Karin Nesbakk Nyheim
Foto: Steinar Lote / NRK

Nyåret som aldri går i gløymeboka

FLATRAKET (NRK): Medan Norge feira seg inn i 1992, samla naturen krefter til det som skulle bli tidenes maktdemonstrasjon langs kysten.

– Angsten og redsla kom til meg der og då, minnast Karin Nesbakk Nyheim.

Det har gått 25 år sidan den dramatiske nyttårsdagen. Dagen då naturkreftene herja som aldri før med norsk jord og lét lokalsamfunn langs kysten ligge att som krigssoner.

Kreftene naturen viste denne dagen, gjorde at Karin Nesbakk Nyheim ikkje klarte å snakke på to dagar. Fleire av dei dramatiske dagane hugsar ho framleis ikkje den dag i dag. Ho som aldri brukte å vere redd for noko.

Svigerinnene Karin Nesbakk Nyheim og Karin Nyheim.

TILBAKE: Svigerinnene Karin Nesbakk Nyheim (t.v.) og Karin Nyheim kjende seg trygge i kjellarleilegheita. Resten av huset måtte gje tapt mot naturkreftene.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg forstod vel etter ei veke at eg var blitt ein annan person. Eg var så redd. Spesielt for vinden, fortel ho.

Nesbakk Nyheim har det fint i dag. Ho er gift og har to flotte born. Opplevinga første nyttårsdag 1992 har ho snakka om ei rekkje gonger, så det er ikkje noko problem. Men langt inne i sjela ligg redsla der framleis. Spesielt når vinden hardnar til.

November 2016. I vindaugskarmen ved kjøkkenbordet dansar flammen frå stearinlyset sakte fram og tilbake. Det nærmar seg jul, og som så mange gonger før på denne årstida, piskar vinden regnet mot vindauga medan trea svingar fram og tilbake.

Samanlikna med den dramatiske nyttårsdagen for 25 år sidan, er det likevel vindstille på Flatraket i Selje.

Nyttårsaftan 1991. Gode vener over det ganske land samlast for å takke for året som gjekk, og for å ynskje eit nytt år velkomen. Mange har fått med seg orkanvarselet på Dagsrevyen, men få forstår kor godt statsmeteorolog Jan Erik Johnsen treff med den dystre innleiinga til vêrmeldinga.

Det ser ut til å bli en ganske tøff start på det nye året. Også i dag har det enkelte steder langs kysten av Vestlandet og kysten av Finnmark blåst opp i liten storm. Jeg er redd for at det blir forholdsvis beskjeden kost i forhold til det vi har i vente i morgen.

Statsmeteorolog Jan Erik Johnsen / Dagsrevyen 31. desember 1991

I Selje har Arild Nyheim og Karin Nesbakk, som ho heitte før ekteskapet, allereie mista altanen på huset dei flytta inn i sommaren før. Ut på natta innser både sambuarparet og mange andre langs norskekysten, alvoret. Vinden byggjer seg opp.

Folk kjenner seg ikkje lenger trygge i heimane sine.

– Vi kjende veldig på det då vi gjekk frå festplassen. Når altanen reiste veslejulaftan, korleis ville det bli no? Vi tenkte at det ville vere tryggare i kjellarstova til svigerinna mi, fortel Nesbakk Nyheim.

Svigerinna, og namnesystera, Karin Nyheim bur like i nærleiken saman med ektemannen Kåre. Og det er her det verkeleg blir dramatisk på Flatraket denne første morgonen i 1992.

Klokka er kring 06. Karin Nyheim har framleis ikkje fått blund på augo. Vinden herjar for mykje ute. Det er mange lydar. Ho kjenner på ei uro. Og det med rette. Ho står opp, går inn i stova og ser stoveglasa bøye seg innover.

Karin R. Nyheim

SOV IKKJE: Karin R. Nyheim fekk ikkje sove den stormfulle natta, og fekk i siste liten samla familien i kjellarstova.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ute høyrde eg ulinga frå vinden og noko som slo mot veggen. Så mista vi straumen, fortel svigerinna Karin Nyheim.

Kanskje er det naturkreftene som varslar om dramatikken som er i vente?

For Karin Nyheim er det i alle fall signal om at også ho må få ektemannen og borna i ned kjellarstova, der svigerinna og svogeren allereie er. Det går i siste liten.

– I det vi runden hjørnet og var på veg ned trappa, så knaka det skikkeleg før den tok heile taket og reiste med det, fortel ho.

Mursteinane frå pipa haglar bak dei i det dei kjem seg i tryggleik.

Medan brorparten av landsmennene søv ut nyttårsfeiringa i fred og ro, fryktar mange i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag og Nordland for livet. I kjellarstova på Flatraket sit fire vaksne og fire born.

Gjennom vindauga blir dei hjelpelause vitne til at vinden demonterer den trygge heimen. Taket er for lengst reist, vegger, isolasjon, blomsterpotter, pyntegjenstandar og bygningsmateriale følgjer på og blir bokstaveleg tala spreidde for alle vindar.

– Eg grein og grein og grein, og vart veldig, veldig redd, fortel Karin Nesbakk Nyheim.

Magne Sætren

HALVE STYRKEN: – Det var stort sprik i meldinga. Dei melde berre halve styrken, fortel pensjonert skipper i redningsselskapet, Magne Sætren (77).

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det var kolossalt. Eg har aldri sett slikt hav og råk. Du såg ingenting. Det var heilt kvitt. Det var som å sjå på ein skumtallerken, skildrar Magne Sætren.

I dag er han pensjonert skipper for redningsselskapet i Måløy, noko lenger sørvest frå Flatraket. 77-åringen har det meste av dei 47 yrkesaktive år jobba for redningsselskapet. Han har ridd 28 meter høge bølgjer i Nordsjøen og berga kring 30 sjøfolk frå døden.

Sætren har likevel aldri stått ansikt til ansikt med slike naturkrefter som på nyttårsdagen for 25 år sidan. På den vakta må han også overvinne dei.

Magne Sætren

ER BUDD: – Etter orkanen har eg hatt sementflak i uthuset, som eg kan spikre på dersom vindauge blir knust, seier Magne Sætren.

Foto: Steinar Lote / NRK

Telefonen står ikkje stille. Båtar slit seg og går i fjøra, vinden tek med seg naust og tak. Mest dramatisk blir det når 500 tonn tunge «Star Scandia» slit seg og kjem i drift under lossing av frysevarer ved Raudeberg. Skipet får slått hol og kjem i drift. At også roret blir slått av, gjer det ikkje lettare for mannskapet om bord å manøvrere skipet.

– Dei sende ut mayday, så vi gjekk nordover. Vinden var over 128 knop på toppane, fortel 77-åringen.

Redningsaksjonen blir krevjande. På eit tidspunkt held redningsskøyta sjølv på å havarere. Vinden har teke med seg eit tre etasjar stort naust, som kjem veltande mot redningsskøyta. Taksteinen haglar over redningsskøyta.

– Vi hadde vore ferdige om vindauga på rorhuset hadde knust, seier Sætren.

Vinden har også røska taket av klippfisktørkeriet. Isolasjonen legg seg som eit teppe rundt redningsskøyta. Under krevjande forhold blir det ein langvarig redningsaksjon. Men dei klarer det.

Natt til nyttårsaftan. For å forstå kva krefter som treff norskekysten denne nyttårsdagen for 25 år sidan, må vi endå eitt halvanna døgn tilbake i tid – og langt vekk frå Norge. Ved Newfoundland, på austkysten av Nord-Amerika, møter svært kald og tørr polarluft like varm og fuktig luft frå sør.

Lågtrykket set fart og flyttar seg i 90 kilometer i timen over Atlanterhavet mot norskekysten. Til samanlikning flyttar ein tropisk orkan seg i 18–20 kilometer i timen.

Orkanen feiar over Skottland med full styrke. Uoffisielle målingar viser vindkast på 67 meter i sekundet. To personar mistar livet på øya Unst.

Statsmeteorolog John Smits

RASKT: Statsmeteorolog John Smits seier orkanen kom i stor fart mot kysten av Norge.

Foto: Steinar Lote / NRK

Den då 33 år gamle John Smits er på jobb i Tromsø då illevarslande prognosar og seinare satellittbilete tikkar inn. Midt på dagen nyttårsaftan forstår meteorologane alvoret.

Utan atterhald varslar dei orkan.

– Lågtrykket utvikla seg veldig raskt og brukte vegen over Atlanteren godt. Det utvikla seg til eit polarfrontlågtrykk. Ein «giftig hale» i bakkant forsterka vinden. Det såg veldig skummelt ut, minnest statsmeteorologen.

Skummelt blir berre forbokstaven. Storm av eit slikt kaliber kan komme for kvart 200. år.

Statsmeteorolog John Smits demonstrerer farten i vindkasta under nyttårsorkanen.

SJÅ VIDEO: Statsmeteorolog John Smits demonstrerer farten i dei kraftigaste vindkasta under nyttårsorkanen 1992. (FOTO: STEINAR LOTE (NRK)/STIAN PEDERSEN (NRK LUFTFOTO)/REDIGERING: ODDLEIF LØSET)

Vindmålarar er ikkje bygde for å tole slik vindstyrke, og bryt saman. Middelvinden, snittet på vindstyrken over ein periode på ti minuttar, når enkelte stadar 45–46 meter i sekundet – eller 166 kilometer i timen. Orkan styrke er frå 32,7 meter i sekundet.

Endå sterkare er vindkasta. Offisielle målingar viser vindkast på 62 meter i sekundet. Det svarar til 223 kilometer i timen.

– Det er vindkast som gjer skade. Då er vinden på det sterkaste. Den kjem og går, påverkar konstruksjonar, lettar presset og kjem tilbake. Den riv og slit, og til slutt losnar ting eller rivnar, forklarar Smits.

Orkanen for 25 år sidan gjer skade på nær 34.000 private eigedomar. I kroner og øre gjer han skade for godt over to milliardar kroner.

Nyttårsorkanen 1992 gjorde skade på mellom 50.000 og 60.000 bygningar. Målt i verdi er det den største naturkatastrofen i Norge.

SJÅARVIDEOAR: Det var dramatiske syn som kom for ein dag då naturkreftene roa seg. (FOTO/REDIGERING: PRIVAT/ODDLEIF LØSET/NRK)

– Tropiske orkanar blir gradert frå ein til fem etter Saffir-Simpson-skalaen. Nyttårsorkanen var truleg klasse to på denne skalaen. Det er kraftig det også, og ille nok til å gjere stor skade, seier Smits.

Ein person blir dagen etter funnen omkomen utanfor huset sitt. Det er uvisst om orkanen er årsaka.

Orkanen krev fem liv i dagane etter. Opprydding av stormskadd skog er livsfarleg.

– Av alt det ufattelege som skjedde, så er det mest ufatteleg at det ikkje gjekk fleire menneskeliv tapt når det stod på, seier tidlegare NRK-journalist og programskapar, Oddgeir Bruaset.

Han har møtt 20 av menneska som vart hardt råka, og har laga program og skrive bøker om livet deira etter orkanen .

– Tenk om dette hadde slått inn over land to-tre timar tidlegare, medan folk var i meir eller mindre tvilsam tilstand ute i gatene og feira nyttår. Då han kom, i 04-05-tida, var dei fleste heime og sov. Det var lukka i ulukka, seier han.

Forfattar og tidlegare NRK-journalist Oddgeir Bruaset fortel om ei av dei mange dramatiske historiene frå nyttårsorkanen 1992.

DRAMATISK: Oddgeir Bruaset fortel om dramatikken i Våtedalen då ein bil med to personar vart teken av vinden. (FOTO: Steinar Lote/NRK)

Nyttårsdag 1991. Vinden roar seg utover kvelden i Nordfjord. Orkanen gjer skade langs kysten til Helgeland i Nordland. Det er mange som får eit frykteleg ryddearbeid i lang, lang tid framover.

Huset som i 13 år var heimen til Kåre og Karin Nyheim, er det einaste på Flatraket som har gitt tapt for naturkreftene. Berre kjellarstova, der dei søkte ly, er like heil.

Madrassen der ekteparet skulle vakne for første gang i 1992, er pepra med lekter. Taket er vekke. Vegger er borte. Det er også bilete, blomar og pyntegjenstandar.

Huset til Karin og Kåre Nyheim
Foto: Privat

– Alt var vekke. Folk kom med ting som dei fann. Dei fann ting heilt opp i dalen, og nord i Venøya, mellom ei og to mil unna, fann dei bilete. Men ei gamal kaffikvern som eg tok med meg frå barndomsheimen, fann eg aldri att, legg ho til.

– Kva tenkte du?

– Kva skal du tenkje. Du var komen frå det med livet i behald. Det var berre å byrje på nytt att.

Framleis skal det gå fleire dagar før alle får att straumen og telefonsambandet. Til nyhuset står klart ni månader seinare, bur ekteparet Nyheim hos mor til Kåre.

November 2016. Dei veldige naturkreftene øydela ikkje berre bygningar og kasta rundt på bilar, båtar og campingvogner. Dei herja også med menneska. Hos Karin Nesbakk Nyheim sette den dramatiske nyttårsdagen djupe spor.

Orkanen herja og øydela mykje ute, men han herja og øydela også meg innvendig

Karin Nesbakk Nyheim

Det tok fire år før ho fekk profesjonell hjelp. Den hjelpa trengde ho i mange år. I dag er ho open om vanskane ho sjølv fekk, og tykkjer det er godt å sjå at beredskapen står klar til å følgje opp menneske etter store ulukker og katastrofar.

Det skulle ho ynskt at også ho hadde tilbod om etter nyttårsorkanen i 1992. Redsla sette seg djupt og hardt. Nesbakk Nyheim fann dei første åra god hjelp i familie og unike vener.

Karin Nesbakk Nyheim

REDSLE: Karin Nesbakk Nyheim har på nytt lært seg å leve med vinden, men ho likar framleis ikkje når vinden blir for sterk.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eg vart redd og likte ikkje meldingar om sterk vind. Vi gjorde tiltak i huset for å komme gjennom det, seier ho og fortel at Arild, som året etter orkanen ikkje lenger var sambuar, men ektemann, laga henne eit eige rom.

Rommet er framleis den trygge hamna hennar når vinden blir ille. I starten søkte ho ofte ned hit. Gjerne med ei god bok, eller spel og leikar saman med borna. Det fekk tankane fekk frå vinden som herja ute.

– Eg sat der til eg kjende meg trygg nok til å gå opp att, fortel ho.

– Har det vore eit alternativ å flytte?

– Dei første åra var det vanskeleg, og det var snakk om å flytte herifrå. I dag ville det vere utenkjeleg. Vi har mykje vêr, men her er så gode venner, kollegaer, familie, fint turterreng, nydeleg folk og bademoglegheiter.

Å flytte har heller ikkje vore noko alternativ for svigerinna, Karin Nyheim.

– Eg trur ikkje eg får oppleve det att. Eg håpar eg aldri får oppleve det att, seier ho og bankar i kjøkkenbordet.