Kritikk mot gymlærar

OMSTRIDD: I artikkelen fortel foreldre om opplevingane rundt ein gymlærar. Dei er fortvila.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

Den omstridde læraren

Ein elev sa at han heller ville døy enn å gå på skulen. Andre grein seg i søvn og nekta å ha gym. – Han gjorde alt det ein lærar i kroppsøving ikkje skal gjere, seier foreldre.

August 2016, ved ein barneskule i Sogn og Fjordane.

Det er ein vanleg dag ved skulen. Friminutt, der dei fleste leikar ute. Neste time skal ei 7. klasse ha gym. Så skjer det som nokre gongar skjer blant viltre gutar. Tre av dei oppdagar at ei dør til gymsalen ikkje er låst. Ein av gutane går heilt inn i gymsalen for å leike med nokre ballar, medan to av dei andre vel å halde seg litt unna i ein korridor. Det som så skjer skal vekke merksemd. Også i media.

Hendinga blir utgangspunktet for ei politietterforsking som varer i fleire månader, der den aktuelle læraren blir sikta for vald mot ein elev. I eit skriv til foreldra skildrar rektor hendinga med stort alvor. Han fortel om læraren som denne dagen har inspeksjon og som kjem inn for å få elevane ut av garderoben. Før han oppdagar eleven som er i gymnastikksalen. Deretter, skriv rektor, er det usemje om kva som skjer vidare:

«Eleven sjølv meiner at han blir tatt i nakken og ryggen og dytta ned for å ta opp ballane. Læraren skriv i si forklaring at han tok eleven i armen og leia han rundt for å rydde.»

Det er ord mot ord. Vart eleven leia rundt for å rydde? Eller vart han halden nede med makt?

Det eine er lov. Det andre er straffbart.

Guten snublar så i ein ball.

Brevet frå rektor viser at eleven og læraren ser heilt forskjellig på det som skjer vidare.

Medan læraren forklarar at han sa «kom deg opp og rydd ferdig», fortel eleven at han «vart dregen etter hetta medan han låg på bakken bort til den andre sida av gymsalen for å ta opp ein ball.»

Mora til eleven seier han opplevde det heile særs dramatisk. At han vart livredd og fekk panikk fordi han ikkje klarte å puste, før han til slutt klarte å vri seg laus.

Påtalemakta vel å legge bort saka, etter bevisets stilling.

I media er det denne enkelthendinga som skal få størst merksemd. Men for dei andre elevane i 7-klassa skal det som skjer rett etterpå gjere størst inntrykk, då dei vart samla i gymsalen.

Ukjent klagetal

For fleire av foreldra vart hendinga i gymsalen eit tidsskilje. Over fleire år hadde det blitt varsla. Om det dei omtalar som rein mobbing av svake elevar og «straffemetodar» for elevar som ikkje presterte. Ei kjensle av at rektor, over tid, ikkje har teke tak i bekymringsmeldingane frå foreldra.

NRK har spurt kommunalsjef og rektor ved skulen kor mange førespurnader, munnleg eller skriftleg, det til saman har kome på den aktuelle læraren. Utan å få svar.

– Det som kjem inn skriftleg vert svara på etter forvaltningslova, opplæringslova og prosedyrane til (namn på kommune). Meldingar pr. telefon frå føresette går ofte til kontaktlærar som ordnar opp der og da. Det er ofte eit ønske om å ordne opp på eit så lågt nivå som mogleg, skriv rektor ved skulen.

– Fleire foreldre forstår ikkje, på bakgrunn av det dei opplever som alvorlege hendingar, at skulen ikkje har sett i verk strengare tiltak mot læraren?

– Personalsaker er underlagt teieplikt, svarar rektor.

Den aktuelle læraren har fått framlagt dei ulike historiene frå foreldre og frå skuleleiinga. Han ønsker ikkje å kommentere saka.

Fleire hendingar

Historiene er fleire, og enkelte strekk seg tilbake i tid.

NRK har snakka med ei kvinne i 30-åra, som seier ho hugsar korleis læraren oppførte seg mot enkelte elevar allereie på 90-talet, då ho gjekk på barneskulen.
Ho seier det vart sagt stygge kommentarar.

– Vi hadde fleire episodar med læraren og dei fleste handla om verbale ting. Ord som vart sagt til enkeltelevar. Vi hadde ein person i klassa som var overvektig, som sleit kvar gymtime. Kommentarane kom då på løpande band frå læraren.
Det var ord som feit, tjukk, lat. Som til dømes «Ta å få den tjukke ræva di opp frå matta, eller så må eg dra deg ut av gymsalen».

Ifølge kvinna fekk også jentene ulike formar for merksemd frå læraren:

– Han kunne seie ting som: «Gutta, sjå på rumpa til jentene når dei hoppa! Jenter! No må de shake skikkeleg når de hoppar!»

Dette skjedde gong etter gong. Enkelte av hendingane vi opplevde vart varsla til rektor allereie den gongen, seier ho.

Men også dei siste åra har skulen fått fleire tilbakemeldingar på ulike hendingar og episodar.

Ei av klagene frå 2012 handlar om at den aktuelle læraren er nedlatande mot svake elevar.
At han behandlar elevane forskjellig etter kor bra dei presterer.

Ei mor som venta på barnet sitt utanfor skulen, seier ho såg korleis forskjellsbehandlinga skjedde. Ho beskriv ein situasjon der elevane skulle springe, på tid. Dei som sprang under 16 minutt fekk ros og godord, medan dei som ikkje klarte kravet fekk kjeft.

Ho skriv: «Han gjekk på enkeltelevar og skulda dei for å ha somla sjølv om dei var både andpustne og sprengrøde i ansiktet. «Har eg bedt deg om å gå! NEI! Eg sa du skulle springe!!»»

Vidare skriv ho at dei elevane som klarte kravet kunne få lov til å vere "dommarar" og passe på at dei andre fekk "straffa" si. Det vil seie ekstrarundar rundt skulen.

– Det gjer fysisk vondt i magen å oppleve at lærarar oppfører seg slik overfor barn. Dette ser eg på som eit overgrep, skriv ho til rektor.

Ho legg også til at ho tidlegare har vore i kontakt med skulen om den aktuelle læraren.

«På møtet vi hadde blei vi lova at dette skulle bli ein slutt på. Ingenting skjer. Eg veit ikkje kor lenge eg klarer å lukke auge og øyrer lenger. Som foreldre har vi ei plikt til å seie frå når vi meiner noko ikkje er rett.»

Også seinare skulle det skje hendingar som enkelte foreldre sa tydeleg frå om.

Rett før sommarferien, for tre år sidan.

Nokre dagar før ein gymtime skal læraren ha sagt til klassa at elevane skulle ha vasskrig.
Jentene, som gjekk i 7-klasse, skal ha blitt bedne om å ha på seg kvit overdel, fleire oppfatta det som at dei skulle vere med på ein slags wet t-shirt-konkurranse.
Skulen vart varsla. Foreldre fekk deretter beskjed om at ungane skulle ha på seg «vanlege klede» i neste gymtime likevel.

Læraren skal i bakkant ha hatt oppfølgande samtalar med ein ekstern fagperson i eit halvt år.

NRK har også snakka med ei mor som har eit barn med astma.
Ifølge mora vart den aktuelle læraren på eit tidleg tidspunkt varsla om problema dottera hadde. Likevel skal han ha overprøvd foreldra ved fleire høve, så seint som i vinter, då dei bad om fritak.

Konsekvensane av at ho ikkje fekk fritak frå gym, då dei bad om det, var at dottera vart dårleg kveld og natt, med mykje hoste og slim, ifølge mora.
I møte med skule og lærar tok foreldra med seg fagpersonar innan helse, for å få støtte i korleis barnet sin sjukdom skulle handterast.

Spørsmålet fleire stiller seg er om skuleleiinga burde reagert strengare, når dei over tid har fått ulike varslar på den same læraren.

– Festar skulen lit til hendingane som er varsla?

– Vi forheld oss til det føresette seier og gjer undersøkingar som vi er pålagt å gjere etter opplæringslova, skriv rektor.

Skuleleiinga vil ikkje svare på om det tidlegare har blitt gitt åtvaringar til læraren eller om det har blitt halde ulike formar for drøftingsmøte. Også her blir det vist til teieplikta.

Sak om lærar

ULIKE VERSJONAR: Eleven og læraren har kvar si forklaring på kva som skjedde i gymsalen. Politiet etterforska saka i fleire månader, men la den vekk.

Foto: Anders Furevik (illustrasjon)

Timen etterpå

Men kva skjedde eigentleg i timen etter hendinga i gymsalen? Då alle elevane i 7. klassa vart samla i gymsalen?

Det som skjer her skal gje den kraftigaste reaksjonen frå skulen si side.

Her blir elevane først samla. Så blir elevane tilsnakka av læraren på ein måte som gjer at skuleleiinga finn grunn til å handle.

Rektor skriv:
«Elev og lærar går ut i friminutt og kjem inn i gymnastikksalen saman med resten av elevane i klassen når det har ringt inn klokka 13.2O. Elevane vert samla. Det oppstår no ei ordveksling mellom lærar og elevane i klassen. Både einskildelevar og elevgrupper gjev uttrykk for at dei opplever at lærar snakkar stygt om den aktuelle eleven som var involvert og andre elevar i klassen.»

Men ifølge foreldre NRK har snakka med, er dette ein dempa versjon av korleis elevane opplevde hendinga.

Ein far seier:
– Slik eg fekk det gjenfortalt har læraren rett og slett skjelt ut ei heil klasse – og kalla dei ubrukelege i minutt etter minutt. Eg trur det var snakk om opp mot eit kvarter. Og då har han brukt ein elev i klassa som eksempel på kvifor heile klassa er ubrukeleg. Og dette var orda som vart brukt, at alle i denne klassa er ubrukelege.

Ei mor har fått gjenfortalt hendinga slik:

– Læraren sa at eleven er slapp fordi han er feit og overvektig. Fleire elevar vart sjokkerte av kva læraren sa, og enkelte byrja å forsvare eleven.
Foreldre til elevar i klassa seier at då borna kom heim den dagen, var dei knapt til å kjenne igjen.

– Eg vart skremd over kva eg forstod han måtte ha opplevd for å reagere sånn, seier ein far.

– Normalt må vi bearbeide han for å få han til å fortelje kva som har skjedd. Her var det sporenstreks heim for å fortelje. Og uroleg gonge rundt omkring medan han fortalde. Han greidde ikkje å få ut det han hadde inni seg fort nok, seier han.

Ei mor beskriv korleis ho opplevde dottera då ho kom heim frå skulen den dagen:

– Ho var litt i sjokk. Ho visste ikkje korleis ho skulle byrje å snakke om det. Opprørd. Lei seg. Dårleg samvit fordi ho ikkje greip inn overfor eleven som vart skjelt ut på det grovaste.
Foreldra til ni av barna klaga inn læraren etter denne hendinga. I alle sakene oppretta skulen enkeltvedtak, der dei slo fast at barna sin rett til eit godt psykososialt miljø ikkje var oppfylt.

Den aktuelle læraren vart teken ut av klassa og erstatta med ein vikarlærar for det aktuelle skuleåret. Men var samstundes i full jobb i dei andre klassene. Dermed oppstod det misforståingar.

– Eg oppfatta det som at han no vart fjerna frå undervisning. At han ikkje lenger skulle jobbe som lærar. Men det stemte jo ikkje, seier ei mor.

Skuleleiinga vil ikkje kommentere kvifor læraren ikkje vart suspendert eller sagt opp og viser til teieplikta. Om den aktuelle hendinga, der heile klassa var til stades, skriv rektor:
«Den omtalte hendinga oppfatta vi som alvorleg og sette umiddelbart i gang med undersøkingar som førte til ulike tiltak.»

Gruar seg til gym

Historiene er forskjellige, men problemstillinga er den same. Ein lærar som skal ha teke seg til rette. Som, ifølge foreldre, gong etter gong går etter dei svakare elevane og som i ulike samanhengar skapar frykt.

– Vi hadde ein gut som grein seg i søvn, dagen før han skulle ha gym. Det var rett og slett eit mareritt å få han av garde.

Orda kjem frå ei mor. Ein av fleire foreldre NRK har snakka med.

– Det vart til slutt så ille at han sa: «Eg vil heller døy enn å gå på den skulen, mamma. Du kan ikkje vere glad i meg dersom du tvinga meg til å fortsette.»
Gjentekne varslingar, over år, som foreldra meiner vart ignorerte og ikkje tekne på alvor av skuleleiinga.

– Stort sett alle vi kjenner som har barn på skulen, og som har denne læraren i gym, kjenner til episodar som har vore over streken, seier ein far.

Mora til guten som var involvert i hendinga i gymsalen seier sonen utvikla sterk skulevegring etter det som skjedde.

– Han orka ikkje gå på skulen, i frykt for å treffe på læraren, seier mora.

Men kan biletet også vere meir nyansert?

Ein av foreldra NRK har snakka med, som har fleire barn ved skulen, seier ho har gode erfaringar med læraren.

– Eg har høyrd negative historier frå andre foreldre. Men eg har aldri sjølv opplevd at mine barn reagerer på den aktuelle læraren. Det har heller ikkje vore enkeltepisodar som dei har teke opp med meg, seier ho.

I ei av klagene viser ei anna mor til at ho av rektor har blitt møtt med at «det er no mange som likar han». Mora seier:

– Dei gongane eg har teke opp ting blir eg møtt med bunkar med papir – «her er alle dei som er nøgd med læraren».

– Men kan det vere at det stemmer? At det faktisk er mange som er nøgde med han?

– Det kan godt hende. Eg har sjølv ein son som er veldig nøgd. Men han kjem til meg og fortel at han at han ikkje er så grei med dei som ikkje er flinke. Han seier: «Eg likar han godt. Han er snill med meg. Men dei som slit i gym snakkar han frekkare til. Dei må gjere mykje meir enn oss andre. Dei må ta dobbelt så mange push-ups eller dobbelt så mange sit-ups eller springe ein ekstra runde. Og det synest eg ikkje er greitt, mamma.»

Dei strengaste tiltaka som vart sett i verk i august 2016, er uansett oppheva. Og læraren er i full undervisning igjen. Blant foreldra NRK har snakka med, har minst to barn blitt tekne ut av skulen.

Det gjeld også guten som gret seg i søvn fordi han grudde seg til gymtimane. Han som sa han heller ville døy enn å gå på den skulen.

– Då vi skifta skule, så fekk vi ein heilt ny gut. Ein glad gut, seier mora.