Arne Stubhaug

PÅ OPPTAK: NRK sine fotografar reiser mykje for å fange det som skjer med kameraet. Her er Arne Stubhaug på opptak til ein episode av «Klart eg kan».

Foto: NRK

Redaksjonelt rekneskap for NRK Sogn og Fjordane

Her finn du alt du treng vite om NRK sitt arbeid i Sogn og Fjordane i 2015.

1. Høgdepunkt i 2015

2. Etikk – dei vanskeleg vala

3. Kven er vi?

4. Store satsingar på riks

5. Valet 2015

6. Høge lesar- og lyttartal

7. Best på nyheiter

8. Sjåarrekordar på TV og nett

9. Dette skal vi jobbe vidare med

10. Nynorsk mediesenter

1. Høgdepunkt i 2015

Journalistikk:

Gjennom heile døgnet leverer NRK Sogn og Fjordane nyhende til folket. Vi har den mest leste nettsida i NRK. Ingen andre stader er det så mange som lyttar på det lokale radiotilbodet som i Sogn og Fjordane, og Vestlandsrevyen er også heilt i toppen når det gjeld sjåartal.

Eksplosjon i Skatestraumtunnelen

DRAMATISK: Til alt hell blei ingen skadde under eksplosjonen i Skatestraumstunnelen.

Foto: NRK.no-tipsar

Journalistikken i NRK Sogn og Fjordane er avgjerande for eit godt ordskifte i fylket. Samstundes løftar redaksjonen lokale saker ut til heile landet. I april 2015 kom nyheita om at Nordic Mining får dumpe tonnevis med gruveavfall i Førdefjorden, ei svært omstridd avgjerd og ei stor nasjonal sak. På slike dagar er målet å vere først ute og ha den beste dekninga. Vi styrkar vår eigen desk og sender folk ut for å komme tett på dei som blir råka.

NRK Sogn og Fjordane ryddar også sendeflater og set på alle ressursar når det skjer dramatiske hendingar. Sommaren 2015 skjedde det to alvorlege tunnelbrannar i fylket, først i Skatestraumtunnelen og deretter i Gudvangatunnelen. Under slike hendingar er det eit stort behov for informasjon, og i samarbeid med riksredaksjonane sender vi direkte på NRK1 og strøymer på nrk.no.

Gro og Stian på tur til Kalvåg

DIREKTE: Her er programleiarane Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle på båttur i Kalvåg i Bremanger.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

NRK Sogn og Fjordane er til stades i heile fylket og samlar fylket. I løpet av året har vi fleire gonger flytta studioet vårt ut. Både Værlandet i Askvoll, Ervik på Stad, Bjordal i Høyanger, Sande i Gaular og Kalvåg i Bremanger er stader som har fått besøk. I desse sendingane har vi prioritert å reise til mindre stader. Her har vi intervjua engasjerte folk som på kvar sin måte brenn for staden dei bur på.

Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad

RADIOKOKK: Steinar Lindstrøm som er kokk, og programleiar Gro Ravnestad, likar å lage mat som også lyttarane og nettlesarane kan frå glede av.

Foto: Alf Vidar Snæland

På mange måtar blir dette som små portrett på småstader. I tillegg har vi hatt med oss radiokokken vår på desse turane. Han har laga mat av lokale råvarer og inspirert til å lage enkel men god mat. Dette kombinert med små innslag av livemusikk har skapt levande sendingar med fargerike og varierte folk.

NRK Sogn og Fjordane ønskjer å vere ein viktig produsent av kvalitetsjournalistikk på god nynorsk. I NRK, som landet elles, er nynorsk under press. NRK Sogn og Fjordane jobbar for å oppfylle kravet om minimum 25 prosent nynorsk på alle plattformer gjennom å levere til riks både på TV, radio og nett.

Riks

Aldri før har NRK Sogn og Fjordane produsert så mykje til riksredaksjonane.

I 2015 fekk NRK Sogn og Fjordane i oppdrag å ta over produksjonen av den kjende serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Gjennom året har programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas reist rundt i landet og dokumentert livet til folk som lever litt annleis enn folk flest. Dei seks første episodane vart sendt hausten 2015.

Marit og dyra

MARIT OG DYRA: Gjennom åtte episodar kunne du følgje seks år gamle Marit Krakset på Hakallegarden, ein opplevingsgard med rikt utval av dyr og fuglar.

Foto: Arne Stubhaug

NRK Sogn og Fjordane leverte i fjor 16 nye episodar av den populære barne-tv-serien «Klart eg kan». Vi ynskjer å løfte fram kvardagshistoriene til norske barn og vise bruk av nynorsk og dialekter blant barn og unge. NRK Sogn og Fjordane har også laga ein ny serie «Marit og dyra» som gjekk på NRK Super i 2015. Serien handlar om Marit som bur på ein besøksgard med mange dyr.

Musikksatsinga til NRK Sogn og Fjordane har nådd eit stort publikum på radio, tv og nett. Høgdepunktet var TV-konserten frå aluminiumsverket i Høyanger med nokre av dei største artistane frå fylket, som Thea Hjelmeland, Eva & the Heartmaker og Lothe. Dette programmet gjekk på NRK1 på Julaftan og samla 246.000 sjåarar og nesten halvparten av alle TV-sjåarane.

Nett og sosiale medium

I løpet av 2015 hadde vi større merksemd på sosiale medium, særleg Facebook og Instagram. Målet er å få spreidd det vi gjer til flest mogleg. Vi har også vore aktive på Snapchat i periodar, som under UKM i vår og under valkampen i haust. Då hadde vi mellom anna ein eigen reporter som nesten berre leverte tekst, bilete og video til Instagram, Snapchat og Facebook.

Vi har fått stadig fleire følgjarar, og dermed når vi nye og yngre grupper av publikum. 27 prosent av dei som leste nyheiter frå NRK Sogn og Fjordane på mobil i fjor kom via Facebook.

Vi skal vere raske på nett og mobil når noko skjer, men samstundes gi publikum langlesingsaker som skal vere grundige, gi innsikt og fortelje ei god historie. Vi satsar også på video som eit viktig element i sakene våre. I 2015 sende vi også direkte i nett-TV, som frå UKM, valet, diverse folkemøte og dei ulike Lutt-konsertane.

Årets direktesending

ÅRETS DIREKTESENDING: Journalistane Erlende Blaalid Oldeide og Eldgrim Fossheim var til stades i Oslo då NRK Sogn og Fjordane fekk prisen for beste direktesending.

Foto: NRK

Prisar:

Årets direktesending for ekstrasending under flaumen i Flåm

Allereie på ettermiddagen den 28. oktober 2014 byrja vassmengdene å innta Vestlandet. Elvane steig medan regnet fossa ned. I den vesle bygda Flåm i Aurland kommune vart 143 personar evakuert. Ei rekkje hus vart tekne av elva.

I NRK Sogn og Fjordane valde vi å lage ei ekstrasending på radio som vart kringkasta utover kvelden og natta. Der vi hadde løpande kontakt med både ordførarar, redningsmannskap og folk som flykta frå uveret. Dette vart sett pris på av ein samla norsk radiobransje under Prix Radio i Oslo 18. september.

I konkurranse med mellom anna P3aksjonen, Nitimen si jubileumssending og P4 si VM-sending vart uverssendinga i Sogn og Fjordane kåra til årets direktesending i Norge.

Programleiar Erlend Blaalid Oldeide og produsent Eldgrim Fossheim hausta ståande applaus frå dei frammøtte under prisutdelinga.

Grunngjevinga frå juryleiar Jon Branæs, kanalsjef i NRK P1: «Dette er forbilledlig, god direkteradio. Dette er en informativ, journalistisk sending full av nærvær og nerve. Dette er en direktesending som tar lytterne på alvor, og som viser hvor sterkt og nyttig radiomediet er. Vi er tett på det viktigste – for de det gjelder. Programlederen er stødig og tydelig til stede, og loser oss trygt gjennom det som oppleves som uoversiktlig og dramatisk.»

Asgeir Heimdal Reksnes

PRESSEPRISEN: Journalist Asgeir Reksnes (t.h) fekk Presseprisen i Sogn og Fjordane i 2015. Firda-fotograf Bent Are Iversen fekk fotoprisen.

Foto: Svein Rune Kjøllesdal / Firda

Presseprisen til journalist Asgeir Reksnes

Gjennom fleire saker fortalde arbeidarar ved Nordfjord Kjøtt i Stryn kommune om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. Dei meinte høgt arbeidstempo og press gjekk utover arbeidstryggleiken. Arbeidstilsynet hadde også skrive fleire kritiske rapportar, og politimeldt verksemda for brot på arbeidsmiljølova. Nordfjord Kjøtt sa på si side at dei tok HMS-arbeidet på største alvor. I etterkant av sakene sette Rema 1000, som er einaste kunden til Nordfjord Kjøtt, i verk ei ekstern gransking av tilhøva.

Sakene om Nordfjord Kjøtt er viktige fordi det bur mange utanlandske arbeidarar i fylket, men denne gruppa syner lite att i mediebilete og saknar ei røyst i den offentlege samtala.

NRK Sogn og Fjordane er opptekne av å følge næringslivet i distriktet tett. Arbeidsplassane og verdiskapinga er avgjerande for utviklinga i fylket. Kor flinke er politikarane til å legge til rette for vekst, og kva makt følgjer med pengane?

Like fullt er det viktig å halde eit kritisk auge med næringslivet. Tek dei samfunnsansvar? Kor mykje ureining skal ein tole? Kva med arbeidarane sine rettar?

2. Etikk – dei vanskeleg vala

Ei utfordring vi stadig møter, er spørsmål kring identifisering. Særleg gjeld det i saker om ulykker der vi publiserer bilete på mobil og nett kort tid etter ei ulykke har skjedd. Dei involverte i ei ulykke skal ikkje kunne identifiserast på bakgrunn av bilete vi publiserer før pårørande er varsla. Samstundes er det eit stort informasjonsbehov når ulykka er ute, og det er relevant og viktig informasjon å formidle korleis ein ulykkesstad ser ut.

Utbreiinga av smarttelefonane har gjort at det nesten alltid er ei mengd bilete tilgjengeleg. I slike situasjonar har vi vore for raske med å publisere, og vi har skjerpa fokuset vårt på å ikkje vere for tidleg med bilete. Vi går ein ekstra runde for at vår journalistikk ikkje skal skape ekstra belastning for folk.

NRK Sogn og Fjordane lagar mange saker om politikk og små og store endringar i samfunnet. Vi er på mange politiske møte der avgjerdene blir tekne. Men vegen blir stundom for lang mellom politisk vedtak og konsekvensane av dei same vedtaka.

Ofte er det tidkrevjande å finne gode døme på korleis politiske vedtak slår ut i praksis. Faren er at folk mister oversikta og opplever politikken som lite relevant. Men det er vår oppgåve å synleggjere konsekvensane av dei politiske vedtaka, sjølv om neste sending skal fyllast og neste sak allereie burde vore publisert på nettet. Her kan vi bli betre.

Etisk standard

Per Arne Kalbakk

Per Arne Kalbakk er tilsett som etikkredaktør i NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

NRK ønskjer å halde ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet vårt. Publikum skal vite at NRK arbeider i tråd med dei etiske reglane i pressa. Intervjuobjekt skal føle seg trygge for at dei blir behandla rett i sakene vi lagar. Difor er det eit årleg mål for NRK at vi ikkje skal bli felte i Pressens Faglege Utval (PFU) for dårleg faktasjekking, manglande eller mangelfull imøtegåing av påstandar eller uklare premiss for medverking i sakene.

I 2015 har NRK blitt felt for mange gonger i PFU. Utvalet har behandla i alt 15 klager mot NRK, der seks av klagene har resultert i felling og fire med kritikk av journalistikken i NRK. Til samanlikning blei NRK felt i berre to saker i 2014, i to klager knytt til identifisering av intervjuobjekt. Distriktskontora i NRK blei felt eller fekk kritikk i fire saker.

I 2016 vil NRK intensivere arbeidet med redaksjonell etikk. Vi har nyleg oppretta ei stilling som etikkredaktør. I løpet av det første halvåret startar vi eit nytt program for opplæring i redaksjonell etikk. Alle dei redaksjonelle medarbeidarane i NRK skal gjennomgå kurset med tilhøyrande oppfølging.

Det aller viktigaste bidraget til høg presseetisk standard er høgt medvit om presseskikk i det daglege arbeidet. Gjennom året har redaksjonane i NRK kontakt med hundrevis av intervjuobjekt og endå fleire lisensbetalarar som har meiningar om journalistikken vår. Svært mange klager blir løyste ved at grunnlaget for sakene blir forklart, eller ved at tilbakemeldingar frå publikum medverkar til at eventuelle feil og unøyaktige framstillingar blir retta opp.

NRK Sogn og Fjordane er ikkje felt eller klaga inn til PFU i 2015.

Kringkastingsrådet

Publikum kan også sende inn klager og synspunkt på NRK si programverksemd til Kringkastingsrådet. Rådet består av 14 medlemer som er peikte ut av Stortinget og Regjeringa. Kringkastingsrådet skal drøfte og uttale seg om hovudlinjene for programverksemda i NRK. Gjennom diskusjon av klagesakene medverkar rådet til refleksjon om redaksjonelle val og prioriteringar, også på etikkområdet.

Stor tillit til journalistikken

NRK si årlege profilundersøking viser at publikum har svært høg tiltru til journalistikken i NRK og vurderer journalistikken som påliteleg. Over 90 prosent av dei spurde i profilundersøkinga meiner at NRK oppfyller ambisjonen om å sende truverdige nyheits-, informasjons- og dokumentarprogram.

Det er avgjerande viktig at vi held ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet om vi skal halde oppe ein slik posisjon.

I ei tid der sosiale medium medverkar til at nyheiter og påstandar kan publiserast utan filter til alle og einkvar, er det viktigare enn nokon gong at ein allmennkringkastar står fram som ein truverdig og påliteleg formidlar av nyheiter og annan informasjon.

Redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane

REDAKSJONEN: Journalist Solveig Svarstad jobbar med ei sak som både skal til radio og nett. Biletet er frå NRK Sogn og Fjordane sitt kontor i Førde. Vi har også to lokalkontor, i Eid og i Sogndal.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

3. Kven er vi?

NRK Sogn og Fjordane hadde 1. januar 2016 38 tilsette. Fire av dei tilsette jobbar ved lokalkontora i Sogndal og på Nordfjordeid.

NRK Sogn og Fjordane har fått tildelt ei budsjettramme for 2016 på kr 31.228.700.

NRK Sogn og Fjordane dekkjer 26 kommunar.

4. Store satsingar på riks

Torje Bjellaas og Arve Uglum

UT PÅ TUR: Fotograf Torje Bjellaas og journalist Arve Uglum har reist over heile landet for å filme.

«Der ingen skulle tru»

Då det første sjokket over at det var me som skulle overta "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" hadde lagt seg, måtte me stilla oss eitt viktig spørsmål: Korleis gjer me dette?

Tala tyder på at me, altså Arve Uglum og Torje Bjellaas, fann ut av det til slutt.

Løysinga vår vart å redusera det heile til ein idé. Eit kortfatta programkonsept formulert av han som skapte det heile: Oddgeir Bruaset. "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu handlar om ressurssterke menneske som bur avsides, fordi dei har valt det sjølv".

Dette er 13 år med tv-historie kokt ned ei enkel setning. Det var denne Oddgeir Bruaset starta med i 2002, og den ligg framleis i botn når me no er godt i gang med opptaka til vår andre sesong.

Med overleveringa av denne setninga tok Oddgeir Bruaset steget inn i pensjonistane sine rekker. Me overtok og fekk lov til å gjera dette etter vårt eige hovud.

Dermed var det berre å kasta seg ut i det. Det første og vanskelegaste me måtte gjera er å finna stadene og menneska me skal laga programma om. Me bestemte oss tidleg for at det var ein føresetnad at dei ikkje hadde bilveg heilt fram. Det i seg sjølv skaper utfordringar som må løysast for dei som bur der, men også fred og avkopling. Det oppstår ein distanse til verda utanfor, og den er det vår jobb å formidla dei gode og vanskelege sidene av.

Og så må det vera stader som lever. Gjennom menneska som brukar liva sine der og alt dei finn på. Me tenker sjeldan på korleis ting var gjort tidlegare i serien, men grip tak i historiene på vår måte.

Som programskaparar har me alltid vore opptekne av det som skjer her og no. Forhistoria vil me helst fortelja gjennom fysiske handlingar gjort i dag. Me vil sjå etter endringane som stadig skjer på ein plass som lever og gjennom programmet leita etter djupare innsikt i menneska og vala dei har gjort for å hamne der dei bur. Det er ikkje så mange slike att, og jobben vår det siste året har lært oss at finn du først nokon som bur slik til, har dei ei historie å fortelja.

For det er menneska som ber serien. Eg vil ikkje dra fram nokon blant «folka våre» spesielt, men nøyer meg med å seia at eg har lært noko viktig frå alle som me lagar program om.

Sendetida seint på søndagskveldane gjer at programmet må vera eit pustehol mellom ei travel helg og kvardagane og arbeidet som ventar.

Me skal gje folk ein sjanse til å drøyma og forestille seg sjølve busette på ein stad utanfor allfarveg der det er andre ting som er viktige. Der livet er enklare men også mykje meir komplisert. Slik som når drikkevatnet ditt er dekka med 15 centimeter stålis eller når vêret gjer at du korkje kjem deg til eller frå.

Me som gjer dette er Arve Uglum (41) og Torje Bjellaas (46). Mange meiner me burde vore eit større team ute på opptak, men det vil ikkje me. Me skal formidla livet til folk som søker ro og fred, og då kan ikkje halve rikskringkastinga koma veltande inn på tunet. Dermed får me mange funksjonar å fylla og lange arbeidsdagar, men det er me vande til. Me får att for alt dette gjennom menneske som opnar seg og viser eit annleis liv i mange falsettar.

Kvart program består av minimum to opptaksperiodar, ein på mørkaste vinteren og ein på finaste sommaren. Me prøver å koma på tidspunkt der noko viktig skjer, noko som set tonen for tida framover. Me prøver også å treffa godvêret. Det går ikkje alltid, men det får så vera. Sidelengs regn er også ein del av livet «Der ingen skulle» tru at nokon kunne bu.

I tida frå me fekk oppdraget til sendedatoen nærma seg stod utfordringar og opplevingar i tett kø. Det var ikkje før første episode skulle på lufta at me fekk tid til å vera nervøse. Med eitt kjende me vekta frå fjernsynsikonet Bruaset over oss og forstod at dette faktisk kunne gå skikkeleg gale.

Det gjorde det ikkje. Sjåartala viste ei pen auke frå året før, nettala var høgare enn nokon gong og tilbakemeldingane gjorde at me følte oss aksepterte. Vår måte, med ny grafisk innpakking, ny musikk, ny fototeknikk og ein heilt annan forteljarstil nådde heim til folk.

Me trur det er fordi me, trass i alt som vart forandra, heldt oss til Oddgeir Bruaset sin definisjon på kva programmet skal handla om.

Ressurssterke menneske som bur avsides fordi dei har valt å gjera det.

Villrein i Sunnfjord

USIKKER FRAMTID: Fersk forsking viser no at dei mange små villreinflokkane i Sogn og Fjordane og andre stader i landet går ei svært usikker framtid i møte.

Foto: Johan Moen / NRK

Dokumentar om villreinen

Våren 2015 vart ein dokumentar om villreinen vist på «Ut i naturen» på NRK1. Programskaparane var tett på villreinen i Sunnfjordfjella i Sogn og Fjordane i tre år.

Med fokus på landets vestlegaste villreinstamme viste NRK Sogn og Fjordane at dei mange små villreinflokkane her i landet truleg vil bukke under på grunn av menneskelege naturinngrep og styresmaktene si satsing på dei store flokkane.

Det 50 minutt lange programmet er laga av Harald Kolseth, Johan Moen og Ole Andre Rekkedal. Programmet er allereie seld til mange utanlandske fjernsynsstasjonar.

«Klart eg kan» 2015

Aldri før har NRK Sogn og Fjordane produsert så mykje barne-tv som i 2015. I løpet av året vart det laga 16 program eller over 145 minutt med dokumentar om mot og meistring. I tillegg vart skrive, komponert og spelt inn ny «Klart eg kan»-song.

Dei fleste episodane i «Klart eg kan» handlar om barn som drøymer om å få til noko, og som jobbar hardt for å nå målet sitt. I sesong 5 av «Klart eg kan» har vi også hatt fokus på dei borna som må meistre utfordringar dei helst skulle ynskje dei slapp, blant andre Rakel som har kreft og som må gjennom mange undersøkingar for å sjå om ho er blitt frisk.

Desse programma har tilført «Klart eg kan» eit nytt og viktig perspektiv og har vore med på å løfte serien. Vi ser på denne satsinga som ein del av vårt samfunnsansvar.

Ny serie og viktig dans

I 2015 publiserte vi også åtte episodar av den nye serien «Marit og dyra». Serien var laga av Eva Westvik og handla om Marit som bur på ein besøksgard. Målet var å lage modig barne-tv om vanskelege tema som liv og død på ein gard og vise korleis mat blir til.

Vi bidrog også til viktige prosjekt sentralt. Karoline Berge Hammersmark var sentral i ein av NRK Super sine største suksessar, nemleg BlimE-dansen. Berge Hammersmark er koreograf og laga dansen. I tillegg var ho med som danseinstruktør. Videoane med henne har inspirert hundretusenvis av ungar til å danse og få med seg bodskapet om å vere ein ven. Dansen vart også framført på MGPjr, der 7.500 menneske i salen dansa på likt!

SommarLutt på Malakoff 2015

UNGT: NRK Sogn og Fjordane er til stades på fleire festivalar, her frå Malakoff og SommarLutt.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Lutt 2015 – Eit musikalsk festår

Aldri før har musikksatsinga til NRK Sogn og Fjordane skapt så store og mange opplevingar på radio, tv og til eit så stort publikum.

Publikum på JuleLut i Høyanger

OMBYGD HALL: Hydro i Høyanger stengde produksjonen og dermed kunne hallen fyllast med publikum og artistar.

Foto: Christian Blom

Året starta med TV-konserten vi arrangerte og produserte med Sigrid Moldestad på Åmot Operagard til NRK1. Programmet hadde 290.000 sjåarar på langfredag. Gjennom sommaren produserte vi tre konsertar direkte på radio og nett-tv frå Førdefestivalen, Norsk Country Treff og Malakoff Rockfestival.

Desse tre konsertane samla til saman om lag 2500 publikumarar i tillegg til lyttarane og sjåarane våre. I november produserte vi TV-konsert frå aluminiumsverket i Høyanger med nokre av dei største artistane frå fylket, som Thea Hjelmeland, Eva & the Heartmaker og Lothe.

Annika Beinnes

FLOTT OG VARIERT: Annika Beinnes var ei av dei som stod på scena under JuleLutt i Høyanger.

Foto: Christian Blom

Dette programmet gjekk på NRK1 på Julaftan og samla 246.000 sjåarar og nesten halvparten av alle TV-sjåarar. I november produserte vi også radio og direkte nett-tv frå viseskaparen Ottar Wiik sin kabaret i Vik.

Lutt dekka også både fylkesfestivalen til Ungdomens kulturmønstring, Spellemannsprisen til Thea Hjelmeland i Stavanger og hadde sending og reporter på Bylarm i Oslo. I tillegg til dette sende vi Lutt-program med musikk og gjester frå fylket på radio kvar månad.

Her framført under kabareten til ære for visesongaren Ottar Wiik, som har skreve teksten.

EIN HIT: Alle gode ting er tre... «Sogn og Fjordane»-songen fekk nytt liv etter kabareten i Vik.

Nett og mobil

Vi har som mål å vere først og best når det skjer hendingar. Samstundes er vi opptekne av å fortelje dei gode historiene med folk i fokus.

Vi har fått eit nytt format på nettartiklane som passar slike fordjuping- og langlesingsaker. Eit døme på ei sterk historie, er den om mirakeljenta Hege Lad Ylvisåker.

Vi har også grave i arkivet og kunne i jula gi lesarane våre eit gjensyn med den populære Barne-TV-serien «Gaute og Gullit».

Kontakt med publikum på nett, mobil og sosiale medium er viktig. Difor oppmodar vi ofte publikum om å dele bileta sine med oss. Det er svært populært, og vi får inn mykje flott når vi ber om dette.

Skya sett inne frå bilen

UTRULEG: – Det var eit mektig syn, seier fotograf Tore H. Næss frå Grimstad, som fanga denne sjeldne skyformasjonen på Stad.

Foto: Tore H. Næss

Her er dei mest leste sakene våre i 2015

  1. Asbjørn tok rotta på telefonsvindlaren
  2. Dei som ringer trur Henrik (12) er psykiater
  3. Her kjem årets første hauststorm
  4. Dette synet er det få som får sjå i Norge
  5. Dommaren heldt rundt og trøysta alvorleg skadd spelar

NRK i sosiale medium

Mediebiletet er i stor endring, og dei aller fleste av oss har i dag ein konto eller fleire i sosiale medium. Facebook, Instagram, Youtube og Twitter er for mange ein del av kvardagen. Difor er det heilt naturleg for oss i NRK Sogn og Fjordane å vere til stades der publikummet vårt er.

Kvar dag publiserer vi journalistisk innhald på sidene våre på Facebook og Twitter, og vi publiserer videoar og bilete på Instagram. Gjennom sosiale medium har vi også direkte kontakt med lyttarar, sjåarar og lesarar.

Gjennom det siste året har vi blitt mykje meir aktive i sosiale medium og vi har eit klart mål om å gje publikummet vårt innhald som betyr noko. Når vi legg ut ei lenke på Facebook til ein artikkel, ein radioreportasje eller ei TV-sending, så er det fordi vi meiner at dette er noko flest mogleg bør få med seg. Det kan vere alt frå akutte nyheitssaker til videoar som syner den breie og gode kulturen her i fylket.

Den største og mest overraskande suksessen for oss i sosiale medium i 2015 var eit klipp frå ein konsert i Vik. NRK stod bak ein heilaftan til ære for visekunstnaren Ottar Wiik, som blant anna har skrive «Sogn og Fjordane»-songen.

Vi valde å publisere opptaket av den songen på Facebook, og i løpet av nokre få veker blei videoen vist over 150.000 gonger. Vi meiner at det syner kor viktig det er for NRK Sogn og Fjordane å spegle den lokale kulturen og ta på alvor folkesjela til sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen. Det skal vi halde fram med.

Erlend Blaalid Oldeide, Gro Ravnestad og Eldgrim Fossheim

LEIA SENDINGA: Erlend Blaalid Oldeide, Gro Ravnestad og Eldgrim Fossheim losa lyttarar og sjåarar gjennom valvaka på Sunnfjord Hotell i Førde.

Foto: NRK

5. Valet 2015

Lokalt og ungt. Det var dei to føringane for NRK sitt innhald framfor valet i haust. Nærleik i den redaksjonelle satsinga løfta det lokale perspektivet inn i dei nasjonale sakene, og for å nå dei unge, blei innhaldet tilpassa denne viktige målgruppa.

Valet går direkte inn i NRK sitt kjerneoppdrag. I Val 2015 bygde NRK vidare på dei beste erfaringane frå stortingsvalet i 2013. Og med eit kommune- og fylkestingsval blei det naturleg nok eit prosjekt for heile Norge og dermed eit val som involverte dei fleste av avdelingane i NRK.

Måndag 14. september gjekk folk til urnene på rådhus og i grendeskular rundt omkring i Sogn og Fjordane. Dei avgjorde kven dei ville ha til å leie sine lokalsamfunn. Det markerte også enden på NRK Sogn og Fjordane si valkampdekning som begynte om lag eit halvår tidlegare.

Valgomat

Mange veljarar slit med å finne ut kva saker som er viktige for dei, kva partia meiner og kva dei skal velje. Difor har NRK lagt mykje arbeid i å lage sin eigen valgomat som kan hjelpe veljarane med dette. Eldgrim Fossheim stod for dette arbeidet i Sogn og Fjordane. Han sette opp lokale saker frå alle dei 26 kommunane og samla inn synspunkt frå alle listene som stilte til val i kvar kommune. Dette er eit omfattande arbeid, som vi håpar og trur veljarane har nytte av.

Gunnhild Aardal

FYLKET RUNDT I ELBIL: Gunnhild Årdal rundt som reporter berre for sosiale medium. Ho publiserte små historier frå valkampen og veljarane sine tankar på Instagram, Facebook og Snapchat.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Fylket rundt

For fyrste gong besøkte NRK Sogn og Fjordane alle dei 26 kommunane i fylket i løpet av éin valkamp. I kvar kommune vart det sett søkelys på lokale spørsmål. Kommentator Eldgrim Fossheim lagde også kommentarar til kvar einaste kommune, der han analyserte den politiske situasjonen.

Gunnhild Årdal reiste rundt som reporter berre for sosiale medium. Ho publiserte små historier frå valkampen og veljarane sine tankar på Instagram, Facebook og Snapchat.

Utspørjingar

Alle fyrstekandidatane i partia på fylkestinget var spurt ut i halvtimelange direktesende sendingar som gjekk både på radio og på nett-TV. I tillegg samla vi fyrstekandidatane for dei fire minste partia i eiga direktesendt temasending på radio. Desse var leia av programleiar Erlend Blaalid Oldeide. Det er ikkje mange distriktskontor i NRK som driv med denne typen omfattande utspørjingar av politikarane.

Lokale ytringar

For fyrste gong valde vi å sleppe til lokale stemmer til å dele sine meiningar gjennom kronikkar på våre nettsider. Forskar Carlo Aall skreiv om klimakrisa og distriktspolitikk, Vilde Tøfte Øvstetun om ungdom og psykisk helse, Gunn Linde om skulenedlegging medan Peder Lofnes Hauge skreiv om sitt elsk/hat-forhold til heimfylket, sett frå Bergen.

Debattar

Debatt om den vidaregåande skulen

STILTE TIL SKULEDEBATT I STRYN: Tore Storehaug (KrF), Yrla Klein (SV), Aleksander Heen (Sp), Lise May Sæle (H), Daniel Gangeskar (V), Torbjørn Vereide (Ap)

Foto: Geir Bjarte Hjetland

NRK Sogn og Fjordane gjennomførte fire lokale paneldebattar direktesendt på radio. Det starta i Flora med tema kommunesamanslåing, og i Sogndal handla debatten om miljø og lokale klimatiltak.

I Stryn inviterte vi ungdomskandidatane til å diskutere skulepolitikk. Denne vart også strøyma direkte på nett-TV. Til slutt runda vi av valkampen med alle fyrstekandidatane i Førde.

Vi hadde også to direktesende duellar frå fylket vårt i Vestlandsrevyen der tema var flyktningsituasjonen og kommunesamanslåing.

Verdsrekord i debatt?

Heile NRK deltok i ein omfattande dugnad siste døgnet i valkampen. I 24 samanhengande timar sende NRK2 direkte debattar frå heile landet. NRK Sogn og Fjordane deltok med tre ulike paneldebattar frå tre ulike stadar i Førde. Vi diskuterte kommunesamanslåing, skulesuksessen i fylket og fjorddeponiet i Naustdal. Totalt åtte lokale politikarar fekk delta i valstafetten i riksdekkande TV.

Jenny Følling blir truleg fylkesordførar.

VALSIGER: Her jublar Jenny Følling frå Senterpartiet etter det blei klart at ho blei fylkesordførar.

Valkvelden

Etter veker og månadar med oppbygging skulle spenninga løysast ut på valkvelden. NRK Sogn og Fjordane la opp til si mest ambisiøse valnatt nokon gong. Den vesle redaksjonen ville lage ei eiga direktesendt nett-TV-sending, som i tillegg skulle gå direkte i radio.

Vi skulle vere til stades med eige studio og utegåande reporter på valvaka i Førde. I tillegg ville vi vere direkte inne frå valvaker i Luster og i Eid. Dessutan skulle vi bidra til den nasjonale TV-sendinga og den regionale i Vestlandsrevyen.

På toppen skulle vi ha løpande dekning på nett og sosiale medium. Dette var ei stor og krevjande oppgåve for ein relativt liten redaksjon. Men vi er stolte over det vi presterte på kvelden. Vi gjorde nok ein del feil, og vi lærte mykje. Men det har inspirert oss til å gjere denne type omfattande produksjonar også i framtida.

6. Høge lesar- og lyttartal

Ingen andre stader i landet tek publikum i bruk lokaltilbodet frå NRK som dei gjer i Sogn og Fjordane. På alle plattformer, radio, TV og nett/mobil, er innhald med utspring frå fylket svært populært. På P1 sender NRK Sogn og Fjordane, til liks med dei andre distriktskontora, frå seks til ni kvar vekedag, frå kl. 14 har vi tre timar sending på same kanal.

Og trass i at publikum har fleire kanalar å velje mellom etter digitaliseringa, held lyttartala seg svært høge i Sogn og Fjordane. Kvar einaste dag er om lag halvparten av innbyggjarane i fylket over 12 år innom ein av NRK sine lokalsendingar på P1 kvar einaste dag. Morgonsendingane har 34,2 prosent oppslutning i fylket, medan ettermiddagssendinga har 21,2 prosent i lyttaroppslutning. Ingen andre stader i landet er det så stor lytting på det lokale radiotilbodet som i Sogn og Fjordane.

Dagleg oppslutnad i radio og TV i 2015

Dagleg oppslutnad i % radio og TV

Radio 2014

Radio 2015

TV 2014

TV 215

Gjennomsnittleg totalt dagleg dekning % kvardagar

33

28,9

23,8

33

NRK Østfold

25,4

23,7

NRK Østlandssendingen

24,3

21,7

18,4

16,3

NRK Hedmark og Oppland

37,9

32,9

27

24,2

NRK Østafjells

31

27,9

19,3

18,3

NRK Sørlandet

34,4

30

25,6

24,5

NRK Rogaland

31,5

28,3

20,7

18,8

NRK Hordaland

36,8

31,6

24,3

23,7

NRK Sogn og Fjordane

55

48

32,1

32,8

NRK Møre og Romsdal

40,7

33,4

30,5

28

NRK Trøndelag

39,3

32,6

27,8

25,6

NRK Nordland

39,6

36,8

33,2

32,7

NRK Troms

43,3

38,8

37,4

31,2

NRK Finnmark

41,2

36,6

34,5

31,5

Distriktskontor radio totalt (inkludert nyhetsbulletengar), dagleg dekning % på kvardagar, år 2014 samalikna med år 2015. Distriktskontor TV, dagleg dekning % på kvardagar for begge sendingar (1845 og 2055), år 2014 samanlikna med år 2015. Kjelde: NRK Analyse/TNS

Ekspander/minimer faktaboks

Også på TV ser det ut til at publikum i Sogn og Fjordane likar det som er på menyen. Vestlandsrevyen, som er ei fellessending for Hordaland og Sogn og Fjordane har sjåartal på 32.8 prosent (daglege sjåarar over 12 år). Også dette heilt i toppen samanlikna med dei andre fylka

På nett og mobil har NRK Sogn og Fjordane om lag 150.000 sidevisingar kvar einaste dag. Kvar fjerde sidevisning kjem frå mobil. Vi har nesten 20.000 daglege brukarar på mobil – og nesten 30.000 på PC.

NRK Sogn og Fjordane

Internett og mobil

Tal pr. dag

2014

2015

Endring %

Unike brukarar PC

31.529

29.024

-8

Unike brukarar mobil

14.060

18.322

30

Sidevisningar

141.089

153.457

9

Mobilandel sidevisningar

25

32

28

Tal saker på nrk.no

1,3

0,9

-30

7. Best på nyheiter

NRK Sogn og Fjordane har som ambisjon å vere best på nyheiter lokalt og på riks. Publikum skal få nyheitene når dei skjer på dei plattformene publikum er til ei kvar tid.

I 2016 betyr dette radio, TV, nett, mobil, sosiale medium – og direkte med levande bilete. Dette er ein tøff ambisjon som krev at vi ligg i front på å ta i bruk ny teknologi og at NRK Sogn og Fjordane ligg i front på skaffe oss oppdatert kompetanse på nye verktøy og plattformer.

Krav om omstilling og høgt tempo gjer ikkje at vi kan fire på dei presseetiske krava. Vi skal levere god journalistikk, og publikum skal kunna stole på det vi fortel. For å komma i mål med dette må vi prioritere. Vi skal lage færre, men betre saker. Spesielt gjeld dette nett og mobil, der målet i større grad er å lage godt gjennomarbeidde saker. Sakene skal ha fleire kjelder der ein løftar fram nye og visuelle forteljarteknikkar.

Og så er NRK Sogn og Fjordane meir enn nyheiter. Vi har også fast produksjon for NRK Super og NRK1. «Klart eg kan», kvardagsdokumentaren om born held stand som ein av NRK Super sine mest spelte program i nettspelaren. Og «Der ingen skulle tru» held stand på søndag kveld på NRK1 som eit av dei største publikumsmagnetane.

Trude Søilen og familien

I SOLUND: Trude Søilen drøymde om eit liv utan nære naboar, bytrafikk og ein gard langt frå folk, difor flytta og familien til Solund. Dei kunne du møte i «Der ingen skulle tru ...»

Foto: Torje Bjellaas / NRK

8. Sjåarrekordar på TV og nett

«Der ingen skulle tru»– sjåarsuksess

Programmet frå Finnmark sette ny sjåarrekord for 2015-sesongen med 753 000 sjåarar. Programmet vart det sjuande mest sette på norsk TV den veka og hadde ein marknadsdel på 40,5 prosent. Gjennomsnittleg hadde programma 675 000 sjåarar.

Bjørn Peter i Klart eg kan

VIDEO: Her får du ein smakebit på «Klart eg kan».

«Klart eg kan» – mest sett

Klart eg kan - mest sett

POPULÆRT: Dei små likar TV-serien «Klart eg kan».

Foto: NRK

Programma er blant dei som vert sett mest på nettspelaren til NRK og har blitt eit flaggskip for NRK Super. Den første episoden av sesong 5 av «Klart eg kan» handla om Nora som måtte trekke to tenner. Denne episoden hadde på sitt beste over 180.000 avspelingar på nettspelaren. Episoden låg lenge øvst på lista over mest sette program på nettspelaren. Fleire av dei andre episodane hadde også over 100.000 avspelingar.

I episoden med Nora er med i finalen til Prix Jeunesse International, ein TV-festival i München vert rekna som den mest prestisjetunge for barne- og ungdomsprogram. Vinnarane vert kåra i slutten av mai.

Nett og sosiale medium

NRK Sogn og Fjordane har den best besøkte framsida av alle distriktskontora sine. Det betyr at folk oppsøkjer oss for å få siste nytt. I desember hadde NRK Sogn og Fjordane flest sidevisingar både på mobil og PC. På Facebook var videoen med «Sogn og Fjordane»-songen den mest populære vi delte i fjor. Til no har heile 166.500 sett denne videoen.

9. Dette skal vi jobbe vidare med

NRK Sogn og Fjordane har som mål å verte endå meir synlege på nrk.no. Redaksjonen har eit sterkt fokus på å gi lesarane og brukarane i Sogn og Fjordane ei komplett, lokal nettavis som skal gi innbyggjarane i fylket eit godt oversyn over det som skjer her.

Når det skjer hendingsnyheiter er vi kjapt ute med tekst, bilete og video både på vår lokale nettside og nrk.no. Få om enn ingen, både lokalt og nasjonalt, slår oss der. Vi har ein nyheitskultur på desken som gjer at vi rykker raskt ut når det skjer noko.

Utfordringa vår er å auke talet på rikssaker utanom dei store hendingsnyheitene. Dette vil vi ha fokus på i 2016. Vi må i endå større grad enn i dag verte flinkare til å løfte lokale tema opp til nasjonale saker på nrk.no. Dette gjeld både nyheitssaker, men også evna vår til å fange opp fenomen, trendar, tematiske saker og knagge desse lokalt for eit nasjonalt publikum.

10. NRK Nynorsk mediesenter

NRK Sogn og Fjordane samarbeider nært med NRK Nynorsk mediesenter, som deler hus og kvardag med oss. Senteret starta i 2004 og byggjer på det arbeidet NRK Sogn og Fjordane hadde gjort med å lære opp nynorskbrukande mediefolk. Frå 1990 til 2000 sende kontoret i Førde frå seg 50 nynorskbrukande journalistar. Føremålet med NRK Nynorsk mediesenter er å lære opp fleire slike. Det er framleis mangelvare.

Per 15.12.15 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 115 nynorskpraktikantar og 56,6 % av dei arbeider i media, 50 % i NRK. Totalt har 44 fått fast arbeid i media, 38 er i NRK. I 2015 fekk sju fast arbeid i NRK.

Det er fem nynorskpraktikantar på kvart kull og to kull i året, med start i august og januar. Dei faste søknadsfristane er 15. april og 15. oktober. Opplæringa er svært praktisk retta og praktikantane får opplæring og praksis i journalistikk for nett, radio og fjernsyn, og i nynorsk som mediespråk.

Faglærarane er aktive journalistar/fotografar og praksisen er i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Der er medarbeidarane svært trena i å lære opp nye journalistar attåt eigen jobb, og får etter kvart god hjelp av dei fem praktikantane, både på nett, i radio og fjernsyn. Samarbeidet mellom redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter er godt og viktig for begge partar.