Reidar Tveit

STORT SAKN: Reidar Tveit med biletet av Berit, som gjekk bort for to år sidan.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Livet vart tungt då Berit døydde

Reidar Tveit (96) var som ordførar i 12 år med på å byggje opp Førde. No lever han utan ho som var ein så viktig del av livet, Berit.

FØRDE (NRK): – I november er det to år sidan Berit døydde. Det var tungt etterpå, ho var eit fantastisk menneske. Ho var med på alle flyttingane mine, så ho har ofra mykje. Men vi hadde det veldig godt i lag.

Berit og Reidar Tveit var for mange eit godt bilete på aldrande kjærleik. Etter at Reidar pensjonerte seg i 1989 var dei sjeldan å sjå kvar for seg. No har han forsona seg med at han må leve åleine.

– Det blir veldig einsamt rundt deg når du blir så gamal, mange av venene er borte. Men eg har kompensert ved å bli medlem av Seniorkoret, og i tillegg har eg vore leiar i det fylkeskommunale eldrerådet.

I 2014 vart Berit og Reidar intervjua av NRK om korleis dei feira 17. mai før i tida. Her kan du lese den artikkelen.

Berit Tveit og Reidar Tveit

LUKKELEGE TIDER: Berit og Reidar Tveit.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Kan takke alfabetet for Berit

Reidar Tveit var ordførar i Førde frå 1968 til 1980, ein periode med stor vekst. Det er noko vi skal kome tilbake til.

For vi skal tilbake til 1943. Reidar Tveit var tannlegestudent i Oslo. På studiet hadde han treft Berit Østensen frå Slemmestad.

– Det var veldig tilfeldig. Ho gjekk på tannpleiarutdanning på Tannlegehøgskulen. Og sidan Østensen og Tveit var nær alfabetisk vart det til at ho skulle assisterte meg når eg hadde pasientar. Og det vart til at eg trengde meir og meir hjelp, seier Reidar med eit lurt smil.

Arrestert av tyskarane

Dei vart eit par. Men så, den 30. november 1943, vart Reidar Tveit arrestert av den tyske okkupasjonsmakta. det same skjedde med rundt tusen andre norske studentar. Tyskarane var ikkje nøgd med haldninga deira.

Reidar hadde vore litt med i illegalt arbeid, men det var ikkje det han vart arrestert for.

– Eg vart teken på gata, av same grunn som dei andre. Eg var i forhøyr, men fekk aldri vite noko konkret, men det var vel ein eller annan aktivitet som dei nazivenlege hadde irritert seg over. Det handla mest om at studentane generelt var fiendtleg innstilte til okkupasjonsmakta.

Dei vart samla i aulaen på Universitetet.

– Der kom framståande tyske nazistar og heldt tordentalar for oss. Etter det vart vi sende med tog til Larvik, og derifrå marsjerte vi til Stavern.

Det vart Reidar sittande i ein leir til 7. januar 1944. Bror hans vart send til Tyskland i desember.

– Vi reiste via Oslo med "Donau". Vi var først i nærleiken av Stettin, seinare vart vi samla i Buchenwald, som ligg i Thüringen, midt i Tyskland.

Vaktårnet i Buchenwald

«HEIMEN» I OVER EITT ÅR: Vakttårnet i konsentrasjonsleiren Buchenwald.

Hunger og brutalitet

Der vart han vitne til kva som kan skje når folk får lov til å dyrke dei verste sidene av seg sjølv.

– Det var forferdeleg uvant for oss, det var så mykje brutalitet, det var hunger i leiren. Det var fangar som hadde det veldig ille, mange vart mishandla.

Sjølv meiner han at han kom heldig frå det, samanlikna med mange andre.

– Vi var ute på arbeidskommando, og det var knapt med mat. Men etter ei stund fekk vi lov å hente Røde Kors-pakkar som vart sende til oss. Så samanlikna med dei som hadde det verst, så hadde vi det bra.

Trøyst i sigarettpakkar

Reidar Tveit fekk også livsteikn frå Berit.

– Ho sende sigarettpakkar til meg. Eg var alltid spent når eg opna dei. Dei såg uopna ut, men inni låg det lappar med personleg innhald. Det var ei veldig trøyst å få dei.

Heime i Norge var Berit med på å dele ut illegale aviser som slektningar av ho laga. Eit par onklar av ho og mora vart arresterte av tyskarane. Sjølv vart ho ikkje teken, men ho hadde meldeplikt.

Reidar hugsar også julaftan 1944. Då fekk han pakke frå mora heime på Leikanger.

– Ingen andre fekk noko, men eg fekk ein boks som det hadde vore syltetøy frå Drægni på Hermansverk i. Inni var det godt smør, og det delte vi på brakka. Men det vart litt for mykje for magane våre, vi var ikkje vane med slik feit kost, så vi vart dårlege av det.

Fangar i Buchenwald

AVMAGRA: Mange av fangane i Buchenwald såg slik ut då dei omsider vart sette fri.

Foto: Museum of Family History

– Høyrde skrika

Ein del av innhaldet i leirlivet var også førelesingar som skulle få dei norske studentane til å få sansen for nazistisk ideologi.

– Det var det dei kalla unterrichtung. Det kom professorar frå Jena og Weimar. Men eg vil seie at det var heilt utruleg låg standard på desse førelesingane. Så det heile var fånyttes, vi fekk meir og meir avsky for heile systemet.

Eitt av minna som har brent seg fast var då Reidar vart vitne til at ein jenteskule vart treft av allierte bomber og kom i brann.

– Vi høyrde skrika frå dei som ikkje kom seg ut, men vi kunne ikkje gjere noko.

Dette gjorde at han i lang tid etter krigen reagerte negativt på flydur.

Reidar Tveit

DYSTRE MINNE: Reidar Tveit vart vitne til mykje elende og brutalitet i Buchenwald.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Mange medstudentar døydde

I mai 1945 kom Reidar Tveit tilbake til Oslo, etter å ha reist via Frankrike, Danmark og Sverige. Han var ikkje mellom dei som var mest utmagra.

– Eg var relativt bra. Det var mange av medstudentane mine som vart sjuke og døydde i fangenskap.

Han kom heim til eit Norge i gledesrus. Sjølv kunne han fullføre tannlegestudiet, og ikkje minst: Han kunne ta til med eit liv i lag med Berit.

– Vi gifta oss den sommaren.

Eivindvik og Innvik

Då Reidar skulle i praksis hamna dei i Eivindvik, der han hadde budd dei første barneåra sine.

– Far min var lærar der, og det stod for meg som ein flott plass.

Der budde dei i fire år. Så fylgde fire år i Innvik, før turen gjekk tilbake til Oslo. Der tok han vidareutdanning på Tannlegehøgskulen, samstundes hadde han praksis i Slemmestad. I 1958 søkte han på stillinga som fylkestannlege i Sogn og Fjordane og vart utnemnd i statsråd.

Ordførar mot sin vilje

Dermed hamna Berit og Reidar og dei to borna, Bjarne Olav og Ragnhild, i Førde. Der har Reidar budd i snart 60 år, og der vart han ei viktig brikke i ei tid då utviklinga skaut fart.

At han hamna i politikken var som mykje anna i livet, tilfeldig, og slett ikkje etter eige ynskje.

– Eg hadde klokleg nok sagt nei til å stå på valliste ein gong, det var Ap som ville ha meg med. Men neste gong var det ein god ven av meg som spurde. Eg sa ja til å stå nedst på lista. På nominasjonsmøtet var eg på tenestereise til Årdal, og då eg kom heim att hadde eg hamna på andreplassen. Det var eg ikkje glad for.

Reidar Tveit

MED KJEDE: Reidar Tveit var ordførar i Førde frå 1968 til 1980.

Foto: Førde kommune

Det var på Venstre-lista han figurerte, og han fekk flest røyster ved kommunevalet. Dermed var han ordførarkandidat, og då kommunestyret vart konstituert i 1968, sat han brått som ordførar, heilt utan politisk røynsle.

– Heldigvis var det nett tilsett ny rådmann i Førde. det var Lars Askevold, han var ein god ven av meg. Og det var mi trøyst. for eg kjende det som veldig tyngande med det ansvaret det innebar å vere ordførar.

Mykje motbør

For utfordringane stod i kø. Førde var peika ut som vekstsenter, og mange av dei store arbeidsplassane som det var meininga å plassere der vart det ikkje noko av. I første omgang vart det heller ikkje noko av planane om sentralsjukehus.

Den gongen var ordførarane automatisk medlemmer i fylkestinget. Og for den ferske politikaren Reidar Tveit vart fylkestinget i Førde i 1968 ein verkeleg tøff debut.

– Eg fekk det midt i fleisen. Eg var vert sidan møtet var i Førde. Det var ei klar innstilling frå regjeringa at det skulle byggjast eit sentralsjukehus i Førde. Men på fylkestinget var det ein utruleg stor motstand. Det møtet gløymer eg aldri.

Det enda med at eit fleirtal på 19 mot 11 avviste tanken om sentralsjukehus. Men i 1971 kom det ein kongeleg resolusjon som slo fast at Sogn og Fjordane skulle ha eit sentralsjukehus, og i 1972 kom vedtaket i fylkestinget som innebar at det i nokre år var fem sjukehus i fylket.

Reidar Tveits plass

Reidar Tveits plass-skilt

«MERKJET DET STEND...» Førdehuset vart bygt i Reidar Tveit si tid som ordførar. Difor er det naturleg at han har fått namnet sitt der.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Og med det vedtaket skaut utviklinga i Førde endå meir fart. Det måtte byggjast barnehagar og skular og endå fleire tomtefelt. I 1976 stod Førdehuset klart til bruk. På den tida var eit slikt stort, kombinert kultur- og idrettshus noko som vekte oppsikt. I seinare tid har inngangspariet fått namnet Reidar Tveits plass.

– Bygginga av sjukehuset hadde mykje å seie for utviklinga i Førde. Men eg vil først og fremst peike på den helsegevinsten fylket har hatt. Det same har etableringa av sjukepleieutdanninga, seier Reidar Tveit.

Heller ikkje gymnaset i Førde kom utan strid og motstand.

– Den saka var typisk, for vi skulle ikkje ha gymnas, vi. Det ville øydeleggje for dei andre gymnasa. Det same var tilfelle med handel- og kontorutdanninga og seinare ingeniørutdanninga.

Opning av vestlandsruta til Widerøe på Førde lufthamn på Øyrane 30.6.1971

MOT ALLE ODDS: Frå opninga av Førde lufthamn på Øyrane i 1971. Reidar Tveit tek imot samferdselsminister Reiulf Steen.

Foto: Reiakvam

– Ville ikkje ut av drosja

Eit viktig element for veksten i Førde var etableringa av Ankerløkken Verft i 1971. På det meste hadde verftet 400 tilsette.

Same året vart flyplassen på Øyrane i Førde teken i bruk, og Widerøe tok til med ruteflyging. Dette er eit døme på ei sak Førde kommune fekk gjennom, etter først å ha fått blankt avslag.

– Då Luftfartsdirektoratet var på besøk første gongen ville dei ikkje ein gong gå ut av drosje for å sjå på området vi hadde tenkt oss ut. Det gløymer eg aldri.

Men kommunen gav seg ikkje. Dei laga eit nytt framlegg på eit anna område på Øyrane.

– Også det var direktoratet imot, men dei endra haldning etterpå. Luftfartsdirektøren sa ved opninga at han ikkje ville stå som fadder for denne flyplassen.

Og flyplassen, som kosta den nette sum av 340.000 kroner, var i bruk i 15 år, til Førde lufthamn Bringeland vart teken i bruk i 1986.

Reidar Tveit og Kjell Olav Reikvam

LEVANDE OPPSLAGSVERK: Reidar Tveit hugsar godt og deler gjerne av det han har opplevd. Her frå eit møte i Førde Historielag. Til høgre Kjell Olav Reikvam.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Køyrer framleis bil

Reidar Tveit gjekk av som ordførar i 1980 etter 12 år i vervet. Dette var før ordførarvervet vart ei løna heiltidsstilling, så han hadde heile tida jobben som fylkestannlege å ta seg av i tillegg.

I 1989 pensjonerte han seg, og det første Berit og han gjorde då, var å ta ein lang rundtur i Amerika.

– Det var ei stor oppleving. Vi besøkte mange slektningar, og vi fekk sett mykje av USA.

Berit og Reidar fekk 27 gode år i lag som pensjonistar. I november 2015 døydde Berit. Reidar bur framleis i huset dei bygde i lag, like ved Førde Helsetun. Borna hans bur begge i Oslo-området.

– Men dei er flinke til å besøke meg, og i tillegg har eg vener som kjem innom for å slå av ein prat, så eg har det bra.

96-åringen har framleis sin aldrande Toyota Corolla ståande i garasjen, og for kort tid sidan fekk han fornya helseattesten som gjer at han framleis har lov å køyre bil.

– Men eg likar ikkje så godt å køyre lenger. Det blir berre korte turar for å handle.