Bjørn Lødemel

KVILEPULS: Oppussing av butikken som har vore i familien sidan 1922, var noko av det første Bjørn Lødemel gjorde då pendlarlivet til Oslo tok slutt.

Foto: Silje Guddal / NRK

«Det vart litt tomt, både i hovudet og kroppen»

GRODÅS (NRK): Heilt ufrivillig måtte «Bjørnen» gå i politisk hi. No leitar han etter noko nytt.

Høgrepolitikar Bjørn Lødemel har gått ifrå å vere folkevald på Stortinget til å vere jobbsøkar og kanskje snart student. Etter 26 år i politikken var hans politiske liv over, etter stortingsvalet i fjor haust.

Men vi skrur tida tilbake til 1991, året starta med Golfkrigen og slutta med ein nyttårsorkan som skaka landet. I kommunevalet den hausten får Høgre 17,8 prosent oppslutnad i vesle Hornindal, og ein 33 år gammal møbelsnikkar får innpass i formannskapet.

Sidan dreidde livet til Bjørn Lødemel seg om politikk, heilt fram til 11. september i fjor.

– Eg merka det då eg vakna dagen etterpå, at då var det slutt. Det var ein ny fase. Det vart litt tomt, både i hovudet og kroppen. Korleis går dette vidare? I den fasen merka eg at eg vart litt sett tilbake, seier Lødemel.

Ei avgjerande oppteljing

NRK møter Lødemel heime i stova i Grodås. Her sat han kvelden før nominasjonsmøtet i Høgre hausten 2016. Han gjorde opp rekneskapen. Kor mange ville stemme på han? Det er tradisjon for å renominere sittande stortingskandidatar. Fleirtalet i Høgre ville det annleis.

– Eg ønskte ikkje å gå i eit nominasjonsmøte der det var open strid. Då eg merka eg ikkje hadde støtte, var eg veldig glad for at eg kunne ta den avgjerda sjølv, at eg trekte meg. Eg sette partiet framfor meg sjølv, seier han.

Bjørn Lødemel og Frida Melvær

EIT SKIFTE: Bjørn Lødemel måtte sjå at fleirtalet i partiet vill ha Frida Melvær som førstekandidat til stortingsvalet i 2017. – Eg skulle ikkje trygle og be om å bli renominert. Det ligg ikkje for meg, seier Lødemel som trakk seg frå nominasjonskampen.

Foto: Erlend Blaaild Oldeide / NRK

Lødemel skreiv ein e-post og sende den av garde. Han trekte seg frå nominasjonskampen. Det var starten på slutten. Lødemel fortel at han har fått mange gode tilbakemelding på at han gjorde det nettopp på denne måten.

– Men du styrte det ikkje sjølv. Fleirtalet meinte at du ikkje var den beste kandidaten. Kva seier du til det?

– Det må eg faktisk berre akseptere. Eg tenkte at eg måtte ha 70 til 80 prosent for å føle at eg hadde støtte. Vi var ganske langt der ifrå.

– Kva er grunnen til det?

– Det må dei svare på dei som meinte at vi burde ha ein annan kandidat. Eg kjem ifrå ein utkant i Sogn og Fjordane og det var kanskje folk som ønskte at det skulle vere meir sentralt plasserte folk. Eg har hatt to fantastiske periodar. Eg har ikkje lov til å vere bitter eller sur, eg må berre vere takknemleg for den tilliten som er blitt vist meg.

Lødemel stod valkampen ut, trass i at han sjølv ikkje stod på val.

– Eg har aldri opplevd at det var så viktig å vinne eit val. Vi stod midt opp i mange reformer, viss vi skulle byte regjering, så hadde ikkje vi fått sett resultatet.

Vondt blod og kritikk frå sine eigne

Det storma rundt Bjørn Lødemel fleire gonger gjennom dei åtte åra på Stortinget, og han har måtte tole kritikk, også frå sine eigne. I 2015 etterlyste partifellar ein meir synleg Lødemel. Dei meinte han var vag og utydeleg.

– Eg har ikkje hatt behov for å gå i media med alle moglege ting. For meg var det politiske resultatet viktigare enn kor mange gonger eg var i media i Sogn og Fjordane. På det siste fylkesårsmøtet fekk eg utruleg mange gode tilbakemeldingar på det politiske arbeidet mitt. Eg kjenner at det varmar meg veldig. Det veg opp for både kritikk og alt det andre.

På vei inn til den tradisjonsrike stortingsmiddagen på Slottet torsdag kveld.

FERDIG I DRAUMEJOBBEN:– Det er ein draumejobb, så eg er takknemleg, men ein lever under eit ganske høgt trykk. Det å få puste ut igjen, det var bra, seier Lødemel om jobben som folkevald.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ei sak som sette spor etter seg var den langvarige dragkampen om kvar E39 skulle gå gjennom fylket. Då Lødemel tok det mange meinte var ein snuoperasjon, kom skuldingane om at stortingsrepresentanten var uryddig.

– Eg sa heile tida at eg går for S-en, altså Kvivsvegen og bru Anda–Lote. Men Vegvesenet sa det var heilt uaktuelt å byggje S-en, så då gjorde eg det eg hadde sagt. Når S-en ikkje lenger var eit alternativ så gjekk eg for Kviven og indre. Eg tykkjer eg er blitt tillagt ein del ting som er urettferdig og ikkje er sant.

Kunne du ikkje gått ut og retta dette opp?

– Eg har retta det opp mange gongar, men det vert ikkje akseptert og så vert det brukt mot meg at eg har svikta. Eg har lært meg å leve med det. Eg har god samvit for det eg har gjort.

– Det har skapt ein del vondt blod i forhold til min person, men det må eg akseptere.

– Kan det ha påverka at du ikkje vart renominert til ein tredje periode?

– Ja, eg hadde ikkje støtte ifrå dei to kommunane (Gloppen og Eid, red.anm.), men det hadde eg heller ikkje forventa. Eg forstår dei, at dei er skuffa og ønskjer ein annan kandidat.

Den aller beste kaka

Gjennom 26 år i politikken, har det også blitt sigrar. Sjølv meiner Lødemel at den viktigaste saka han har vore med å få gjennom var å få småkraftverk innlemma i den grøne sertifikatordninga.

Oskar Grimstad og Bjørn Lødemel smiler stolt over småkraftprisen 2015

PRIS: Saman med Oskar Grimstad (Frp) fekk Lødemel årets småkraftpris i 2015, for deira arbeid med å innlemme småkraftverk i ordninga med grøne sertifikat.

Foto: Mikkel Aanderaa / Småkraftforeninga

– 240 småkraftverk, 40 i Sogn og Fjordane, fekk grøne sertifikat. Det er den kjekkaste kaka eg har ete nokon gong i mitt politiske liv. Vi reiste rundt og helste på dei, og det var tårer i auga, minnes Lødemel.

Men trass store nasjonale saker, det er likevel ingenting som kan måle seg med då han som ordførar i heimkommunen var med på å få gjennomslag for Kvivsvegen.

Opning av Kvivsvegen

DET STØRSTE: 22. september 2012 opna Kvivsvegen, med mellom andre noverande statsminister Erna Solberg og kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi ser jo at Kvivsvegen har blitt langt større og meir positiv enn vi kunne drøyme om. Eg er godt nøgd med dei politiske resultata som eg har vore med å påverka.

Ikkje til duk og dekka bord

Det har snart gått fem månader sidan Bjørn Lødemel sitt politiske liv var over. Det har blitt stilt på telefonen. Som gammal møbelsnikkar har han fått pussa opp butikken familien driv.

–Det tok ganske lang tid før eg kom ned på skikkeleg kvilepuls. Der er eg no, og eg nyt det. Det må eg innrømme, seier Lødemel.

No har 59-åringen meldt seg som arbeidsledig på NAV, samstundes håpar han å starte 2018 som student.

– Eg er ung og sprek framleis, så enten må eg ha meg ein spennande jobb, eller ta vidareutdanning.

Lødemel har søkt eit masterstudie ved Høgskulen i Volda, innan samfunnsplanlegging og leiing.

– Eg veit eg har veldig mykje å bidra med. Eg er ikkje så veldig bekymra, men samstundes er eg veldig realistisk. Eg er 59 år, har lite formell utdanning, og det er ein tøft jobbmarknad.

Bånn gass og rock and roll

Siste tida på Stortinget deltok Lødemel på jobbsøkarkurs og meldinga der var klar. Det kan vere tøft å gå frå profilert stortingspolitikar til ein jobb i det sivile. Lødemel er sikra tre månader stortingspensjon.

– Blir du den nye ordføraren i nye Volda i 2020?

– Det blir eg ikkje. Eg kjem til å jobbe med lokalpolitikk, men som bakkemannskap for dei som skal inn i den valkampen.

Bjørn Lødemel

ØNSKTE IKKJE Å GJE SEG: – Eg meiner at eg framleis har mykje å tilføre, og eg stod sterkast på slutten av karrieren, seier Bjørn Lødemel.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kanskje vil valkampen trenge eit slagord, og då kan partiveteranen vere mannen å spørje, for særleg ei setning har festa seg ved Lødemel. Ei setning som kom under opinga av omtalte Kvivsvegen. Då lova Lødemel «bånn gass og rock and roll forever».

– Hahaha, det kom ifrå hjartet. Det er jo ein del Høgre-folk som brukar det når dei skal setje ord på ting, og det set eg pris på. Eg er ein glad gut, eg er optimist av type og ser lyst på livet. Eg har jo tenkt å gje gass, og gjerne bånn gass, i nokre år til, om eg finn meg spennande arbeid.