Benhur og Benhane Gebreyesus Twelde

STOR GLEDE: Benhur og Berhane møter igjen pappa på flyplassen i Førde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Endeleg får Benhur (8) klemme pappa

Åtte år gamle Benhur har ikkje sett faren sidan han var baby. Han står dresskledd på flyplassen. Her og no blir draumen om pappaklem verkeleg.

– Eg har ørner i magen! Eg gleder meg superduper mykje.

I denne stund sit far hans i eit fly på veg til Noreg. Benhur trur han kjem til å hugse dagen for alltid.

– Det er veldig stort at pappa kjem etter snart åtte år, så eg håpar eg kjem til å hugse det og kunne fortelje det til borna mine.

Venting på flyplassen

PYNTA TIL VELKOMST: Det er berre minutt att av fleire års venting.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Eg lurer på korleis han ser ut. Benhur trakkar spent rundt seg sjølv.

Mor har på seg ein kvit kjole med kvitt sjal, og i hendene har ho fleire bukettar med blomar. Det er berre minutt til kveldsflyet med tobarnsfaren og ektemannen landar. Benhur og storebror Berhane står i vindauget med utsikt mot flystripa. Dei kan ikkje hugse å ha vore på ein flyplass før. Så ser dei eit widerøefly komme dalande ned frå himmelen.

– Tenk, at pappa er inne i det flyet, seier Benhur, og Berhane legg armen kring skuldra hans.

– Der kjem han, der kjem han, jaaa!

Ned flytrappa går ein mann mor deira kjenner att med ein gong. Gutane hoppar opp og ned. Korleis blir det å få ein pappa? Korleis blir det å bu saman med ein dei berre har snakka med på telefon? Kjem pappa til å gje Benhur lov til alt mamma har gitt han lov til?

No kjem straks den nye kvardagen, og Benhur vil få svar. Blir alt like bra, like stort, like fint, som håpet hans?

Benhur Gebreyesus Twelde

DRAUMEN OM PAPPAKLEM: – Eg lurer på korleis pappa ser ut, seier Benhur Gebreyesus Tewelde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vassenden i Jølster, våren 2010:

Ferda starta mange år tidlegare. Benhur hugsar ingenting av det, men saman med storebror Berhane og mor, kjem han til Noreg ein marsdag i 2010. Mor hans gret og er redd ho aldri meir skal sjå far hans igjen. Benhur er babyen ho held på armen, storebror er treåringen i handa. Dei tre er åleine i eit nytt land, berga ut av FN, som kvoteflyktningar frå Eritrea.

– Mannen min var fengsla i Eritrea og eg ante ikkje om vi kom til å finne kvarandre igjen, seier Tsehaynesh Mesfun Tesfay.

Kanskje var det bra ho ikkje visste kor lang tid alt skulle ta.

Tsehaynesh Mesfun Tesfay, Berhange og Benhur Gebreyesus Twelde

REDSEL: Storebror Berhane, mor Tsehaynesh og veslebror Benhur har i årevis levd med spørsmålet: Vil dei nokon gong sjå familiefaren igjen? Ved årsskiftet låg det 6.617 søknader om familiegjenforeining hos UDI.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Om kapp med eigne tankar

Då mora med dei to sønene kom fram til mottaket på Vassenden i Sogn og Fjordane, blei livet litt betre.

Med barnevogn gjekk ho turar langs Jølstravatnet nesten kvar dag, om kapp med eigne tankar. Den eine tanken var bra, mannen min kjem snart. Den andre tanken var motsett. Mørk og uuthaldeleg.

Ho ramsar opp ein gjeng kvinner og familiar frå bygda, som har hjelpt henne mykje. Dei har køyrd gutane hennar på fotballkampar, og av og til køyrd henne heim frå handleturar.

– Dei har hjelpt meg med alt mogeleg. Eg er så glad i norske folk. Tsehaynesh legg handa på hjartet medan ho fortel om støtta den vesle bygda har gitt henne og sønene.

– Vinteren har vore verst. Vi har ikkje bil og må gå til alt. Eg ramlar og dett og ramlar og dett, med handleposar eller i full fart til og frå jobb. Tsehaynesh ler når ho fortel.

– Eg reiser meg og børstar av snøen, men åleine med ungar og all uvissa, ja, eg har vore redd for korleis det skulle gå.

Ho er ikkje åleine om denne redsla. Ved årsskiftet låg det 6.617 søknader om familiegjenforeining hos Utlendingsdirektoratet. 652 av dei frå personar i Eritrea med familie i Noreg.

Benhur og Berhane Gebreyesus Twelde

KVARDAG I VINTERLAND: Berhane og Benhur i skitrekket på Vassenden i Jølster.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I eit halvt år blei Benhur trilla på turar, før noko meir skjedde.

I lang tid hadde mor til Benhur prøvd å få tak i ektemannen frå den vesle heimbygda, Wekerti. Der både ho og far til Benhur vaks opp. Fedrane var vener og det låg i korta at dei skulle gifte seg. I 2004 blei det ekteskap og etterkvart to søner. Mor skildrar eit godt liv, der ho var husmor og han jobba som lastebilsjåfør.

Eit godt liv i Eritrea er ikkje det nordmenn reknar for godt liv. Av Reporterar utan grenser, er Eritrea rangert som det mest lukka landet i verda, heilt på botnen under Nord-Korea.

Sidan den tretti år lange krigen mot Etiopia tok slutt i 1993, har landet hatt full krigsmobilisering, og då krigen mot det same landet blussa opp att i 1998, vart det innført verneplikt for alle under femti år.

– Det spesielle er at militærtenesta er på ubestemt tid! Eg har eritreiske vener, som kom inn i militæret i 1998 og som er der enno, fortel Noregs fremste ekspert på Eritrea, professor, Kjetil Tronvoll.

Å kome seg ut av militæret er vanskeleg. Ifølgje FN-sambandet blir dei som prøver seg, ofte fengsla og torturerte, og verneplikta er hovudgrunnen til at svært mange flyktar frå landet.

Tobarnsmora på mottaket i Vassenden tar imot telefonen og høyrer ei kjend stemme i andre enden. Mannen hennar har klart å flykte til Sudan! Gebreyesus Tewelde Berhe er trygg, men korleis skal han komme seg vidare til kone og barn i Noreg?

Tsehaynesh Mesfun Tesfay

UVISSE: Åleine i nytt land med to små born. - Eg har vore redd for korleis dette skulle ende.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Benhurs store draumar

Mor har gått i førevegen då brørne låser døra, og småspring nedover bakkane til Vassenden skule. I friminutta spelar Benhur fotball. Etter skulen spelar han på Jølster Fotball. Benhur har to store draumar: Å få sjå pappa igjen og å bli fotballproff.

– Når eg blir stor, har eg lyst å bli fotballspelar, men om eg ikkje klarer det, vil eg starte restaurant her på Vassenden, med mamma som kokk.

Fotball for Jølster

FOTBALL: Benhur kosar seg på fotbaltrening i Jølster Fotball.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Når eg spelar fotballkamp, skulle eg ønskje pappa kunne sjå meg, og heie på laget mitt, seier guten frå Jølster og Eritrea.

Når skuledagen er over, er brørne med og handlar mat på nærbutikken. Benhur, Berhane og mamma trakkar opp bakkane med handleposar i hendene.

– Vi må hjelpe mamma å bere heim maten, for vi har ikkje bil. Pappa køyrer drosje i Sudan, så eg drøymer om at han skal komme og kjøpe ein bil. Då slepp vi å gå så mykje, seier Benhur på kjøkenet heime. Han legg varene på plass i kjøleskapet.

Benhur lånar telefonen til mamma og ringer til pappa. Det er ørken, hav, fjell og elvar mellom dei. Stemma er kjend, men Benhur kan ikkje hugse at han nokon gong har sett faren anna enn via eit uklart bilete på telefonen.

- Det er trist å tenke på at det blei krig i Eritrea, det er liksom landet eg også kjem frå, seier Benhur. På veggen over han i stova, heng eit bilete av foreldra, som held rundt kvarandre.

I snart åtte år har han vakse opp i Noreg. To ting har han lært grundig: Å lengte og å vente på far.

Benhur Gebreyesus Twelde

TELEFON-PAPPA: Benhur kan ikkje hugse å ha sett faren anna enn på telefonen.

Foto: Torje Bellaas / NRK

Fast jobb og nytt håp

Tsehaynesh trudde ektemannen kunne komme til Noreg med ein gong, men så skulle det gå opp for henne at systemet ikkje er så enkelt. Kvoteflyktningar må som hovudregel skaffe seg ei fast brutto årsløn på 256.000,- kroner, før familiemedlemmer kan flytte etter. Tsehaynesh måtte klare seg utan økonomisk sosialhjelp, før ektemannen kunne komme. Lenge såg dette ut som eit umogeleg krav.

– Eg kunne ikkje skrive namnet mitt ein gong, og så skulle eg klare å skaffe meg fast jobb! Eritrea har store problem med analfabetisme og sjølv fekk Tsehaynesh berre gå fire år på skule i Eritrea.

Lukka skulle bli bygdefolket i Jølster. Benhur, storebror og mor blei omringa av gode hjelparar, og mor fekk heiarop frå kvinner i bygda. Mens Benhur gjekk i barnehagen hadde mor praksis på aldersheimen, ho fekk jobb i eit lite bakeri og til slutt fast jobb som reinhaldar på Vassenden skule. Heilt avgjerande for framtida til familien!

Det hadde gått fem år sidan ho kom til Noreg, og endeleg kunne ho ringe til mannen og be han gå til den norske ambassaden i Sudan og søke familiegjenforeining.

– Eg blei så glad! I 2016 fekk familien positivt svar frå Utlendingsdirektoratet, og så var det å skaffe den dyre billetten frå Khartoum i Sudan til Førde i Noreg.

Tsehaynesh Mesfun Tesfay

FAST JOBB: Benhurs mamma kunne knapt skrive namnet sitt då dei kom til Noreg, men om Benhur og storebror skulle få sjå far igjen, måtte mamma få seg fast jobb.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det er tysdag 23. mai 2017, og i klasserommet til tredje klasse ber læraren Benhur komme fram til det store kartet.

– Benhur, du må vise oss kvar Eritrea er, seier Anette Slåtten.

Benhur peikar på eit lite land i Afrika, nordaust på kysten. Eit kystland med seks millionar innbyggarar, fylt av gull - og landminer. Økonomisk avhengig av omverda og i stadig kald krig mot Etiopia. Eritrea er i lag med Syria og Afghanistan, dei landa det kjem flest flyktningar til Noreg frå.

– I Eritrea tar dei det med Jesus veldig seriøst, seier Benhur. Familien hans er kristen ortodoks, til liks med førti prosent av innbyggjarane i Eritrea.

Denne skuledagen har Benhur gleda seg til, for læraren skal fortelje alle i klassen det han sjølv nettopp har fått vite heime: At pappaen til Benhur endeleg skal kome! Benhur har fått vite det av mor, og endeleg kan han fortelje det til alle.

Fleire gonger før har Benhur blitt skuffa, men denne gongen kjem pappa. Denne gongen trur Benhur på det, og no veit dei andre ungane det også.

– Det er kjekt å ha ein pappa som endeleg skal bu med meg, for det er mange som har det, men eg har ikkje hatt det før, seier Benhur.

Benhur har alltid lurt på kvifor faren ikkje kunne bli med då dei flykta frå krigen i Eritrea, men har aldri spurt.

– Det er trist å tenke på at vi drog frå pappa, så derfor spør eg ikkje, seier Benhur.

Benhur veit svaret har noko med krig og gjere. Den dagen han vågar å spørje vil, forklaringa handle om fars veg ut av militæret, via fengsel.

Benhur gler seg mest til å få klem, og han vil lage stor fest når pappa kjem. Forventningane er blanda med spenning, og litt alvor. Så lenge han kan hugse har han berre budd i lag med mor og storebror. Benhur håpar faren ikkje er streng.

– Endeleg skal vi få bu med pappa

Førde lufthamn, 8. juni 2017:

Det kvite og grøne flyet har parkert på Bringeland i Førde. Over asfalten kjem ein mann i brun jakke. Han går dei siste metrane av ei reise i uvisse og lengsel. Glasdøra opnar seg, og med det, ein heilt ny kvardag, eit heilt nytt liv for fire menneske.

Gebreyesus går ned på kne og opnar famnen. Benhur og Berhane får endeleg pappaklemmen dei har lengta etter. Tsehaynesh glir inn blant små og store armar.

– Det var litt av ein familieklem, smiler Berhane. Ektemannen kyssar kona forsiktig på panna. Benhur held rundt far, som tørkar tårene.

– Han klemte oss veldig hardt, eg såg han likte det. Endeleg skal vi få bu med pappa, smiler Benhur.

Benhur får endeleg møte att faren etter sju år i Norge.

Frå barne-tv-dokumentaren, Bli med heim, NRK Super.

– I mange år hadde eg ei dårleg kjensle av at eg aldri skulle få sjå kona og gutane igjen. Eg var veldig redd for det, seier Gebreyesus Tewelde Berhe.

Benhur og Berhane sit på fanget til far sin. Det har gått nokre månadar sidan dei fekk ein pappa dei kan klemme på ekte. Benhur har blitt ni år og fjerdeklassing.

– Dei er tett knyta til meg no, og vil ofte vere inntil meg. Vi har mykje å ta igjen, smiler Gebreyesus.

Han har kome seg gjennom dei første spaserturane på snøføre utan å ramle.

– Nei, nei, eg har ikkje ramla, seier han leande på norsk. Han går på norskkurs og deler draumen om bil med sønene.

– Eg håpar at eg klarer å lære norsk så bra at eg kan få jobb som lastebilsjåfør, bussjåfør eller at eg kan køyre taxi, seier han. Køyre bil kan eg, men eg må vel ha kurs i glattkøyring!

Familen Twelde Berhe

LIV OG LATTER: Redsla for aldri å få møtast igjen er erstatta med glede over ny kvardag med far i hus.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Han håpar det vil gå bra med Benhur og Berhane, at dei veks opp og blir gode vaksne. Tsehaynesh fortel ho er lukkeleg og glad for at alt gjekk bra til slutt.

– Eg håpar eg kan få gå på grunnskule og lære meir, og så har eg lyst å starte restaurant eller jobbe med dei gamle på aldersheimen.

Benhur og Berhane deler køyeseng og gjer seg klare til legging. Berhane ligg øvst og Benhur nedst. Dei seier god natt og så kjem pappa inn.

– God natt, seier han og klemmer Berhane og så klemmer han Benhur.

– Å få pappa heim, var endå betre enn eg håpa. Eg var redd han skulle vere streng, men han er berre snill. Eg trur ikkje han vil vere streng med oss, uansett, seier Benhur.

– Eller, ein ting er pappa streng på. Visst eg seier nei til ein klem, så tar han tak i meg og klemmer meg likevel. Men det er ein fin ting å vere streng på!

Tsehaynesh Mesfun Tesfay

DRAUMEN I OPPFYLLING: – Det er stort at pappa endeleg er her.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dei to brørne er aktuelle i dokumentarserien, Bli med heim på NRK Super. Her kan du Sjå «Bli med heim» om då Benhur endeleg fekk møte pappa