Gåta om jagarflygar Watt er løyst
Den britiske jagarflygaren Gordon Watt vart berga etter å ha hoppa ut i fallskjerm i 1945. Men kvar var det flyet hans styrta?
Kjell Arve Vorland har i mange år leita etter informasjon for å finne ut kva som skjedde med ein engelsk jagarpilot som var med i luftkampar i ytre Sogn 7. april 1945. No har han nesten heile historia.
I 2013 hadde Vorland funne ut kvar det vart av Flight Lieutnant Gordon Watt. Fram til då hadde han trudd at piloten hadde styrta med flyet sitt ein stad i Sognefjorden. Men det viste seg at han hadde overlevd krigen. Watt hadde emigrert til Australia, der han var trafikkflygar. Han døydde i 2001.
- Les historia her:
- Sjå innslag i Vestlandsrevyen juni 2013:
Men kvar flyet til Watt styrta og kven som berga han var framleis ei gåte. Vorland og dei fleste andre som var involverte rekna med at det hadde gått ned ein stad i Sognefjorden, sidan det var i ytre Sogn kampane føregjekk.
Men etter at NRK publiserte ei radiosak, ei sak på Vestlandsrevyen og nettartikkelen over, melde det seg ein kar som meinte å ha løysinga, fortel Kjell Arve Vorland.
– Eg fekk fleire tips, eitt av dei var frå Fridtjov Urdal. Han fortalde at bestefaren hans hadde vore med på å berge ein flygar på slutten av krigen. Då tok eg til å ringe rundt til folk i Florø og fekk mykje hjelp.
Fridtjov Urdal fortel at bestefaren hans, Peder Iversen Sælø, døydde før han sjølv vart fødd, så han har fått historia frå andre i familien.
– Bestefar rodde ut og berga flygaren. Han tok han med seg heim til huset sitt på Årebrot. Dei melde frå til tyskarane, for flystyrten skjedd midt på lyse dagen, slik at veldig mange hadde fått det med seg.
Såg piloten hoppe ut
Til slutt kom Vorland i kontakt med Magnus Tviberg, som hadde vore augevitne til at flyet styrta rett nordvest for Florø. Magnus var den gongen ti år gamal.
– Han fortalde at han stod heime på tunet på Apalholmen på Nærøyane og såg det kom eit fly med ein svart røykhale etter seg. Han såg at flyet trekte opp i litt høgde, så fôr cockpit-dekselet av, og piloten hoppa ut.
Men før Gordon Watt kom så langt hadde han greidd å riste av seg eit tysk fly over Sandvatnet i Skor i Hyllestad og flaug så lågt han kunne nordover.
– Men flyet hans var skadd, det brann i motoren, og det slo etter kvart inn i cockpiten. Då han etter kvart vende nasen vestover forstod han at han ikkje ville greie å kome seg særleg lenger, fortel Vorland.
Gordon Watt har fortalt dottera si at han vurdert å sette flyet ned på øya som seinare viste seg å vere Nærøyna. Men han fann ut at det var for farleg, så han valde å hoppe ut i fallskjerm.
– Flyet landa i sjøen vest for Apalholmen, like aust for eit skjer som heiter Storefleda, seier Magnus Tviberg.
Førte opp Florø som styrtstad
Kjell Arve Vorland forstod at dette kunne vere Mustangen til Gordon Watt. Men for å verifisere det måtte han leite i britiske arkiv.
– Ved hjelp av kontaktar i Storbritannia fekk eg hand om eit dokument som var kalla «Prisoner of war debrief report». Der har Watt loggført at han vart berga 7. april, og han har ført opp Florø som stad.
Etter at Gordon Watt hadde landa i sjøen ved Nærøyane kom fleire båtar roande ut til han, mellom dei som var med var faren til Magnus Tviberg.
– Dei fekk han om bord og rodde han til lands.
Ville bli overlevert til tyskarane
Men då starta ein konflikt mellom ein del av bergingsmennene og Watt sjølv, fortel Kjell Arve Vorland.
– Dette var berre tre veker etter at tyskarane fann den illegale radiostasjonen Roska, og Atle Svardal vart drepen. Motstanden og bitterheita mot tyskarane var stor, og fleire ynskte å få den allierte piloten i dekning slik at han ikkje skulle kome i tyskarane sine hender.
Men Watt har sjølv fortalt til dottera si at han insisterte på å bli overgitt til okkupasjonsmakta.
– Han fekk tilbod om tørre kle, men han nekta å kle seg om. Han sat framfor ein omn, truleg i huset til Urdal på Årebrot, og let uniforma tørke. Han bad om at dei rapporterte han til tyskarane, slik at han kunne overgje seg, fortel Vorland.
Etter det vart Watt frakta inn til Florø, så vart han sett på båten til Bergen. Der sat han eit par døgn i arresten i Veiten, før turen gjekk med tog til Oslo.
– Dei hadde ein stopp på turen, og Watt prøvde å rømme, men vart henta inn att. Så vart han innlosjert på det som heitte «Durchgangslager Fornebu», ein leir spesielt tilrettelagt for fanga allierte flygarar, som seinare skulle flygast til ein av spesialleirane i Tyskland.
Ut av landet før kapitulasjonen
Men til Tyskland kom aldri Gordon Watt. For tyskarane kapitulerte, og eit britisk fly kom alt 7. mai, dagen før kapitulasjonen, til Fornebu.
– Då hadde øvste kommanderande i RAF, Air Marshall Darwell, ein sigersrunde. Han landa 7. mai på Fornebu. Dette er filma av ei britisk filmavis og er å finne på nettet. Dei tyske vaktene let vere å ta ladegrep, og dei britiske pilotane gjekk om bord i flyet til Darwell, fortel Kjell Arve Vorland.
Det høyrer med til historia at Watt seinare hadde mange landingar og avgangar på Fornebu i sin karriere i fredstid som trafikkflygar.
Har henta opp delar
Vorland har med Magnus Tviberg som kjentmann vore på staden der flyet til Gordon Watt ligg på nokre få meters djup, like aust for ei lykt som står på Storefleda.
– Magnus tok oss med ut i båt. Han ankra opp rett over flyvraket, han hugsa jammen posisjonen med meters margin etter alle desse åra.
Sidan Mustangen berre ligg på nokre få meters djup er mykje av det for lengst fjerna av folk som såg seg nytte av delane.
– Vi hadde eit dykk og fekk henta opp delar av flyet. Vi har fått verifisert frå ekspertar at det er delar frå eit slikt fly som Watt flaug, og vi har og fått identifisert det som Watt sitt fly.
Delane har dei overlevert til museet på Herdla. Der hadde tyskarane flyplass under andre verdskrigen.
Dottera vil til Florø
I 2013 var dottera til Gordon Watt, Caroline Rundle, saman med ektemannen Tony, i Norge. Då fekk ho sjå området i ytre Sogn der tyske og allierte fly var i kamp den 7. april 1945. No kan dei tenke seg ein ny tur frå Australia, seier Vorland.
– Dei ynskjer å kome tilbake. Dei vil sjå sjølve styrtplassen utanfor Florø og vitje museet på Herdla, som er under utbygging og snart skal nyopnast.
Vil gjerne vite meir
Kjell Arve Vorland har brukt mykje tid på å nøste opp i denne historia og fleire andre frå andre verdskrigen. Han har saumfare arkiv og dokument, og han har ringt rundt til eit utal menneske som kanskje kan gi han ein ny bit i puslespelet.
– Kva er drivkrafta for å halde på med dette?
– Denne historia om Gordon Watt er særleg fascinerande. Men siste delen av krigshistoria på vestlandskysten har fascinert meg. Det er lagnader og påkjenningar på enkeltpersonar som har vore enorme, i kampen for vår fridom.
Og enno har han ikkje fått svar på alle spørsmåla sine omkring Gordon Watt.
– Eg kunne godt ha tenkt meg å få vite meir om hendingane i Florø og vidare i Bergen og Fornebu. No har eg snubla over meir informasjon etter kvart. Heile historia er så fantastisk frå han tok til å flyge. Han var mellom anna med på det store luftslaget over Sunnfjord 9. februar 1945.
Den dagen, kalla den svarte fredagen, vart ti allierte og fem tyske fly skotne ned. Watt skaut ned eitt av dei tyske flya.
I gang med ny gåte
Og Vorland er i tillegg i gang med å leite etter eit fly som forsvann i eit luftslag den 25. mars 1945. Piloten heitte Ian Grahame Stewart. Han enda sine dagar på ein til no ukjend stad på norskekysten, kanskje i havet utanfor Solund.
– Eg tykkjer det er tragisk at ein pilot som berga seg gjennom heile krigen omkom berre nokre veker før freden, seier Vorland.