Atle Torvanger

MANGE TUNGE TAK: Atle Torvanger brukar jernviljen sin til å nå stadig nye mål.

Foto: Christian Blom

No må han «stao pao» som aldri før

Den tidlegare Sogndal- og Brann-spelaren får bruk for alt han lært om systematisk trening når han jobbar seg opp att etter ei massiv hjernebløding.

SOGNDAL (NRK): Det lyser av vilje når Atle Torvanger (54) tek i. Assistenten hans, Helene Pedersen, oppmuntrar og rettleier. Han blir kanskje ikkje heilt den han ein gong var, men i så fall skal det ikkje stå på innsatsen.

Den 4. september 2016 skjedde det som kasta om på livet til den då 53 år gamle Atle Torvanger og familien hans. Det var tidleg søndag morgon, og han låg i senga si heime i Sogndal.

Skulle ha vore bortreist

Til alt hell, og reint tilfeldig, var kona Wenche heime. Ho skulle eigentleg ha vore på fjelltur i Bremanger den helga, ein tur som hadde vore planlagt i eit halvt år

– Eg skulle vere med på ein tur på Hornelen, men torsdag var det så dårlege vêrmeldingar at eg vart heime. Det synte seg at det vart fint vêr likevel søndag, men det var vel ei meining med det.

Iallfall låg ho i senga saman med ektemannen og kunne syte for at han fekk hjelp kjapt.

– Det kom som lyn frå klar himmel. Etter nokre minutt skjønte eg at det var alvorleg, og då kontakta eg ambulanse. Dei kom etter nokre få minutt, og deretter hadde dei full kontroll.

Wenche og Atle Torvanger

HELL I UHELLET: At kona Wenche var heime då hjerneblødinga råka Atle, var heilt tilfeldig.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fenomenal oppfølging

Atle vart først køyrd til Lærdal sjukehus, og så bar det i helikopter til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Der vart han operert og låg der i to veker. Deretter venta fire månader med rehabilitering på Førde Sentralsjukehus.

Sjølv hugsar han lite eller ingenting frå den første månaden etter hjerneblødinga.

– Men frå november av hugsar eg det meste. Eg må få skryte av sjukehuset i Førde. Det var fenomenal oppfølging heile vegen med god rehabilitering.

– Kva tenkte du i starten då du forstod kva situasjon du var i?

– Det var eit sjokk å få vite at eg hadde så alvorleg sjukdom. Eg tenkte og tenkte. Men så kom eg til at eg berre måtte gjere det beste utav det. Det snudde heilt om på livet, eg måtte lære alt på ny, både å snakke og gå.

Den første tida kommuniserte han med augekontakt og nikking.

– Vi spurde tydeleg og sa kva vi tenkte å gjere. Då fekk vi nikk tilbake. Han kommuniserte også ved å knipe oss i handa på spørsmål. Elles kom taleevna fort tilbake, men det var ikkje lett å forstå han i starten, seier Wenche.

MYKJE TRENING: Slik er store delar av kvardagen for Atle Torvanger. foto: Christian Blom, redigering: Brit Jorunn Svanes.

Mål nummer ein: Feire jul på hytta

Med hjelp av logoped, fysioterapeut og andre spesialistar på Førde Sentralsjukehus, sette Atle i gang med den møysommelege og harde kampen for å kome tilbake. Han sette seg mål. Det første var å få kunne feire jula 2016 på hytta i Bremanger.

– Med god hjelp av brørne mine, Wenche og resten av familien, greidde eg det. Det var lettare å vere på hytta enn heime, for på hytta er alt på eitt plan. Og der trivst vi godt. Vi er frå Bremanger, både Wenche og eg.

Brann i 1988

BRANN-SPELAR: På dette lagbiletet frå 1988 ser vi Atle Torvanger lengst til venstre i andre rekkje.

Foto: Eystein Hanssen / NTB scanpix

Var kaptein på Brann

Som toppidrettsutøvar var Atle Torvanger ikkje ukjend med hard trening for å nå måla han hadde sett seg. Han kom til Sogndal frå Bremanger i 1983 og gjekk rett inn på laget.

I 1988 gjekk han til Brann. Det året var han med på to cupfinalar mot Rosenborg. Atle scora målet som gjorde at Brann fekk omkamp, ein kamp der Rosenborg trekte det lengste strået.

Den atletiske og elegante midtbanespelaren hadde så høg status blant bergensarane at han vart vald til kaptein. Etter 88 offisielle kampar og 18 mål for Brann vende han attende til Sogndal i 1991.

I 1995 la han opp. Då hadde han spelt 345 kampar for Sogndal og sett inn 67 mål. I 2011 kåra lesarane til nettsida til NRK Sogn og Fjordane Atle Torvanger til tidenes midtbanespelarar i Sogndal.

Atle Torvanger på helteeggen i Sogndal

PÅ «HALL OF FAME-VEGGEN»: Biletet av Atle Torvanger flankert av to andre Sogndal-legender, Svein Bakke og Lasse Opseth, i korridoren utanfor spelargarderoben til Sogndal.

Foto: Christian Blom

Men slikt betyr lite no, seier Atle.

– Det er alltid kjekt når det står på. Eg er klar over at eg hadde ein posisjon, men no kan eg seie at det betyr ikkje mykje. Eg tenkjer iallfall ikkje noko på det.

– Ser stor framgang

For no er det fullt fokus på å trene seg opp att. Den eine assistenten hans, Helene Pedersen, seier ho er imponert over framgangen Atle har hatt på det året som har gått sidan han låg i ei sjukehusseng, heilt hjelpelaus.

– Eg ser stor framgang. Eg veit ikkje om han alltid kjenner det slik sjølv, men eg ser det, mellom anna på turane vi går, at vi har gått fortare enn forrige tur. Han pushar seg meir enn dei fleste. På slutten av dagen merkar eg at han er sliten når vi er ferdige. Men det er slik det skal vere.

Helene Pedersen og Atle Torvanger

DET KJEM IKKJE GRATIS: Assistent Helene Pedersen rettleier Atle i ei krevjande øving.

Foto: Christian Blom

Ho er trygg på at han kjem til å nå måla sine.

– Med den ståpåviljen han har greier han det. Men han må vere tolmodig og ta tida til hjelp, så når han måla sine.

Atle har to assistentar, den andre er Olga Marie Nondal Marøy. Ho er med han måndag, tysdag og onsdag. Måndag, torsdag og fredag er assistentane med han på Spenst Idrettssenter, der han trenar styrke måndag og torsdag, kondisjon på fredag.

I tillegg er dei med han på turar rundt om i Sogndal. Yndlingsturen er langs Sjøkanten og langs Sogndalselvi.

Helene Pedersen og Atle Torvanger

DAGLEG TUR: Helene og Atle på tur langs Sogndalselvi.

Foto: Christian Blom

No greier han å gå turar på fleire kilometer, rett nok med hjelp av rullator eller stavar, og taleevna er blitt så god at han gjer seg forstått. Han har enno problem med synet og balansen, og det gjer at han må ha noko å støtte seg til når han går.

– Det har gått framover jamt og trutt heile tida. Men eg er litt utolmodig og har lyst til at ting skal fungere som før, men slik er det jo ikkje. Så eg har avfunne meg med det.

Det neste store målet hans er å kome tilbake i jobben som seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

– Det skal eg greie. Kontoret blir flytta frå Leikanger til Sogndal no i haust. Då er målet å få kome innom og treffe kollegaer og vere med på lunsjen. Så får eg sjå om eg kan gjere nytte for meg etter kvart.

Atle Torvanger

SAKNAR JOBBEN: I denne brosjyren frå Innovasjon Norge fortel Atle Torvanger om utvikling og finansiering av fiskeprodukt fiks ferdig frå fiskebåten.

Foto: Innovasjon Norge

Atle er og veldig oppteken av familien, kona Wenche og borna Tonje, Silje og Jonas. Tonje har gjort det skarpt innan kokkekunsten. Silje spelar fotball som faren gjorde, på damelaget til Kaupanger i 2. divisjon. 15 år gamle Jonas er også fotballspelar.

Wenche fortel at det var heldig for dei at Silje nett hadde flytta heim att frå Bergen då faren vart råka av hjerneblødinga.

– Dermed kunne eg vere med Atle på sjukehuset i Førde og vere trygg på at Jonas hadde det han trengde heime.

Atle Torvanger

FYLGJER GODT MED: Når Atle ikkje trenar syter han for å vere godt oppdatert, mellom anna om korleis dei lokale fotballaga gjer det.

Foto: Christian Blom

Og Wenche, som til liks med Atle kjem frå Bremanger, har vore optimist det meste av tida.

– Sidan han vart overført frå Haukeland til Førde har eg hatt stor tru på at det skal gå rett veg. Eg har heile tida hatt tru på at det skal bli bra til slutt. Kor bra det blir får tida vise.

– Eigentleg er det heilt fantastisk at han er der han er i dag. Han har ein god porsjon vilje. Han er ikkje frå «Brosmelandet» for ingenting. Vi har i tillegg hatt mykje hjelp av mykje familien, brørne hans har stilt godt opp, seier ho.

– Blir betre og betre

I tillegg til turane med assistentane, går Atle og Wenche også turar i nabolaget. Dei har vore ein liten tur i terrenget i Stedjeåsen der dei bur. Då gjekk Atle med stavar.

– Vi har iallfall gått starten av Stedjeåsen. I vårt hovud er det ikkje store biten, men for han er det enormt. Vi er sta og egne begge to, så det blir nok fleire turar, seier Wenche.

– Eg trur at det heile blir betre og betre. Det er ein del ting som må på plass, mellom anna når det gjeld syn og balanse. Talen kjem seg dag for dag. No er det ikkje mykje av det han seier som vi ikkje forstår.

Atle Torvanger på Sogndal-kamp

FYLGJER IVRIG MED: Atle har fast plass på heimekampane til Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fast på heimekampane

Så snart han var i stand til det tok Atle Torvanger til å gå på heimekampane til Sogndal i Eliteserien. Der har han fast plass saman med medlemmene i Seniorklubben, der han er med i styret.

– Det betyr mykje for meg å vere med der og treffe dei andre veteranane i og rundt laget.

– Vi er heldige

Atle og Wenche kan ikkje få fullrost den støtta dei har fått frå det norske velferdssamfunnet.

– Vi er heldige som er fødde på akkurat denne greina. Vi har ikkje noko som er negativt. Ting kunne kanskje ha gått litt kjappare, men vi har fått det vi har bede om. Eigentleg har vi fått meir enn vi har bede om, for dei er flinke til å fortelje oss kva vi treng.

Sogndal kommune har innvilga han 25 timar i veka med noko dei kallar BPA - brukarstyrt personleg assistent, ei ordning som førebels gjeld ut oktober månad. Atle sjølv er godt nøgd med den hjelpa han har fått.

– Særleg dei siste månadene har eg fått all den hjelpa eg treng, både assistentar og behandling på Sogndal helse- og omsorgssenter. Det offentlege har fungert optimalt, vil eg seie. I april var eg på Beitostølen Helsesportsenter, elles har eg vore her i kommunen eller på sjukehuset i Førde.

Wenche og Atle Torvanger

HAR TRU PÅ VIDARE FRAMGANG: Wenche og Atle Torvanger.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK