Jon Arne Silden

REKEFISKAR: Jon Arne Silden driv med rekefiskar i periodar. Elles er han maskinist på trålar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Jon Arne fryktar å bli jaga vekk

MÅLØY (NRK): Oppdrettsindustrien jaktar på nye område til anlegga sine. Fiskarane fryktar å bli jaga vekk frå rekefelta.

– Dette har med historikk og tradisjonar å gjere. Rekefelta var i drift før laksenæringa kom.

Jon Arne Silden speidar utover fjordbassenget mellom Vågsøy og Bremanger yttarst i Nordfjord. Her i skiljet mellom hav og fjord kan det bli kamp om areala. Verdas største oppdrettsselskap Marine Harvest har kontakta Fiskarlaget fordi dei ser etter nye område å drive oppdrett i. Langs heile kysten føl oppdrettsselskapa med på om kommunane skal justere planverket. Alt har dei teikna fleire konkrete skisser for kommunane Selje og Vågsøy. Skisser dei helst ser vert halde internt i Fiskarlaget.

Områda oppdrettsnæringa meiner er gode til oppdrett er også dei områda som er typiske rekefelt. Djupna og straumtilhøva passar perfekt til begge deler.

– Dette er den einaste båten som driv slik i det små med reketråling i Sogn og Fjordane, forklarar Jon Arne Silden.

– Fortener å bli høyrt

Silden brukar ein eldre sjark til reketrålinga. For vel 10 år sidan forsvann mesteparten av reka frå Vestlandskysten. Men fiskarane reknar med ho kjem tilbake, slik ho brukar. Då kan det fort bli fleire som satsar.

Silden som også er maskinist på trålar kan tenke seg å investere meir og kjøpe seg ny båt.

Men rekefiske vil alltid vere ein marginal bransje, samanlikna med oppdrettsnæringa. I fjor eksporterte vi oppdrettsfisk for 65 milliardar kroner. Eksporten av sjømat skal sikre aktivitet langs ein kyst i oljebakrus.

Likevel meiner rekefiskaren at han fortener å bli høyrt:

– Det er vel eit spørsmål at det er ei lita næring, men rekefelta var i drift før laksenæringa kom. Dette har med historikk og tradisjonar å gjere.

Silden er på veg frå Måløy til Fåfjorden mellom Bremangerøya og Husevågøya. Her ute har Marine Harvest eit av dei største oppdrettsanlegga i Nordfjord. Berre på denne eine lokaliteten ved Krabbestig blir det produsert 2500–3000 tonn med oppdrettslaks i snitt i året. Samla produksjon av oppdrettsfisk i Sogn og Fjordane er om lag 120 000 tonn.

Til samanlikning: Samla kjøtproduksjon i Sogn og Fjordane, frå alt landbruk, var på vel 6600 tonn i 2015.

Oppdrettsanlegg

KRABBESTIG: Oppdrettsanlegget til Marine Harvest i Fåfjorden mellom Husevågøy og Bremanger i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ankera til oppdrettsanlegga tar store område

– Eg har lyst på ein mykje betre båt. Blir rekefisket godt kan det hende eg satsar meir, forklarar Silden.

Oppdrettsanlegga kan sjå små ut på havflata, men under sjøen strekk ankera seg fleire hundre meter utover mot sjøbotnen. I område som dette er det blitt nesten umogleg å drive rekefiske, trass i at det i fylgje Silden er eit gamalt tradisjonelt rekefelt.

– Vi kjem ikkje forbi ankera, ankera kjem langt inn på feltet ofte.

Silden er uroa over interessa Marine Harvest syner for å skaffe seg nye område. Areala dei har peika seg ut ligg rundt og ved Stadhalvøya, på begge sider. I desse tider rullerer Vågsøy og Selje planverka sine.

– Det er vel ikkje søkt formelt endå, men dei har byrja å legge korta på bordet, det er areal dei er ute etter, djupe område som også er rekefelt, seier Silden.

Tidlegare i år har Silden vore på rekefiske lenger sør i fylket. Etterpå la han seg til kai i Florø for å selje rekene. Responsen frå florøværingane var nær overveldande.

– Vi selde reker som hakka møk. Det var tydeleg at folk sette pris på å sjå att eit tidlegare tradisjonelt innslag i byen, seier Silden.

Jon Arne Silden

UROA: Jon Arne Silden er skeptisk når han trålar i Fåfjorden. Køyrer han feil hektar trålen i ankera til oppdrettsanlegget, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Framme i Fåfjorden ynskjer Silden å teste ut om der er reker i nærleiken.

Dette var tidlegare eit gamalt og godt rekefelt, men truleg er her likevel ikkje noko som helst.

– Men eg byrja å få litt i fjor. Reka har syklusar frå seks til ti år, så historisk sett så håpar eg den kjem igjen. Akkurat no er den vel uansett vekke og gyt.

Fiskarlaget redd for å bli overkøyrde

Stig Oldeide er styremedlem i Sogn og Fjordane fiskarlag, og driv sjølv med rekefiske på Sørlandet.

Oldeide har sett på kaffien om bord i sjarken. Ved byssa peikar han engasjert på ei rekkje kart som Marine Harvest har sendt til Fiskarlaget.

Oldeide meiner Fåfjorden er eit godt døme på kva som skjer når oppdrett kjem tett på eit rekefelt;

– Ankera ligg rett over feltet, her er berre ein liten strimmel der ein kan passere. Feltet er delt i to.

Stig Oldeide

SKEPTISK: Stig Oldeide er sjølv rekefiskar. Oldeide bur i Måløy, og er styremedlem i Sogn og Fjordane fiskarlag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Oldeide meiner ein står ovanfor ei klassisk arealkonflikt, der alle ynskjer å tilgang til havområda.

– Men fiskarane har gitt innspel om kor vi har rekefelt, og kaste- og låssettingsplassar for seifiske. Alt slikt er merka av i kommunedelplanane.

Oppdrettsnæringa treng djupner på opp mot 80 meter for å plassere oppdrettsanlegga sine. Det er i slike hol at også reketråling er mogleg. Oldeide meiner kommunane er på hælane i planarbeidet sitt.

– Oppdrettsnæringa bringar mykje pengar hit til landet, rekefiske er heilt marginalt no. Men tidlegare var det mange, det har alltid vore svingingar i fiskeria. Det er naturen som styrer, seier Oldeide.

Kva om kommunane seier ja til fleire oppdrettsområde i nærleiken av fiskeplassar og rekefelt?

– Då vil dei ikkje ha fiskeri lenger, då ynskjer dei ikkje fiskerinæringa velkomen.

Illustrasjon oppdrettsanlegg mellom Silda og Barmen

Skisse til mogleg oppdrettsanlegg frå Marine Harvest, mellom øya Silda og øya Barmen. Stig Oldeide har teikna inn rekefelt med raud strek. Oppdrettsanlegget er skravert område, ankera er teikna inn som strekar.

Foto: Skjermdump

Krev næringa på land

Oldeide meiner oppdrettsnæringa bør kome seg på land. I takt med veksten i næringa har kritikken hagla om kjemikaliebruk mot lakselus, og mot avfallet frå næringa som går rett i sjøen.

– Eg føler det hadde vore veldig bra om dei kom seg på land. Fiskerinorge er avhengig av renommeet vårt om at vi har eit reint og kjemikaliefritt produkt. Det er mat vi leverer. Vi føler at vegen blir til medan ein går, ein har starta med ulike kjemikaliar og cocktailar, for å bli kvitt lakselusa. Det har konsekvensar som vi ikkje veit endå. Det er trass alt kjemikaliar ein slepp ut i havet.

Oldeide fortel om tilbakemeldingar frå fiskarar som seier at der det kom oppdrettsanlegg vart det over natta fritt for reker.

– Det er nærliggande å tru at det har ein medverkande årsak, men vi kan ikkje dokumentere noko.

Lovar at kjemikaliebruken går ned

Marine Harvest er verdas største oppdrettsselskap. I fjor vart årsresultatet 6,8 milliardar kroner. Utbyttet vart 8,60 kroner per aksje. Det sikra den største eigaren John Fredriksen 600 millionar kroner. Men i takt med veksande overskot krev fleire at næringa gjer meir for å få bukt med produksjonsproblema.

Ved kaia på Raudeberg ligg ein lekter snart ferdig utrusta. Lekteren skal brukas til å høgtrykksvaske laksen fri for lakselus. Marine Harvest jaktar på nye måtar å bli kvitt lakselus på, utan kjemikaliar.

Lekter for høgtrykkspyling av lakselus

NYTT VERKTØY MOT LUSA: Denne lekteren tek laksen om bord, høgtrykksvaskar den fri for lus, før den går ned att i oppdrettsmerdane.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Regiondirektør Asgeir Hasund syner villig fram det nye våpenet:

– Vi vil ha ein reinast mogleg produksjon, kjemikaliebruken går ned i år, og gjekk ned i fjor. Greier vi å få fram laksen utan bruk av kjemikaliar, så er det meir miljøvenleg, det vil koste mindre.

Problemet er at ved såkalla mekanisk avlusing, så døyr også for store mengder laks. Hasund meiner det brukast store summar på å få orden på luseproblema i næringa.

– Det blir brukt milliardar av kroner i næringa, på å utvikle utstyr og nye metodar. Alt vi kan blir brukt inn mot det for tida.

Jaktar på nye område

Samstundes er Marine Harvest tydelege på at dei langs heile kysten jaktar på nye område, både for å kunne utvide drifta, men også for å kunne veksle på og flytte mellom ulike anlegg:

– Vi er stadig på leit etter nye og betre område til å utvikle drifta vår. Få gode oppdrettsoner, slik at vi kan overvinne lus og sjukdom på ein effektiv og god måte. Vi er alltid med når kommunedelplanar skal rullerast, slik som i Vågsøy og Selje. Vi vil auke verdiskapinga og sysselsetjinga i området.

Men rekefiskarane fryktar å miste områda sine?

– Vi prøvar alltid å ha ein god dialog med fiskarinteressene før vi eventuelt søker på område. Vi har forståing for at det av og til kan vere konfliktar, men stort sett får vi til minnelege ordningar.

Kan de klare det her?

No kjenner eg ikkje til kor mange rekefiskarar det er her i området då. Men vi har alltid eit fokus på å ha ein dialog, og i fellesskap kunne utvikle næringane våre til å kunne auke verdiskapinga. Vi har møter med fiskarar og prøver å optimalisere fortøying og ankerplasseringar.

Asgeir Hasund

Asgeir Hasund er regiondirektør i Marine Harvest.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Marine Harvest trur ikkje at næringa kan flyttast på land:

– Næringa er jo bygd på naturlege fortrinn langs kysten. Vi produserer sunn mat på ein effektiv og berekraftig måte. Det å flytte alt på land er inga god løysing slik sett. Men det er klart vi og er bekymra for kjemikalebruk. Vi gjer det vi kan for å erstatte den med nye metodar.

Påstandane om at oppdrettsanlegga i seg sjølv øydelegg rekebestandane meiner Marine Harvest det er vanskeleg å dokumentere:

– Vi har risikokartleggingar på alle behandlingar vi har hatt. I vårt område skal det ha hatt minimale konsekvensar for rekebestandane, men det er klart at slike ting er vanskeleg å dokumentere. Kjemikaliebruken vil gå kraftig ned, det har gått kraftig ned i 2016 og vil gå betydeleg ned i 2017.

Jon Arne Silden

Kastar trålen: Trålposen er på veg ut i sjøen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tilbake i Fåfjorden er det ikkje ei reke å få når Jon Arne Silden vinsjar trålposen om bord. Det har ikkje vore reker her på mange år, utan at Silden av den grunn vil legge skulda på oppdrettsanlegget like ved. Men han fryktar at nye svære anlegg vil gjere det umogleg å tråle fleire stadar.

– Det heiter seg frå gamalt av at ein kunne drage heile fjorden, men det gjeld ikkje lenger no på grunn av ankera. Tidlegare var denne fjorden ei gullgruve.

Meiner pengar er makt

For Silden er dette den vesle mannen sin kamp mot storkonsernet. Silden meiner det dreier seg om historiske rettar, og kva næring som kjem fyrst.

– Er ikkje pengar makt? Eg trur dei gjer det dei kan for å tene mest mogleg pengar. Dei bør uansett ha tette merdar og kontroll på avfallet sitt. Utslepp er slett ikkje nødvendig.

Håpet er at rekene kjem tilbake, også til Fåfjorden.

– Det er moro, det er kjekt å styre med, men ein må klare å leve av det. Det går i syklusar, men ho burde kome igjen no. Kor stort det blir, det veit eg ikkje. Vi får sjå.

Trålnot

FANGSTEN: To lyrar var alt Jon Arne Silden fekk då han testa rekefeltet i Fåfjorden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK