Johannes Årdal i hoppbakken
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Einsam i svevet

På 30 år har talet på aktive hopparar i Noreg gått frå over 3000 til under 300. Johannes Årdal (13) er ein av få som er igjen.

– Målet er å bli best i verda, eg vil jo hoppa langt på ski, seier Johannes.

Det er ein stjerneklar kveld, med tolv minusgrader og gode forhold. Bjørkelibakken i Stryn er godt opplyst. Johannes Årdal ber hoppskia opp stillaset på toppen av 70-meterbakken.

– Det er litt skummelt, men eg prøver å ikkje tenka så mykje, berre hoppa å gjera det eg skal, seier Johannes.

13-åringen har køyrt dei 90 kilometrane frå Jølster til Stryn etter skuletid fleire gongar denne veka. Turen tar mellom to til tre timar kvar veg. Dersom han skal verta betre er hoppbakken der den einaste i fylket som er stor nok.

Sogn og Fjordane har bidrege med nokre av dei beste hopparane i landet. I 2015 sette Anders Fannemel verdsrekord då han hoppa 251,5 meter i Vikersund. Til trass for dette er det berre ti aktive hopparar under 18 år i fylket. Johannes er den einaste i Jølster.

Han er ein av dei som held liv i sporten.

Johannes Årdal i bilen på veg til hoppbakken

SEINE KVELDAR: Johannes er på veg til Bjørkelibakken i Stryn etter skuletid, i løpet av ei veke kan det verte mange timar i bil.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Svima av på toppen

I 1987 var Noreg det landet i verda med flest skihopparar, ifølgje Thor Gotaas, forfattar av boka Før og etter Wirkola. Då var det 3122 som løyste lisens for skihopping. Sjølv om det i 2013 berre var 267, har me framleis fleire utøvarar enn noko anna land.

– Det var kanskje 50 000 skihopparar på 50-talet, men det er heilt umogleg å seie nøyaktig, seier Gotaas.

I dag kan ein sjå kor mange som løyser lisens for å delta i konkurransar, men frå den tida finst det ingen offisielle tal. Det var mange uoffisielle renn og hoppbakkar i kvar ei bygd. Skihopping var uorganisert folkemoro på ein heilt anna måte enn i dag.

Fram til 1970-talet var det mange plassar pliktig for gutar å hoppa i skuleskirennet. Det var ikkje lika lett for alle. Gotaas fortel at det var ein elev som svima av i ovarennet på skulebakken i heimbygda Fagerlund i Brumunddal. Sjølv torde han aldri å hoppa i bakken.

– Rekorden var på 19 meter, det var veldig langt for ein skuleelev, seier Gotaas.

Før 1963 kunne ikkje born under 12 år delta i langrenn arrangert av Skiforbundet. Då dette vart oppheva fekk born og unge eit mindre skummelt alternativ til hoppsporten. Over 50 år seinare har dagens ungdom eit mylder av fritidstilbod, for mange vert skihopping eit tungvint alternativ.

Mange av dei gamle bakkane var ekstremt arbeidskrevande og vart tungvinte å halda i drift. I takt med at talet på hopparar har gått ned har det vorte lengre og lengre mellom bakkane som er i drift.

Skihopp på Brekke i 1914, med publikum.

FOLKESPORT: Det var mange tilskodarar på skihopprenn på Brekke i Oppstryn i Sogn og Fjordane i 1914.

Foto: Kristian Berge / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Tilfeldig at han starta

Johannes hugsar godt fyrste gongen han hoppa.

– Eg brukte ein og ein halv time før eg torde å hoppa, det var sjukt skummelt, fortel Johannes.

Det var tilfeldig at han starta med skihopp. I 2014 skulle søskena hans på speidarleir i Oslo, så han melde seg på ei samling i skihopp medan dei var der. Då hoppa Johannes, som er tidlegare kretsmeister i alpint, i alpindrakt og med lånte ski.

– Alpint var mest for å læra dei grunnleggande skiteknikk, før dei skulle begynna med hopp, spøker far til Johannes, Jan Inge Årdal, som sjølv har vore aktiv som hoppar.

I 2015 vann Johannes eit par hoppski fordi han var den hopparen i fylket med best utvikling i løpet av året.

Johannes Årdal tek på seg hoppsko

DEDIKERT: Johannes gjer seg klar til å gå ut i hoppbakken. Når han ikkje er i hoppbakken går det mykje tid med til å sjå på videoar av dei store heltane på nettet.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Vil hoppa lengre enn Fannemel

På tentamen i engelsk skreiv Johannes eit eventyr om skihopping, og på norsktentamen skreiv han ein artikkel om korleis sporten har endra seg. På mattetentamen vart det vanskelegare å skriva om skihopp, men hadde han fått lov hadde han nok kome på noko.

Han bruker mykje tid på å sjå på hoppvideoar av dei store heltane på Youtube. Foreldra til Johannes filmar mange av hoppa hans med telefonen, som han seinare ser i sakte film. På den måten kan han analysera kva han gjer bra og kva han kan gjera betre.

Han har lyst å slå fylkesrekorden til Anders Fannemel på 251,5 meter, det er berre to meter under den gjeldande verdsrekorden. Johannes vil opp i verdstoppen.

Foreløpig er rekorden til Johannes 63 meter. I løpet av denne vinteren er målet å gå frå 70-meterbakken til ein 90-meterbakke.

– Eg tykkjer det er skummelt å sjå på. Det er jo heilt naturstridig å kasta seg utfor slik med hovudet fyrst, men eg veit at han ikkje gjer ting han ikkje meistrar, seier mor til Johannes, Kari Gjelsvik.

zztest

ELDSJELER: Foreldra til Johannes ofrar mykje av fritida si for at han skal få hoppa. Frå venstre: Mor Kari Gjelsvik, trenar Stig Seljeseth og far Jan Inge Årdal.

Foto: Ådne Dyrnesli

Ein her og ein der

– Så lenge Johannes har lyst å hoppa så vel me å stilla opp, sjølv om det vert mykje køyring, seier Gjelsvik.

Er det gode forhold kan dei køyra til Stryn fleire gongar i veka etter skuletid, i tillegg til helgene. På milde vintrar reiser dei ofte over fjellet til Austlandet. Om somrane er det samlingar i Oslo, hopping i plastbakke og trening på barmark.

– Eg er redd for at det skal verta ein hoppar her og ein hoppar der. Klarer me å samla dei som er aktive og skapa eit miljø, så kan me få det til, seier Henning Sæthre, leiar i hopp- og kombinertkomiteen i Sogn og Fjordane.

Han har reist frå Sogndal for å hoppa i Bjørkelibakken i Stryn, eit stykke av vegen sat han på med Johannes og foreldra. Denne kvelden er det fire hopparar i anlegget med sju hoppbakkar i ulike storleikar.

Hoppsporten slit med rekrutteringa. I dag er det enklare for foreldre å levera ungane på fotballtrening enn å køyra i timevis for å hoppa på ski. Sæthre håper dei kan få på plass tre nye rekrutteringsanlegg rundt om i fylket i framtida. Anlegg med mindre bakkar som gjer avstanden overkommeleg for fleire.

Johannes Årdal ber skiene sine

EIN AV FÅ: Den siste etappen opp til stillaset må Johannes gå sjølv, han er ein av berre ti aktive hopparar under 18 år i fylket.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Heile året, på heiltid

På 50-talet var dei beste hopparane glade amatørar, men i løpet av 60-talet vart det ein profesjonalisering av sporten. Ein måtte driva på heiltid i vintersesongen dersom ein skulle nå heilt opp.

I dag gjer heilårsbakkar, med porselensspor i ovarennet og plast i unnarennet, det mogleg å hoppe heile året. I Sogn og Fjordane er ikkje dei største bakkane tilpassa heilårsdrift.

– Får du ikkje trent om sommaren i dag så er du akterutseglt når hausten kjem, seier Henning Sæthre.

I vintersesongen kan klima på vestlandet vera utfordrande. Blaute og varme vintrar gjer at det kan verta få gode dagar i løpet av ein sesong. Skal ein verta best i verda må ein austover for å finna meir stabile forhold.

For Johannes sin del kan det bety å gå på hopp- og kombinertlinja på Noregs toppidrettsgymnas, NTG, på Lillehammer. Der er det stabile forhold, større bakkar og eit større fagmiljø.

Det er enno nokre år til 8.-klassingen må ta stilling til det, og enno nokre år til han kan hevda seg i verdstoppen.

No må han fokusera på det han skal gjera på hoppkanten.

På hoppkanten

Lyset når så vidt opp til toppen av 70-meterbakken i Stryn. Johannes skyv seg ut på bjelken i toppen av ovarennet, pustar godt ut og set utfor.

– Han der kan nå nett så langt som han vil, om han berre satsar, seier Henning Sæthre.

Han ser etter Johannes som suser mot hoppkanten, svever gjennom lufta og forsvinn ned i unnarennet.

Johannes i svevet

SVEVET: Bjørkelibakken i Stryn er det største anlegget i Sogn og Fjordane. Til venstre kan ein sjå hoppkanten på 90-meterbakken.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK