Hilmar Høl og Ingrid Heggø tar kvarandre i handa og held
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I bobla si gløymer Ingrid sjukdomen

Det dei fleste partikollegaene rundt ikkje visste, var at ho hadde fått kreft. At ho var midt inne i ei tøff runde med behandling. Men akkurat slik ville Ingrid Heggø ha det.

– Eg gler meg sånn til valkampen, det må eg vedgå.

Den nærast gløder av den 55 år gamle sognekvinna når ho snakkar om jobben sin. Jobben som politikar. Som stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Arbeidarparti dei siste 12 åra. Den jobben ho nekta å sette til side, sjølv då ho vart alvorleg sjuk.

For den travle jobben vart ein måte å takle kreftsjukdommen på.

– Eg er oppteken av å vise at det er mogleg å vere i jobb, samtidig som eg ikkje har lyst å kome med ein peikefinger til dei som ikkje klarar det. Vi er så ulike, og reagerer forskjellig på behandlinga og det å leve med diagnosen ein har fått.

– For meg har det å vere i jobb, og å ha den bobla der du slepp å tenke på sjukdomen, det har vore heilt fantastisk.

Ingrid Heggø trudde det var NRK som ringde då ho før jul fekk ein telefon medan ho sat i stortingssalen. Då ho litt seinare gjekk ut for å ringe opp att fekk ho ein brutalt ærleg beskjed tilbake. Ho hadde fått vondarta brystkreft.

– Eg vart spurt om eg hadde spørsmål. Eg svarte som sant var, at eg hadde tusen spørsmål. Men der og då klarte eg ikkje kome på eit einaste.

Det einaste ho kom på å spørje om var kor tid det var sett opp time for operasjon. Så vende ho tilbake til politikarbobla si. Med familien på andre sida av fjellet kunne ho ikkje fortelje nokon om beskjeden ho hadde fått. I fleire dagar var det berre ho som visste.

– Eg var i Oslo, og mannen min her heime. Du tek ikkje berre opp telefonen og ringer for å fortelje at du har fått kreft. Eg måtte fortelje det ansikt til ansikt til dei eg er glad i.

Heggø bestemte seg fort. Ho måtte fullføre det arbeidet ho hadde føre seg på Stortinget den veka. Dagen etter hadde ho ein interpellasjonsdebatt, og det var to andre saker som ingen andre kunne overta.

– Eg sa ikkje noko til nokon i den perioden. For meg vart det rett. Eg måtte fortelje det til mine næraste først.

– Korleis var det å gå heilt åleine med dette i fleire dagar?

– Eg har ein eigenskap til å legge ting vekk når eg ikkje kan gjere noko med det. Den eigenskapen kom godt med i denne situasjonen. Eg måtte konsentrere meg om andre ting. Eg kunne jo ikkje gjere noko med det uansett.

Ingrid Heggø smiler lurt

BOBLE: Ingrid Heggø poengterer at ho ikkje vil rette ein peikefinger mot andre, men seier det for ho vart rett å stå i jobben. Her avbilda under fylkesårsmøtet i mars.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Berre veker etter at kreften var oppdaga, vart Heggø operert. Etter jul starta ho på det som til saman skal bli seks månader med cellegiftbehandling.

– Eg er ferdig med den første kuren på tre månader, som dei kalla «hestekuren». Den tolte eg godt. Så no er eg snart halvvegs i den andre.

Cellegift er medisin som skal drepe kreftcellene. Dei som går gjennom ei slik behandling opplever den svært forskjellig. Heggø har sjølv samanlikna biverknadane ho fekk med det å vere gravid.

– Då eg gjekk gravid vart eg utruleg kvalm, eg kasta opp fleire gonger om dagen og vart veldig tynn. Som gravid levde eg på cola og chips, og det har eg også gjort i periodar når eg har vore på kur.

I byrjinga av mars var over hundre delegatar samla til årsmøte for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i Førde. Heggø, som fire månader tidlegare fekk førsteplassen på partiet si liste til stortingsvalet, heldt då framleis på med det ho har kalla «hestekuren».

Men før møtet ville ho ikkje gå ut offentleg å fortelje at ho hadde kreft.

– Eg hadde lyst at fylkesårsmøtet vårt skulle handle om politikk. At vi skulle ha fokus på dei gode sakene og resolusjonane vi hadde, og ikkje min sjukdom. For det hadde fort blitt det, om alle dei hundre på møtet hadde oppdaga at eg var sjuk.

Reaksjonane ho har fått etter at det har blitt kjent at ho er sjuk, har berre vore positive.

– Du har for første gong blitt beden om å setje deg sjølv framfor partiet?

– Det er ikkje så lett. Du går inn i ei rolle der du vil gje alt. Men eg må ta det litt meir med ro, vedgår Heggø.

Ingrid Heggø, Ingvild Kjerkol og Hilmar Høl på fylkesårsmøte i Ap

POLITIKK I FOKUS: På fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet i starten av mars ville Ingrid Heggø (ståande til venstre) ha fokus på politikk. Ho nekta å gå ut offentleg med at ho var under behandling for kreft.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg har sagt det mange gonger desse månadane, at eg beundrar Ingrid for måten ho har takla sjukdommen på, seier Liv Signe Navarsete.

Den tidlegare Senterparti-leiaren har jobba tett med Ingrid Heggø i ei årrekkje. Dei to har vore like lenge på Stortinget, og Navarsete veit kva som blir forventa i jobben som stortingsrepresentant.

– Som stortingspolitikar har ein ikkje noko arbeidstid. Det er lange dagar, mange møter og mange møte med folk. Det er ikkje noko rom for å slappe av.

– Men Ingrid har gått til behandling måndag og kome med pågangsmot på Stortinget tysdagane. Eg har sett at ho har vore sliten av og til, og eg har bede ho om å passe på seg sjølv.

Navarsete trur det sterke politiske engasjementet til Heggø har vore ein av drivkreftene for å klare å stå i jobben.

– Og så har Ingrid sagt at ho synst det er betre å vere i jobb. Det trur eg er rett, dersom ein klarar det. Det er nok betre å halde fokuset på dagleglivet og ikkje bli gåande og tenke berre på sjukdomen.

Liv Signe

TØFT: Liv Signe Navarsete meiner Ingrid Heggø har vore tøff som har klart å stå i jobben som stortingspolitikar medan ho har fått kreftbehandling.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Det er viktig å ikkje tenke på sjukdom heile tida. Faktisk må ein trene på å tenke på andre ting.

Det seier Tone Sellevoll som er rådgjevar i kreftomsorga i Kreftforeningen.

Ho meiner det er positivt at Ingrid Heggø står fram og set eit ansikt på kreftdiagnosen. Samtidig er det viktig å få fram at det er store forskjellar på kor mykje dei som får kreftbehandling orkar.

– Nokre synest det er godt og riktig å stå i jobb, andre klarar det rett og slett ikkje. Ein kan vere så glad i jobben sin som berre det, men det hjelper ikkje for mange. Det finst ikkje noko fasitsvar, og det er det viktig at også dei som er rundt er klar over.

Tone Sellevoll

INGEN FASIT: Tone Sellevoll i Kreftforeininga seier pasientar reagerer svært forskjellig på kreftbehandling. – Lytt til kroppen, og tenk på kva som er godt for deg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

For Ingrid Heggø vart det rett å stå i jobben. Dei neste fire månadane skal 55-åringen kjempe for sin fjerde periode på tinget.

– Eg har alltid fått energi av å valkampen. Du er rundt på husbesøk, du snakkar med mange folk, deler ut roser. Det er positivt heile vegen.

Men at ho har vore og framleis vil bli sliten framover legg ho ikkje skjul på.

– Eg går litt tom for energi innimellom. Plutseleg er det tomt. Så denne veka gjekk eg på ein liten smell. Då må eg ta meg ein dag å ta meg inn att, men eg lærer litt etter kvart. Eg merkar at dei rundt meg godtek det om eg av og til må kaste inn handkledet.

– Vi har berre fire stortingsrepresentantar i fylket vårt, og det er ein veldig krevjande jobb. Er du frisk nok til å gå på den jobben i fire nye år?

– Ja, absolutt. Eg er ferdig operert, behandlinga eg får er for å hindre tilbakefall. Så eg reknar med at eg er frisk nok til det.

Ingrid Heggø

SEKS MÅNADER: I byrjinga av juli skal 55-åringen frå Høyanger vere ferdig med cellegiftbehandlinga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK