Bygdelaget i Ikjefjorden

KRAFTMILLIONAR PÅ SPEL I IKJEFJORD: - Me har hatt det godt i Høyanger, men kommunikasjonane mot Gulen og Masfjorden er betre, og mange av fritidsaktivitetane er der, seier bygdelagsleiar Kristin Myren (f.v.), lokalpolitikar Oddvar Østerbø og tidlegare bygdelagsleiar Terje Instefjord.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei vil byta kommune og tek med kraftmillionar

IKJEFJORD (NRK): Regjeringa vil ikkje stoppa bygder som vil byta kommune, sjølv om det kjem store kraftinntekter frå området. I Ikjefjord vil folket til Gulen; det kan bety milliontap for Høyanger.

– Her har det vore ein del selskap, humrar Terje Instefjord.

Den nyleg avgåtte bygdelagsleiaren i Ikjefjord viser veg inn i det velhaldne grendehuset i bygda. I dette forsamlingshuset, som vanlegvis rommar konfirmasjonar og bygdefestar, fann det stad eit historisk politisk vedtak rett etter påske:

Eit fleirtal av ikjefjordingane som møtte opp på årsmøtet i bygdelaget, vedtok å senda eit brev til Gulen og Masfjorden. Der bad innbyggjarane - som i dag høyrer til Høyanger - om at kommunane i vest tek Ikjefjord med i drøftingane om ein ny storkommune.

Har snakka om kommunebyte lenge

– Folk har snakka om kommuneskifte lenge, og me ville greia ut eit alternativ til dei intensjonsavtalane som Høyanger har forhandla fram med kommunane Balestrand og Hyllestad på nordsida. Dei avtalane er ikkje så mykje å røysta over for oss, seier Instefjord.

Østerbø i Ikjefjord

KRAFTIDYLL: I fjella over dei 80 innbyggjarane i Ikjefjord blir rennane vatn skapt om lukrative kraftinntekter, som Høyanger kommune kan missa viss ikjefjordingane går til Gulen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ikjefjord ligg nemleg på sørsida av den djupe, breie Sognefjorden og er over éin time i bil og ferje unna kommunesenteret Høyanger, som ligg på nordsida. Då Ikjefjord gjekk inn i Høyanger kommune for femti år sidan, var det fjorden som knytte saman. I dag er han ei stengsle.

Ikjefjordingane har av naturgitte grunnar difor meir å gjera med folket i Gulen og Masfjorden. Bedriftene og lags- og organisasjonslivet i bygda har nært samarbeid med nabokommunane i vest og sør.

– Vi har hatt det godt i Høyanger, men avstanden har ikkje vorte kortare med tida, seier Instefjord.

Ordføraren kvapp

– Eg skal ærleg innrømma at eg skvatt litt då eg såg brevet, seier ordførar Petter Sortland (Ap) i Høyanger.

Petter Sortland

OVER 10 KRAFTMILLIONAR I SPEL: Petter Sortland i Høyanger er ordførar i ein av mange kraftkommunar som kan mista store kraftinntekter viss byger byter kommune. Her snakkar Sortland snakkar om kommunereform for Lavik pensjonistlag.

Sortland har ingen innbyggjarar å mista. Men det er òg eit anna forhold som gjer Ikjefjord og dei andre bygdene på Høyanger sørside verdifulle for industrikommunen.

Oppe under dei kvite nutane i sør blir nemleg store fjellvatn skapte om til lukrativ vasskraft, som gir Høyanger kommune millioninntekter kvart år. Men viss grendene vender gamlekommunen ryggen, kan denne rikdomskjelda turka inn for Sortland.

– Kommunen misser 350 innbyggjarar. Og me misser store kraftinntekter, såkalla tikkeinntekter, som kjem av seg sjølv, seier Sortland.

Med dagens kraftpris får Høyanger i overkant av 10 millionar kroner frå BKK sine kraftanlegg på sørsida.

– Det er ikkje mange år sidan inntektene var dobbelt så store, så dette har innverknad på velferda til innbyggjarane i kommunen, seier Sortland.

Kommunebyter

Stort potensial for konflikt

Høyanger er ein av 173 kraftkommunar i landet. I mange av desse er det venta strid, der kraftrike bygder og grender ønskjer å byta kommune.

I 2011 sa Stoltenberg-regjeringa nei då to bygder i Vaksdal kommune i Hordaland - Eksingedalen og Eidslandet - ville gå over til Modalen. Grunnen var at det nettopp kom store kraftinntekter frå bygdene, som Vaksdal då ville ha mista.

Grete Ellingsen

UTDATERTE GRENSER: – Det er kjempeviktig at innbyggjarar som ønskjer å justera grensene, brukar dette høvet, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Øystein Nygård / NRK

Samstundes med dette avslaget starta den dåverande regjeringa eit lovendingsarbeidet akkurat på dette punktet. Konklusjonen blei å halda fram med den gamle ordninga - nemleg at kommunar som blir råka av ei kommunegrensjustering, sjølve forhandlar fram ein avtale om korleis kraftkronene skal fordelast ved eit kommuneskifte.

Regjeringa vil difor ikkje i utgangspunktet gripa inn og stoppa kraftrike grender som vil byta kommune, seier statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Kommunane står fritt til å avtala seg imellom korleis inntektene skal fordelast - både i det ein går ut av og det ein eventuelt går inn i.

Attraktive kraftinntekter

På same tid oppfordrar Ellingsen og Regjeringa bygder som ønskjer å justera kommunengrensene, å gjera det no - samband med kommunereforma.

For Høyanger kan altså det bety eit stort inntektstap, og det kan skapa konflikt i mange andre vasskraftkommunar dersom fleire bygde- og grendelag gjer som Ikjefjord.

Kor mange kraftkroner som høyrer konkret til Ikjefjord, kan verken kraftselskapet BKK eller Norges vassdrags- og energidirektorat - som har ansvaret for å rekna ut kor mykje kraft kommunene skal få, og prisen som skal setjast på konsesjonskrafta (sjå faktaboks) - svara på i dag, fordi det vil vera eit komplisert og tidkrevjande reknestykke å gjera. Og det plar òg føra med seg fleire klagerundar frå partane.

Hallvard Oppedal

JA TAKK: Gulen-ordførar Hallvard Oppedal kan få nye millioninntekter viss dei kraftrike nabobygdene i aust går til hans kommune.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viss Ikjefjord og og dei andre kraftrike nabobygdene skulle snu seg vest- og sørover, har ikkje Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) akkurat noko i mot nye kraftmillionar til kommunekassa:

– Me seier ikkje nei takk til det. Men eg vel å sjå på det felles bu- og arbeidsmarknadsområdet. Så eg forstår engasjementet i Ikjefjord, og Gulen har ikkje noko i mot at dei skal koma hit.

Sørsida må stå saman

Høyanger er ein av få kommunar i landet som er delt i to av ein fjord, og nettopp Sognefjorden kan om få år vil bli den nye fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland.

Grunnen er at sørsidekommunane Gulen, Vik og Aurland alle vurderer å slå seg saman med kommunar i Hordaland. Då kan òg dei kraftrike sørsidebygdene i Høyanger gå med i dragsuget.

Oddvar Østerbø

IKJEFJORDEN SINE VERDIAR: Ein stor del av kraftinntektene frå BKK sine anlegg kjem frå Ikjefjorden, seier Oddvar Østerbø, som har vore kommunestyrerepresentant for Høgre i Høyanger i 32 år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Terje Instefjord meiner at heile sørsida høyrer saman og burde fara i lag om det skulle bli kommunebyte:

– I Bjordal som ligg aust for oss, midt på sørsida, har kommunebyte vore mykje omsnakka, men når ein kjem lengst inn, i Ortnevik, er stemninga ei anna. Dei har i dag ferje til Nordeide, nokre kilometer utanfor kommunesenteret, og er redde for å missa dette sambandet viss dei hoppar over til Gulen, seier Instefjord.

Hatt det godt i Høyanger

På grendehuset i Ikjefjord har mangeårig lokalpolitikar Helge Østerbø sett fram stolar og byrjar å snakka kommunereform med Instefjord og den nye bygdelagsleiaren Kristin Myren.

Kristin Myren og Terje Instefjord

FRAMTIDA I ARMANE: – Det kan til ein viss grad vera lettare å kopla seg på veksten som skjer nord for Bergen viss me byter kommune, seier leiar i Ikjefjord bygdelag, Kristin Myren, her saman med vesle Vegard (2 månader) og den tidlegare bygdelagsleiaren Terje Instefjord.

– Me har hatt gode tenester i Høyanger. Men nye kommunikasjonar og reise- og handlevanar gjer det naturleg å greia ut ei alternativ samanslåing for oss på sørsida. Ikjefjord vil vera attraktiv for ein kvar kommune på grunn av kraftinntektene. Men me har òg mange dyktige folk i bygda, seier Østerbø.

Kan hindra fråflytting

Kristin Myren sit med framtida til Ikjefjord i armane, der ho byssar på den to månader gamle guten sin, Vegard. Myren har sjølv vore vekke frå bygda for å studera, men flytta heim att for tre år sidan og driv eit eige kommunikasjonsfirma:

– Kvar sjølve kommunesenteret ligg, er ikkje avgjerande for ein småbarnsfamilie. Det er kvar skulen, barnehagen og helsetenestene ligg, som er viktig. Me har ein god skule og barnehage i dag. I dag søkjer dei yngste ut av bygda, medan det på andre sida av kommunegrensa - i Oppedal, Brekke og Masfjorden - flyttar mange unge heim. Å kunne vera ein del av ei slik utvikling kan vera gunstig for Ikjefjord.