Geir Helge Møller på Tronvik

PÅ POST MOT RUS: Geir Helge Møller er inntaksansvarleg for ruspasientane på Tronvik i Høyanger.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rusredningsmannen

Stadig fleire vestlendingar finn ro i sjela og ein ende på rusen når han seier ja til at dei kan kome.

Bergensaren Geir Helge Møller står utanfor eit stort hus på Tronvik i Høyanger. Innanfor veggane får tunge rusmisbrukarar livsnaudsynt behandling. Frå heile Vestlandet strøymer no pasientane til den tradisjonsrike institusjonen ved Sognefjorden.

– Vi har eit flott behandlingstilbod her, og vi har fått til noko bra. Status er at vi er ønska i Helse Vest. Vi har stadig tilvisingar frå heile helseregionen, og uroa er jo eigentleg at vi skulle hatt fleire plassar fordi vi har lang ventetid, seier Møller.

Han har akkurat synt fram rusposten til styret i helseføretaket. Inne i ein av stovene sit ein av pasientane og jobbar på datamaskina. Han vil ikkje bli teke bilete av, men smiler til helsepolitikarane når dei går forbi. Styreleiar Jorunn Ringstad er nøgd med det ho får sjå.

– Veldig godt inntrykk, og det har lite institusjonspreg. Dei tilbakemeldingane vi har fått frå Helse Vest er at her blir det drive veldig godt, og dei har gode resultat. Denne institusjonen er så absolutt ønskt vidare i helseregionen. Så får vi sjå kva framtida bringar, og om det kan bli enda meir enn det er i dag, seier Ringstad.

Geir Helge Møller på Tronvik

SYNTE FRAM: Geir Helge Møller tok med styret i Helse Førde på omvising i nyoppussa lokale, godt eigna for ruspasientar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Rus og psykiatri

Geir Helge Møller veit godt at dei er ønska, og at tilbodet til folk med store rusproblem er tvingande naudsynt. Særleg frå Helse Bergen kjem det stadig fleire tilvisingar, og for dei som står på kanten av livet kan eit opphald på Tronvik vere berginga.

– Eg sit med inntaksansvaret, så eg har jo kontakt med pasientane før dei kjem. Det vi høyrer er at vi har fått eit rykte på oss som ein stad der ein klare å finne roa og finne motivasjon til endring. Avstand og korleis vi har det her er alfa og omega for at vi har fått eit godt rykte.

– Men kven er den typiske pasienten som får plass her?

– Den typiske pasienten er ein mann i midten av 30-åra med ulike typar rusproblematikk, og gjerne også med ein lettare psykisk liding. Då må vi først hjelpe pasienten til å få avstand frå rusen, så må vi greie ut pasienten si psykiske helse. Så må vi behandle både rusbiten og den psykiske delen av dette, og så må vi rehabilitere pasienten ut igjen til heimkommunen.

Det vi høyrer er at vi har fått eit rykte på oss som ein stad der ein klare å finne roa og finne motivasjon til endring

Geir Helge Møller

Mange pasientar frå Bergen

Langt dei fleste av pasientane på Tronvik kjem utanfrå Sogn og Fjordane. Om lag halvparten kjem frå bergensområdet, og sjølv om det berre er tre timar køyring frå Vågsbunnen til Tronvik, så kan avstanden vere nær uendeleg mentalt sett.

– Nokon er veldig klare, og har gjort ein jobb med å redusere rusinntaket før dei kjem, medan andre har ikkje klart det. Nokon brukar tre månader, andre brukar seks månader, medan andre treng lenger tid. Det er eit langt løp å kome seg ut av det dei treng hjelp til, slår Møller fast.

Det er i år 60 år sidan dei første bygningane på Tronvik blei teke i bruk, då som fylkessjukeheim for psykiatriske pasientar. Den vesle bygda blei snudd på hovudet, men stemninga snudde raskt. I dag er Tronvik ein av dei største arbeidsplassane i Høyanger kommune.

Finn Trædal på Tronvik

FRED OG RO: På Tronvik finn pasientane den stressfrie sona dei treng for å kome ut av rusproblema sine, meiner Finn Trædal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fysisk aktivitet er viktig

– Eg tykkjer jo dette er ei perle av ein institusjon, ikkje minst fordi dei som bygde den gongen fann denne fine plassen. Eg tenkjer som så at omgjevnadane vi plasserer folk i, er veldig viktig for tilfriskinga.

Det fortel Finn Trædal, noverande avdelingsleiar og mangeårig tilsett på Tronvik. Han har vore gjennom mange bølgedalar. Ein lang periode var heile institusjonen truga av nedlegging, men så kom ruspasientane og no ser framtida langt lysare ut.

– I løpet av desse 60 åra har vi bygd opp betydeleg kompetanse, og tradisjonelt sett har vi vore ein psykiatrisk institusjon. No er vi i størst grad ein rusinstitusjon, men vi har med oss det at vi kan mykje om psykiatriske lidingar. Folk med rusproblem slit veldig ofte også med psyken sin. På den måten så veit vi mykje om kva som er viktig å tilby, seier Trædal og smiler.

For ruspasientane og dei andre pasientane på Tronvik er plasseringa mellom fjord og fjell viktig, ikkje berre fordi naturen er fin. Fysisk aktivitet ute og inne er ein svært viktig del av behandlinga.

– Vi har naturen rundt oss her som vi brukar flittig, vi har ein gymsal som er mykje i bruk og vi var den første institusjonen i Norge om ein ser vekk frå Modum bad som tilsette to heile stillingar berre for å drive med fysisk aktivitet.

Folk med rusproblem slit veldig ofte også med psyken sin. På den måten så veit vi mykje om kva som er viktig å tilby

Finn Trædal

Vonar på utviding

Med utsikta over Sognefjorden som ramme, vonar no dei tilsette på Tronvik at dei som sit på pengesekken vil satse på å tilby enda fleire rusmisbrukarar på Vestlandet ei trygg hamn.

– Her er det absolutt moglegheit når vi tenkjer på arealet her på Tronvik, så vi har jo vore i dialog med Helse Vest om ein skal utvide, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad og slår fast at gamle tankar om nedlegging no er heilt uaktuelle.

– Realiteten er at dersom vi hadde beskjed om at vi no skal auke opp talet på senger her, så hadde vi fylt dei opp ganske så raskt, repliserer mannen som sit med inntaksansvaret, Geir Helge Møller.

Tronvik på Kyrkjebø

FLOTT NATUR: Det store området til Tronvik ligg mellom fjord og fjell ved Sognefjorden i Høyanger kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK