Lars Guddal har scora 25 prosent av alle måla i Oppstryn si 37 år lange fotballhistorie.

UNIK: Lars Guddal er ein smålåten storscorar.

Måltjuven

OPPSTRYN (NRK): Gløym Ronaldo og Pelé. Det er Lars Guddal du må stole på om det verkeleg skal skårast mål.

Rett nok ikkje på Estadio Santiago Bernabeu i Madrid, men på ei ganske så ny og fin bane i Oppstryn. Og heller ikkje La Liga, men i 6. divisjon i Sogn og Fjordane. Lågare divisjon finst ikkje, men større målskårar finst knapt nok heller ikkje.

Lat oss ta litt tørre fakta først:

  • Namn: Lars Guddal, 42 år
  • 353 kampar for Oppstryn
  • Har skåra 372 mål
  • Har laga 43 hat-trick
  • Har skåra 25 prosent av alle måla i klubben si historie

– Ofte er det sikkert litt flaks, litt varierande trur eg. Eg veit ikkje kvifor. Det har blitt nokon mål etter kvart. For meg har det berre blitt slik, seier måltjuven sjølv til NRK.

Han er ikkje heilt trygg på dette med å fortelje om sine eigne prestasjonar sidan han starta som fotballspelar på A-laget i 1991. Det er aldri pressekonferansar etter at dei har vunne, det er aldri eit folkekrav at trenarar må gå etter tap.

Når vi prøver å få han til å fortelje om kvifor han år etter år etter år akslar fotballdrakta, dreg på seg strømpene og knyter fotballskoa, så berre ler han. Dette er vel inga sak?

– Det er veldig sosialt, ein fin måte å halde seg i form på, og så er det no veldig kjekt å score mål. Eg prøvar no kvar kamp.

Lars Guddal i Oppstryn

MANNEN OG BANA: Lars Guddal er også svært engasjert i å halde fotballanlegget i bygda i hevd.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein skårar ikkje åleine

Og det har han gjort til gagns. Sidan starten har han i snitt skåra meir enn eitt mål i alle kampane han har spelt for laget frå bygda han er så glad i. I to sesongar lét han seg lokke ned til Stryn for ete kirsebær med dei litt større. Då halverte Oppstryn målstatistikken sin.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, er no berre slikt som skjer. Men ein er jo avhengig av gode folk rundt seg også. Ein scorar ikkje åleine, seier Lars og ler litt skjelmsk.

Ståle Sunde er mannen som har laga den nitide statistikken over alle Oppstryn sine spelarar sidan starten. Han veit kven som var på bana i alle kampane, han veit kven som fekk gule og raude kort – og han veit alt om målkongen Lars Guddal.

– For nokre veker sidan scora han Oppstryn sitt mål nummer 1500. Då kan ein sjå at Lars har temmeleg nøyaktig 25 prosent av dei måla. Han var seks år gamal då laget blei stifta, og dermed så har han vel ikkje vore med dei 11 første sesongane. Han har vore den desidert viktigaste målscoraren.

– Skal klare nokre år til

Sunde ramsar opp tal på tal for, og vi blir raskt overtydde om at han har rett i at Oppstryn med og utan Lars Guddal mildt sagt er to forskjellige fotballag.

– Eg har statistikk som syner at han har scora seks mål i ein kamp, det var i 2011. Han har også scora i 16 kampar på rad. Dette er jo soleklare rekordar. Han har vore heilt avgjerande for at vi har kunne hevda oss oppe i 5. og 4. divisjon. Eg vil tru at han har vore toppscorar i tjue sesongar på rad.

Sjølv meiner Lars at nok finst mange andre som han rundt i fotballklubbar i dei lågare divisjonane i Norge. At Ståle har statistikken på plass, gjer det berre enda artigare å stille til kvar kamp. Trass i sine 42 år.

– Om ein får trene godt, så skal eg no klare nokre år til. Eg er no litt eldre enn dei fleste etter kvart. For eit par veker sidan var eg dobbelt så gamal som nummer to på laget. Men det kjennest ikkje slik ut.

Lars Guddal i Oppstryn

IKKJE TRONGT: Innbytarbenken er ikkje utsliten av Lars. Det er heller aldri trongt der.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Han er ein viktig mentor

Medspelar Håvard Sandvik Sæterlid er ein av desse ungkalvane som Lars Guddal får leike med når Oppstryn skal spele sine kampar i 6. divisjon. Han kan knapt få gje nok ros til den historiske målskåraren.

– Han har ei utruleg stor betydning, både på og utanfor bana. Det han seier og meiner, slik blir det. Han er ein viktig mentor for alle i gruppa. Han har masse erfaring.

– Trur du nokon vil klare å gjere det same som Lars har gjort?

– Det er så rått. Tvilar på at nokon vil greie det same, det er ein enorm prestasjon. At han har driv og guts enda er imponerande. Når han får ballen, så blir det alltid farleg.

Det er kamptid når NRK møter Lars Guddal og dei andre spelarane i Oppstryn. Mellom ville fjell og fagre vatn er det Breimsbygda / Jølster 2 som er motstandar. Den lokale fotballhistorikaren Ståle Sunde er sikker i si sak.

– Lars kjem nok til å skåre i dag også.

Klarte han å skåre?

Kampen bølgjer fram og tilbake, mest tilbake for Oppstryn sin del rett nok. Når dommar Rune Haugland frå Haugen IL bles for full tid står det 1–5 på dommarkortet. Noko skimrande lystavle er det ikkje på stadion i dalen.

Men det står noko anna også: Målskårarar for Breimsbygda: Kjetil Løkke Vie (2), Daniel Klakegg, Øyvind Løkke Vie og Stig Henning Sunde. For Oppstryn er det skrive ned ein målskårar: Lars Guddal.

– Det blir sikkert kjekt når eg blir gamal og kan sjå tilbake på det. Sjølv om det er lågaste divisjon no så er det artig likevel, seier Lars, som også er spelande trenar for Oppstryn.

Måltjuven som faktisk skåra mål nummer 500, 1000 og 1500 i klubbhistoria til Oppstryn.