Stian Haaheim digitaliserer historisk materiale

BLIR DIGITALT: Stian Haaheim syner fram eit lite utval av dei magasina han no gjer til digitale filer som skal bli tilgjengelege for alle.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjer industrisoga digital

FLORØ / HØYANGER (NRK): Tusenvis av magasinsider om livet i industristaden Høyanger blir no gjort tilgjengelege takka vere innsatsen til éin mann.

– Prosjektet er spennande, elles hadde eg ikkje drive med dette. Det er nok nokon tusen sider eg har skanna frå åtte ulike magasin og publikasjonar som omhandlar Høyanger. Det er veldig mykje historie her, seier Stian Haaheim.

Vi besøker han på kontoret hans på Havglytt i Florø. Ein stor mac, store skjermar og fleire skannarar pregar rommet. Det er her Høyanger-mannen har brukt hundrevis av timar for å gjere ein heilt spesiell del av industrisoga tilgjengeleg for folk flest.

Høyang-nytt 1 1949

DET FØRSTE: Høyang-nytt blei gjeve ut for verka i Høyanger og Holmestrand, samt Naco sitt hovudkontor i Oslo frå 1949 til 1967.

Starta arbeidet på Facebook

Sidan 1949 blei det gitt ut ulike publikasjonar om livet på verket og i Høyanger-samfunnet elles. For den historisk og teknisk interesserte mannen, var dette ein unik måte å gje eit bidrag til 100-årsjubilanten Høyanger. Det heile starta med at han blei ein av administratorane på Høyanger historielag si Facebook-side med over 1500 medlemer.

– Der er det snakk om å legge ut gamal historie frå Høyanger. Eg kom over nokon utgåver av Høyang-Nytt, som var eit internmagasin for Naco den gongen. Det var laga for Høyanger, Holmestrand og hovudkontoret i Oslo. Eg tenkte etter kvart at dette burde vore gjort i ein slags offentleg regi. Så tok eg kontakt med Hydro og la fram eit prosjekt. Dei tente på ideen og Hydro var interessert i å støtte dette omfattande prosjektet økonomisk.

I utgangspunktet hadde Stian tenkt å berre ta dei 67 nummera av Høyang-Nytt, men så balla det på seg, og han og Hydro blei samde om at dei skulle ta alle publikasjonane som kom ut frå 1949 til ut på 2000-talet.

– Prosjektet har berre blitt større og større. No har vi kome fram til at vi tek alt, og no har eg jobba med dette i ganske mange månader.

– Høyanger er ein mønsterplass

100-årsjubileet til industristaden Høyanger har blitt markert på mange ulike måtar i 2015, og Stian Haaheim er glad for at han gjennom digitaliseringa får vere med og setje sitt preg på feiringa.

– Det var jo i stader som Høyanger at landet blei bygd, og gjennom desse magasina er det så lett å sjå utviklinga. Vi var eit fattig fiskar- og bondesamfunn og fram til industrialiseringa der fagforeininga kom og alle godene som blei skapt. Høyanger er ein mønsterplass for å sjå utviklinga, og alle magasina er ein dokumentasjon på korleis det var og korleis det har blitt.

Alle dei ulike magasina og publikasjonane har han fått tilgang til via Hydro sitt arkiv, biblioteket i Høyanger og frå private. Også frå Høyang-fabrikken i Holmestrand har han fått utgåver av ulike magasin.

– Eg har fått tak i det meste av arkivmateriale, men eg manglar litt og dersom folk har nokon av dei publikasjonane som kom etter 1967 og framover, så hadde det vore kjekt om dei tek kontakt. Eg har lister over det eg har og det eg manglar.

– Så det kan vere at folk sit på skattar rundt om kring som du kanskje har behov for?

– Ja, det skal du ikkje sjå vekk frå.

Stor entusiasme for prosjektet

Å skanne og gjere tusenvis av magasinsider tilgjengeleg for folk flest er eit rutineprega arbeid, og noko ein må gjere heilt nøyaktig for at det skal fungere. Men for datainteresserte Stian Haaheim kom prosjektet som midt i blinken.

– Eg er jo ein duppeditt-mann og eg har jo drive med data i snart 30 år. Eg har også hatt litt interesse av gamle bilete som eg har digitalisert og fiksa littt på. Hadde det ikkje vore for at eg hadde interesse av dette sjølv, så hadde eg nok ikkje gjort det. Det er jo ein slags dugnad, men eg får ein del prosjektstøtte. Eg har ikkje timeløn for å seie det slik. Timeløna her er vel om lag som å hogge ved.

– Men interessa er jo stor for det du gjer?

– Folk er veldig glad. Eg ser jo at når eg legg ut på Høyanger historielag sine sider på Facebook for å skape litt blest, så blir det mykje merksemd. Ikkje berre frå dei godt vaksne, men også frå dei unge. Alle aldersgrupper synest dette er veldig interessant og det er gledeleg. Det er ein motor for meg å sjå entusiasmen folk har rundt dette. Det er eg veldig takksam for.

For dei som vaks opp i Høyanger etter krigen var magasina utgitt av verket eit kjærkome produkt. Her kunne dei lese om stort og smått, både frå industrien og frå samfunnet elles.

– Første utgåva av Høyang-Nytt kom ut i 1949, og så har det vore gitt ut publikasjonar frå verket i Høyanger heilt fram til notida. Verket alt i Høyanger. Dei bygde kyrkja, sjukehus og skular. Alt var sentrert rundt verket. Det var ikkje berre for dei tilsette. Eg hugsar jo sjølv at vi fekk desse blada i postkassa. Det var veldig kjekt å lese for alle, fortel Haaheim.

god jul

MANGE MAGASIN: I mange år gav verket i Høyanger ut ulike magasin for dei tilsette og folk elles i industristaden.

Skal bli tilgjengeleg

Han er godt etablert i Florø med kone og barn, men ofte tek han turen til heimstaden Høyanger. Etter at han byrja på sitt store prosjekt har turane også blitt enda fleire. Det er mange som er klar over den jobben han no gjer for Høyanger-samfunnet, og responsen er heldigvis god.

Når han no snart har skanna inn alle sidene frå dei åtte ulike magasina, startar arbeidet med å gjere det tilgjengeleg for alle med interesse for historia til industristaden.

– Dette skal sjølvsagt bli offentleg på ein eller annan måte. Heilt korleis har vi ikkje teke stilling til enda. I alle fall vil biblioteket i Høyanger få det, men eg håpar og trur at det blir gitt ut eller gjort tilgjengeleg på nett. Alle filene eg har skanna skal setjast saman til ein søkbar database, litt på same måten ein i dag kan lese aviser på nett. Det er heilt sikkert at det blir gjort tilgjengeleg for folk flest.

– Det er mykje jobb du har teke på deg, du er ikkje redd for å gå lei?

– Det kjem til å gå mange hundre timar til prosjektet er klar for avlevering, det er ikkje tvil om. Men eg er ved godt mot.

Stian Haaheim skal skanne tusenvis av magasinsider frå ulike publikasjonar frå Høyanger.