Jan Morten Austheim
Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Det usynlege handikappet

Jan Morten Austheim var aggressiv som ung, slik at ingen skulle merke at han ikkje kunne lese. No har han teke fagbrev, med toppkarakter.

– Hadde eg hamna bak murane, ville dét blitt ein ny skule. Eg var lett påverkeleg på den tida, og eg hadde nok ikkje vore her i dag. Det er skremmande å tenkje på.

Jan Morten Austheim sit med ein kaffikopp i handa på eit møterom på Fredheim Maskin sine lokal i Kaupanger. Der har han fast jobb som anleggsmaskinførar. På seg har han orange arbeidsklede, det brune håret hans er bustete, og med jamne mellomrom lyser dei knallblå augo opp når han smiler. Akkurat no smiler han ikkje.

Han fortel om ein tøff barndom, med flytting til barneheim og internatskule, og med eit sinne og ein aggresjon som utvikla seg til småkriminalitet etterkvart som han vart eldre. Jan Morten lærte seg aldri å lese, han har nemleg ein så sterk grad av dysleksi at han slit med å skrive sitt eige etternamn.

– Det er ikkje min feil at eg ikkje sat inne, for å seie det sånn. Eg set pris på dei som har hatt trua på meg, sjølv om det nok har vore vanskeleg mange gongar, seier han alvorleg.

Det var tidsskriftet anleggsmaskinen.no som fyrst skreiv om Jan Morten Austheim si historie.

Ville skjule at han ikkje kunne lese

– Eg er heilt sikker på at oppførselen min hang saman med lesevanskane. Eg prøvde å skjule det, og då måtte eg vere tøff, seier han.

Austheim var ein aktiv unge som likte å jobbe med hendene. På skulen var friminuttet det kjekkaste, spesielt då han vart eldre og det teoretiske vart viktigare og viktigare. Han budde på Lillehammer til han kom i andre klasse. Då hadde skulen han gjekk på komme fram til at dei ikkje hadde eit tilbod for han lenger.

Sjølvsagt var det tøft for ein liten gut å flytte frå mora si, og Austheim kan ikkje hugse at han fekk vite kvifor.

Jan Morten Austheim som ung

MÅTTE VERE TØFF: Det var ikkje lett for Austheim på skulen.

Foto: Privat

Eg vart flytta til ein barneheim på Hadeland, der eg gjekk på spesialskule. Det gjekk eigentleg veldig fint, heilt til eg byrja i sjette klasse, fortel Austheim.

På barneheimen var dei rundt sju ungar, og Austheim hugsar at dei var som ein liten familie. Han hadde det fint der.

– Vanleg at ungar med dysleksi vil beskytte seg

Då han byrja i sjette klasse, vart han flytta til ein internatskule for elevar som hadde ulike problem. Her var dei rundt 13 ungar i to etasjar, og skulemiljøet var tøft.

– Der var alle «villmenn». Dei fleste hadde noko å stri med. Eg hadde null respekt for verken lærarar, rektor eller nokon, seier Austheim.

Generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Noreg fortel at ungar med dysleksi kan ha det vanskeleg med diagnosen sin.

– Det å lese er så veldig grunnleggjande for oss. Slik kan vi hevde oss i samfunnet og ta til oss kunnskap. Det å ikkje kunne lese rører ved noko i oss som ikkje alltid er hyggeleg, seier Solem.

Ho understrekar at det ikkje finst berre éin måte å takle dysleksien på, og at alle ungar er forskjellige.

Beth Vilbo

– MANGE SKAMMAR SEG: Generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Noreg seier at ikkje alle, men mange skammar seg over dysleksien. – Samfunnet er så skriftbasert, og ofte heng folk seg opp i skrivefeil. Det kan vere vanskeleg å bli møtt med spydigheiter når ein ytrar seg, seier ho.

Foto: Beth Vilbo

– Nokre ungar reagerer med utagering og sinne, medan andre rettar kjenslene innover. Låg sjølvtillit kan få ungar til å halde seg for seg sjølv og prøve å bli usynlege, fortel ho.

Møtte ei som tok tak

I midten av åttande klasse flytta Austheim til faren sin i Sogndal, og då slutta han også på skulen. Etterpå dreiv han på med litt av kvart.

– Eg var innom arbeidskontor fleire gongar, og tok maskin- og mekanikarlinja på særskilt grunnlag, men eg var også «villmann» og småkriminell i mange år, seier han.

Jan Morten Austheim i gravemaskin

ARBEIDSHENDER: Austheim har alltid likt å jobbe med hendene.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

For omlag femten år sidan skjedde det noko som endra livet til Austheim. Vi kan kanskje seie det så enkelt som at han møtte kvinna i sitt liv.

– Vi hadde felles vennekrets, og blei kjente på den måten. Linda (Sognnes, journ. anm.) er det tak i. Ho fekk meg til å roe meg ned og prioritere andre verdiar. Vi kjøpte hus, og eg fekk meg fast jobb, fortel Austheim.

I det daglege er det Linda som hjelper Austheim med alt som må lesast eller skrivast, både post, e-post, nettbank og søknadar. Ho var også ein viktig pådrivar når det gjaldt avgjerda om at Austheim skulle prøve å ta fagbrevet.

Må «bla opp i harddisken»

Det var inga enkel oppgåve 44-åringen stod føre. For å ta fagbrev som anleggsmaskinførar må ein gjennom eit teoritungt løp, eit løp som kostar mykje arbeid for nokon og einkvan. Austheim hadde ikkje moglegheiten til å bla i bøkene, han kunne ikkje lese lysarka i powerpointen, og han kunne heller ikkje gjere sine eigne notatar. Det er openlyst at han måtte gå vegen til fagbrevet utan verktøy og studieteknikkar som andre nyttar seg av.

Jan Morten Austheim på jobb

– Eg håpar at historia mi kan inspirere andre som slit. Dersom ein får tilrettelegging og jobbar hardt, kan det gå bra sjølv om ein ikkje kan lese, seier Austheim

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Han starta med eit førebuande kurs, som Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB) held for lærlingar med ulike utfordringar, eller for folk som ikkje har dei nødvendige forkunnskapane.

– Det var veldig flinke lærarar der, og gode formidlarar har alt å seie. Dei gjekk gjennom veldig mykje med heile gruppa, og let oss lese mindre på eigahand. Det var avgjerande for meg, seier han.

Når dei skulle jobbe med oppgåver, hadde han dagleg leiar Jan Erik Øygard i OKAB Sogn og Fjordane som støttelærar.

– Då sat vi på eit eige rom, og eg fungerte som ein slags sekretær. Eg las opp spørsmåla, og skreiv ned det han ville svare. Av og til pusha eg han også på å komme med meir utfyllande svar, seier Øygard.

Øygard er vand til å jobbe med folk som har ulike vanskar med å lære, og han ser kva det betyr for dei å få til noko praktisk, og å kunne vise til papir på at dei kan det. Han peikar på at formell utdanning blir viktigare og viktigare i samfunnet vårt, og at Jan Morten kan inspirere andre med det han har fått til.

– Dei som kjem på kursa er gjerne allereie flinke arbeidsfolk, og det betyr mykje for dei å kunne ta fagbrevet. Dei opplever meistring. Det er veldig viktig, seier han.

Jan Erik Øygard

IMPONERT: – Det er flott at Austheim tør å stå fram slik, og at han har satsa, seier støttelærar Jan Erik Øygard.

Foto: Privat

Også generalsekretær Caroline Solem i Dysleksi Noreg meiner Austheim sine prestasjonar er viktige for andre med lese- og skrivevanskar.

– Han har fått den beste karakteren i faget sitt, og har klart å bevise at han er veldig dyktig. Det er kjempeinspirerande at han har fått det til på trass av dei store vanskane som dysleksien fører med seg. Han er open og hardtarbeidande, og vi heiar på han, seier ho.

Får den eldste ungen til å lese for seg

Austheim har sjølv beina godt planta på jorda. Det at han ikkje kan lese, det er han no open om. Det at han må jobbe hardare enn andre for å oppnå dei same resultata, det er berre slik det er.

– Det er veldig vanskeleg for meg å lære nye ting, men med ein gong det er noko eg har erfaring med, går det lettare. Tilrettelegging er det som skal til for at ein som ikkje kan lese skal klare å utdanne seg, seier han.

No er han og Linda foreldre til tre ungar, den yngste er eitt og eit halvt år gammal. Han er litt stolt over at dei to eldste lærte seg å lese før dei byrja på skulen.

– Eg kan ikkje lese nattahistoriar til ungane mine. Men av og til ber eg den eldste lese for meg.