Nellie Hilde Hauge med munnbind og hanskar på hesten sin
Foto: Privat

Kreftsjuke Nellie nekta å gje opp hesten

FØRDE (NRK): Legane meinte immunforsvaret til Nellie Hilde Hauge var for svakt til at ho kunne vere med hesten sin, men tenåringsjenta nekta å la dei bestemme.

– Om eg sjølv skulle få kreft vil eg prøve å vere som Nellie. Ho stod på uansett. Då eg såg måten ho kjempa på, tenkte eg at eg aldri hadde klart det sjølv.

Malene Hamn Elnes snakkar stilt, men kraftfullt om den døde klassevenninna si. Venninna som lo og tulla sjølv om ho ikkje visste kor lenge ho hadde att. Venninna som tok på seg munnbind og hanskar for å få køyre hesten legane ville nekte ho kontakt med, fordi immunforsvaret hennar var så svakt.

Bilete øvst i saka er frå sommaren 2014 og viser Nellie slik venninnene hugsar ho, sterk og full av livsvilje. Sjølv om var på sitt sjukaste og venta på stamcelletransplantasjon, berre måtte ho vere med hesten sin.

– Frisko betydde mykje for ho. Han fekk ho til å kjempe endå hardare mot sjukdomen.

Motet, viljen og styrken til Nellie Hilde Hauge imponerte alle rundt ho. Ti månader etter at tenåringsjenta døydde, vil klassekameratane samle inn pengar til andre som kan hamne i same situasjon.

– Når nokon som er så nær deg mistar livet, så vil du at andre skal kunne ha det godt når dei veit at dei skal døy, seier Malene.

Lena Christin Birkelid Gjerde og Malene Hamn Elnes

ENGASJERTE: Lena Christin Birkelid Gjerde og Malene Hamn Elnes har sett korleis kreften tappa ei venninne for krefter. No skal heile klassen samle inn pengar til kreftsaka.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Nellie Hilde Hauge frå Utvik i Stryn var frisk og aktiv då ho vinteren 2011 fekk influensa. Medan storesøskena og foreldra kom seg til igjen, vart ikkje 14-åringen heilt frisk att. Men den unge jenta var sta. Ho nekta for at ho var sjuk og ville ikkje reise til legen, fortel mora Jorunn Hilde.

– Etter kvart mista ho matlysta og vart bleik. Ein søndag føremiddag svima ho av i gangen. Då bar det av garde til sjukehus.

I løpet av nokre timar var dottera innom tre sjukehus. Legane sin beskjed var brutal, den 14 år gamle jenta hadde akutt leukemi, også kalla blodkreft. For niandeklassingen vart dette starten på ein kamp for livet.

Dei neste åra vart prega av lange periodar med lågt immunforsvar, der ho var inn og ut av sjukehus. Først for cellegiftbehandling og seinare for behandling med tablettar. I 2012 fullførte ho tiandeklasse. Då hadde sjukdomen allereie peika ut vegen vidare.

– Ho hadde planar om å bli sjukepleiar, så valet om å gå helse- og sosial på vidaregåande tok ho medan ho var sjuk, fortel mora.

Samtidig hadde 14-åringen lagt sin elsk på hestar. Foreldra såg korleis nærkontakten med dei mektige dyra gav jenta stor glede. Dei kjøpte ho ein eigen hest, Frisko, og ved sidan av skulen gjekk all hennar tid med til den nye hobbyen. Då hausten 2013 kom skifta Nellie skule. Frisko vart med til hestelinja på Mo vidaregåande skule i Førde og omtrent samtidig vart tenåringsjenta friskmeld.

Nellie Hilde Hauge og hesten Frisko

FRISKO: Fjordingen Frisko var svært viktig for Nellie Hilde Hauge då ho var sjuk. Bilete er teke første året då ho gjekk på hestelinja på Mo vidaregåande i Førde.

Foto: Privat

– Nellie var den gladaste personen i verda. Ho hadde alltid ei smil om munnen, fortel Malene Hamn Elnes.

Dei to jentene vart klassevenninner og delte lidenskapen for hest. Utover hausten brukte dei mykje tid saman. Men neste vår måtte Nellie dele ein vond beskjed med klassen sin. Ho hadde fått tilbakefall, igjen hadde kreftcellene teke over styringa.

På ny vart ho innlagt på sjukehus, før ho sommaren 2014 fekk ein stamcelletransplantasjon. Det neste året var Nellie for sjuk til å vere på skulen. For klassekameratane var det tungt å ikkje vite korleis det kom til å gå.

– Men ho var open om sjukdomen og prøvde å gjere det positive ut av alt. Uansett kor mørkt og vondt ting var, fortel Malene.

Hausten 2015 var Nellie endeleg frisk nok til å ta opp att skulegangen. På Mo visste alle klassekameratane at ho kjempa ein tøff kamp. Men ingen fekk behandle ho annleis.

– Ho hata at folk synst synd på ho. Det ville ho ikkje ha noko av. Eg trur det er litt av grunnen til at ho var så open om sjukdomen. Då vart det lettare for oss rundt å handtere det, seier Lena Christin Birkelid Gjerde som også vart klassevenninne med Nellie denne hausten.

Utover vinteren såg jentene at venninna vart svakare. I februar konstaterte legane nok eit tilbakefall.

– Eg trur ho skjønte at det ikkje gjekk lenger... Men ho gav ikkje opp, seier Malene.

Tre månader seinare, 6. mai 2016, måtte Nellie gje tapt for sjukdomen.

– Det kom som eit sjokk for alle i klassen. Sjølv om ikkje alle stod ho like nær, så gjekk det inn på alle. Når ein person i klassen vår ikkje klarer å fullføre året, fordi ho dør… Då går det inn på oss, seier Malene.

Nellie Hilde Hauge og hestane hennar

LIDENSKAP: Nellie Hilde Hauge fekk etterkvart tre hestar. Ein fjording og to mini shetlandsponniar. I lange periodar var ho så sjuk at ho berre orka å sitje med dei stallen, men det var ei slags form for terapi for ho. Bilete er teke i april 2015.

Foto: Privat

Før Nellie døydde hadde ho gjort stort inntrykk på klassekameratane. Når russen i Sogn og Fjordane denne veka deltek på den årlege innsamlinga til Kreftforeininga – Krafttak mot Kreft, er det med ekstra stort engasjement.

Målet med årets aksjon er å gje kreftpasientar med ulækjeleg kreft flest mogleg leveår og best mogleg livskvalitet.

– Desse ungdomane har opplevd det verste, at nokon døyr av kreft. Sjølv om stadig fleire overlever kreft, er det dessverre framleis ein del som ikkje gjer det, seier Tone Sellevoll som er sjukepleiar og rådgjevar i Kreftforeningen.

Tone Sellevoll

GODE DAGAR: Tone Sellevoll i Kreftforeininga i Sogn og Fjordane seier fokuset for årets innsamlingsaksjon er å gje kreftsjuke som ikkje vil overleve flest mogleg gode dagar.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Ho seier det er svært viktig at kreftsjuke som Nellie vel å vere opne om sjukdomen sin.

– Ein kreftsjukdom påverkar heile familien, vener, arbeidskollegaer og som i dette tilfellet skulekameratar, seier ho.

Ein av tre vil få kreft i løpet av livet. Sju av ti er i live fem år etter dei har fått diagnosen og blir kreftfrie, men det er framleis tre av ti som ikkje overlever. Det er desse Kreftforeininga har fokus på i årets aksjon.

– Vi samlar inn pengar til forsking og tiltak slik at dei sjuke og dei pårørande til dei sjuke har det best mogleg, og at dei sjuke kan leve lengst mogleg med sjukdomen.

I fjor vart det samla inn til saman over 37 millionar kroner under innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft. Sogn og Fjordane bidrog med 1.350.000 kroner.

Russen i Sogn og Fjordane har som tradisjon å gå med bøsser, og russen i Førde samla i fjor inn 173.500 kroner. For ungdomane på Mo er målet å heidre den døde klassevenninna med å få inn endå meir pengar.

– Det dei gjer er veldig bra. Det er så rørande. Vi veit at Nellie gjorde inntrykk på veldig, veldig mange. Ho hadde sett veldig pris på dette, seier mora til Nellie, Jorunn Hilde.

For Malene Hamn Elnes og Lena Christin Birkelid Gjerde har det å vere tett på ei kreftsjuk klassevenninne fått dei til å sjå annleis på livet.

– Ho var ein inspirasjon. Vi ser at vi ikkje berre kan gå rett gjennom livet. Livet er skjørt. Når slike ting skjer nært deg, så set ein litt meir pris på det.