Nader på boksetrening

TRENING: Nader i bokseringen saman med ungdommar i Aurland. For den tidlegare brytaren er dette livet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Kampen for å bli

Nader er ein av dei som ikkje har lov å vere i Norge. No vil han slå knock out på den norske staten.

Det er nokre tusen av dei. Asylsøkjarane som har fått avslag på søknadane om opphald i Norge, men som den norske staten heller ikkje maktar å sende ut. Dei har få, nærmast ingen rettar, kan ikkje jobbe, og har heller ikkje krav på språkopplæring. Ein av desse er Nader. Han er ureturnerbar, så lenge han ikkje vil gå på ambassaden i Oslo og få seg pass.

Saksøkjer staten

For Nader sin del er det frykta som hindrar han i å tilbake til heimlandet. For andre finst det ikkje noko heimland å reise tilbake til. I staden lever dei eit liv på asylmottak eller hos vener og kjende.

Aurland og bygdefolket der vore livbøya til Nader. No saksøkjer han staten for å få bli i Norge.

– Hei, Nader!

Gjensynsgleda er til å ta og føle på. Det vert delt ut klemmar og smila sit tett, både hos born og vaksne. Hos Nader ser vi tårene i augekroken. Familiefaren frå Iran er tilbake i Aurland – på boksestrening. Den tidlegare iranske meisteren i bryting kjenner seg raskt heime i den gamle gymsalen, og tek regien på oppvarminga til dei yngste. Ikkje lenge etterpå står han i bokseringen og gir stødige kommandoar til til ungdommane som trenar på å få til den rette teknikken.

– Han var heilt klart med å halde dei unge i gang. For dei yngste var han veldig viktig. Han fekk oss opp på eit nivå som gjorde at vi kunne vere med å trene saman med dei eldre boksarane, seier Mario Midje Baltov frå sidelinja.

Han er ein av dei erfarne boksarane Aurland, med mange kampar i ringen, og som Nader har følgt gjennom oppveksten.

– Situasjonen er jo tragisk både for han og oss. Vi mista jo ein god person i miljøet og bygda, seier Midje Baltov.

Nader varmar opp på boksetrening i Aurland.
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Piskeslag og knust nase

Historia og bakgrunnen for at Nader ikkje lenger er boksetrenar i Aurland starta for snart 20 år sidan med ei parabolantenne og eit bilete av sjahen av Iran. Det enda med piskeslag, flukt og eit liv på vent i over ti år. Framleis ser han på TV via parabol og han kan trygt studere gamle bilete av sjahen, men det er utan kona og dei to sønene – på eit asylmottak i Norge.

Livet har vore kronglete for Nader. Det er forbod mot parabolantenner i private heimar i Iran, og sjahen er ikkje ein populær kar hos presteskapet som styrer landet. Sjahen var ein vestleg-orientert USA-venleg diktator som vart styrta under revolusjonen i 1979.

Funna av parabolantenna og biletet i heimen til Nader kosta han ein arrestasjon av kona, fleire piskeslag, ei knust nase og ei større bot.

– Dei mistenkte meg for å vere opposisjonell, at eg var imot revolusjonen. Det var då problema mine starta, fortel Nader lågmælt – via ein tolk – på farsi, den varianten av persisk som han snakkar.

Flykta gjennom Europa

Nader snakkar og forstår litt norsk og engelsk, men ordforrådet er avgrensa. Difor fungerer det best å snakke sitt eige morsmål.

Nader meiner sjølv at konfiskeringa av parabolantenna var starten på ein periode med trugsmål, brutale avhøyr og trakassering av både han og familien. Sjølv nektar Nader for at han hadde engasjert seg i opposisjonelle aktivitetar.

Men til slutt opplevde Nader situasjonen som så uhaldbar at han valde å flykte frå Iran, via ulike land i Europa. I 1999 kom han til Danmark, der kona og dei to sønene kom etter. Men i 2002 fekk dei avslag på asylsøknaden, og i 2003 kom den vesle familien til Norge og det dåverande asylmottaket i Aurland.

Trur ikkje på forklaringa

Seksjonssjef i Utlendingsnemnda (UNE), Lars Erik Andersen, har derimot svært lita tru på historia til Nader. Sistnemnde har gitt UNE fritak for teieplikta overfor NRK. Andersen kan difor uttale seg friare om saka enn kva han elles kunne ha gjort. Dei har behandla 14 oppmodingar om omgjering av vedtaket i asylsaka. Alle gongane har dei avslått søknadene.

– Han har ikkje behov for vern. Han har fått avslag av ulike grunnar. Det er fordi har han oppgitt litt ulike grunnar for behov for vern etter kvart som tida har gått.

Problem med ektefellen

Allereie då han kom til Norge i 2003 stussa norske styresmakter over forklaringa dei fekk.

– For det første var dette ei heilt anna forklaring enn det han hadde gitt til danske styresmakter tre år tidlegare, då han hadde opplyste at han hadde problem med familien til ektefellen. Forklaringa om kva han vart utsett for då den ulovlege parabolantenna og biletet av sjahen vart oppdaga stemmer heller ikkje med det vi har av faktisk kunnskap om Iran og kva ein risikerer av straff eller vert utsett for. Vi meiner det er svært lite sannsynleg at slike forhold skal føre til så alvorlege reaksjonar som han seier han har blitt utsett for.

Gav ulike forklaringar

Ifølgje Andersen har han heller ingen god forklaring på kvifor han har forklart seg ulikt til danske og norske styresmakter.

– Det var heller ikkje samsvar mellom hans og ektefellens forklaring, noko som og gir grunnlag for å stille spørsmål.

– Vi trudde rett og slett på ikkje historia hans. Og det er framleis heller ingen grunn til at vi skal tru på den, slår Andersen fast og legg til:

– Vi har og opplevd gjennom ei rekke oppmodingar om å gjere om vedtaket at han endrar, føyer til og tilpassar forklaringa si til grunngjevinga vår i førre avslag. Dette har han gjort på ein måte som ikkje styrkar saka hans eller gjer forklaringane meir truverdige.

Kona og ungane vart henta på døra

Tilbake til turistbygda inst i Sognefjorden. Sogningane tok imot den ressurssterke familien på ein god måte. Nader fekk jobb på nærbutikken og kona hos det store kraftverket i bygda. Og dei to sønene fann seg kameratar og vel til rette på skulen. Og etter kvart i ei leigd kommunal leilegheit med storstått utsikt utover Aurlandsfjorden kunne i familien ikkje ha det betre. Medan dei venta på asylsøknaden klarte familien seg sjølv, og ein draum om ei framtid med eige hus i Aurland byrja å ta form.

Men ein januardag i 2006 vart verda snudd på hovudet for den vesle familien. Då stod politiet på døra. Kona og dei to sønene måtte reise ut av landet etter at familien hadde fått endeleg avslag på asylsøknaden. Sønene fekk ikkje ein gong ta farvel med klassekameratane. Sjølv vart Nader verande igjen i Aurland. Sidan han ikkje har pass kan han ikkje politiet tvangssende han tilbake til heimlandet.

Kvar er dette

LIVBØYA: I Aurland har bygdefolket samla inn over 100.000 kroner slik at Nader skal ha råd til å hyre advokat.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Skal leve for 1800 kroner

Og sidan han vore familien vore splitta. Rett nok har kona og sønene vore på eitt besøk i Norge etter at dei måtte reise ut av landet, men i dag har Nader berre kontakt med familien gjennom eit par daglege samtalar på Skype.

Han får heller ikkje lenger jobbe eller ta imot økonomisk hjelp frå NAV. Personar som har fått avslag på asylsøknaden, og dermed oppheld seg ulovleg i Norge, mister det aller meste dei har av rettar. Staten tilbyr Nader i dag tak over hovudet på asylmottak og 900 kroner i kontantar annakvar veke. Summen skal dekke alle Nader sine personlege utgifter som blant anna mat, klede og helsehjelp.

Nader får heller ikkje lov til å bu i kommunalt eigde husvære. Han har vore på fleire mottak etter at han reiste frå Aurland.

– Eg vil gjerne jobbe, klare meg sjølv og betale skatt, sukkar Nader oppgitt.

– Konverteringa betyr ingenting

Nader meiner at situasjonen er blitt endå meir utrygg for han i heimlandet ettersom han for nokre år sidan valde å konvertere til kristendommen etter at han fekk hjelp hos ein lokal prest og fann tryggleik i den kristne trua.

Men heller ikkje dette har UNE lagt vekt på.

– Viss han mot formodning skulle risikere noko i Iran, er det i så fall av grunnar han ikkje har fortalt oss, seier seksjonssjef i Utlendingsnemnda (UNE), Lars Erik Andersen

UNE har vurdert spørsmålet om konverteringa til kristendommen og risikoen knytt til dette uavhengig av kva han forklarte då han kom til Norge i 2003.

– Den delen av historia som er knytta til konvertering har vi ikkje vurdert om er sann eller ikkje. Vi har lagt den til grunn slik han har presentert den. Ja, det kan hende han har konvertert, vi har ikkje sagt ja eller nei til det. Men om han har gjort det, så har han ikkje ein slik profil eller type aktivitet som gjer at han vil få problem i Iran. Nokon kan få problem, men dei aller fleste opplever ikkje konsekvensar av konvertering, seier Andersen.

Ikkje aktivt kristen

Ifølgje seksjonssjefen fokuserer iranske styresmakter på folk dei ser på som ein trussel mot regimet, og at dei brukar svært sjeldan ressursar på andre.

– Kristne konvertittar kan falle i den kategorien, men det er personar som er profilerte, evangeliserande og er aktive i kristent arbeid. Vi har ingen andre opplysningar om at han i Norge er noko anna enn ein vanleg deltakar i ein kyrkjelyd.

At saka no ser ut til å hamne i retten uroar Andersen lite.

– Alle som har tapt ei sak har rett til å få vedtaket prøvd for domstolane. Særleg iranarar nyttar seg av det i stor utstrekning. Det betyr berre at vi og prosessfullmektigen hos regjeringsadvokaten må bruke ytterlegare offentlege ressursar på det vi meiner er eit openbart vedtak i ei sak som har eit openbart utfall.

Prøvde å ta sitt eige liv

Dei mange tilbakeslaga og saknet av familien har sett sine spor form av blant anna angst og depresjonar. To gonger har Nader prøvd å ta sitt eige liv.

– Det er heilt forferdeleg. Du kan ikkje gå heim og gløyme det. Det ligg heile tida i bakhovudet, og det er forferdeleg situasjon for alle, seier Reinhardt Sørensen. Han er teknisk sjef i Aurland og kjenner Nader godt og er ein av dei som har stilt opp då Nader er blitt funnen neddopa og forkomen, og sjukehuset har vore redninga.

– Verre enn fengsel

Reinhardt Sørensen er ein av dei mange gode hjelparane Nader har i Aurland. Også han er fortvila over situasjonen til familiefaren.

– Det må vere tøft. Det må vere verre enn fengsel, seier Sørensen.

Han fortel at alle i Aurland kjenner Nader og at bygdefolket har hjelpt til med både husvære og materielle ting. Også ein stor pengesum er samla inn slik at Nader skal få råd til å hyre advokat då både Sørensen og dei andre støttespelarane ikkje ser anna utveg enn å gå til sak mot staten etter så mange avslag.

Reinhardt Sørensen og Nader Safar Zadeh

STØTTESPELAR: Reinhardt Sørensen er ein av dei mange gode hjelparane i Aurland. Han har stilt opp for å hjelpe med husvære og dei gongange Nader har vore langt nede psykisk.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Er lova jobb på nærbutikken

Handelsmann Per Skjerdal deler oppfatninga til Sørensen. Det var i butikken hans Nader jobba i fleire år, inntil at miste retten til å vere å jobbe og ta imot løn i Norge.

– Han var framifrå. Han likar å jobbe, og han vil ha noko å gjere. Han var alltid blid då han var på jobb, for då fekk han alltid noko å henge fingrane i. Det var berre kjekt å ha han i arbeid.

Skjerdal har lova Nader at han skal få tilbake jobben om han får opphaldsløyve.

– Det har eg lova, og det vil eg halde, seier Skjerdal.

Noas: – Ekstremt vanskeleg situasjon

– Han lever i ein ekstremt vanskeleg situasjon. Han har ingen rettar i Norge, utanom retten til å verte send tilbake til Iran. Eit land der han meiner det er ein reell risiko for at han vil oppleve alvorlege reaksjonar om han reiser tilbake.

Det seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS). Han fortel at det er nokre hundre personar i Norge i dag som er i ein tilsvarande situasjon som Nader.

Organisasjonen hans har fått laga ein rapport som fortel at det er ein reell risiko for at kristne konvertittar som verte sende tilbake til Iran vert forfølgde og utsette for ulike former for represaliar.

Fekk avslag i august

Sjølv kjenner han saka til Nader svært godt, då NOAS seinast i mai i år sende ei 14 sider lang oppmoding til Utlendingsnemnda der dei bad om at saka til Nader vart teken opp til ny vurdering. I august kom avslaget. Norske styresmakter meiner det er trygt for kristne konvertittar i Iran.

Martinsen stiller seg uforståande til avslaget, og meiner det er godt dokumentert at iranske statsborgarar som utøver kristen tru i Norge er utsette for risiko om dei flyttar tilbake til heimlandet.

– Det er viktig at utlendingsforvaltinga nyanserer praksisen sin, slik at dei som er aktive kristne får eit vern i Norge. Vi meiner det mest rette i Nader si sak, er at han får eit vern i Norgel, meiner Martinsen.

Boksegruppa i Aurland.

SLÅR RING: På mange måtar har boksegruppa i Aurland nærast vore som ein familie for Nader.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Fryktar han «berre forsvinn»

Ei av dei som kan sitje på nøkkelen i saka er advokaten til Nader. Vedkomande ønskjer ikkje å stå fram med namn av praktiske grunnar. Også overfor advokaten har Nader vore tydeleg på frykta for konsekvensane av å reise tilbake til heimlandet.

– Nadar fryktar å bli utsett for umenneskeleg behandling ved ein retur fengsling, overgrep i form av vald og i verste fall at «han berre forsvinn». Han meiner også at det presset og den plaginga familien hans har opplevd vil verte intensivert og at dei står i fare på lik linje med han.

– Uråd å seie noko om utfallet

Advokaten vedgår at terskelen for å vinne fram med søksmål mot staten i asylsaker er høg, og at han har statistikken mot seg.

– Det er vanskeleg å gi ein prognose for utfallet. Nadar har grunnlag for søksmålet sitt og han har rett til å få saka si prøvd. Det er kome ein rapport frå Landinfo i november som støttar argumenta hans. Han har gode argument for at saka hans skil seg frå dei som tidlegare har fått avslag med tilsvarande grunnlag.

– Alltid ein risiko for å verte feil oppfatta

På spørsmål om kvifor Nader gjennom åra har endra forklaringar fleire gonger svara advokaten dette i ein e-post til NRK:

– Nader har utdjupa og presisert søknaden sin. Utskrift av asylintervjuet viser at den første forklaringa hans var kort. I dag er utskriftene frå asylintervjua fleire sider, hans var berre tre sider. Det står at intervjuet varte frå klokka 0910 til 1415 – men det som står i referatet kan bli sagt på berre ein halvtime. Når han så får avslag er det opplagt at han prøver å formidle saka si meir grundig. Då kan det kome detaljar og argument som ikkje har vore fremja før. Det ein seier vert også tolka, og dette gir ein risiko for at noko kan bli framstilt feil eller skeivt. Dette har eg erfart i dei mange møta eg sjølv har hatt med tolk.

Om dette svekker truverdet svarar advokaten slik:

– Når UDI fangar opp dette argumenterer dei alltid med svekka truverd. Dei viser også til at ein får oppsummert asylintervjuet, og at ein der bør fange opp om det er noko som er sagt som ikkje stemmer. Men det er nok ikkje lett å få med seg alle nyansar i det som blir gjenfortalt.

– Vanskeleg å dokumentere

– Korleis kan Nader dokumentere at historia hans er sann?

– Typisk for asylsaker er at det er vanskeleg å dokumentere det ein seier. Trugslar vert sette fram munnleg og det finst ikkje videoopptak av opplevd tortur i fengsel. Når det gjeld spørsmålet om kva ein konvertitt risikerer i heimlandet vert det ei heilskapleg sannsynsvurdering. UDI vil bruke såkalla landsekspertar. Asylsøkarane si eiga forklaring vert samanlikna og vurdert opp mot kva desse ekspertane seier, skriv advokaten i e-posten til NRK.

Ungar på boksetrening
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Mann med karakterstyrke

Tilbake ved bokseringen i Aurland finn vi verken justisministeren eller byråkratar som steller med innvandring. Men der finn vi vener og sambygdingar som oppriktig er opptekne av familiefaren sitt vel og vel etter over 10 år i uvissa.

– Nader har alltid vore ein blid person. Ein person som alltid lagar god stemning. Alltid eit smil. Han såg alle og støtta kvar enkel på ein veldig fin måte, fortel Morten Abudsdal, som følgjer sonen på trening denne novemberkvelden.

– Nader er i ein forferdeleg situasjon. Han er jo på ein måte i eit ingenmannsland når han verken kan reise hit eller dit. Når han verken får jobbe eller forsørgje seg sjølv eller bidra med det han kan, så er det ein tragisk situasjon.

Eg har stor medkjensle med Nader i den situasjonen han er. Det er tungt for han, og det ser du på han. Det er mykje karakterstyrke i den mannen, då han kan vere skilt frå sin eigen familie så lenge, og likevel ha eit såpass godt humør overfor oss andre. Det bur mykje godt i Nader, berre så synd at han ikkje får bruke det.

Nader ved Aurlandsfjorden

HER VIL HAN BU: Nader saknar utsikta utover Aurlandsfjorden, staden han håpar å kunne kome tilbake til ein gong.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK