Illustrasjon: Oddbjørg (16) truga av Gestapo
Foto: Gregory Idehen

Med livet på spel

Svært mange sivile nordmenn sette livet på spel ved å skjule motstandsfolk under den andre verdskrigen. 16 år gamle Oddbjørg hamna brått i eit drama på liv og død.

– Det som skjedde var svært farleg. Oddbjørg vart truga av ein offiser som ikkje nølte med å skyte når det var naudsynt, seier Ragnar Ulstein.

Den kjende og høgt dekorerte motstandsmannen er ein av mange norske agentar som hadde god hjelp av vanlege nordmenn i kampen mot tyskarane under den andre verdskrigen.

I Botnane i Bremanger hadde familien Øvrebotten lenge sett liva sine inn på å gøyme norske motstandsfolk som dreiv med sabotasje og spionerte mot tyskarane under krigen.

Svært få i den veglause grenda visste at garden og ei hytte oppe i dalen til tider kunne vere fulle av agentar på oppdrag frå Florø og England. Familien hadde i all hemmelegheit si fulle hyre med å brødfø karane og halde dei i skjul.

Oddbjørg Sørbotten i arbeid på garden saman med Thorbjørn Øvrebotten

FAR OG DOTTER: Oddbjørg Øvrebotten i arbeid på garden saman med faren Thorbjørn. Dei er lykkeleg uvitande om det som skulle komme til å hende under krigen.

Foto: Privat

Men no var tyskarane på sporet. Ein annan motstandsmann hadde berre nokre timar tidlegare mist livet. Difor flykta mennene på garden og let kvinnene vere igjen åleine med tyskarane. Gestapo truga dei på livet.

Ein offiser med ein finger på avtrekkaren tok med seg 16 år gamle Oddbjørg inn i huset. Alt var i ferd med å rase saman.

Då hadde det gått eitt år sidan familien for første gong tok imot norske agentar. Det hadde ikkje vore lett å leve med det hemmelege oppdraget:

Botnane i Bremanger, kvelden 12. februar 1944. Noreg har vore i krig med Tyskland i nesten fire år då det bankar på døra til familien Øvrebotten. Utanfor står to ukjende menn. Det er Harald Svindseth og Ragnar Ulstein.

Dei har ei veke tidlegare komme frå England for å leggje til rette for ein operasjon med miniubåt i Nordgulen mot Svelgen, men no er dei på leit etter ein ny og betre gøymestad. Karane har høyrt at her ligg alt til rette for å skjule seg for tyskarane.

Grenda ligg inst i ein liten fjordarm, veglaus og isolert frå storsamfunnet. Terrenget rundt er dessutan ideelt. Visstnok skal familien også vere såkalla gode nordmenn.

Og hos Øvrebotten blir dei tekne varmt imot, sjølv om familien får vite minst mogleg om kva oppdrag dei er ute i. Medan dei sit og pratar i stova kjem far i familien på at han har liggjande ei spesiell vinflaske i kjellaren. Han har lagra ho i 25 år, og planen er å opne vinen den dagen kongen kjem tilbake med freden til Noreg.

No går Thorbjørn Øvrebotten ned i kjellaren, hentar ei flaske og fyller opp glasa til dei nye venene sine. Karane skålar.

Ragnar Ulstein

KRIGSHELT: Ragnar Ulstein bygde opp motstanden i Sogn og Fjordane fram mot freden. Han er ein av dei høgast dekorerte nordmennene frå den andre verdskrigen.

Foto: Privat

– Det var sterkt. Vi vart heilt mållause. Her sat vi i ei bondestove og hadde minst av alt venta å bli servert utsøkt vin. Tenk at han opna flaska han hadde tenkt å spare til kongen. Det var byrjinga på eit nært forhold, seier Ragnar Ulstein.

Agentane gjekk i dekning for tyskarane på kammerset i huset. Herifrå kunne Ulstein telegrafere medan han førebudde operasjonen sin.

Han var i gang med å byggje opp Milorg-gruppa «Siskin», som skulle dekkje Sogn, og Svindseth leia arbeidet med den tilsvarande gruppa «Snowflake» i Fjordane.

For Thorbjørn, Magna, Arne og Oddbjørg Øvrebotten vart det starten på ein enorm innsats i det skjulte. Snart reiste Ulstein og Svindseth vidare – men det kom stadig nye folk som måtte liggje i dekning på garden. På det meste kunne dei innlosjere ti-tolv mann i huset, løa og ei hytte i utmarka.

Så få som mogleg måtte vite noko. Mennene i huset hjelpte til som kurerar til og frå radiosendarane, og kvinnene hadde det travelt med å diske opp med mat til så mange.

Natt og dag frakta dei mat og forsyningar opp til hytta inne i dalen.

Måtte kaste seg i dekning

Arne Øvrebotten var son på garden, og han hadde lenge frykta å bli kalla inn til arbeidsteneste for tyskarane. Allereie i 1942 laga han seg ein gøymestad oppe i åsen saman med ein nabogut. Seinare bygde han og faren ei ny og betre hytte med same føremål lenger inne i dalen.

Arne Øvrebotten framfor den kamuflerte hytta i Botnane

KAMUFLERT HYTTE: Arne Øvrebotten framfor den kamuflerte hytta i Nøredalen øst for Botnane. Hytta vart bygt for å skjule nordmenn under krigen.

Foto: Privat

Sjølv var Øvrebotten kurér mellom sendestasjonen til Snowflake-karane på garden og Secret Intelligence Service sin radiostasjon, Roska, nokre kilometer lenger sør langs kysten. Han brukte eit par timar på å gå distansen i mørke over fjellet.

Ein dag innser han at tyskarane er på sporet av heile nettverket.

Botnane i Bremanger, kvelden 11. mars 1945. Det er stappande djup skodde. Arne Øvrebotten er på veg til fots over fjellet med opplysningar til SIS-agenten Atle Svardal. Med eitt høyrer han stemmer. Det er noko som beveger seg. Øvrebotten slengjer seg innunder ein bergnabb og gjer seg så liten som råd.

På ein og ein halv meters avstand passerer tre-fire mannfolk. Han oppfattar så vidt at dei ikkje snakkar norsk.

Etter kvart som stemmene blir fjernare, kjem Øvrebotten seg i gang att nedover fjellsida. Han ser eit fartøy liggje til kai nede ved fjorden. Det ser ut til å vere den svartmåla skøyta som Gestapo brukar til peileutstyr.

Vel framme fortel han om opplevingane sine til Atle Svardal og medhjelparen hans. Men Svardal vil ikkje høyre på oppmodinga om å komme seg vekk. Agenten reknar med å bli henta av MTB-båt om berre to dagar.

Atle Svardal

JOBBA MOT TYSKARANE: Atle Svardal var ein av dei mest røynde SIS-agentane i Noreg.

– Eg kjende han så godt, at eg var redd han ikkje var til å rikke når han først bestemte seg, fortel Arne Øvrebotten.

Førebels visste han ingenting om at nettverket var i ferd med å rakne, eller at hans eige liv hang i ein tynn tråd. Og endå verre var det for Atle Svardal, som i ettertida har blitt ståande som den største krigshelten frå Florø.

Frå den kamuflerte radiostasjonen «Roska» oppe i fjellsida hadde agentane full kontroll på skipsleia. Opplysingane om tysk aktivitet sende dei til dei allierte i England. Folk i bygdene hjelpte i all løyndom til, men agentane levde konstant i frykt for at tyskarane ein dag skulle oppdage dei. Men Svardal var av den tøffe sorten, og trass åtvaring frå kureren Arne Øvrebotten, ville han vente på transport tilbake til England.

Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert.

Opna eld mot tyskarar

Breivika i Bremanger, morgonen 13. mars 1945. Inne i eit godt kamuflert skur i den bratte fjellsida gjer SIS-agentane Fredrik Persen og Atle Svardal seg klare. Dei opererer radiostasjonen Roska, og i dag skal dei sende viktige opplysningar om tysk skipstrafikk til England.

Persen går ut av skuret for å feste antennesnora i ein bergknaus. Då ser han at ein heil flokk med tyske soldatar har omringa dei. Tyskarane ropar til han, men Persen hoppar inn att i skjul og fortel kameraten kva som er i ferd med å skje.

Svardal nektar å overgje seg. Han tek ein maskinpistol, lagar hol i taket og opnar eld på måfå. Tyskarane svarer og ropar at agentane må rekkje hendene i vêret – men det er ikkje aktuelt for nordmennene. Det er likevel ingen tvil om at overmakta er for stor. Tyskarane peprar nordmennene med stenguns.

Snart blir Svardal treft av eit skot i lungene. Han ber Persen om å krype bort til sendaren og prøve å sende SOS-signal. Men kulene plystrar tett fordi, og karane må overgje seg. Den tyske Gestapo-sjefen Willi Kesting bankar Persen med ein spade medan spørsmåla haglar over motstandsmannen.

Livet til Svardal står ikkje til å berge. Agenten døyr på staden, og seinare kastar soldatane liket inn i skuret før dei tenner på. Tyskarane tek Persen som krigsfange og startar jakta på bygdefolk som kan ha hjelpt karane med alt frå opplysningar til forsyningar.

Fredrik Persen tilbake på Roska i 1949

TILBAKE PÅ STADEN: Fredrik Persen var i 1949 tilbake på staden der «Roska» låg nokre år tidlegare. Her vart kameraten Atle Svardal skoten i 1945, og namnet til den norske agenten vart rissa inn i fjellet.

Foto: Ukjent

Etter krigen skreiv Fredrik Persen ein rapport frå stasjonen Roska. Der omtalar han samanstøyten med tyskarane slik: «Etter to omganger med pryl med en spade fikk de ut av meg navnene på våre forbindelser, men «Snowflake» klarte jeg å tie med til jeg var klar over at folk på gården hadde fått tid til å gå til Botnane med beskjed. At de fleste av «Snowflakes» folk lå i Svelgen fikk de aldri greie på».

Kanskje klarte Persen å vinne så mange minutt at karane på garden i Botnane kunne komme seg unna. For no stod fleire liv på spel.

– Det var ein frykteleg farleg situasjon for dei som i hemmelegheit var involverte i å hjelpe agentane. Dei risikerte straff, og dei kunne bli sende til Tyskland. Dei kunne dessutan bli torturerte, og då kunne det i verste fall koste dei livet. Dei fleste involverte visste at det dei gjorde var farleg, seier historikar og forfattar Berit Nøkleby.

Over 200 nordmenn var agentar i teneste for britiske Secret Intelligence Service under den andre verdskrigen. Mange av desse utgjorde etterretningsgrupper med radiosendarar og kurerar langs heile norskekysten.

I kulissane var det svært mange nordmenn. Agentane kunne ikkje klare seg utan hjelp, sjølv om det eigentleg var planen frå engelskmennene si side.

Berit Nøkleby, historiker

SAKNAR KVINNENE: Historikar Berit Nøkleby meiner kvinnene har fått for lite heider for innsatsen sin under krigen.

Foto: Petter Melsom

– Det er ingen som veit omfanget av dette arbeidet, men det var nok eit par tusen kontaktar involvert. Dei ofra veldig mykje, og det var ei frykteleg påkjenning. Gjekk det gale, drog dei heile familien med seg. Så dei risikerte alt, og dei visste det godt, seier Nøkleby.

Ho har gjennom arbeidet sitt snakka med mange norske agentar om opplevingane deira under krigen. Sjølv fekk agentane mykje merksemd etter at freden kom. Men fleire av dei har uttrykt at dei er skuffa over at innsatsen frå sivilbefolkninga ikkje vart sett meir pris på.

Kanskje særleg gjeld det kvinnene.

– Agentane fekk hjelp frå heile familiar, og kvinnene stod for forsyningar og mat. Dei var svært viktige. Utan dei hadde det nok ikkje gått. Men det fekk ikkje gjennomslag hos britane, då dei ikkje var komne så langt i likestillinga. Eg er ikkje i tvil om at kvinnene vart for lite verdsett for innsatsen sin. Det var agentane sjølve oppgitt over, seier Nøkleby.

– Kjønnsrollemønsteret var slik den gongen. Mannen var i forgrunnen, og kvinna var i bakgrunnen. Men kvinna gjorde faktisk halve jobben – og hadde ho ikkje gjort det, ville vi i mange tilfelle stått hjelpelause. Vi hadde ikkje fått det til utan kvinnene, seier Ragnar Ulstein.

For kvinnene i familien Øvrebotten var krigsåra ei svært travel tid. Dei skulle gjere det vanlege gards- og husarbeidet i tillegg til å ta seg av alle karane dei hadde liggjande i skjul. Dei brukte svære klesgryter til å koke raspeball. Og alt måtte føregå utan at andre i bygda fekk mistanke til aktiviteten på garden.

Oddbjørg var dotter på garden, og berre tenåring då familien hennar kom med i det hemmelege arbeidet mot tyskarane. Ho levde under eit enormt mentalt press, og hadde blemmer i hendene av all bakinga. For poteter hadde dei nok av, og kvinnene laga svimlande mengder potetkaker.

Lenge gjekk det bra. Heilt til nazistane etter angrepet på «Roska» fekk tak i namna til karane i familien. Då var gode råd dyre. Og det hasta med å komme seg unna.

På veg til Øvrebotten losna tyskarane skot mot ein båt ute på fjorden. Karane ante ugler i mosen og flykta frå garden. Kvinnene måtte vere att åleine med dei fem-seks mennene frå Gestapo.

Botnane i Bremanger, kvelden 13. mars 1945. Med ein skarpladd maskinpistol stukke hardt inn mellom skulderblada viser 16 år gamle Oddbjørg den tyske Gestapo-sjefen rundt i huset sitt.

Dei uniformerte soldatane har berre nokre timar tidlegare skote ein norsk SIS-agent, og dei har pumpa kameraten hans for opplysningar og namn på hjelparar. No er dei på jakt etter faren og broren til Oddbjørg, som dei har funne ut skjuler motstandsfolk på garden.

Oppe i fjellsida og i skogen bak huset ligg Thorbjørn og Arne Øvrebotten og kikkar på dramaet. Dei veit at Oddbjørg er i livsfare på grunn av dei. Men kampen mot tyskarane er viktig. Så viktig at dei set både sitt eige og kvinnene i familien sine liv og helse inn på det.

Øvrebotten i Botnane, Bremanger

STADEN: Her på garden Øvrebotten vart Oddbjørg Sørbotten beordra inn i huset av den frykta Gestapo-sjefen Willi Kesting.

Foto: Privat

– Eg var naturlegvis redd for at tyskarane skulle ta kvinnene som var att på garden. Men det var ingen veg tilbake. Alt skjedde så fort, seier Arne Øvrebotten.

For den tyske offiseren var ikkje nokon kven som helst. Willi August Kesting var berykta som den verste torturisten i bergensområdet. Gestapo-sjefen brukte svært brutale metodar for å få ut dei opplysningane han ønskte frå folk under avhøyr.

No tok han tak i armen til 16-åringen og beordra ho inn i huset. Mora Magna prøvde å ta dottera sin stad, men måtte bli att på tunet med ein tyskar som vakt. Med pistolen i ryggen måtte Oddbjørg vise tyskaren rundt. Mykje talar for at han frykta væpna motstand frå motstandsfolk inne i huset.

Det var blitt kveld, oppe på loftet var eine rommet mørkt, og Kesting vegra seg for å gå inn. Han hadde vorte alvorleg skadd i skotveksling i ein liknande episode i Telavåg i 1942.

No var han redd. Den nervøse Gestapo-sjefen hadde fingeren på avtrekkaren. Situasjonen var svært spent.

– Han var tydeleg redd for at det skjulte seg folk inne på rommet og at han skulle bli skoten. Han nølte veldig. Til slutt torde han ikkje å gå inn, og vi gjekk ned att i stova, seier Oddbjørg, som i ettertid har gift seg til namnet Sørbotten.

Ho hugsar dramaet i Botnane som om det skulle ha vore i går. Men ho er av den sindige typen, og let seg ikkje av vippe av pinnen så lett.

– Det var mykje som stod på spel, og eg var i ein situasjon eg ikkje bestemte over. Men det var ikkje hjelp i å vere redd. Kjenslene var nok på ein måte innestengde i meg, seier Oddbjørg Sørbotten.

Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten

PÅ TUNET HEIME: Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten mimrar om dei dramatiske minutta våren 1945, då tyskarane var ute etter mennene som hadde skjult agentar på garden. I huset i bakgrunnen vart Oddbjørg truga på livet av ein tysk Gestapo-offiser, medan Arne låg i skjul i skogen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Då Kesting og 16-åringen kom ned att i stova fann tyskarane eit bilete av faren. «Der har vi han», sa offiseren. Biletet var teke då han var ungdom, og han var uråd å kjenne att, så kvinnene var nøgde då tyskarane tok med seg portrettet. Eit nyare foto på skjenken brydde dei seg ikkje om.

Det var alt dei fekk ut av den dramatiske situasjonen. Etter å ha vasa rundt på garden i om lag tre kvarter forlèt dei staden. Faren var over for denne gongen.

Grenda Botnane sett frå hytta der Linge-karane gøymde seg for tyskarane

UTSIKT FRÅ HYTTA: Slik kunne nordmennene som gøymde seg sjå utover mot den veglause grenda Botnane og havet utanfor. Her var det vanskeleg for tyskarane å finne agentane på oppdrag frå England, og her kunne dei førebu operasjonar i fred og ro.

Foto: Privat

I staden tok tyskarane med seg alle mannfolka i bygda for å bere ned utstyret frå Roska-stasjonen, der Atle Svardal var blitt skoten. Samstundes vart gestaposkøyta liggjande i fleire timar på vågen og vente på mennene frå Øvrebotten, som tyskarane trudde var ute og fiska. I mellomtida gøymde karane seg i ei kamuflert hytte i skogen.

Gestapo klarte aldri å få tak i Thorbjørn og Arne Øvrebotten. 8. mai 1945 kom freden, og saman med resten av nasjonen kunne ein heil familie kunne puste letta ut. «Snowflake» mønstra 400 mann i Fjordane, klare for å forsvare landet sitt mot eventuelle desperate krumspring frå tyskarane.

Kampen til Ulstein, Svindseth og familien Øvrebotten var krona med siger.

Ragnar Ulstein (t.v.) og Thorbjørn Øvrebotten møttest att etter krigen

VETERANTREFF: Ragnar Ulstein (t.v.) var tilbake i Botnane og trefte att Thorbjørn Øvrebotten og familien etter krigen. Biletet er teke i samband med Oddbjørg Sørbotten sitt bryllaup i 1962.

Foto: Privat

Fleire generasjonar seinare skreiv Ragnar Ulstein eit brev til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han ønskte at dei attlevande i familien skulle få fortente utmerkingar:

«Utan familien sin djerve innsats under operasjon Snowflake, og ikkje minst den då seksten år gamle Oddbjørg, ville Gestapo ha hatt sentrale fangar og nådd fram til radiosendaren med fatale konsekvensar for Milorg i distriktet».

– Britane føreslo svært sjeldan at sivile skulle få utmerkingar etter krigen. Kan hende skjedde det med ein og annan mann, men aldri ei kvinne – og kvinnene la ned ein enorm innsats. Og det var farleg aktivitet med store påkjenningar på alle måtar, seier Nøkleby.

Først hausten 2015 fekk Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten krigsminnemedaljen for innsatsen under Den andre verdskrigen.

TRUGA PÅ LIVET: Oddbjørg Sørbotten syner korleis ho vart truga med maskinpistol gjennom huset i Botane. Foto og redigering: Randi Indrebø

Kjelder: Ragnar Ulstein, «Etterretningstjenesten i Norge 1940-45» (1992). Berit Nøkleby, «Pass godt på Tirpitz!» (1998). Flora historielag «Radiostasjonen Roska» (DVD). Bjørn Rørholt, «Usynlige soldater» (1990).