve til Nordfjordeid og Stryn.

Likevel må ein seie at optimismen rår, og Måløy-distriktet ligg langt framme når det gjeld nyskaping og innovasjon. Det store datasenteret i Lefdal gruve og verksemdene i Deknepollen er døme på det. Teknopollen er det populære namnet på næringslivsklynga i Deknepollen.

Hornindal kommune

Biletet vi har fått frå Hornindal er frå 1947, men det første innbyggjartalet vi finn er frå 1951. Då budde det 3.680 innbyggjarar i kommunen. Då biletet i 2015 vart tatt, budde det 2.752 innbyggjarar i kommunen.

Kommunen starta som del av Eid kommune, og gjekk i 1964 inn i ekteskap med Stryn. I 1977 fekk honndølane igjen vere ein eigen kommune. Då utan dei delane av gamle-Hornindal, som gjekk til Eid 13 år tidlegare.

Frå 2020 slår Hornindal seg saman med Volda kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Paul O. Tomasgard

Mørke striper på markene i 1967 kan indikere mange hesjar. Desse er heilt borte i 2015 og fortel om omlegginga i jordbruket. Mykje dyrka mark har også måtte vike for Hornindal slik vi kjenner det i dag.

Vi startar turen med området der skulen står i dag, og idrettsparken kom i 1989. På prestegarden fann ein frå 1974 nye Hornindal skule. Skulen vart utvida i 2012, då også Honndalshallen og kunstgrasbana stod klar.

Utover Kvivsvegen, som vart opna i 2012, har det vore mykje vegbygging i området. Frå Lødemel er det bygt ny gangveg frå Lødemel, og då Storelva vart sikra mot flaum og isferd i 1985, vart det også bygt ny bilveg sør for skulen og langs elva. Gangvegen frå Grodås sentrum til skulen kom i 1986. I 2011 kom gangvegen og brua frå skulen over elva til Ytrehorn.

Ytrehorn industriområde, Hornindal

INDUSTRI: Ytrehorn industriområde har ikkje alltid sett slik ut.

Foto: Kartverket

Tek vi turen over elva, kjem vi til Ytrehorn industriområde, der mellom anna Ekornes avdeling er etablert. Her er også Grodås camping som i samband med flaumsikringa fekk utvide arealet. Honndalen Hagecamp, som leiger ut areal til campingvogner/spikartelt, vart etablert i 2010. Sidan 1967 har det også kome fleire privathus på Ytrehorn.

Flyttar vi oss opp i høgda, til Kirkhonsbakkane bustadfelt ovanfor idrettsparken, vart det etablert i 1989. Med både veg og gangveg til riksveg, Grodås og skulen. Kirkhornsdalen fekk ny skogsveg i 1987. Fem år etter kom Hornindal barnehage til Lønslia.

Ovanfor Grodås sentrum finn vi bustadfeltet Nyland, som vart etablert på 70-talet. Seinare har også Ospesletta og Urene blitt bygde ut. Anders Svor-museet med nytt tilbygg og større park i 1992.

Grodås sentrum

SENTRUM: Luras strandpromenade, forbi Smia til dampskipsbryggja i 2001, er mellom dei mange endringane som Grodås sentrum har sett siste åra.

Foto: Kartverket

I sentrumsklynga vart utvida gamle ærverdige Raftevolds hotell med tilbygg i 1973. Det gamle kommunale huset vart i 1995 rive og erstatta med eit samlokalisert kommunehus og bibliotek. Utover 2000-talet har sentrum fått nye parkeringsplassar og butikkar.