Norodd Baug

UPRAKTISKE KOMMUNEGRENSER: – Folket i Nessane og Lånefjorden brukar tenestene i Høyanger mykje meir enn i Balestrand sentrum, seier leiar Norodd Baug i Nesse grendelag, her ved inngangsporten til Nesse oppvekstsenter, bygd i 2005.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mista skulen - no vil Norodd byta kommune

NESSANE (NRK): Tida er inne for å justera utdaterte kommunegrenser, meiner Regjeringa. Grendelagsleiar Norodd Baug og bygdefolket på Nessane vil byta kommune til Høyanger.

– Å tapa skulekampen var surt – og noko som gjekk inn på dei fleste i bygda.

Norodd Baug, leiar i Nesse grendelag, låser opp døra til eit av dei tomme klasseromma ved Nesse oppvekstsenter. I barnehageavdelinga byggjer ungane ein diger haug i sandkassen, men 11 år etter at skulen blei rusta opp, er det blitt heilt stilt i klasseromma: Tavla er grøn og blank, og stolane er snudde opp ned på pultane, som ikkje har vore i bruk på mange månader.

I fjor la nemleg Balestrand kommune ned utkantskulen. Det sette fyr på noko som har ulma lenge i bygda: ønsket om å byta kommune.

Regjeringa: – Tida er inne

Etter at Høyangertunnelen kom i 1982 og Høyanger sentrum berre blei tjue minuttar unna, har viljen til å gå til nabokommunen i vest auka i kraft, fortel Baug:

Nessane

FRÅFLYTTINGSBYGD: Då skulen på Nessane blei lagd ned i 2015, flytta mange. På tre år har innbyggjartalet gått på Nessane ned frå 140 (2013) til 113 (2016).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me brukar tenestene i Høyanger mykje meir enn i Balestrand sentrum: Mange av ungane våre går på vidaregåande skule der. Folk brukar fritidstilboda, går til legen og handlar i Høyanger, for det er mykje nærare enn Balestrand.

Nye bruer, tunnelar og vegar har gjort mange kommunegrenser utdaterte. Difor er det mange bygder og grender i landet som ønskjer å byta kommune. At det kjem opp no, har Regjeringa ikkje noko i mot.

– Tida er inne no. Me ønskjer at spørsmål om å justera kommunegrenser skal sjåast i samanheng med det pågåande arbeidet med kommunereforma, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Grensestrid i Vestfold

Grete Ellingsen

UTDATERTE GRENSER: – Det er kjempeviktig at innbyggjarar som ønskjer å justera grensene, brukar dette høvet, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Øystein Nygård / NRK

– Det er kjempeviktig at innbyggjarane i bygder eller grender, som ønskjer å justera grensene, brukar dette høvet og gjer kommunen sin og Fylkesmannen merksame på kva dei vil, seier Ellingsen.

I Vestfold og Aust-Agder er det kome søknader om å justera kommunegrenser. Det har skapt reaksjonar. I til dømes Stokke kommune har Vear og Hogsnes sitt ønskje om å byta kommune til Tønsberg vore heftig debattert. Før jul skar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) gjennom og bestemte av kommunegrensa skulle justerast.

Innbyggjarane kan ta initiativet

Justering av kommunegrenser – og deling av kommunar – er regulert av Inndelingslova. Ei justering er ei mindre endring av ei kommunegrense, medan Regjeringa foreslår at ei kommunedeling må omfatta meir enn 25 prosent av arealet og innbyggjarane i kommunen (sjå eigen faktaboks om korleis kommunegrenser kan bli justerte).

Kåre Træen

EIT LANGT ARBEID: – Ønske om å justera kommunegrensene vil òg koma opp framover når det nye kommunekartet i landet er bestemt, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Innbyggjarane kan ta initiativ til ei grensejustering og senda ein søknad til Fylkesmannen. I søknaden skal innbyggjarane foreslå nye grenser og grunngi ønsket sitt, til dømes med endring i kommunikasjonar, bruk av offentlege tenester, fritids- og kulturtilbod, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Træen er prosjektleiar for kommunereformarbeidet i vestlandsfylket. Han meiner at også kommunestyra må bruka dette høvet til å få justert upraktiske grenser:

– Det er viktig akkurat no, fordi kommunane innan 1. juli skal gjera vedtak om dei vil slå seg saman med andre eller om dei framleis ønskjer å stå åleine. I denne kommunereformsaka bør kommunestyra ta opp grensejusteringsspørsmål viss det er slike i den aktuelle kommunen, seier Træen.

Underskrifter for kommunebyte

I fjor haust leverte grendelagsleiar Norodd Baug på Nessane 102 underskrifter til ordføraren i Balestrand. Kravet skulle ikkje vera til å misforstå: Nessingane ville byta kommune til Høyanger.

Underskriftslister Nessane

OPPRØR: Grendelagsleiar Norodd Baug leverte 102 underskrifter til Balestrands-ordførar Harald Offerdal i september i fjor.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kommunestyret i Balestrand vedtok å ikkje ta stilling til kravet frå Nesse grendelag og avventa folkerøystinga 23. mai og den endelege kommunereformavgjerda i kommunestyret 16. juni. Kommunestyret viste elles til at nessingane på eige initiativ kunne søkja om å få justert kommunegrensa.

Ein slik søknad arbeider Nesse grendelag med no.

Ordføraren er uroleg

Når innbyggjarane i Balestrand kommune går til valurnene i mai, kan dei røysta på tre alternativ:

  1. Ei samanslåing med Sogndal, Leikanger og Vik
  2. Ei samanslåing med Høyanger og Hyllestad
  3. Balestrand skal halda fram som eigen kommune

Ei innbyggjargransking i fjor viste at det fyrste alternativet hadde størst oppslutnad medan det andre alternativet hadde minst.

Harald Offerdal

MED TUNGT HJARTE: – Viss Balestrand blir verande åleine, håpar eg at Nessane framleis blir i kommunen, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viss Balestrand snur seg innover Sognefjorden og går inn i ein storkommune med Sogndal, kjem kommunesenteret til å vera over éin times køyring – og ei ferje – frå Nessane. Då forstår ordførar Harald Offerdal (Ap) at Nessane og Lånefjorden går utover til Høyanger.

Men blir Balestrand ståande åleine, er Offerdal uroleg for å missa bygda i vest.

– For det fyrste blir det færre innbyggjarar og dermed mindre inntekter til kommunen. For det andre misser me ei livskraftig grend i den eine enden av kommunen.

Sogn

Ei attraktiv bygd

Femti år etter den førre store justeringsrunden av kommunegrenser i landet ligg det an til ei ny kommunal storreingjering. Den gongen, som no, er nye kommunikasjonar ein viktig drivar.

For bygdene i Sogn var lenge fjorden samferdselsåra. Difor var det ikkje unaturleg at til dømes nordsidebygda Nessane høyrde til sørsidekommunen Vik fram til 1964.

Men då Nessane fekk vegutløysing til Balestrand sentrum på 1960-talet, pressa eit hopehav med Balestrand kommune seg fram, på same måten som tunnelsambandet med Høyanger i dag gjer det naturleg å byta kommune på nytt, slik grendelagsleiar Norodd Baug og eit stort fleirtal av folket i Nessane og Lånefjorden ser det.

Og med ei rik industrihistorie, mange gode arbeidsplassar og moglegheiter for kraftutbygging, meiner Baug at nessingane skulle vera attraktive for Høyanger.

– Me har mange verdiar som burde vera interessant. Og dette som me yter til storsamfunnet, burde me òg få att noko for.

– Som til dømes å få opna opp att skulen?

– Ja, det håpar me. Her i utkanten er me vande med å klara oss sjølv med det meste. Men akkurat skulen er ei grunnleggjande teneste som me meiner at me har krav på, seier Baug.

Etter at grendaskulen i ytre del av Balestrand blei lagt ned og elveane har fått ein time lenger skuleveg, vil folket der heller bli ein del av nabokommunen Høyanger. No har de starta underskriftsaksjon.

NESSINGANE VIL TIL HØYANGER: Sjå fjernsynsinnslag frå 25. september 2015.